Prop. 165 L (2016–2017)

Lov om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova)

Til innhaldsliste

15 Forskrifter og overgangsreglar

15.1 Forskrifter

15.1.1 Gjeldande rett

Våpenlova er i stor grad ei fullmaktslov som lovfestar dei sentrale prinsippa for det offentlege sin kontroll med skytevåpen og ammunisjon. Den nærare reguleringa er i stor grad lagt til forskrift. Dette kjem mellom anna til uttrykk ved at til dømes reglane om erverv for jakt, sportsskyting og samling, samt reglane om kva våpentypar og ammunisjon som kan ervervast, er fastsett i forskrift. Våpenlova § 31 første ledd gjev Kongen ein generell heimel til å kunne fastsette utfyllande forskrifter til lova. Vidare er det i våpenlova § 31 andre til fjerde ledd gjeve heimel til å fastsette forskrift om gebyr, dekning av utgifter til deaktivering eller destruksjon, samt reglar om overføring av mynde til Politidirektoratet.

Våpenlova §§ 6, 6 a, 10 tredje ledd, 11 sjette ledd, 13 tredje ledd, 17 tredje ledd, 22, 23 tredje ledd, 25, 26, 27 og § 28 gjev i tillegg Kongen mynde til å kunne forskriftsfeste nærare reglar på dei ulike saksfelta.

15.1.2 Våpenlovutvalet sitt framlegg

Våpenlovutvalet har i arbeidet med å utforme lovutkastet lagt stor vekt på behovet for å lovfeste og å klargjere dei sentrale reglane i våpenlovgjevinga. Utvalet har difor mellom anna lovfesta vilkåra for å kunne erverve skytevåpen med vidare til jakt, sportsskyting og samling, samt dei sentrale forboda mot nærare bestemte skytevåpen eller ammunisjon. Vidare så meiner utvalet at omsynet til ein demokratisk kontroll gjer det naudsynt å lovfeste også meir detaljerte reglar, slik at Stortinget kan ta stilling til alle dei sentrale prinsipp som ligg til grunn for lovutkastet.

Utvalet meiner det bør skiljast mellom bundne og valfrie forskriftsheimlar. Utvalet har i lovutkastet lagt forskriftsmynda til Kongen, noko som i praksis betyr departementet. Etter lovutkastet § 69 siste ledd kan departementet gje forskriftsmynda vidare til Politidirektoratet.

15.1.3 Høyringsinstansane sitt syn

Få av høyringsinstansane har gjeve merknader til utvalet sin systematikk. Dei høyringsinstansar som har gjeve fråsegn meiner det er behov for å lovfeste deler av regelverket som i dag er regulert i forskrift.

Norsk organisasjon for jegere og skyttere (NOJS) meiner at lovutkastet framleis legg for mykje av reguleringa til forskrift. NOJS meiner at forskriftsheimlane bør avgrensast til dei forhold der sterke omsyn talar for å kunne gjere raske endringar i regelverket, Norsk våpeneierforbund gjev uttrykk for liknande synspunkt og meiner også at lovutkastet ikkje bør gje forskriftsmynde til Politidirektoratet.

15.1.4 Departementet sine merknader

Departementet er samd med utvalet i behovet for å lovfeste fleire av dei reglar som i dag er regulert i forskrift. Våpenlova skal omfatte ulike kategoriar våpen, skytevåpen og ammunisjon, samt alle former for omgang med slike gjenstandar, slik som til dømes erverv på ulike grunnlag, næringsverksemd, samt inn- og utførsel. Departementet ser også behov for å forskriftsfeste reglar som i dag er regulert gjennom Politidirektoratet sitt våpenrundskriv. Ei slik ordning vil samla sett gjere regelverket meir føreseieleg og enklare tilgjengeleg.

Departementet er samd med utvalet i at det bør skiljast mellom bundne og valfrie forskriftsheimlar, slik dette også er gjennomført i til dømes politiregisterlova. På denne måten kjem det klart fram kva lovreglar som treng forskrift for å kunne praktiserast. Dei bundne forskriftsheimlane er plassert i dei reglar som regulerer forholdet, medan dei valfrie forskriftsheimlane er samla i lovframlegget § 41.

15.2 Ikraftsetjing og overgangsreglar

Departementet har ikkje teke stilling til når lova vil tre i kraft. Lova vil uansett ikkje kunne setjast i verk før ny våpenforskrift er fastsett. EU sitt reviderte våpendirektiv opererer likevel med fristar for gjennomføring for dei ulike reglane, høvesvis innan 14. september 2018, 14. desember 2019 og 14. mars 2021. Dei reglar i lovframlegget som skal gjennomføre direktivet må difor setjast i verk innan desse datoane, og einskilde av desse truleg før heile lova kan tre i kraft.

Det er også behov for å gje overgangsreglar, jf. framlegget om å innføre forbod mot halvautomatiske rifler med størst skadepotensiale, sjå omtale under punkt 7.2.5.1. I kva grad det er behov for fleire forskriftsreglar vil departementet kome attende til i samband med fastsetting av ny våpenforskrift.

Til forsida