Prop. 165 L (2016–2017)

Lov om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova)

Til innhaldsliste

17 Merknader til paragrafane i lovframlegget

Til § 1 Føremål

Denne føresegna er ny i høve gjeldande våpenlov, og hensikta er å klargjere dei hovudomsyn som lova skal fremje.

Føremålet skal presisere at lova skal tryggje ein effektiv kontroll med gjenstandar som er omfatta av lova sitt verkeområde, samstundes som den skal gje føreseielege vilkår for dei som skal erverve eller ha slike gjenstandar. Med uønskte hendingar meinast både vilje- og vådehandlingar som får negative følgjer for omgjevnadane. Dei negative følgjene kan omfatte både skade, fare for skade og sakleg grunna frykt for at slik skade skal skje.

Føremålet vil vere eit moment ved tolkinga av dei einskilde lovføresegnene. Dette gjeld særleg for dei meir skjønnsprega føresegnene. Ved at føremålet er avgrensa til tryggleiksmessige forhold, gjerast det klart at omsynet til samfunnstryggleiken ved motstrid vil vege tyngre enn den einskilde sitt behov for våpen, skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon.

Til § 2 Definisjonar

Definisjonen av våpen i nr. 1 er ny i høve gjeldande våpenlov. Med omgrepet våpen reknast alle typar gjenstandar som er laga for å brukast i kamp eller til jakt. Dette omgrepet er ikkje meint å avgrense mot gjenstanden sin form eller innhald og omfattar såleis både faste gjenstandar, gass, og væsker. Definisjonen omfattar også gjenstandar som er laga for å likne på våpen. Hensikta med dette er at lova også skal omfatte gjenstandar som er eigna til å true omgjevnadane.

Definisjonen av skytevåpen i nr. 2 er gjort vidare enn i gjeldande våpenlov § 1. Definisjonen set ikkje krav om at prosjektilet eller substansen må kunne skytast eller sendast ut med eit nærare bestemt drivmiddel. Dette for å gjere definisjonen mest mogeleg teknologinøytral, og på den måte å kunne fange opp eventuelle nye skytevåpenkonstruksjonar. Av same årsak er oppramsinga av type substans som skal kunne skytast eller sendast ut, gjort noko vidare. Definisjonen inneber også at bogar og armbrøst vert rekna som skytevåpen, noko som er ei endring frå gjeldande rettstilstand. Vidare er skytevåpen som er laga for å skyte ammunisjon utan prosjektil teke med i definisjonen av skytevåpen, som noko nytt. Denne definisjonen vil gjere at skytevåpen som vert omgjort til å skyte såkalla lausammunisjon vil reknast for skytevåpen. Bakgrunnen for denne utvidinga er behovet for å tilpasse definisjonen til EU sitt våpendirektiv, slik at det kan innførast krav om løyve- eller registreringsplikt for slike skytevåpen. Andre punktum vidarefører gjeldande våpenlov § 1 bokstav c, men slik at den også omfattar gjenstandar som kan skyte eller sende ut andre type substansar enn det som etter naturleg språkbruk reknast for skarp ammunisjon. Omgrepet «forholdsvis» i våpenlova § 1 bokstav c er teken bort, utan at det er meint å gje regelen eit anna innhald. Deaktiverte skytevåpen vert også som noko nytt teke med i definisjonen av skytevåpen etter andre punktum. Bakgrunnen for denne endringa er behovet for å tilpasse definisjonen til EU sitt våpendirektiv artikkel 8 jf. vedlegg I, slik at det kan innførast krav om registreringsplikt for slike skytevåpen.

Definisjonen av våpendel i nr. 3 er gjort vidare enn i gjeldande våpenlov § 2 og omfattar for det første alle typar gjenstandar som er laga til bruk i skytevåpen, som til dømes pipe, låskasse, sluttstykke, avtrekkarmekanisme, våpenmagasin, flammedempar, lyddempar, kikkertsikte og skjefte. For det andre omfattar den andre typar gjenstandar som opphavleg er laga for anna type bruk, men som seinare er tilpassa til bruk i skytevåpen. Dette for å unngå eventuelle omgåingar av regelverket.

Definisjonen av ammunisjon i nr. 4 er i hovudsak lik gjeldande våpenlova § 3, men er gjort noko vidare. Definisjonen av patroner er gjort generell slik at den omfattar alle gjenstandar som kan brukast i skytevåpen, slik at den omfattar patronar utan ei tradisjonell hylse og patroner som er laga for å skyte lausammunisjon. Vidare er også tennmiddel og drivladning utan at desse er montert i ei patronhylse, omfatta av definisjonen. Dette vil i hovudsak vere tennhetter og krut, men ordlyden er gjort generell, slik at den skal fange opp eventuelle tekniske nyvinningar. Hensikta med å ta med desse gjenstandane i definisjonen er å styrke kontrollen med ladekomponentar til patroner. Definisjonen av ammunisjon som ikkje er berekna for bruk i skytevåpen er gjort noko kortare enn etter gjeldande våpenlov § 3. Hensikta med denne endringa er å knyte definisjonen til gjenstanden sine eigenskapar og ikkje til utforminga, slik at den vert meir teknologinøytral. Lovutkastet vil omfatte alle dei gjenstandar som er nemnt i gjeldande våpenlov § 3 bokstav d, e og f, men vil i tillegg fange opp andre former for eksplosive stoff.

Til § 3 Sakleg verkeområde

Lova sitt saklege verkeområde omfattar alle dei gjenstandar som etter lovframlegget § 2 vert definert som våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Andre ledd vidareførar i hovudsak gjeldande våpenlov § 4 sine unnatak frå lova sitt saklege verkeområde, men presiserer som noko nytt at unnataket frå lova sitt saklege verkeområdet berre gjeld for skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som brukast innafor Forsvaret og politiet si verksemd. Denne avgrensinga betyr at lova skal gjelde for privat bruk av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som tilhøyrar politiet eller Forsvaret når bruken ikkje har nokon sakleg samanheng med vedkomande sin funksjon i vedkomande etat. Bruk av utlevert tenestevåpen i konkurransar eller trening der vedkomande representerer politiet eller Forsvaret, vil difor framleis vere unnateke frå lova sitt verkeområde. Lova skal også gjelde for tilfelle der Forsvaret eller politiet avhendar skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon til andre etatar eller privatpersonar. Dei nærare føresegner om å avgrense lova sitt verkeområde mot gjenstandar som høyrer inn under Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap vert fastsett i forskrift, jf. § 41 nr. 2.

Til § 4 Stadleg verkeområde

Det stadlege verkeområdet omfattar heile det norske fastlandet, samt dei andre områda, skip, luftfartøy med meir, som nemnt i straffelova § 4. Grunna dei særskilte forhold som gjeld for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda, vert lova sitt verkeområde avgrensa i den utstrekning dei stadlege forhold gjer det naudsynt. Den nærare reglane om lova sitt verkeområde for desse områda vert fastsett i forskrift. Vidare så kan det vere tilsvarande behov for særskilt forskriftsregulering om bord på norske boreplattformer, norske skip, fly med vidare, til dømes for trygging mot åtak eller liknande.

Til § 5 Løyve med vidare for skytevåpen

Denne føresegna regulerer både kva skytevåpen som skal vere løyve- eller registreringspliktige og kva skytevåpen som skal vere forbodne.

Første ledd vidareførar løyvekravet for alle skytevåpen etter gjeldande våpenlov § 7 og § 8, men må sjåast i samanheng med unnataksreglane etter tredje ledd. Eit løyve etter første ledd kan både vere eit særskilt løyve til å erverve og ha eit nærare bestemt våpen, samt at næringsdrivande kan erverve og ha skytevåpen i samsvar med løyve etter lovframlegget § 23, utan at dei treng ha eit særskilt løyve for det einskilde våpen. Første punktum vidareførar såleis også regelen i gjeldande våpenlov § 19 om at næringsdrivande kan erverve og ha skytevåpen i medhald av løyvet til å drive næringsverksemd. I tillegg lovfestast regelen i gjeldande våpenforskrift § 28 og § 29 om at avhendar må tryggje at mottakaren har løyve til å erverve og ha skytevåpenet. Lån eller overlating av skytevåpen er regulert i lovframlegget § 18. Reglane om unnatak frå løyveplikta etter gjeldande våpenlov § 5 er ikkje vidareført, men det er i staden gjeve ein bunden forskriftsheimel i fjerde ledd til å kunne gjere unnatak frå løyveplikta. Føremålet med endringa er å samle alle unnatak frå løyveplikta i ei forskrift, slik at det vert enklare å finne eit samla oversyn over dei skytevåpen som ikkje er løyvepliktige.

Andre ledd regulerer kva skytevåpen som det berre unnataksvis skal gjevast løyve til å kunne erverve og ha. Regelen bygger i stor grad på gjeldande våpenforskrift § 5, men med nokre vesentlege endringar i høve til kva halvautomatiske rifler som skal vere forbodne.

Andre ledd nr. 1 vidareførar forbodet i gjeldande våpenforskrift § 5 første ledd bokstav b mot heilautomatiske skytevåpen. Heilautomatiske skytevåpen er skytevåpen som kan skyte meir enn eitt skot utan å ta nytt avtrekk.

Andre ledd nr. 2 vidareførar forbodet i gjeldande våpenforskrift § 5 første ledd bokstav c mot skytevåpen som er kamuflert som annan gjenstand. Dette kan til dømes vere skytevåpen som er innebygd i ein paraply eller liknande.

Andre ledd nr. 3 innførar eit forbod mot halvautomatiske rifler som opphavleg er konstruert for militæret eller politiet. Denne regelen skil seg frå gjeldande våpenforskrift § 5 bokstav a ved at den også omfattar sivilproduserte halvautomatiske rifler som er produsert med ein militær eller polisiær grunnkonstruksjon. Føremålet med regelen er å innskrenke tilkomsten til skytevåpen med stor eldkraft og tilhøyrande stort skadepotensiale. Dei halvautomatiske riflene med kapasitet til å halde ei høg skottakt er i hovudsak utvikla til bruk for militære eller politiet, men er i mange høve bygd om eller vidareutvikla til bruk for sportsskyting eller jakt. Slike våpenmodellar kan ofte enkelt gjerast om til sitt opphavlege bruksområde. Dette fordi dei som regel er tilpassa bruk av militære standardmagasin med stor patronkapasitet og bruk av skjefte som sluttar om delar av pipa, slik at våpenet kan halde ei høg skottakt trass i stor varmeutvikling.

Halvautomatiske rifler som er sivilproduserte versjonar av opphavlege militære eller polisiære konstruksjonar vil difor vere omfatta av forbodet, sjølv om dei sivilproduserte versjonane frå fabrikk berre vert produsert med halvautomatisk funksjon.

Nokre halvautomatiske jaktvåpen har einskilde konstruksjonsdetaljar som er kopiert frå militære våpenmodellar, som til dømes bruk av låserullar for låsing av sluttstykket. Slike mindre likskapar vil normalt ikkje vere tilstrekkeleg for å rekne våpenet som ein opphavleg militær eller polisiær grunnkonstruksjon. Det sentrale momentet i vurderinga av om det aktuelle våpenet bygger på ein militær eller polisiær grunnkonstruksjon, er om konstruksjonslikskapen gjer det enkelt å modifisere våpenet til eit stridsvåpen.

Andre ledd nr. 3 lovfestar også forbodet i gjeldande forskrift 9. september 2011 nr. 930 § 4 og § 5 mot halvautomatiske rifler som er bygd om frå heilautomatisk til halvautomatisk funksjon. Det vert vidare lovfest som noko nytt eit forbod også mot andre halvautomatiske rifler som opphavleg er konstruert for heilautomatisk funksjon. Dette forbodet er meint å skulle femne om eventuelle våpenkonstruksjonar med tilsvarande skadepotensiale som skytevåpen konstruert for militære eller politiet, men som er konstruert for sivilt bruk.

Andre ledd nr. 4 vidareførar forbodet etter gjeldande våpenforskrift § 5 første ledd bokstav a mot skytevåpen som vanlegvis brukast som krigsvåpen. Etter lovframlegget vil dette forbodet gjelde for skytevåpen som ikkje er nemnt i nr. 1 til 3 og vil i hovudsak omfatte våpentypar som til dømes bombekastar, panservernkanon og andre militærvåpen som ikkje har noko sivilt bruksområde.

Andre ledd nr. 5 vidareførar heimelen i gjeldande våpenlov § 6 a til å forskriftsfeste forbod mot andre våpentypar, men slik at det i ordlyden vert presisert at heimelen skal gjelde for skytevåpen som enten saknar ein lovleg bruk eller som har særskilt farlege eigenskapar. Kva eigenskapar som gjev skytevåpen slike farlege eigenskapar må vurderast konkret, men forhold som kva kaliber våpenet er kamra i, pipelengde, totallengde og liknande vil vere relevant i samsvar med gjeldande reglar fastsett i forskrift 9. september 2011 nr. 930 om forbudte skytevåpen og godkjente halvautomatiske skytevåpen. Kva våpen som vert omfatta av forbodet vert fastsett i forskrift.

Tredje ledd gjev ein bunden forskriftsheimel til å fastsette unnatak frå løyveplikta etter første ledd, og vil mellom anna kunne omfatte skytevåpen som er unnateke frå løyveplikt etter gjeldande våpenlov § 5. Samstundes gjevast det ein bunden forskriftsheimel til å gje reglar om registreringsplikt i staden for løyveplikt. Denne endringa er gjort for å gjennomføre dei krav som EU sitt våpendirektiv set om registreringsplikt for deaktiverte skytevåpen, samt alarm- og signalvåpen. Ei registreringsplikt betyr at den som ervervar og har slike gjenstandar må registrere ervervet hjå politiet. Vedkomande treng ikkje å søke politiet om særskilt løyve til å erverve og ha registreringspliktige skytevåpen. Politiet kan likevel gje forbod mot at personar som ikkje oppfyller dei personlege vilkåra for våpeninnehav skal kunne erverve og ha registreringspliktige skytevåpen, sjå nærare om dette under omtalen av § 31.

Til § 6 Løyve med vidare for våpendelar

Første ledd vidareførar regelen i gjeldande våpenlov § 7 om løyveplikt for nærare bestemte våpendelar, men slik at det no uttrykkeleg kjem fram at løyvekravet også gjeld for innehav og ikkje berre for erverv av våpendelar. Dei nærare reglane om kva våpendelar som er løyvepliktige er lagt til forskrift.

I tillegg lovfestast regelen i gjeldande våpenforskrift § 28 og § 29 om at avhendar må tryggje at mottakaren har løyve til å erverve og ha våpendelen. Kravet til løyve vil vere oppfylt når det enten er gjeve våpenløye etter § 5 eller løyve som næringsdrivande etter § 23. Kravet til løyve for lån er regulert i § 18.

Andre ledd er ny i høve til gjeldande rett ved at politiet ikkje kan gje løyve for nærare bestemte våpendelar utanom for løyve etter §§ 10, 12 tredje ledd og § 13 andre ledd. Bakgrunnen for denne endringa er at det har kome til våpendelar som kan endre bruksområde til skytevåpen, slik som til dømes skjefte til pistolar som gjer dei om til tohandsskytevåpen. Vidare gjennomfører føresegna forbodet i EU sitt våpendirektiv mot lause magasin med stor patronkapasitet, sjå nærare omtale under punkt 7.2.

Til § 7 Løyve med vidare for ammunisjon

Første ledd vidareførar regelen i gjeldande våpenlov §§ 13, 14 og § 19. Eit løyve etter første ledd kan både være særskilt løyve til å erverve og ha eit nærare bestemt våpen, eller eit generelt løyve til å kunne drive næringsverksemd etter lovframlegget § 23.

Andre punktum vidareførar regelen i gjeldande våpenlov § 13 andre ledd. Det er likevel presisert at kravet til tidsavgrensing ikkje gjeld for løyve til erverv av ammunisjon til patronsamling, noko som er ei vidareføring av regelen i gjeldande våpenforskrift § 31 andre ledd om at patronsamlarar kan erverve ammunisjon i medhald av samleløyvet, og at det kan gjerast unnatak frå dette kravet i forskrift.

Andre ledd vidareførar det tilsvarande forbodet i gjeldande våpenlov § 14 andre ledd mot å avhende eller overlate ammunisjon til personar som ikkje har løyve til å ha denne ammunisjonen. Andre ledd vidareførar også gjeldande krav om berre å avhende ammunisjon i rimelege mengder. Kva som reknast for rimelege mengder må vurderast opp mot føremålet. Sidan det ikkje er praksis for å kontrollere kva føremål ammunisjonen skal brukast til, vil forbodet berre omfatte erverv i så store mengder at det er openbert at mengda overskrider vanleg bruk.

Tredje ledd nr. 1 og 2 lovfestar forboda i gjeldande våpenforskrift § 8 mot nærare bestemte ammunisjonstypar utan materielle endringar. Nr. 3 fastset som noko nytt eit forbod mot andre ammunisjonstypar enn dei som er særskilt nemnt i tredje ledd nr. 1 og 2. Det gjevast ein forskriftsheimel til å fastsette nærare reglar om kva ammunisjonstypar som vert omfatta av forbodet, sjå § 41 nr. 6.

Til § 8 Våpen som ikkje er skytevåpen

Denne føresegna vidareførar gjeldande våpenlov § 6 a til å gje forbod mot våpen som ikkje reknast som skytevåpen, men presiserer samstundes kva eigenskapar som kan grunngje eit forbod.

Til § 9 Ombygging av skytevåpen

Denne føresegna vidareførar forbodet i gjeldande våpenlov § 8 tredje ledd mot å gjere vesentlege endringar i skytevåpenet utan løyve frå politiet.

Til § 10 Fritak i særskilte tilfelle

Denne føresegna gjev politiet heimel til å kunne gje fritak frå forboda mot nærare bestemte skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Lovframlegget har ikkje noko direkte motstykke i gjeldande våpenregelverk, men i rundskriv RPOD 2009-9 punkt 2.5 og 3.6.5 er reglane i gjeldande våpenforskrift § 53 og § 54 om fritak frå forboda mot nærare bestemte skytevåpen og ammunisjon ved import tolka som ein generell fritaksheimel til å kunne erverve forbodne skytevåpen og ammunisjon. Hensikta bak denne fritaksheimelen er å gje ein tryggingsventil for dei høve der lova sine ålmenne reglar får urimelege følgjer. Døme på forhold som kan gje grunnlag for fritak vil vere museum som ønskjer å bevare sjeldne våpen, erverv av skytevåpen for å verne norskregistrerte skip mot terrorhandlingar eller piratåtak og ammunisjonsprodusentar som treng skytevåpen for å kunne teste ammunisjon. Dei nærare vilkåra for fritak vert fastsett i forskrift.

Til § 11 Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til jakt

Denne føresegna er i hovudsak ei lovfesting av gjeldande våpenforskrift § 12 om erverv av skytevåpen til jakt. Første leddførste punktum vidareførar kravet i våpenforskrifta § 12 første ledd til innføring i Jegerregisteret og ordninga med jaktvåpengarderobe. Avgrensinga til seks skytevåpen gjeld berre for komplette skytevåpen, slik at til dømes ekstra piper til slike våpen ikkje reknast med i talet på skytevåpen. Første ledd andre punktum vidareførar unnataket frå grensa på seks skytevåpen, men vilkåra for å gjere unnatak er endra, slik at søkar må dokumentere eit «særskilt behov» i staden for eit «meget kvalifisert behov». Hensikta med denne endringa er å lempe noko på vilkåra for fritak. Søkar må likevel dokumentere eit behov for fleire skytevåpen som må grunnast i våpentekniske eller jaktfaglege omsyn. Døme på omsyn som kan grunngje eit løyve til å erverve meir enn seks våpen vil vere behov for spesialvåpen for ettersøk av skada vilt eller ein omfattande eller spesialisert jaktaktivitet som krev bruk av jaktvåpen med særskilte eigenskapar.

Andre leddførste punktum fastset som noko nytt kva skytevåpen som kan ervervast til jakt og lovfestar dei våpentypar som etter gjeldande rett kan brukast til jakt i Noreg. Føresegna vidareførar gjeldande ordning etter forskrift 9. september 2011 nr. 930 om forbudte skytevåpen og godkjente halvautomatiske skytevåpen med at det kan ervervast hagler og rifler med enkeltskot- eller manuell omlading og halvautomatiske hagler med unnatak for våpentypar som er særskilt forbodne, samt halvautomatiske rifler som er godkjent i forskrift. Andre ledd andre punktum lovfestar kravet i gjeldande våpenforskrift § 12 tredje ledd utan endringar.

Tredje ledd vidareførar fritaksheimelen i gjeldande våpenforskrift § 12 fjerde ledd med den endring at politiet ikkje kan gje fritak frå kravet til våpentype etter andre ledd, første og andre punktum. Det synast elles til omtalen under punkt 8.3.4.3. Dei nærare vilkåra for fritak vert fastsett i forskrift.

Til § 12 Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til sportsskyting

Denne føresegna lovfestar reglane i gjeldande våpenforskrift § 13 om øvings- og konkurranseskyting som grunnlag for erverv av løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon med nokre vesentlege endringar. I føresegna vert nemninga «sportsskyting» nytta som ein fellesnemnar for øvings- og konkurranseskyting. Hensikta med denne endringa er å klargjere at politiet også kan gje løyve til erverv av skytevåpen til bruk for øvingsskyting i godkjent skyttarorganisasjon utan at vedkomande må ta del i konkurransar.

Første ledd vidareførar kravet i gjeldande våpenforskrift § 13 første ledd og fastset som noko nytt eit krav til opplæring. Hensikta med denne endringa er å styrke krava til våpendugleik og å regelfeste dei krav som mange skyttarorganisasjonar allereie set for å stadfeste medlemsskap i godkjent skyttarforeining. Dei nærare krav til aktivitet og opplæring er tilrådd lagt til forskrift, slik at reglane kan utformast slik at dei står i høve til skadepotensialet og brukarterskelen til dei ulike våpentypar, sjå nærare omtale under punkt 8.4.4.1.

Første ledd andre punktum lovfestar regelen i våpenforskrifta § 13 tredje ledd første punktum og gjev ein forskriftsheimel til å gje reglar om kor mange skytevåpen som kan ervervast til sportsskyting.

Andre leddførste punktum lovfestar kva våpentypar som kan ervervast til sportsskyting.

Andre ledd andre punktum lovfestar gjeldande ordning etter våpenforskrifta § 7 med at det berre kan ervervast halvautomatiske rifler som er godkjent i forskrift. Ei godkjenning etter andre ledd føreset at våpenet ikkje er produsert med ein konstruksjon som nemnt i § 5 andre ledd nr. 3, noko som betyr at det i hovudsak vil kunne godkjennast halvautomatiske rifler som opphavleg er konstruert som jaktvåpen.

Tredje ledd er meint å gje sportsskyttarar som oppfyller nærare bestemte krav til medlemsskap, opplæring og aktivitet høve til å kunne drive sportsskyting som krev bruk av halvautomatiske rifler med tilsvarande eigenskapar som stridsvåpen, samt å gjennomføre dei krav som EU sitt reviderte våpendirektiv artikkel 6 set for å kunne erverve og ha skytevåpen og våpenmagasin i kategori A til sportsskyting, sjå nærare omtale under punkt 7.2.

Til § 13 Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til samling

Denne føresegna lovfestar i hovudsak reglane i gjeldande våpenforskrift § 16 om erverv av skytevåpen og ammunisjon til samling.

Første ledd første punktum lovfestar i hovudsak reglane i gjeldande våpenforskrift § 16 andre ledd, men slik at dei nærare krava til våpendugleik vert fastsett i forskrift.

Første ledd andre punktum lovfestar kravet til godkjent samleområde etter gjeldande våpenforskrift § 16 første ledd. Dei nærare vilkåra for godkjenning av samleområde vert fastsett i forskrift.

Andre ledd regulerer kva for skytevåpen som kan ervervast til samling. Andre ledd første punktum vidareførar gjeldande ordning med at våpensamlarar kan erverve alle våpentypar som ikkje er forbodne. Andre ledd andre punktum vidareførar heimelen i gjeldande våpenforskrift § 16 fjerde ledd til å kunne erverve og å ha forbodne skytevåpen, men slik at fritaksheimelen også vil omfatte våpendelar som vert forbodne i medhald av lovframlegget § 6. Vilkåra for erverv er noko omarbeidd slik at det framhevast at det ikkje vert sett krav om at det aktuelle våpenet må ha vore bruka i hendingar av særskilt historisk betyding. Hensikta med denne endringa er å tilpasse ordlyden til kva som er gjeldande praksis.

Tredje ledd vidarefører gjeldande ordning med patronsamling, men slik at dei nærare vilkår vert fastset i forskrift.

Fjerde ledd lovfester gjeldande ordning at skytevåpen som er erverva til samling ikkje kan brukast til andre føremål utan etter særskilt godkjenning.

Til § 14 Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til andre føremål

Denne paragrafen er ein samleføresegn for dei ervervsgrunnlag som ikkje er særskilt regulert, og vidareførar gjeldande regel i våpenlova § 7 tredje ledd om krav til behov eller annan rimeleg grunn for å ha skytevåpen. Andre punktum reknar opp aktuelle ervervsgrunnlag, men er ikkje uttømmande. Denne føresegna vil også omfatte erverv av skytevåpen med vidare på vegne av mindreårige arvingar.

Til § 15 Krav til alder

Første ledd vidareførar reglane i gjeldande våpenlov § 7 fjerde ledd om krav til minstealder for å kunne erverve og inneha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon utan materielle endringar. Aldersgrensa gjeld også for skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som ikkje er løyvepliktige etter lovframlegget §§ 5, 6 eller § 7, noko som er ei vidareføring av alderskravet i gjeldande våpenlov § 29 fjerde ledd, og ei lovfesting av reglane om aldersgrense erverv av luft- og fjørvåpen i gjeldande våpenforskrift § 23 første ledd.

Andre ledd vidareførar heimelen i gjeldande våpenlov § 7 fjerde ledd til å kunne gje personar over 16 år fritak frå alderskravet for å kunne erverve og ha rifler og hagler, men slik at det er presisert at mindreårige ikkje sjølv kan kjøpe skytevåpen. Denne presiseringa er ein følgje av EU sitt våpendirektiv artikkel 5, som ikkje tidlegare har kome til uttrykk i våpenlovgjevinga. Vilkåret «særskilte tilfeller» i gjeldande våpenlov § 7 fjerde ledd er teken bort utan at det er meint nokon realitetsskilnad, då dette kvalifikasjonskravet vidareførast gjennom forskriftsreglar fastsett i medhald av § 41 nr. 14.

Tredje ledd innførar ein heimel for politiet til å kunne gje personar over 18 og under 21 år fritak frå alderskravet for erverv av pistol, revolver og løyvepliktige deler til slike våpen. Bakgrunnen for denne fritaksheimelen er at det er tyngjande for aktive skyttarar å måtte få andre til å transportere pistol eller revolver til og frå trening og konkurransar. Av kontrollomsyn kan politiet berre gje fritak for eitt år av gangen. Dei nærare vilkåra for fritak vert fastsett i forskrift.

Til § 16 Krav til vandel og personlege eigenskapar

Første ledd vidareførar krava til personlege eigenskapar i gjeldande våpenlov § 7 tredje ledd med nokre endringar. Føremålet med føresegna er å førebygge at ueigna personar får tilgang til skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Kravet til edruskap er ein vidareføring av gjeldande rett, og omfattar både lovleg og ulovleg rusbruk. Kravet til edruskap gjeld både i høve til sjølve omfanget av rusbruken og til vedkomande si framferd i rusa tilstand. Personar som til dømes handterer skytevåpen eller syner annan farleg åtferd i ruspåverka tilstand vil normalt ikkje oppfylle kravet til edruskap, sjølv om rusbruken isolert sett er moderat.

Kravet til at vedkomande må vere påliteleg er teken bort då det kan vere vanskeleg å fastlegge det nærare innhaldet i dette vilkåret, og er erstatta med eit krav til at søkar må oppfylle nærare bestemte krav til vandel. Kva strafflagde forhold som det kan leggjast vekt på i vandelskontrollen vert fastsett i forskrift.

Kravet til at vedkomande elles ikkje må vere uskikka er ført vidare, men slik at det ikkje lenger kravst «særlige grunner» for å rekne vedkomande som uskikka. Føremålet med denne endringa er at framheve at det ikkje er strengare krav for å tilbakekalle løyvet på dette grunnlaget enn for tilbakekall grunna brot på kravet til vandel og edruskap. I første ledd andre punktum nemnast at helse og tilknyting til kriminelle miljø er relevante moment i skikkavurderinga. Opprekninga i andre punktum er likevel ikkje uttømmande, og vil omfatte alle andre forhold som kan seie noko om vedkomande si evne eller vilje til å oppfylle dei krav som våpenlova set for erverv og innehav av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Til dømes vil omgrepet «andre forhold» kunne omfatte brot på straffelova som ikkje er knytt til valdshandlingar, bortlagde saker eller opplysingar frå PST om at vedkomande kan vere ein tryggingsrisiko, sjå også omtalen under punkt 9.3.

Andre ledd er ny i høve til gjeldande rett, og gjev politiet høve til å nekte løyve i samsvar med føresegnene om butid som vil verte fastsett i medhald av tredje ledd.

Til § 17 Krav til juridiske personar

Denne føresegna lovfestar reglane i gjeldande våpenforskrift § 11 andre ledd, men fastset at også juridiske personar må oppfylle krav til vandel for å kunne erverve skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Føremålet med denne føresegna er å gje politiet eit betre grunnlag for å kunne føre kontroll med kva organisasjonar som skal kunne erverve skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Dei nærare krava til vandel er tilrådd lagt til forskrift.

Til § 18 Lån eller overlating av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Første ledd vidareførar gjeldande regel om utlån av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon til personar som har løyve til å ha tilsvarande gjenstand. Vilkåret i gjeldande våpenlov § 11 femte ledd om at utlånet berre kan skje for inntil fire veker er ikkje ført vidare i lovframlegget. Dette betyr at det ikkje gjeld nokon tidsgrense for utlånet.

Andre ledd fastset som noko nytt at personar som ikkje har løyve til å ha tilsvarande gjenstand må ha særskilt løyve frå politiet for å kunne låne løyvepliktige skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Vilkåra for løyve til lån er dei same som for erverv av tilsvarande gjenstand.

Tredje ledd vidareførar gjeldande våpenlov § 29 fjerde ledd og femte ledd utan materielle endringar.

Fjerde ledd vidarefører ordninga etter gjeldande våpenlov § 11 fjerde ledd og § 29 andre ledd. Med løyvehavar meinast den som har løyve til å ha skytevåpen, eller nokon som handlar på vegne av ein juridisk person som har løyve til å ha skytevåpen. Sistnemnte er særleg aktuelt for overlating av skytevåpen til medlemmer i godkjente skyttarorganisasjonar under organiserte skyteaktivitetar eller opplæring. Kravet om samtykke frå foreldra til mindreårige personar er ikkje ført vidare, då departementet meiner det ikkje er grunn til å fråvike reglane i barnelova §§ 30 til 33 om når foreldra skal samtykke til borna sine handlingar. Femte ledd gjev ein bunden forskriftsheimel til å fastsette nærare reglar for korleis overlating i medhald av fjerde ledd skal skje.

Til § 19 Krav til oppbevaring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Første ledd lovfestar regelen i gjeldande våpenforskrift § 78 første ledd andre punktum.

Andre ledd fastset som noko nytt at politiet kan samtykke til at løyvehavar oppbevarer skytevåpen med vidare på annan adresse enn sin faste bustad. Bakgrunnen for denne endringa er behovet for å fastsette ordningar som gjev studentar, pendlarar eller andre høve til å kunne oppbevare løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon på si mellombelse adresse. Hensikta med tidsavgrensinga på eitt år er å tryggje kontrollen med kvar gjenstandane vert oppbevara. Ein føresetnad for at politiet skal kunne samtykke til mellombels oppbevaring er at den elles oppfyller krava for oppbevaring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon.

Tredje ledd lovfestar regelen i gjeldande våpenforskrift § 79 første og fjerde ledd om at løyvepliktige skytevåpen eller nærare bestemte våpendelar skal oppbevarast i godkjent tryggingsskap eller våpenrom. Dei nærare krava for godkjenning av tryggingsskap og våpenrom er lagt til forskrift, slik at reglane enklare kan tilpassast eventuelle endringar i den tekniske standarden. Fjerde ledd fastset forskriftsheimlar til å gje utfyllande reglar om oppbevaring.

Til § 20 Krav til mellombels oppbevaring, transport og sending av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Første ledd vidareførar regelen i gjeldande våpenlov § 9 første og andre punktum.

Andre leddførste og andre punktum set krav til korleis løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon skal mellombels oppbevarast eller transporterast. Lovframlegget vidareførar i hovudsak gjeldande krav til transport etter våpenlova § 27 b, med den endring at det er lagt til ei presisering av at gjenstandane skal vere forsvarleg trygga. Bakgrunnen for endringa er å klargjere at tryggingstiltaka må stå i høve til risikoen for at gjenstanden skal kome i urette hender.

Med «transport» meinast til dømes reiser med skytevåpen mellom løyvehavar sin bustad og der våpenet skal brukast. Når skytevåpen takast med til fots på veg inn i jaktterreng og liknande reknast dette som bruk og ikkje transport, slik at krava til at skytevåpenet må vere pakka ned ikkje gjeld ved slike høve.

Kva som ligg i omgrepet «forsvarleg trygga» må vurderast ut frå dei stadlege forholda og risikoen for at uvedkomande kan få tilkomst til gjenstandane. Skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon skal som hovudregel oppbevarast eller transporterast innelåst i bil, hytte eller liknande om dei ikkje er under forsvarleg tilsyn.

Andre ledd lovfestar også krava til mellombels oppbevaring, som i dag er regulert i våpenforskrifta § 81. Krava til mellombels oppbevaring er gjort meir overordna enn etter gjeldande rett slik at dei enklare skal kunne tilpassast dei stadlege forholda. Med omgrepet «mellombels oppbevaring» meinast oppbevaring av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon på annan stad enn der vedkomande skal oppbevare gjenstandane etter § 19 andre ledd og vil normalt vere aktuelt i samband med jakt, skytekonkurransar og liknande.

Andre ledd tredje punktum fastset som noko nytt at løyvepliktige skytevåpen og ammunisjon skal vere fråskilt under transport og oppbevaring, noko som gjennomfører det tilsvarande kravet etter EU sitt reviderte våpendirektiv artikkel 5a. Kravet til at skytevåpen og ammunisjon skal vere fråskilt betyr at skytevåpen og ammunisjon må mellombels oppbevarast eller transporterast som to ulike kolli, til dømes ved at skytevåpenet pakkast i eit futteral og ammunisjonen pakkast i ein sekk. Etter andre ledd fjerde punktum kan skytevåpen og ammunisjon oppbevarast saman om dei vert mellombels oppbevara i godkjent tryggingsskap eller våpenrom.

Til § 21 Innførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Denne føresegna vidareførar gjeldande krav til løyve etter våpenlova § 23 første ledd, men fastset som noko nytt at kravet til løyve også gjeld for deaktiverte skytevåpen. Bakgrunnen for denne endringa er behovet for å styrke kontrollen med at slike skytevåpen er deaktiverte på lovleg måte, og for å gjennomføre artikkel 10b i EU sitt reviderte våpendirektiv. Andre ledd gjev ein bunden forskriftsheimel til å fastsette nærare reglar om innførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon.

Til § 22 Utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Første ledd vidareførar kravet til løyve for utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon i gjeldande våpenlov § 23 første ledd, men det er lagt til som noko nytt at løyvekravet også skal gjelde for deaktiverte skytevåpen. Hensikta med endringa er å tryggje at det ikkje vert utført deaktiverte skytevåpen som enkelt kan gjerast om til funksjonelle skytevåpen. Kravet til løyve for utførsel av deaktiverte skytevåpen skal også gjennomføre kravet til løyve etter EU sitt våpendirektiv artikkel 11 nr. 2, som etter det reviderte våpendirektivet også gjeld for deaktiverte skytevåpen, jf. vedlegg I, avsnitt II, punkt IV nr. 6. Dei nærare vilkåra for utførsel vert fastsette i forskrift.

Andre ledd vidareførar gjeldande krav om løyve frå politiet for ikkje-ervervsmessig utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Det vert også her innført som noko nytt at reglane for utførsel også gjeld for skytevåpen som er deaktiverte, med same grunngjeving som etter første ledd.

Til § 23 Næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Første ledd vidareførar kravet i gjeldande våpenlov §§ 16 og 20. Gjeldande unnatak frå løyveplikta for børsemakar med meisterbrev etter våpenlova § 20 første ledd andre punktum førast ikkje vidare, sjå omtale i punkt 11.1.5. Unnataksregelen i gjeldande våpenlova § 16 fjerde ledd om sal av ammunisjon er heller ikkje ført vidare då den berre gjeld for Svalbard og det etter lovframlegget § 4 skal gjevast særskilte forskriftsreglar for lova sitt verkeområde på Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda. Det vert fastset som noko nytt at det også kan gjevast løyve til å drive andre former for næringsverksemd, slik som til dømes utleige av eller mekling med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Opprekninga i § 23 første ledd er ikkje uttømmande, slik at det også kan gjevast løyve til å drive andre typar næringsverksemd enn dei som er særskilt nemnt.

Andre ledd fastset dei personlege krava til dei som skal drive næringsverksemd. Andre ledd første punktum set krav om at den som skal drive næringsverksemd må oppfylle dei ålmenne krav til personlege eigenskapar etter lovframlegget § 16. Denne regelen er ei vidareføring og presisering av kravet i våpenlova § 17 første ledd om at personar som skal ha løyve til å drive handel må vere skikka, samt ei lovfesting av dei krav som gjeldande våpenforskrift § 45 set for løyve til å drive med tilverking eller reperasjon av skytevåpen eller våpendelar for sal, men slik at krava også gjeld for andre former for næringsverksemd enn handel, tilverking og reparasjon. Andre ledd andre punktum er ei vidareføring av krava til fagkunnskap etter gjeldande våpenlov § 17 og våpenforskrifta § 35 for løyve til å kunne drive handel, tilverking eller reparasjon, men slik at det også stillast krav for andre former for næringsverksemder med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Dei nærare krava til alder og fagdugleik vert fastsett i forskrift slik at dei kan tilpassast dei ulike formene for næringsverksemd.

Tredje ledd fastset krava til personlege eigenskapar for juridiske personar. Første punktum, fastset som noko nytt eit krav til vandel for juridiske personar som skal drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Andre punktum vidareførar reglane i gjeldande våpenlov § 17 andre og tredje ledd.

Fjerde ledd gjev ein bunden forskriftsheimel, der nr. 2 også gjennomfører artikkel 4. nr. 4 punkt ii i EU sitt våpendirektiv om rapportering av omsetnaden med skytevåpen våpendelar og ammunisjon.

Til § 24 Overføring av løyve til å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til døds- eller konkursbu

Denne føresegna vidareførar gjeldande våpenlov § 18.

Til § 25 Tilverking av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til eige bruk

Denne føresegna vidareførar regelen i gjeldande våpenlov § 21 og lovfestar reglane i gjeldande våpenforskrift § 51. I lovframlegget er det presisert at kravet til alder følgjer dei reglar som gjeld for erverv av den våpentypen som tilverkinga gjeld.

Til § 26 Merking av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Første ledd lovfestar kravet til merking i gjeldande våpenforskrift § 93, men fastset som noko nytt at kravet til å merke skytevåpen og nærare bestemte våpendelar også skal gjelde for personar som omset skytevåpen. Hensikta med denne endringa er å hindre at det vert omsett skytevåpen eller våpendelar som ikkje er lovleg merka. I tillegg vert det lovfest som noko nytt at kravet til merking også skal gjelde for skytevåpen og våpendelar som er registreringspliktige i medhald av lovframlegget § 5 fjerde ledd nr. 3 og § 6 tredje ledd nr. 2. Denne regelen skal trygge gjennomføring av kravet til registreringsplikt for nærare bestemte skytevåpen og våpendelar i EU sitt reviderte våpendirektiv, sjå nærare omtale under punkt 11.2.

Andre ledd fastset som noko nytt eit krav til merking av ammunisjon, som skal tryggje gjennomføring av dei krav til merking som EU sitt våpendirektiv og FN sin våpenprotokoll set for merking av ammunisjon. Andre ledd andre punktum gjer unnatak for tilverking av patroner til eige bruk (såkalla heimelading), då slik tilverking ikkje er omfatta av internasjonale krav til merking.

Til § 27 Deaktivering og destruksjon av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Denne føresegna lovfestar reglane i gjeldande våpenforskrift § 1 tredje ledd, men fastset som noko nytt i første ledd at berre personar som har løyve etter lovframlegget § 23 til å drive ervervsmessig ombygging, reparasjon eller tilverking av skytevåpen kan deaktivere skytevåpen.

Andre ledd lovfestar gjeldande ordning med at skytevåpen, våpendelar og ammunisjon kan leverast til politiet for destruksjon. Slik destruksjon vil vere gratis for publikum, sjå merknadane til § 37 andre ledd.

Til § 28 Godkjenning av skyttar- og våpensamlarorganisasjonar og teknisk program

Denne føresegna lovfestar reglane i gjeldande våpenforskrift § 24 og § 25.

Til § 29 Godkjenning av skytebaner

Denne føresegna vidareførar gjeldande våpenlov § 28 og lovfestar samstundes kravet i forskrift av 1. juli 1988 nr. 548 om anlegg av, kontroll med og godkjenning av sivile skytebaner § 3, jf. § 1 om krav til godkjenning av skytebaner og skytefelt. Dei nærare reglar vert fastsett i forskrift.

Til § 30 Politiet sin kontroll

Første ledd lovfestar at politiet skal føre kontroll med om personar som har løyve til å ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon framleis oppfyller krava til personlege eigenskapar etter § 16 og § 17. Kravet til kontroll skal gjelde for alle våpenløyve, medrekna løyve til å drive næringsverksemd etter § 23. Føresegna er en lovfesting av kva som har vore politiet sin praksis. Kontrollen skal skje på grunnlag av den totale kjennskap som politiet har til vedkomande, noko som føreset at våpenforvaltinga får tilgang til relevant informasjon frå politiet si verksemd. Det vil verte gjeve nærare føresegner i forskrift om kva kontrollen skal omfatte, mellom anna for tryggje gjennomføring av dei krav til kontroll som er gjeve i EU sitt reviderte våpendirektiv artikkel 5 nr. 2, artikkel 6 nr. 7 og artikkel 7, sjå nærare omtale under punkt 13.5.

Andre ledd lovfestar heimelen til å føre kontroll av næringsdrivande i våpenforskrifta § 104. Dei nærare reglane om kontroll vert fastsett i forskrift.

Andre ledd siste punktum fastset som noko nytt at politiet kan krevje å få utlevert ein kopi av medlemslistene til godkjente skyttar- og våpensamleforeiningar. Hensikta med denne endringa er i hovudsak å betre politiet sin kontroll med om personar som har skytevåpen til sportsskyting oppfyller kravet til medlemsskap i godkjent skyttarforeining.

Tredje ledd vidareførar regelen i våpenlova § 9 utan materielle endringar, medan fjerde ledd vidareførar regelen i våpenlova § 29 fjerde ledd med den endring at politiet kan destruere gjenstandar som ikkje er kravd utlevert innan 12 månader.

Femte ledd vidareførar gjeldande heimel i gjeldande våpenlov § 27 a. Dei nærare vilkåra for å kunne krevje tilkomst til privat bustad vert fastsette i forskrift.

Til § 31 Tilbakekall av løyve til å ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Første ledd første punktum vidareførar regelen i gjeldande i våpenlova § 10 første ledd om at politiet skal tilbakekalle våpenløyve til personar som ikkje lenger oppfyller krava til personlege eigenskapar, men slik at det kjem klart fram at slikt tilbakekall også kan gjelde løyve til å ha våpendelar. Første ledd andre punktum vidareførar gjeldande regel i våpenlova § 10 andre ledd om at politiet kan tilbakekalle løyvet til personar som ikkje lenger har behov eller annan rimeleg grunn til å ha skytevåpen med vidare. I lovframlegget § 41 nr. 29 er det gjeve ein forskriftsheimel til å kunne gje utfyllande reglar for korleis reglane om tilbakekall etter første ledd andre punktum skal praktiserast.

Andre ledd vidareførar regelen i gjeldande våpenlov § 10 sjuande ledd om at politiet kan gje forbod mot at personar som ikkje oppfyller krava til personlege eigenskapar skal kunne erverve skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som ikkje er løyvepliktige. I lovframlegget § 41 nr. 28 er det gjeve ein forskriftsheimel til å fastsette nærare reglar om politiet sin kontroll med våpenløyve etter første og andre ledd.

Tredje leddførste punktum vidareførar gjeldande våpenlov § 10 fjerde ledd, men slik at gjenstandane skal overlatast til politiet og ikkje innleverast. Denne endringa inneber at politiet kan bestemme korleis dei skal få tilkomst til gjenstandane. Kravet om at innehavar skal overlate gjenstandar til politiet kan også omfatte skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som det ikkje kravst løyve for å kunne erverve eller å ha. Tredje ledd andre punktum vidareførar heimelen i våpenlova § 10 femte ledd om at politiet kan krevje at skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon vert mellombels overlatne til politiet når det er sendt førehandsvarsel om tilbakekall av våpenløyve.

Fjerde ledd fastset som noko nytt ein heimel for politiet til å kunne krevje overlate skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon utan å sende førehandsvarsel, når det er mistanke om brot på dei personlege vilkåra i lovframlegget § 16 og utan å samstundes måtte sende førehandsvarsel om tilbakekall av våpenløyve. Bakgrunnen for dette lovframlegget er behovet for å kunne gripe raskt inn i situasjonar som tilseier at løyvehavar ikkje bør ha tilkomst til skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon fordi ein er uroa for at vedkomande vil misbruke våpenet til dømes til å true eller skade.

Femte ledd innførar som noko nytt at politiet ikkje lenger har plikt til å avhende overlatne gjenstandar og dei kan destruere overlatne gjenstandar som ikkje er avhenda av eigaren innan 12 månader frå gjenstanden vart overlaten til politiet. Femte ledd tredje punktum vidareførar regelen i våpenlova § 10 fjerde ledd tredje punktum om at overlatne gjenstandar som tilhøyrar nokon andre skal overlatast til eigaren. Dette vil særleg vere aktuelt ved tilbakekall av løyve til å låne skytevåpen etter lovframlegget § 18.

Til § 32 Tilbakekall av løyve til å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Denne føresegna vidareførar gjeldande våpenlov § 35 med nokre endringar. Første ledd fastset som noko nytt at politiet skal gjere vedtak om tilbakekall når innehavar eller den ansvarlege for drifta ikkje oppfyller krava til personleg dugleik. For andre brot på vilkår eller føresetnader for løyvet må politiet gjer ei konkret vurdering av kva reaksjon som vil vere høvande. Følgjene av å tilbakekalle løyve til å drive næringsverksemd vil normalt vere større enn for tilbakekall av andre våpenløyve. Politiet må difor vurdere om eit mellombels tilbakekall vil vere tilstrekkeleg, slik at organisasjonen kan rette opp dei feil som grunngjev vedtaket.

Andre ledd fastset som noko nytt at reglane i § 31 andre til femte ledd skal gjelde tilsvarande for tilbakekall av løyve til å drive næringsverksemd. Eit tilbakekall av løyve til å drive næringsverksemd kan omfatte store mengder skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, og det er difor av stor betyding at politiet har dei naudsynte heimlar til å få kontroll over gjenstandane ved tilbakekall av løyvet.

Til § 33 Tilbakekall av godkjenning som skyttar- eller våpensamlarorganisasjon

Denne føresegna er ny i høve til gjeldande våpenlov og gjev politiet ein særskilt heimel til å kunne tilbakekalle godkjenning som skyttar- eller samlarorganisasjon. Bakgrunnen for framlegget er at ei godkjenning utløyser mange rettar for organisasjonen, som til dømes retten til å kunne dokumentere grunnlag for erverv av skytevåpen til sportsskyting. Politiet bør difor ha ein klar heimel til å kunne tilbakekalle godkjenninga om den brukast i strid med føresetnadane.

Til § 34 Konkursbu

Denne føresegna er ny i høve til gjeldande våpenlov. Første ledd gjev bustyrar ein plikt til å varsle politiet om funn av løyve- eller registreringspliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Føremålet med føresegna er å gje betre tryggleik for at politiet får kontroll over slike gjenstandar ved konkurs og skal vere eit tillegg til politiet sin ålmenne kontroll med tildelte våpenløyve. Med omgrepet «utan ugrunna opphald» meinast at bustyrar skal varsle om funnet så snart det er praktisk mogeleg. Bustyrar skal likevel ha rimeleg tid til å kunne områ seg på, og eit opphald på ein dag eller to skal normalt ikkje innebere brot på denne plikta. Ein føresetnad for samtykke til oppbevaring i andre punktum er at politimeisteren tryggjer at bustyrar kan overhalde våpenlova sine krav til oppbevaring. Politimeisteren skal ikkje gje samtykke til slik mellombels oppbevaring om det er grunn til å tru at gjenstandane kan verte bruka i strid med føresetnadane for samtykket.

Andre ledd presiserer at dei krav som § 19 set til oppbevaring av skytevåpen med vidare også gjeld for oppbevaring i konkursbu.

Til § 35 Dødsbu

Denne føresegna er i hovudsak ei lovfesting av våpenforskrifta § 82, men fastset som noko nytt at politiet må samtykke til at arvingane oppbevarer gjenstandane. Kravet til samtykke skal tryggje at arvingane kan oppfylle våpenlova sine krav til oppbevaring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, samt å gje politiet oversyn over kven som får tilgang til arvelatar sine skytevåpen. Politiet skal ikkje samtykke til slik mellombels oppbevaring om det er grunn til å tru at gjenstandane kan verte bruka i strid med føresetnadane for samtykket. Denne vurderinga må skje på grunnlag av den kjennskap som politiet har til den som skal oppbevare gjenstandane på vegne av buet, slik at opplysingar om at vedkomande ikkje oppfyller krava til personlege eigenskapar etter § 16 gjer at politiet ikkje skal samtykke til at vedkomande får tilkomst til skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon. Andre punktum presiserer at dei krav som § 19 set til oppbevaring av skytevåpen med vidare også gjeld for oppbevaring i dødsbu.

Til § 36 Våpenregister

Denne føresegna vidareførar delvis gjeldande våpenlov § 31 fjerde ledd og lovfestar regelen i våpenforskrifta § 98. Nytt er at det skiljast i første ledd mellom løyvepliktige våpen med vidare og registreringspliktige våpen med vidare i høvesvis første og andre punktum. Skilnaden er at registreringspliktige våpen med vidare ikkje krev løyve. Det sentrale våpenregisteret skal med andre ord innehalde opplysingar om løyve- eller registreringspliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, samt opplysingar om personar som enten har registreringspliktige gjenstandar eller som har løyve til å erverve, ha, samle på, inn- eller utføre slike gjenstandar. Vidare skal det førast opplysingar om personar som har løyve til å drive næringsverksemd med og deaktivering av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, samt opplysingar om godkjente skyttar- og våpensamlarorganisasjonar. Føresegna omfattar også juridiske personar.

Andre ledd lovfestar som noko nytt kva som er føremålet med registeret. Hensikta med registeret er først og fremst å trygge politiet si evne til å kunne syte for at lova sine reglar vert følgt til ei kvar tid. I tillegg skal registeret trygge at styresmaktene mellom anna har oversyn over kva våpentypar, talet våpen med vidare som finst.

Tredje ledd gjev ein bunden forskriftsheimel til å fastsette reglar knytt til handsaming av opplysningar i registeret. I forskrifta vert det gjeve nærare regler om de forhold som er lista opp i føresegna, noko som mellom anna vil gjera reglane meir føreseieleg. Reglane om utlevering vil også gjennomføre dei krav som EU sitt våpendirektiv artikkel 13 set for utlevering av opplysingar mellom medlemsland.

Fjerdeledd vidareførar reglane om innsyn i gjeldande våpenlov § 31 fjerde ledd, andre punktum, men avgrensar politiet sin heimel til å nekte innsyn i registeret til situasjonar der det er grunn til å tru at opplysingane vil kunne brukast til strafflagde handlingar. Utanom desse tilfella skal krav om innsyn handsamast i samsvar med reglane i offentleglova.

Til § 37 Gebyr og utgifter

Føresegna vidareførar gjeldande gebyrheimel i våpenlova § 31 andre ledd, men fastset som noko nytt at det kan krevjas gebyr for utferding av alle typar løyve eller godkjenningar i medhald av lova. Gebyrheimelen gjeld likevel ikkje for destruksjon av skytevåpen eller registrering av registreringspliktige skytevåpen med vidare. Gebyret skal brukast til å dekke våpenforvaltinga sine utgifter til å utferde løyve og kan også omfatte utgifter til sakkunnig bistand. Sistnemnte er særleg aktuelt ved utferding av løyve i medhald av § 13 (våpensamling), som kan krevje særskilt sakkunnskap.

Til § 38 Tilhøvet til forvaltningsloven

Første punktum presiserer at forvaltingslova gjeld for saker som vert handsama etter våpenlova. Andre punktum fastset som noko nytt at politiet kan kalle søkar inn til intervju for å avklare om søkar oppfyller dei personlege vilkåra etter § 16. Føremålet med denne heimelen er å gje politiet eit rettsgrunnlag for å kunne innkalle søkarar til intervju, for på denne måten å få eit betre grunnlag til å vurdere om vedkomande oppfyller dei krav som våpenlova set til søkar sin personlege eigenskapar. Om vedkomande ikkje stiller til intervju vil dette gje grunnlag for å nekte løyve sidan då politiet ikkje får et tilstrekkeleg grunnlag til å vurdere søknaden.

Til § 39 Straff

Denne føresegna vidareførar straffebodet i gjeldande våpenlov § 33, men slik at føresegna presiserer kva for brot på våpenlova som er strafflagde.

Til § 40 Tidsavgrensa våpenamnesti

Denne føresegna vidareførar gjeldande våpenlov § 34 med den endring at føresegna også gjeld for registreringspliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som ikkje krev løyve.

Til § 41 Forskrifter

Denne føresegna vidareførar gjeldande forskriftsheimel i våpenlova § 31 første ledd. Nytt er at dei bundne forskriftsheimlane står i dei einskilde føresegnene, medan dei valfrie står i § 41, sjå nærare omtale i punkt 15.1.4.

Til § 43 Overgangsreglar

Første ledd fastset ein særskilt frist for når forbodet mot halvautomatiske rifler etter § 5 andre ledd nr 3 skal setjast i kraft, sjå nærare omtale under punkt 7.2.5.1. Personar som har løyve til å ha slike våpen i medhald av gjeldande våpenlov må enten ha eit nytt løyve etter unnataksreglane i §§ 10, 12, 13, eller avhende, innlevere eller deaktivere våpenet innan tre år frå det tidpunktet lova trer i kraft.

Andre ledd gjeve ein forskriftsheimel i til å kunne gje forskrift om andre overgangsordningar som er naudsynte, sjå også § 41 nr. 33.

Til forsida