Prop. 165 L (2016–2017)

Lov om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova)

Til innhaldsliste

9 Kven som kan erverve og ha skytevåpen, våpendeler og ammunisjon

9.1 Gjeldande rett

9.1.1 Krav til alder

Våpenlova § 7 fjerde ledd set krav til minstealder for å kunne erverve skytevåpen og våpendelar. Tilsvarande alderskrav gjeld også for erverv av ammunisjon, jf. § 13. Den ålmenne aldersgrensa er sett til 18 år for rifler og hagler og 21 år for pistol og revolver. Etter våpenlova § 29 fjerde ledd gjeld også aldersgrensa på 18 år for å kunne erverve og ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon som ikkje krev løyve frå politiet etter § 5.

Politiet kan på nærare bestemte vilkår gje personar over 16 år fritak frå alderskravet for å kunne erverve og ha rifler og haglevåpen. I tillegg er det gjeve særskilte reglar om aldersgrenser for erverv ved arv. Reglane om aldersgrense er likevel ikkje til hinder for at yngre personar kan få bruke skytevåpen under forsvarleg tilsyn, jf. § 29 andre ledd.

9.1.2 Krav til personlege eigenskapar

I tillegg til alderskravet set våpenlova § 7 og § 8 krav om at politiet berre kan gje løyve til å erverve og ha skytevåpen og løyvepliktige våpendelar til «[…] edruelige og pålitelige personer, som har behov for eller annen rimelig grunn for å ha skytevåpen, og som ikke av særlige grunner anses som uskikket til det.» For juridiske personar må den som er ansvarlig for utlevering, bruk og oppbevaring av skytevåpen eller våpendelar oppfylle krava som gjeld for fysiske personar, jf. våpenforskrifta § 11.

Krava til personlege eigenskapar er skjønnsprega, men må tuftast på konkrete og relevante opplysingar i høve til lova sine vilkår. Politidirektoratet har i rundskriv RPOD 2009-9 punkt. 3.4 gjeve nærare retningsliner for politiet sin skjønnsbruk. Etter praksis vil særleg opplysingar om strafflagde forhold, rusmisbruk og opplysingar om søkjar sin psykiske helsetilstand vere relevante moment i vurderinga.

9.1.3 Internasjonale rammer

EU sitt våpendirektiv artikkel 5 set krav om at medlemsstatane skal ha reglar som tryggjer at berre personar med eit grunngjeve behov, og som oppfyller nærare bestemte krav til alder og personleg dugleik, får tilgang til skytevåpen. Etter artikkel 5 bokstav a skal den ålmenne minstealderen for å kunne erverve eller ha skytevåpen vere 18 år. Medlemsstatane kan likevel gjere unnatak frå denne minstealderen for anna erverv enn kjøp av skytevåpen til jakt eller sportsskyting, når enten foreldra samtykker eller den mindreårige er under forsvarleg tilsyn og kontroll. Dette betyr at kjøp av skytevåpen må gjerast av verje eller andre som seinare kan overføre våpenet til den mindreårige. Eit unnatak frå alderskravet føreset at skytevåpna vert oppbevara av enten foreldra eller ein vaksen med gyldig våpenløyve.

Etter artikkel 5 bokstav b skal medlemsstatane hindre at personar som det er grunn til å tru kan vere ein fare for seg sjølv, omgjevnadane eller den offentlege orden og tryggleik, ikkje får tilkomst til skytevåpen.

9.2 Om kravet til alder

9.2.1 Våpenlovutvalet sitt framlegg

Våpenlovutvalet tilrår i hovudsak å vidareføre gjeldande rett, men tilrår likevel å gjere nokre endringar. Utvalet syner til at gjeldande regelverk er krevjande å etterleve for aktive pistol- eller revolverskyttarar under 21 år, fordi dei ikkje sjølv kan transportere våpenet til eller frå trening eller konkurransar. Utvalet føreslår difor at særleg aktive skyttarar over 18 år kan få fritak frå alderskravet for eitt år av gangen. Utvalet har også gjeve framlegg om å heve aldersgrensa for godkjenning som våpensamlar til 21 år. Til sist føreslår utvalet at det i våpenforskrifta vert sett ei aldersgrense på 21 år for å kunne erverve halvautomatiske rifler til sportsskyting.

9.2.2 Høyringsinstansane sitt syn

Dåverande Miljøverndepartementet tilrår å vidareføre gjeldande alderskrav, og syner mellom anna til behovet for at unge kan få tilgang til skytevåpen under opplæringsjakt. Norges Jeger- og Fiskerforbund gjev uttrykk for tilsvarande synspunkt.

Dynamisk Sportsskyting Norge meiner at aldersgrensa for erverv av halvautomatiske rifler til sportsskyting bør vere 21 år.

Norges paintballforbund meiner at lovframlegget bør tryggje at personar under 16 år kan nytte paintballvåpen ved organiserte treningar og konkurransar.

Norsk psykologforening meiner det bør innførast strengare krav til dokumentasjon av om søkar oppfyller dei personlege vilkåra før det gjevast fritak frå alderskravet.

Norsk våpeneierforbund meiner at myndige personar bør kunne erverve finkalibra handvåpen, og at aldersgrensa for erverv av luftvåpen bør settast til 16 år.

Norsk våpenhistorisk selskap meiner det ikkje er grunn til å innføre strengare reglar for erverv til samling enn for erverv av skytevåpen som skal brukast.

9.2.3 Departementet sine merknader

Departementet sluttar seg til våpenlovutvalet si tilråding om å vidareføre den ålmenne aldersgrensa på 18 år, og syner til at regelen er godt innarbeidd. Sjå lovframlegget § 15. Departementet tilrår ikkje å innføre ei særskilt aldersgrense på 21 år for erverv av halvautomatiske rifler til sportsskyting, og syner til at krava til godkjenning av denne våpentypen er tilrådd å verte strengare. Det synast her til omtalen i punkt 7.2.5.1.

Departementet er vidare samd med utvalet i at gjeldande heimel til å kunne gje løyve til erverv for personar over 16 år bør førast vidare og følgjer opp framlegget om å gje personar over 18 år høve til å kunne erverve og ha pistol- eller revolver. Det synast her til utvalet si grunngjeving, som departementet sluttar seg til. Departementet meiner likevel at lovframlegget bør klargjere at mindreårige ikkje kan kjøpe skytevåpen, slik at regelverket gjennomfører dei krav som våpendirektivet artikkel 5 set for korleis mindreårige kan erverve og ha skytevåpen. Det er vanskeleg å lovfeste ålmenne vilkår for fritak, då vilkåra må tilpassast dei ulike ervervsgrunnlaga. Departementet tilrår difor at dei nærare reglane om fritak frå alderskravet vert lagt til forskrift.

Når det gjeld utvalet sitt framlegg om å vidareføre gjeldande reglar om fritak frå alderskravet ved arv, så føreset denne regelen at politiet skal oppbevare gjenstandane om ikkje andre personar kan ha det fram til arvingen når den fastsette alderen. Eit slikt krav betyr at politiet får ansvar for vedlikehald og lagring av skytevåpen, og at brot på denne plikta kan føre til skadebotansvar. Departementet meiner at ei slik lagringsplikt på vegne av arvingar ligg utanom politiet sitt naturlege ansvarsområde og tilrår difor ikkje å vidareføre gjeldande reglar om fritak frå alderskravet ved arv. Dette vil likevel ikkje stenge for at andre personar kan erverve skytevåpen på vegne av arvingen, slik at arvingen kan overta skytevåpenet når vedkomande når den fastsette alder.

Departementet sluttar seg heller ikkje til framlegget om å innføre aldersgrense på 21 år for godkjenning som våpensamlar. Utvalet sitt framlegg er ikkje grunngjeve, og det er difor uklart kva som har vore premissane for dette standpunktet. Eit løyve til å erverve skytevåpen til samling betyr at vedkomande som hovudregel ikkje kan erverve ammunisjon til eller gjere bruk av våpna. Risikoen for feil- eller misbruk av skytevåpen er såleis mindre for erverv til samling enn for erverv til bruk av same våpentype. Departementet meiner difor det ikkje er grunn til å fastsette ein særskilt aldersgrense for erverv til samling, slik at reglane for erverv til samling framleis vert lik dei som gjeld for erverv på anna grunnlag.

Til sist meiner departement at det heller ikkje er grunn til å vidareføre gjeldande heimel til å kunne fastsette høgare aldersgrenser i forskrift. Til no har det ikkje vore gjort bruk av denne heimelen, og departementet meiner at gjeldande krav til minstealder fungerer etter hensikta.

9.3 Om kravet til personlege eigenskapar

9.3.1 Våpenlovutvalet sitt framlegg

Våpenlovutvalet tilrår å vidareføre gjeldande krav til personlege eigenskapar, men føreslår i tillegg å innføre eit krav til at vedkomande må oppfylle nærare bestemte helsekrav. Dei nærare krava til helse er tilrådd lagt til forskrift, men utvalet har gjeve nokre merknader til korleis desse bør vere. Utvalet meiner at gjeldande helsekrav for føring av motorvogn kan vere retningsgjevande, men understrekar at helsekrava ikkje må stempla større pasientgrupper som farlege. Utvalet meiner vidare at samanhengen mellom tidlegare valdsbruk og framtidig valdsrisiko er godt dokumentert, og at forskriftsreglane bør presisere at opplysingar om vald eller trugsmål skal ha stor vekt i vurderinga av om vedkomande kan få våpenløyve.

Eit fleirtal i utvalet meiner at tilknyting til kriminelle miljø, inkludert kriminelle MC-klubbar, normalt må innebere at vedkomande ikkje kan reknast for påliteleg nok til å kunne erverve eller ha skytevåpen. Fleirtalet meiner vidare at heller ikkje personar med ekstreme haldningar som støttar eller unnskyldar kriminalitet normalt vil oppfylle dette vilkåret.

Mindretalet meiner at tilknyting til lovlege organisasjonar i seg sjølv ikkje kan gje sjølvstendig grunnlag for å nekte våpenløyve.

Eit samla utval føreslår å innføre ein heimel til å fastsette karantenetid for personar som ikkje oppfyller krava til personleg dugleik. Utvalet meiner at forhold som vald, trugsmål, rusmiddelbruk, sjukdom med vidare kan gje behov for at vedkomande må kunne syne fråvær av slike forhold over tid, før det kan vere aktuelt å gje lvåpenløyve. Utvalet meiner difor at ein regel om karantenetid vil kunne betre framskrivinga for når vedkomande vil kunne oppfylle krava til personleg dugleik. Utvalet føreslår vidare å innføre ein heimel for politiet til å kunne krevje intervju av personar som søker om våpenløyve, slik at dei i tvilstilfelle kan få eit betre grunnlag for å vurdere søknaden.

For våpenløyve til juridiske personar tilrår utvalet å lovfeste våpenforskrifta sine reglar om at den våpenansvarlege i verksemda må oppfylle dei personlege vilkåra. Utvalet føreslår i tillegg å innføre eit krav om at den juridiske personen må reknast for påliteleg til å kunne erverve og ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon.

Når det gjeld kravet til sannsyn for at vedkomande oppfyller dei personlege vilkåra, meiner eit fleirtal at samfunnsvernet må gå føre den einskilde sitt ønske om å erverve og ha skytevåpen. Fleirtalet meiner difor at ein sakleg og grunngjeve tvil om dei personlege vilkåra er oppfylte, må vere tilstrekkeleg for å kunne avslå ein søknad eller å tilbakekalle eit våpenløyve.

Eit mindretal meiner at eit så lempeleg provskrav vil stride mot grunnleggande rettsprinsipp. Mindretalet meiner difor at politiet må kunne prove det som «sikkert eller overveiende sannsynlig» at vedkomande ikkje oppfyller dei personlege vilkåra for å kunne avslå ein søknad på dette grunnlaget.

9.3.2 Høyringsinstansane sitt syn

Dåverande Miljødepartementet og Det nasjonale statsadvokatembetet støttar våpenlovutvalet sitt framlegg til krav til personleg dugleik.

Riksadvokaten meiner at utvalet sitt framlegg gjev eit godt grunnlag for å vurdere dei personlege vilkåra for våpeninnehav, men tilrår å fastsette meir presise krav. Riksadvokaten meiner det bør framhevast at også andre former for kriminalitet enn vald og trugsmål bør kunne stengje for våpeninnehav, då særleg kriminalitet som skapar grunnlag for konfliktsituasjonar og tilknyting til kriminelle miljø. Politiets sikkerhetstjeneste gjev uttrykk for liknande synspunkt. Riksadvokaten meiner vidare at det ikkje bør vere noko særskilt kvalifikasjonskrav for skikkavurderinga, og at ordlyden difor bør endrast frå «særlige grunner» til «andre grunner».

Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane statsadvokatembeter understrekar betydinga av eit strengt vandelskrav, og behovet for klare reglar for korleis våpenforvaltinga skal reagere på opplysingar som tilseier at vedkomande ikkje oppfyller dei personlege vilkåra.

Kripos støttar utvalet sitt framlegg om å innføre særskilte krav til erverv for juridiske personar.

Dei politidistrikt som har gjeve fråsegn støttar utvalet sitt framlegg om krava til personlege eigenskapar. Troms politidistrikt støttar ikkje framlegget om å innføre reglar om karantenetid, og meiner at behovet for framskriving kan stettast gjennom forvaltingslova sine reglar om rettleiingsplikt.

Helsedirektoratet meiner at helsekrava for å ha skytevåpen må greiast ut langt betre enn det som følgjer av utvalet sitt framlegg.

Krisesentersekreteriatet meiner forsking og klinisk erfaring tilseier at risikoen for alvorleg eller dødeleg vald aukar når personar som utøvar slik vald har tilgang til skytevåpen. Sekretariatet støttar difor våpenlovutvalet sine framlegg til presisering av reglane for å nekte våpeninnehav når det er mistanke om trugsmål eller valdsbruk mot nærståande.

Den norske lægeforening (legeforeningen) meiner at ein ikkje utan vidare kan kopiere motorvognlova sine helsekrav for innehav av førarkort, og syner til at helsetilstandar som inneber risiko ved føring av motorvogn ikkje treng utløyse ein risiko for feil- eller misbruk av skytevåpen. Legeforeningen meiner det kan vere fleire helsetilstandar som er vanskeleg å sameine med det å ha skytevåpen, men at det vil vere vanskeleg å lage presise helsekrav, og at spørsmålet må greiast ut betre. Vidare meiner dei at vurderinga av om vedkomande er eigna til å ha skytevåpen er samansett, og at helseopplysingar bør vere eit moment i denne vurderinga.

Norsk Psykologforening syner mellom anna til konklusjonane i NOU 2010:3 «Drap i Norge i perioden 2004–2009», og meiner at ein diagnose på psykisk sjukdom i seg sjølv normalt ikkje er tilstrekkeleg for å konstatere ein risiko for valdsbruk. Norsk psykologforening meiner til liks med legeforeningen at det vil vere vanskeleg å fastsette presise helsekrav, og at regelverket bør framheve at det må føreligge ein samanheng mellom helsetilstanden og risikoen for valdsbruk.

Sivilombodsmannen syner til at ordninga med karantenetid ved tilbakekall eller avslag på våpenløyve allereie vert praktisert i politiet, og meiner det er behov for å styrke rettsgrunnlaget for denne praksisen.

9.3.3 Departementet sine merknader

Departementet sluttar seg til hovudtrekka i våpenlovutvalet si innstilling, sjå lovframlegget § 16, men tilrår å lovfeste vandel som eit sjølvstendig grunnlag for erverv av skytevåpen, og å lovfeste krav til helse som moment i den generelle skikkavurderinga. Departementet er også samd i fleirtalet sine merknader om at ein sakleg grunna tvil til om vedkomande oppfyller dei personlege vilkåra, er tilstrekkeleg for kunne å avslå søknad om eller tilbakekalle våpenløyve.

Etter gjeldande praksis knytast vurderinga av om søkar oppfyller dei personlege vilkåra for å kunne ha skytevåpen i stor grad til søkar sin vandel. Departementet syner til at både utvalet og fleire høyringsinstansar, held fram vandel som det sentrale vilkår for å kunne erverve skytevåpen. Desse høyringsinstansane meiner også at kravet til vandel bør gjerast meir presist.

Departementet er samd med utvalet og høyringsinstansane i at vandel bør vere eit sentralt moment i vurderinga, og meiner at dette kravet bør lovfestast som sjølvstendig vilkår for erverv og innehav av skytevåpen. Det nærare innhaldet i vandelskravet bør fastsettast i forskrift, slik at vandelskravet vert føreseieleg og praktiserast på lik måte.

Departementet tilrår å vidareføre kravet om at søkar må vere skikka til å erverve og ha skytevåpen. Dette vilkåret kan omfatte forhold som inneber ein like stor risiko for feil- eller misbruk av skytevåpen som dei andre krava til erverv. Departementet er difor samd med Riksadvokaten i at terskelen for å nekte erverv av våpen bør være lågare enn «særlige grunner», og tilrår at vilkåret endrast til «andre grunnar».

Departementet er vidare samd med Riksadvokaten i at lova bør presisere at tilknyting til kriminelle miljø vil kunne gjere vedkomande uskikka til å inneha skytevåpen. Ein slik tilknyting vil kunne auke risikoen for at skytevåpen vert bruka til kriminelle handlingar, til dømes ved at vedkomande lånar ut skytevåpen og ammunisjon. Departementet tilrår difor å presisere at tilknyting til kriminelle miljø er eit relevant moment i vurderinga av om vedkomande er skikka til å erverve eller ha skytevåpen. Det nærare innhaldet i dette vurderingstema vil verte fastsett i forskrift. Departementet er også samd med Riksadvokaten i at det bør framhevast at også andre former for kriminalitet enn vald og trugsmål bør kunne stenge for våpeninnehav, då særleg kriminalitet som skapar grunnlag for konfliktsituasjonar. Likeins vil opplysingar frå Politiets Sikkerhetstjeneste om at vedkomande kan vere ein tryggleiksrisiko kunne føre til at vedkomande reknast som uskikka. Sidan vurderingstema for skikkavurderinga omfattar mange ulike forhold, vil det verte fastsett forskriftsreglar som utfyllar omgrepet «andre forhold» i lovframlegget § 16 første ledd andre punktum.

Departementet støttar ikkje framlegget om å lovfeste krav til helse som sjølvstendig vilkår for å kunne erverve og å ha skytevåpen. Utvalet sitt framlegg bygger i stor grad på dei helsekrav som gjeld for førarkort. Risikoen ved å ha skytevåpen er i hovudsak knytt til om vedkomande vil kunne gjere alvorlege brotsverk. Dette gjer at helsevurderinga først og fremst vil omfatte psykiske helsetilstandar. Vurderingstemaet skil seg difor vesentleg frå helsekrava for førarkort, som i hovudsak gjeld fysiske helsetilstandar. Til dømes vil helsetilstandar som manglande fargesyn eller epilepsi kunne føre til at personar ikkje kan føre motorvogn på ein trygg måte, medan slike tilstandar i liten grad vil påverke evna til å kunne ha skytevåpen.

Som utvalet nemner i premissane for si innstilling, er det heller ikkje dokumentert nokon klar samanheng mellom psykisk helse og valdsbruk. Helsedirektoratet, Legeforeningen og Norsk Psykologforening gjev også uttrykk for liknande synspunkt i høyringsfråsegnene. Det vil difor vere vanskeleg å fastsette så presise helsekrav at dei kan tene som sjølvstendig grunnlag for å vurdere om vedkomande kan ha og bruke skytevåpen på ein trygg måte.

Nokre helsetilstandar, som til dømes alvorleg demenstilstandar eller psykosar, vil kunne utløyse ein særskilt risiko for feil- eller misbruk av skytevåpen. Slike alvorlege helsetilstandar vil gjere vedkomande uskikka til å ha skytevåpen, og dekkast såleis av dei vilkåra som lovframlegget set for våpenløyve. Dei fleste helsetilstandar vil likevel berre utløyse ein risiko om dei verkar saman med andre risikofaktorar, som til dømes rusmisbruk eller sosiale forhold. Kravet til helse vil då vere eitt av fleire moment som samla sett kan gjere vedkomande uskikka til å ha skytevåpen. På grunn av at det vil vere krevjande å fastsette presise helsekrav for våpenløyve meiner departementet det er betre å lovfeste helse som eit moment i den generelle skikkavurderinga, enn at helse skal vere eit sjølvstendig vilkår for erverv av skytevåpen.

Departementet meiner vidare at ei lovfesting av vandelskravet og ei presisering av tema for skikkavurderinga gjer at kravet til at søkar må vere påliteleg mister si sjølvstendige betyding. Departementet tilrår difor ikkje å vidareføre dette vilkåret.

Når det gjeld kravet til edruskap, har ingen av høyringsinstansane fremja motsegner mot å vidareføre dette vilkåret. Departementet er samd med utvalet i at tilstrekkeleg edruskap framleis bør vere eit sjølvstendig vilkår for å kunne erverve eller ha skytevåpen.

Departementet sluttar seg ikkje til utvalet sitt framlegg om å innføre krav til karantenetid. Ved brot på dei personlege vilkåra vil opplysingar om grunnlaget for vedtaket og kva forhold som eventuelt kan innebere ei endring av standpunktet, gje søkar eit rimeleg perspektiv på når det kan vere aktuelt å fremje ny søknad. Departementet meiner at det ikkje er knytt slike særskilte forhold til våpensaker som gjev grunn til å innføre karantenetid.

Departementet støttar derimot utvalet sitt framlegg om å lovfeste ein heimel til å kunne krevje intervju med søkjar. Som det følgjer av omtalen ovanfor er vilkåra for å kunne erverve skytevåpen ulikarta og skjønnsprega. Ein samtale med søkaren vil difor i tvilstilfelle kunne vere eit nyttig supplement til den totale vurderinga.

Departementet er vidare samd med utvalet i at det for juridiske personar framleis må stillast krav om at nærare bestemte fysiske personar som handlar på vegne av organisasjonen, må oppfylle krava til personlege eigenskapar. Departementet er også samd i at det vert stilt særskilte krav til juridiske personar, sjå lovframlegget § 17. Manglande vandel hjå den juridiske personen vil kunne dokumentere ein risiko for misbruk av løyvet, og det er ikkje saklege grunnar til å stille meir lempelege krav til juridiske personar enn for fysiske personar. Departementet er difor samd med Kripos i at kravet til vandel også bør gjelde for juridiske personar.

9.4 Nærare om kravet til dokumentasjon

9.4.1 Våpenlovutvalet sitt framlegg

9.4.1.1 Krav til lækjar- og eigenfråsegn

For å styrke kontrollen med om søkar oppfyller helsekrava, føreslår våpenlovutvalet at personar som ikkje er registrert i våpenregisteret frå før må levere lækjarfråsegn ved første søknad om erverv av skytevåpen. Eit fleirtal i utvalet føreslår også å sette krav om at søkar må levere eigenfråsegn om dei personlege vilkåra. Dette kravet skal også gjelde for personar som er registrert i våpenregisteret frå før. Eit mindretal meiner nytten av framlegget ikkje står i høve til ressursbruken, og går imot framlegget.

9.4.1.2 Andre krav til dokumentasjon av dei personlege vilkåra

Eit fleirtal i våpenlovutvalet tilrår å innføre krav til samtykke frå myndige husstandsmedlemmer for erverv av skytevåpen. Eit mindretal meiner at kravet bør avgrensast til første erverv av skytevåpen, medan ein representant går i mot framlegget i sin heilskap.

Eit samla utval føreslår også å gje politimeisteren heimel til å innføre krav om butid for utanlandske søkarar som ikkje kan dokumentere at dei oppfyller dei personelege vilkåra.

9.4.2 Høyringsinstansane sitt syn

9.4.2.1 Krav til lækjarfråsegn og eigenfråsegn

Det nasjonale statsadvokatembetet støttar framlegget om innføre krav til lækjarfråsegn, og meiner det bør lagast standardskjema som presiserer kva opplysingar som skal vere med i fråsegna. Embetet støttar også framlegget om å innføre krav til eigenfråsegn.

Politidirektoratet, Politiets Sikkerhetstjeneste og Politihøgskolen støttar våpenlovutvalet sitt krav om eigen- og lækjarfråsegn, og meiner dette gjev politiet betre grunnlag for å vurdere om vedkomande oppfyller vilkåra for erverv og innehav av skytevåpen.

Sysselmannen på Svalbard meiner gjeldande ordning for vurdering av våpensøknadar bør vidareførast, men slik at ein får høve til å krevje lækjarfråsegn. Sysselmannen støttar ikkje framlegget om eigenfråsegn.

Kripos støttar ikkje kravet om lækjarfråsegn, og meiner ei slik fråsegn vert for grunn til å kunne opplyse om relevante forhold knytt til dei personlege vilkåra.

Dei politidistrikta som har gjeve fråsegn støttar kravet til lækjarfråsegn, men er delte i synet på om det bør innførast krav til eigenfråsegn. Asker og Bærum, Hordaland og Rogaland politidistrikt støttar kravet til både eigen- og lækjarfråsegn medan Oslo og Vestoppland politidistrikt er tvilande til i kva grad eigenfråsegner er eigna til å opplyse sakshandsaminga.

Den norske lægeforening (Legeforeningen) støttar i utgangspunktet framlegget om å innføre krav til lækjarfråsegn, men meiner at framlegget føreset at det vert fastsett konkrete helsekrav for å kunne erverve skytevåpen. Legeforeningen framhevar også som nemnt under punkt 9.3.2 at det vil vere vanskeleg å fastsette helsekrav, og at spørsmålet må greiast ut langt betre enn det utvalet har gjort. Vidare meiner legeforeningen at vurderinga av om vedkomande bør ha skytevåpen er samansett, og at ei lækjarfråsegn sjeldan vil opplyse om risiko for framtidig feil- eller misbruk av skytevåpen. Legeforeningen meiner vidare at framlegget vil utfordre og svekke behandlarfunksjonen, og følgjene kan vere at pasientar ikkje søker hjelp for lidingar som kan påverke evna til å ha skytevåpen. Legeforeningen meiner til sist at framlegget om eigenfråsegner i einskildtilfelle kan fange opp personar som ikkje bør ha skytevåpen. Den norske psykologforening gjev uttrykk for liknande synspunkt.

Dei jakt-, skyttar- og våpensamlarorganisasjonene som har gjeve fråsegn er i hovudsak negative til framlegga om lækjarfråsegn og eigenfråsegn og meiner at dei i liten grad vil kunne førebygge feil- eller misbruk av skytevåpen.

9.4.2.2 Krav om butid og samtykke frå husstandsmedlemmer

Politiets sikkerhetstjeneste støttar framlegget om å innføre krav til samtykke frå myndige husstandsmedlemmer, og meiner dette vil kunne ha ein preventiv effekt.

Dei politidistrikt som har gjeve fråsegn er delt i synet på om det bør innførast krav om samtykke frå myndige husstandsmedlemmer. Rogaland, Troms og Vestoppland politidistrikt meiner ikkje det er hensiktsmessig å innføre krav til samtykke frå myndige husstandsmedlemmer, medan Asker og Bærum politidistrikt støttar framlegget.

Den norske lægeforening og Krisesentersekreteriatet støttar framlegget om å innføre krav til samtykke frå myndige husstandsmedlemmer.

Dei jakt-, skyttar- og våpensamlarorganisasjonene som har gjeve fråsegn meiner i hovudsak at framlegget om samtykke frå myndige husstandsmedlemmer ikkje vil vere eigna til førebygge vald i nære relasjonar.

9.4.3 Departementet sine merknader

9.4.3.1 Om kravet til lækjar- og eigenfråsegn

Departementet tilrår ikkje å innføre våpenlovutvalet sitt framlegg om å krevje lækjarfråsegn ved første søknad om løyve til erverv av skytevåpen. Politiet handsamar årleg mellom kring 40 000 til 50 000 søknader om erverv av skytevåpen og løyvepliktige våpendelar. Sjølv om talet på søknader som etter framlegget vil krevje lækjarfråsegn er lågare enn dette, vil ordninga vere særs ressurskrevjande å gjennomføre og vil kunne fortrenge andre viktige oppgåver for helsevesenet. Departementet meiner difor at ressursomsyn talar mot framlegget.

Eit krav til lækjarfråsegn føreset også at det lagast konkrete og presise helsekrav for å kunne erverve og ha skytevåpen. Utan slike helsekrav til det vere nær uråd for ein lækjar å vurdere om vedkomande utgjer ei risiko i forhold til framtidig våpenbruk, noko som også Legeforeningen framhevar. Som nemnt under punkt 9.3.3 vil det vere krevjande å fastsette presise helsekrav som kan tene som grunnlag for å vurdere risikoen for ulovleg våpenbruk. Departementet er difor samd med Kripos i at fråsegner frå søkar sin fastlege truleg i liten grad vil kunne betre våpenforvaltinga sitt avgjerdsgrunnlag.

For at ei helsefråsegn skal kunne tene som dokumentasjonsgrunnlag i våpensaker må den truleg utferdast av spesialisthelsetenesta, og sjølv ei slik fråsegn vil i mange høve ikkje gje noko presist vurderingsgrunnlag. På bakgrunn av det store talet våpensøknader per år, vil ein ordning med krav om helsefråsegn som ikkje kan utferdast av fastlækjar vere nær uråd å gjennomføre.

Departementet syner også til at politiet etter forvaltingslova kan krevje at søkjar eller løyvehavar legg fram helsefråsegn om det er naudsynt for å opplyse saka, slik at politiet kan få eit forsvarleg avgjerdsgrunnlag i saker der det er knytt tvil til vedkomande sin helsetilstand. Departementet meiner at ein slik ordning er meir tenleg enn å bruke store ressursar på rutinemessige lækjarundersøkingar.

Departementet følgjer heller ikkje opp utvalet sitt framlegg om å innføre krav til eigenfråsegn. Departementet meiner at politiet sitt behov for opplysingar om søkar sine subjektive forhold eventuelt kan dekkast gjennom at det i søknadsskjemaet for ervervsløyve står at søkar må opplyse om relevante forhold av betyding for våpeninnehavet. Dette vil avgrense talet fråsegner til dei som er relevante. Sidan det likevel er tale om søkar sine vurderingar om eigen dugleik, vil informasjonstilfanget truleg vere like stort som ved eigenfråsegner.

9.4.3.2 Nærare om andre krav til dokumentasjon av dei personlege vilkåra

Departementet er ikkje samd med utvalets framlegg om å fastsette krav til samtykke frå myndige husstandsmedlemmer. Departementet forstår framlegget slik at samtykket skal vere ein føresetnad for å kunne erverve skytevåpen, og det er ikkje stilt krav til at dei myndige husstandsmedlemane må grunngje kvifor dei motset seg ervervet. Framlegget vil difor i praksis gje dei myndige husstandsmedlemmene ein form for vetorett i høve til om søkar skal få erverve skytevåpen, då til dømes ei 18 år gamal dotter eller ein son utan sakleg grunn kan nekte foreldra i å erverve skytevåpen. Departementet kan ikkje sjå at det er ønskeleg å etablere ein slik rettstilstand. Vilkåra for å kunne erverve skytevåpen er strenge, og vil etter departementet sitt syn gje politiet eit tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere om søkar bør kunne erverve skytevåpen.

Departementet kan rett nok sjå at politiet kan ha behov for ordninga i situasjonar der politiet ikkje er kjent med at søkar brukar vald mot husstandsmedlemer. I situasjonar der nærståande ikkje melder valdsbruken til politiet, er det likevel liten grunn til å tru at dei vil nekte søkar å erverve skytevåpen.

Departementet er samd med utvalet i at det bør innførast krav til butid for personar som ikkje kan dokumentere kravet til vandel, sjå lovframlegget § 16 andre ledd. Som nemnt i punkt 9.3.3 vil kravet til vandel vere eit sentralt moment i vurderinga av om søkar oppfyller dei personlege vilkåra. Departementet meiner difor at det må vere ein heimel til å kunne krevje at personar som ikkje kan levere høvande dokumentasjon på at dei oppfyller dette vilkåret må oppfylle nærare krav til butid, slik at politiet får eit tilstrekkeleg grunnlag til å kunne vurdere om søkar oppfyller vilkåra for våpenløyve.

Til forsida