Prop. 183 S (2020–2021)

Finansiering av prosjektet fv. 359 Kaste – Stoadalen i Nome kommune i Vestfold og Telemark fylkeskommune

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Dagens årsdøgntrafikk (ÅDT) på den aktuelle strekninga av fv. 359 Kaste – Stoadalen er om lag 2400 køyretøy. 10 pst. av desse er tunge køyretøy.

Det er gjennomført utrekingar med regional transportmodell RTM versjon 4. Utrekningane er gjort i ein enkel delområdemodell «DOM Nordstoga» som dekker fylkene Telemark og Buskerud. Transportmodellutkrekningane blei gjort for ein gjennomsnittstakst på 25 kroner, som er høgare enn det som i etterkant viste å vere nødvendig for bompengeutrekningane.

Trafikkreduksjonen på grunn av bompengar har ulike årsaker: nokon vel ei anna køyrerute, nokon vel å ikkje reise eller vel eit anna mål for reisa. Det er ingen andre naturlege alternative ruter for dei som skal mellom Lunde og Ulefoss, og det blir derfor lagt til grunn at avvisinga i stor grad gjeld endring av reisemål eller utelatte reiser.

Utrekningane viser at bompengeinnkrevjing med bompengeordninga som er foreslått nedanfor, inneber at ÅDT gjennom bomstasjonen blir om lag 1850 køyretøy.

Det er ikkje gjennomført eigne utrekningar for tunge køyretøy (godstransport). Bompengeutrekningane nedanfor legg derfor til grunn at avvisinga for tunge køyretøy er proporsjonal med avvisinga for lette køyretøy, slik at tunge køyretøy framleis utgjer 10 pst. av total ÅDT. Dette kan vere ei noko forsiktig forventing, da godstransporten som regel er noko mindre følsam for innkrevjing av bompengar enn lette køyretøy.

For den generelle trafikkutviklinga er det teke utgangpunkt i trafikkveksten frå prognosane som blei utarbeida for Telemark i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan 2018–2029. Ein har likevel valt å halvere prognosane for årleg vekst, sidan det må planleggast mindre vekst på ein fylkesveg enn på riksvegar. Det er følgjelig rekna med ein årleg trafikkvekst som i starten er satt til 0,7 pst. årleg, og som frå år 2028 blir redusert til 0,45 pst. årleg.