Prop. 194 LS (2020–2021)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m.

Til innhaldsliste

13 Tilskot ved avbroten permittering – oppmodningsvedtak nr. 761 (2020–2021)

I samband med behandlinga av Prop. 94 LS (2020–2021) Endringer i lov 23. juni 2020 nr. 99 om tilskudd ved avbrutt permittering (økonomiske tiltak i møte med virusutbruddet), fatta Stortinget 11. mars 2021 følgjande oppmodingsvedtak (vedtak nr. 761):

«Stortinget ber regjeringen i løpet av april gjøre en vurdering sammen med partene av hvordan smittesituasjonen og vaksineringstempoet påvirker de økonomiske utsiktene, og dermed behovet for forlengning og eventuelle andre justeringer av lønnsstøtteordningen, og komme tilbake til Stortinget med en egen sak.»

Ordninga med tilskot ved avbroten permittering vart innført våren 2020. Arbeidsgjevarar som tok tilbake permitterte tilsette i månadane juli og august 2020, kunne søkje tilskot for desse månadene. Ordninga vart seinare vidareført for månadene oktober, november og desember 2020. Vilkåra for å kunne få tilskot under dei to periodane var samanfallande. Ei ny ordning for tilskot ved avbroten permittering vart innført for perioden 15. mars til 30. juni 2020, sjå Prop. 94 LS (2020–2021). Ordninga er i stor utstrekning lik tidlegare ordning, men gjev høgare tilskot per tilsett som vert teken tilbake frå permittering, og er meir fleksibel. Etter at ordninga vart lansert, er det igjen innført nye, strenge nasjonale smitteverntiltak som gjer at fleire bedrifter truleg er tilbakehaldne med å ta eigne tilsette tilbake frå permittering.

I Prop. 94 LS (2020–2021) drøfta departementet insentivverknadene i tilskotsordninga i samspel med kompensasjonsordninga. Bedrifter som mottek støtte frå båe ordningane, og som kan ta mange tilsette tilbake frå permittering, kan vere tente med å halde omsetninga unødig låg for å hindre at dei mistar støtte. Departementet åtvara mot å vidareføre ordninga inn i sommaren i lys av desse insentivutfordringane, og på bakgrunn av utsiktene for reduserte smitteverntiltak, vaksinering og gjenopninga av samfunnet. Når gjenopninga av samfunnet no er forseinka, meiner regjeringa at det er grunnlag for å utvide vindauget for ordninga. Regjeringa foreslår samstundes å vidareføre kompensasjonsordninga med enkelte justeringar i berekningsmodellen for å forbetre insentivverknadene i samspelet mellom dei to ordningane.

Regjeringa vil forlengje tilskotsordninga med to månader, det vil seie for juli og august 2021. Talet på dagar den enkelte tilsette kan få tilskot for er uendra på 108 dagar (talet på dagar i perioden frå 15. mars til 30. juni). Når ordninga no vert foreslått forlenga må det innførast ei øvre grense på maksimalt tilskot for dei to nye månadene ordninga gjeld for. Regjeringa ser òg behovet for å fastsetje ei øvre grense på det samla tilskotet eitt selskap kan få under ordninga. Samla tilskot etter gjeldande ordning er maksimalt 9,4 mill. kroner for perioden 15. mars til 30. april 2021, og maksimalt 12,5 mill. kroner for perioden 1. mai til 30. juni 2021. Regjeringa gjer framlegg om at maksimalt tilskot for perioden 1. juli til 31. august 2021 skal vere 12,5 mill. kroner. Regjeringa gjer òg framlegg om at den øvre grensa på selskapsnivå skal tilsvare den samla verdien av det maksimale tilskotet i dei to fyrste periodane. Dette inneber at eitt selskap ikkje kan få tilskot utover 21,9 mill. kroner samla for peridoden 15. mars til 31. august 2021. Forlenginga er òg omtalt i kapittel 4 i Meld. St. 2 (2020–2021) Revidert nasjonalbudsjett 2021. Regjeringa ser etter dette oppmodingsvedtaket som utkvittert.

Framlegget vil ha avgrensa administrative og økonomiske konsekvensar. Departementet syner til framlegg om endring i lov om tilskudd ved avbrutt permittering (økonomiske tiltak i møte med virusutbruddet) § 2 fyrste og tredje ledd, § 5 fjerde og sjuande ledd og § 6A femte ledd bokstav c. Føresett at lovendringa vert vedteken, vil departementet endre reglane for maksimalt tilskot ved endring av forskrift til utfylling og gjennomføring av lov om tilskudd ved avbrutt permittering (økonomiske tiltak i møte med virusutbruddet) (FOR-2020-06-29-1420) § 3-6. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

Til forsida