Prop. 194 LS (2020–2021)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m.

Til innhaldsliste

14 Endring i lov om midlertidig tilskuddsordning for foretak med stort omsetningsfall etter august 2020

I samband med at regjeringa gjer framlegg om endringar i korleis tilskotet skal reknast ut under den generelle kompensasjonsordninga frå juli 2021, er det grunn til å endre ordlyden i lova.

Gjeldande regel er å rekne ut tilskotet for ei verksemd ved å ta dei relevante faste kostnadene og multiplisere med verksemda sitt fall i omsetnad og ein justeringsfaktor.

Endringa inneber å justere modellen for utrekning slik at støttebeløpet stig lineært frå null ved terskelen for støtte (30 pst. fall i omsetnad) og opp til eit visst nivå av faste uunngåelege kostnader når verksemda er heilt stengt og ikkje har omsetnad. Føremålet med endringa er å redusere uheldige insentivverknader rundt terskelverdien på 30 pst., trappe ned samla støttenivå, men samstundes halde oppe eit akseptabelt støttenivå for verksemder som er heilt stengde ned.

Framlegget i omtalen under kap. 900 post 85 er å gå over til ein modell frå juli 2021 der det ikkje i same grad som no er ein vesentleg terskeleffekt ved fall i omsetnaden på 30 pst. Regjeringa foreslår å rekne ut tilskotet ved bruk av omtrent same formel, men ikkje ved å multiplisere med fall i omsetnad, men heller med fall i omsetnad utover ei nærare fastsett grense. Framlegget er at frå juli skal ein trekkje frå 30 prosentpoeng frå fall i omsetnad i prosent. Dette representerer ei viss nedtrapping av støttenivået i dag. Føresetnaden om at verksemda har hatt eit fall i omsetnad på minst 30 pst for å falle inn under ordninga gjeld framleis. Følgjande justerte formel for utrekning vert lagd til grunn:

Støtte = Faste uunngåelege kostnader × (fall i omsetnad i prosent – 30)/100 × faktor

For å få ein ordlyd i lova som dekkjer både korleis tilskotet vert rekna ut under gjeldande formel og under ein mogleg ny formel frå juli 2021, foreslår regjeringa ei mindre endring i § 6. Dei andre føresegnene i lova vert ikkje endra. Det vert vist til framlegg om endring i § 6 i lov om midlertidig tilskuddsordning for foretak med stort omsetningsfall etter august 2020. Regjeringa foreslår at lova tek til å gjelde straks.

Til forsida