Prop. 194 LS (2020–2021)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m.

Til innhaldsliste

2 Mellombels lågare meirverdiavgiftssats

Den låge satsen i meirverdiavgifta er mellombels redusert frå 12 til 6 pst. i perioden frå 1. april 2020 til og med 30. juni 2021, jf. Innst. 3 S (2020–2021). Regjeringa foreslår å forlengje den mellombelse reduksjonen av den låge satsen fram til og med 30. september 2021, sjå framlegg til vedtak om endring i Stortingets vedtak om merverdiavgift. Den låge satsen i meirverdiavgifta gjeld for enkelte tenester som persontransport, overnatting, allmennkringkasting og tilgjenge til kino, museum, underhaldningsstader og store idrettsarrangement.

Pandemien i kombinasjon med strenge smitteverntiltak har gjeve kraftig redusert omsetjing og inntening for verksemder i reiselivet og persontransporten. Den mellombelse reduksjonen i den låge meirverdiavgiftssatsen har til føremål å lette avgiftsbøra under pandemien for desse verksemdene. Ein reduksjon av den låge satsen i meirverdiavgifta kan føre til noko auka etterspørsel etter dei aktuelle tenestene og auka inntening for dei aktuelle verksemdene.

Tiltaket har likevel vore lite målretta ved at verksemdene som har vore hardast ramma av pandemien, har fått minst stønad. Meirverdiavgifta er ei generell avgift på forbruk. Når omsetjinga går ned, går òg meirverdiavgiftsbelastninga til verksemda ned. Verksemdene som har opplevt svikt i etterspørselen eller vore stengde ned, har difor hatt lite nytte av reduksjon i satsen. Når samfunnet no gradvis opnar meir opp igjen, vil likevel redusert sats i meirverdiavgifta kunne gje slike verksemder eit ekstra lyft.

I tida framover vil vi gradvis lette på smitteverntiltaka. Då må òg dei økonomiske tiltaka tilpassast den nye situasjonen. Det tilseier at reduksjonen i den låge meirverdiavgiftssatsen vert fasa ut. Regjeringa foreslår difor at den låge meirverdiavgiftssatsen igjen skal vere 12 pst. frå og med 1. oktober 2021. Føremålet med reduksjonen i den låge satsen er som nemnt å lette avgiftsbøra under pandemien. Å ytterlegare forlengje reduksjonen i den låge satsen når befolkninga er ferdigvaksinert og samfunnet opnar opp igjen, tener ikkje noko føremål.

Departementet anslår at framlegget vil gje eit samla provenytap på om lag 450 mill. kroner påløpt og bokført i 2021. Det er i overslaget teke omsyn til at budsjettpostar på utgiftssida som vert påverka av den låge meirverdiavgiftssatsen, vert justerte slik det er gjort ved tidlegare vedtak om reduksjonar i den låge meirverdiavgiftssatsen. Det gjeld redusert løyving til NRK og reduserte utgifter til meirverdiavgiftskompensasjon for kommunesektoren.

Departementet syner til framlegg til endring i romartal II i Stortingets vedtak om merverdiavgift. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Til forsida