Prop. 194 LS (2020–2021)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m.

Til innhaldsliste

7 Avgift på nye nikotinvarer m.m.

7.1 Innleiing og samandrag

Skattedirektoratet sende 2. februar 2021 på høyring framlegg til endringar i avgifta på tobakksvarer mv. og i tollforskriften, jf. Prop. 1 LS (2020–2021) Skatter, avgifter og toll 2021 punkt 10.3. Departementet gjer framlegg om at nye nikotinvarer som til dømes e-sigarettar og nikotinsnus utan tobakk vert avgiftspliktige etter stortingsvedtaket om avgift på tobakksvarer mv.

Reisande til Noreg vil etter endringar i tollforskriften kunne bringe med seg slike nye nikotinvarer innanfor tax free-kvota, så framt dei er lov å innføre etter tobakksskadeloven med forskrifter. I høyringa vart kvota foreslått til 20 milliliter e-væske eller 200 gram andre nikotinvarer. Forenkla fortolling av nye godkjende nikotinvarer og tax free-sal på lufthamn vil som ei naturleg følgje av framlegget òg verte tillate.

Departementet syner til framlegg til vedtak om endring i Stortingets vedtak om avgift på tobakksvarer mv. § 1 fyrste ledd.

7.2 Bakgrunn og gjeldande rett

Noreg har i dag eit forbod i tobakksskadelovgivinga mot innførsel og omsetjing av nye tobakks- og nikotinvarer. Forbodet gjeld til dømes e-sigarettar med nikotin og nikotinsnus utan tobakk. Privatimport av e-sigarettar er tillate etter legemiddellovgivinga på nærare vilkår. Med unntak av e-sigarettar, vert forbodet etter planen oppheva 1. juli 2021 og erstatta med ei godkjenningsordning for nye tobakks- og nikotinvarer. For e-sigarettar må forbodet førebels bestå inntil EUs tobakksdirektiv er gjennomført i Noreg og ei ny registreringsordning tek til å gjelde. Innlemming av tobakksdirektivet i EØS-avtalen er forseinka, men ifølgje Helse- og omsorgsdepartementet er innlemming forventa å kome på plass i løpet av året.

7.3 Høyringa

Fleire høyringsinstansar er positive til at nye nikotinvarer vert omfatta av avgifta. Dette gjeld Folkehelseinstituttet (FHI), Helsedirektoratet, Den norske legeforening, Landsforeningen for Hjerte og Lungesyke (LHL), Nasjonalforeningen for folkehelsen, Philip Morris Norway, Tobakksindustriens felleskontor og Virke Servicehandel. LHL tilrår ikkje at nye nikotinvarer vert omfatta av tax free-kvota, då dei prinsipielt meiner at tax free-kvoter for tobakks- og nikotinvarer bør avviklast. Helsedirektoratet legg til grunn at e-væske er avgrensa innan dei maksimalgrenser som gjeld etter tobakksskadelovgivinga.

E-sigarett Bedriftenes Bransjeorganisasjon (ESBB) er negative til framlegget og syner mellom anna til at produkta har mindre skadepotensial enn tradisjonelle tobakksvarer.

Eit fleirtal av høyringsinstansane tilrår ikkje gradert avgift etter nikotininnhald i e-væska. Helsedirektoratet legg til grunn at e-væske er avgrensa innan dei maksimalgrenser som gjeld etter tobakksskadelovgivinga.

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO),Snushjem AS og Tobakksindustriens Felleskontor peikar på at oppvarma tobakk bør vere skild ut som ein eigen produktkategori i avgifta.

Fleire av høyringsinstansane meiner høyringa er uklar på om e-væske som ikkje inneheld nikotin, er omfatta av avgifta eller ikkje. Swedish Match Norge tek dessutan til orde for at «nikotinposar» er ei meir treffande avgrensing av avgiftsplikta enn nikotinsnus utan tobakk.

7.4 Vurderingar og framlegg

Ifølgje Helse- og omsorgsdepartementet har ei rekkje land i EU, mellom andre Finland og Sverige, innført eller vedteke avgift på e-sigarettar. WHO uttalte i mai 2020 at medlemsland i EU vil be Europakommisjonen om å innføre ei sams minsteavgift på e-sigarettar og oppvarma tobakk.

Tre høyringsinstansar stiller spørsmål om oppvarma tobakk ikkje bør vere skilt ut i ein eigen kategori i avgiftsvedtaket. I høyringa synte Skattedirektoratet til at tobakk som vert varma opp slik at dampen vert inhalert som ved røyking, er avgiftspliktig som røyketobakk etter gjeldande reglar. Departementet meiner at det kan vere grunn til òg å skilje ut oppvarma tobakk i ein eigen kategori i avgiftsvedtaket, men ynskjer å vurdere dette meir grundig på noko lengre sikt. Inntil vidare vil difor oppvarma tobakk verte behandla som avgiftspliktig røyketobakk, slik Skattedirektoratet legg til grunn i dag.

Det er berre foreslått avgift på e-væske med nikotin. Grensa for at e-væska ikkje skal ha høgare konsentrasjon av nikotin enn 20 mg/ml væske vil verte presisert i forskrift. Grensa samsvarer med dei maksimalgrensene som gjeld etter tobakksskadelovgivinga.

Eit fleirtal av høyringsinstansane tilrår ikkje gradert avgift etter nikotininnhald i e-væska. Gradering vart heller ikkje direkte foreslått i høyringa, men var noko som det var ynskjeleg med innspel til. I lys av høyringa vil departementet ikkje fastsetje reglar om differensiering av avgifta etter nikotininnhald i e-væska.

Nokre høyringsinstansar har syn på storleiken på tax free-kvota for nye nikotinprodukt eller tek til orde for at desse produkta ikkje bør vere omfatta av kvota. Kvota vart i høyringa foreslått til 200 gram andre nikotinvarer. Det vart lagt til grunn at ein sigarett tilsvarer 0,1 milliliter eller 1 gram andre nikotinvarer. Departementet meiner at ei tax free-kvote som òg omfattar nye lovlege nikotinprodukt, er ei naturleg følgje av at produkta vert både lovlege og omfatta av avgifta.

Avgifta på nye nikotinprodukt bør vere tilpassa helseskaden dei kan utgjere. Bruk av nye tobakksfrie nikotinprodukt er antatt å innebere lågare helserisiko enn bruk av sigarettar med tobakk. Avgifta på e-sigarettar bør dermed vera lågare enn avgifta på sigarettar med tobakk. Departementet legg etter dette til grunn at nivået på avgifta for e-sigarettar bør liggje på om lag 30 pst. av avgifta for tobakkssigarettar, berekna ut frå gjennomsnittleg dagleg forbruk. Dette tilseier ei avgift på om lag 4,50 kroner per milliliter. For andre nikotinprodukt er det lagt til grunn at nivået bør liggje på om lag halvparten av nivået for snus. Dette tilseier ei avgift på andre tobakksfrie nikotinprodukt på om lag 425 kroner per kilo.

Departementet ser elles ikkje at høyringa har avdekt noko som skulle tilseie endring av framlegget frå høyringa.

7.5 Administrative og økonomiske følgjer

Framlegget inneber ingen vesentlege administrative konsekvensar. Departementet anslår på svært usikkert grunnlag at framlegget vil gje eit årleg proveny på om lag 90 mill. kroner påløpt og 80 mill. kroner bokført. Sidan dagens forbod mot e-sigarettar førebels må bestå inntil EUs tobakksdirektiv er gjennomført i Noreg og ei ny registreringsordning tek til å gjelde, legg departementet til grunn at innføring av avgift på nye nikotinvarer ikkje vil ha verknad for provenyet i 2021.

7.6 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde 1. juli 2021.

Til forsida