Prop. 2 L (2015–2016)

Endringar i lov om statens tjenestemenn m.m. og lov om Statens pensjonskasse mv. (utfasing av statens ventelønnsordning og vartpengeordninga)

Til innhaldsliste

10 Økonomiske og administrative konsekvensar

Ei utfasing av ventelønnsordninga vil på kort sikt ha relativt liten økonomisk verknad. På lengre sikt kjem utgiftene til ventelønn og refusjonen av desse utgiftene for statlege verksemder til å falle bort. Utgiftene til dagpengar kjem då til å auke noko. Dagpengar utgjer likevel vanlegvis eit noko lågare beløp og varer kortare. Framtidige utgifter som kjem til som følgje av endringa, er svært usikre, og heng mellom anna nært saman med moglege omorganiseringar og nedbemanningar i statlege verksemder i framtida.

Utbetalingane til ventelønn blei reduserte frå 395 000 000 kroner i 2006 til 86 000 000 kroner i 2014. Reduksjonen har samanheng med svært låg tilgang til ordninga, samtidig med ein høg avgang.

For 2015 er det løyvd 60 000 000 kroner til ventelønn. Samtidig er 27 891 000 kroner oppførte som inntekter (refusjon frå statlege verksemder og innkrevjing etter feilutbetalingar).

Nye tilfelle som no ville ha gitt rett til ventelønn, blir etter forslaget omfatta av den ordinære dagpengeordninga. Auken i desse utgiftene må ein gå ut frå blir avgrensa, men vil avhenge sterkt av forskjellige faktorar, særleg moglege nye omstillingar og eventuelle oppseiingar i statleg sektor.

Utfasing av ventelønnsordninga vil vidare føre til administrative forenklingar, ved at Arbeids- og velferdsetaten ikkje lenger kjem til å utbetale ventelønn og administrere denne ordninga i tillegg til dagpengeordninga. Arbeids- og velferdsetaten har uttalt i sitt høyringssvar at utfasinga vil gi ei avgrensa administrativ innsparing for NAV. Etaten vil måtte vedlikehalde saksbehandlingssystemet for ventelønn fram til det ikkje lenger er nokon som får ventelønn. Utfasinga vil ikkje i seg sjølv føre til systemtekniske tilpassingar i saksbehandlingssystema til NAV.

Samtidig legg departementet til grunn at ein mogleg auke i utbetalinga av dagpengar ikkje kjem til å ha nemneverdige administrative konsekvensar.

Også ei utfasing av vartpengeordninga kjem til å ha liten økonomisk verknad. Det blei totalt utbetalt 29 373 331 kroner i vartpengar i 2014. Nye tilfelle som no ville ha gitt rett til vartpengar, vil etter forslaget bli omfatta av den ordinære dagpengeordninga. Auken i desse utgiftene må ein rekne med blir svært avgrensa. Dei administrative konsekvensane i Statens pensjonskasse og ved ein mogleg auke i utbetalinga av dagpengar kjem til å bli minimale.

Til forsida