Prop. 2 L (2015–2016)

Endringar i lov om statens tjenestemenn m.m. og lov om Statens pensjonskasse mv. (utfasing av statens ventelønnsordning og vartpengeordninga)

Til innhaldsliste

3 Bakgrunnen for vartpengeordninga

Vartpengar er ei yting som kan givast til ein medlem av Statens pensjonskasse som ikkje er omfatta av tenestemannslova, dersom medlemmen fråtrer stillinga si, anten fordi stillinga blir inndregen, eller fordi medlemmen blir oppsagd utan eigen skuld, Det er eit vilkår at medlemmen verken har rett til straks å få alderspensjon eller med heimel i anna føresegn har krav på å halde fram med å ha lønna. Det er eit krav at det vil vere vanskeleg for medlemmen å skaffe seg eit høveleg arbeid. Vartpengeordninga har same føremål som ventelønnsordninga, og har i stor grad den same utforminga. Forskjellen er målgruppa. I hovudsak omfattar ordninga lærarar og tilsette i ikkje-statlege verksemder med medlemskap i Statens pensjonskasse. I praksis gjeld ordninga ikkje for lærarar i det kommunale skuleverket. Dagens vartpengemottakarar er i hovudsak tidlegare statstenestemenn som er blitt overtalige etter at verksemda har gått ut av statleg sektor, når verksemda har valt og fått rett til å halde fram medlemskapen i Pensjonskassen.

I likskap med ventelønnsordninga blei vartpengeordninga oppretta då det var få andre ordningar for kompensasjon ved arbeidsløyse. Vartepengeordninga blei innført ved lov om pensionsordning for statens tjenestemænd av 1917. Det vil seie at vartpengar har vore lovregulert sidan Statens pensjonskasse blei oppretta. Ordet vartpengar kjem av det tyske ordet «Wartegeld» som direkte omsett tyder «ventepengar». Men ordninga har røter tilbake til 1700-tallet. Før oppløysninga av unionen med Danmark i 1814 blei vartpengar berre gitt til embetsmenn. Ei stor gruppe mottakarar var militært personell. Frå 1814 blei vartpengar gitt i medhald av Grunnlova § 75 bokstav i, der det går fram at «Det tilkommer Stortinget å revidere midlertidige gasje- og pensjonslister og gjøre de forandringer i dem som Stortinget finner nødvendige». I den første tida etter 1814 heldt praksisen med å gi vartpengar til berre embetsmenn fram, men frå 1840-tallet blei ordninga gradvis utvida til også å omfatte andre statstilsette. Då vartpengeordninga blei lovfesta i 1917, skjedde det utan særleg utgreiing eller drøfting, verken i Ot.prp. nr. 26 (1916) om utfærdigelse av en lov om pensionsordning for statens tjenestemænd eller i Indst. O. VII – 1917 Indstilling fra specialkomiteen til behandling av lov om pensionsordning for statens tjenestemænd. Ytinga blei sett på som ein naturleg del av pensjonsytingane. I innstillinga frå spesialkomiteen blei ytinga omtalt med fleire nemningar. Det blei brukt ord som «vartpenger», «pension paa grund av opsigelse» og «midlertidig pension (vartpenger)». Ytinga blei likevel vurdert som ein eigen pensjonsart, og blei plassert i § 14 nr. 1 i lova, som lydde slik:

«Naar en tjenestemand fratræder sin stilling, enten fordi den inddrages, eller efter opsigelse uten egen skyld, og han hverken har ret til straks at erholde alderdomspension efter § 12,1 eller med hjemmel av anden bestemmelse har krav paa at beholde sin løn, kan Pensionskassens styre i indtil 5 aar fra fratrædelsen tilstaa ham i aarlige vartpenger et beløp av indtil den av hans pensionsgrundlag efter § 12, 2a beregnede fulde alderdomspension, med forpligtelse som i § 13,5 for pensionerte invalide tjenestemænd bestemt. Vartpengenes størrelse bestemmes for 1 aar ad gangen.»

Vartpengane kunne altså bli gitt for maksimalt fem år og eitt år om gongen etter denne føresegna. Tilvisinga i den siterte føresegna til § 13 femte ledd knytte seg til plikta til å ta anna passande stilling. Denne føresegna sa:

«Hvis en tjenestemand vistnok erkjendes at være ute av stand til at besørge sin tidligere tjeneste, men fremdeles antages at kunne overta en anden passende indskudsforpligtende stilling, pligter han at motta ansættelse i saadan, dog i regelen uten forandring av bosted, hvorefter pensionen bortfalder. Er indtægten av den nye stilling mindre end av den stilling, hvorfra han er avskediget, faar han forskjellen utbetalt av statskassen som personlig tillæg, mens pensionen bortfalder.
Den samme forpligtelse paahviler naarsomhelst en tjenestemand, som er gaat av med invalidpension, saalenge han ikke har naadd 55 aars alder.
Pension ved den endelige avgang beregnes efter den samlede tjenestetid (§ 6,3).
Negter vedkommende at motta ansættelse i den nye stilling uten at fremføre beviser for saadan svakelighet, som hindrer ham fra at utføre de med stillingen forbundne pligter paa forsvarlig maate, eller andre grunde, som findes fyldestgjørende, kan pensionen helt eller delvis bortfalde.»

I 1921 blei ei ny lov om Statens pensjonskasse fastsett, og reglane om vartpengar blei då endra. Etter § 14 nr. 1 i den nye lova kunne vartpengar bli gitt for eitt år og høgst tre år om gongen. Det blei innført ei eiga føresegn om at dersom tenestemannen ikkje hadde fått ny stilling før vedkommande fylte 60 år, kunne vartpengane erstattast med ein varig pensjon der storleiken på ytinga blei bestemd av styret i Statens pensjonskasse.

Pensjonslovkomiteen av 1926 føreslo at vartpengar skulle falle vekk. Grunngivinga var at vartpengar ikkje høyrde heime i lov om Statens pensjonskasse, og at vartpengar kunne bli uheldig for økonomien til pensjonskassen. Pensjonslovkomiteen av 1935 meinte også at vartpengane kunne takast ut av pensjonslova. Komiteen meinte at det låg utanfor føremålet til pensjonsordninga å betale vartpengar til medlemmer som blei oppsagde:

«Komitéen skal bemerke at det synes å ligge utenfor formålet med pensjonsordningen at pensjonskassen skal betale vartpenger til medlemmer som blir oppsagt fra sin stilling. Riktignok har det hittil ikke av noen vesentlig betydning for pensjonskassens økonomi om det pålegges den å bære utgiftene til vartpenger. Men ubetydelige beløp gjelder det dog ikke, og iallefall synes det prinsipielt riktigst å postere disse utgiftene under de samme budsjettposter som lønnsutgiftene. Det må for øvrig også her erindres at et betydelig antall av kassens medlemmer er ikke-statstjenestemenn.».

Dersom ein skulle oppretthalde ordninga med vartpengar, anbefalte komiteen å setje eit krav til minste tenestetid før ein hadde rett til vartpengar.

Pensjonslovutvalet av 1947 var einig i at føresegner om vartpengar låg utanfor det naturlege området til pensjonslova, og meinte at det heller høyrde til lønnsmyndigheita sitt område. Fram til andre tilfredsstillande reglar blei vedtekne, føreslo utvalet å oppretthalde retten til vartpengar i lov om Statens pensjonskasse. Utvalet føresette at spørsmålet om ei nærmare ordning og utbygging av systemet blei teke opp i ein annan samanheng. Departementet støtta forslaget frå pensjonslovutvalet i Ot.prp. nr. 85 (1949). Ei føresegn om vartpengar blei vedteken i lov om Statens Pensjonskasse § 24 andre ledd:

«Når et medlem fratrer sin stilling, enten fordi den inndras eller etter oppsiing uten egen skyld og han verken har rett til straks å få alderspensjon etter § 21, eller med hjemmel av annen bestemmelse har krav på å beholde sin lønn, kan pensjonskassens styre tilstå ham vartpenger hvis det antas at det vil være umulig eller falle vanskelig for ham å skaffe seg et tilfredsstillende erverv. Vartpenger kan tilstås med inntil et årlig beløp som svarer til full alderspensjon etter § 23, punkt a og skal fastsettes for minst ett år og høyst tre år om gangen.»

Ved lov 21. mai 1982 nr. 27 blei § 24 andre ledd flytta til tredje ledd, og føresegna blei slik:

«Når et medlem som ikke omfattes av tjenestemannsloven fratrer sin stilling, enten fordi den inndras, eller etter oppsiing uten egen skyld og han verken har rett til straks å få alderspensjon etter § 21, eller med hjemmel i annen bestemmelse har krav på å beholde sin lønn, kan Pensjonskassens styre gi ham vartpenger hvis det antar at det vil være vanskelig for ham å skaffe seg et høvelig arbeid. Vartpenger skal fastsettes for høyst tre år om gangen. Departementet fastsetter nærmere regler om vartpenger.»

I grunngivinga for å vise til tenestemannslova seier forarbeida (Ot.prp. nr. 31 (1981–82)):

«Vartpengebestemmelsen i § 24 har ikke lenger betydning for dem som omfattes av lov om statens tjenestemenn, jf. tjenestemannslovens § 9 siste ledd og forskriftens § 13. Bestemmelsen kan fremdeles ha betydning for en del medlemsgrupper som ikke kommer inn under loven om statens tjenestemenn og som ikke har ordning med ventelønn eller liknende. Departementet har imidlertid utformet paragrafen slik at den mest mulig samsvarer med tjenestemannslovens ordlyd. Grupper utenfor statstjenesten bør heller ikke tilsikres vartpenger etter gunstigere regler enn dem som gjelder for statens tjenestemenn.»

Føresegna om vartpengar er i dag plassert i lov om Statens pensjonskasse § 23 fjerde ledd. Føresegna er lik den som blei innført ved lov 21. mai 1982, bortsett frå at myndigheita til å gi vartpengar no er lagd til Statens pensjonskasse. Endringa er eit resultat av at styret i Statens pensjonskasse blei avvikla med verknad frå 1. januar 2015.

Til forsida