Prop. 2 L (2015–2016)

Endringar i lov om statens tjenestemenn m.m. og lov om Statens pensjonskasse mv. (utfasing av statens ventelønnsordning og vartpengeordninga)

Til innhaldsliste

9 Overgangsreglar

Departementet føreslår at den som har rett til ventelønn eller vartpengar når lova trer i kraft, held fram med å ha retten til ventelønn eller vartpengar etter dei reglane som gjeld ved endringa i lov 4. mars 1983 nr. 3 om statens tjenestemenn m.m. § 13 og endringa i lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse § 23. Dette vil omfatte både reglar i lov og tilhøyrande forskrifter. Vidare føreslår departementet at retten til medrekning av tenestetid etter lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse § 20 første ledd bokstav f, slik den er formulert ved lovendringa, held fram med å gjelde. Dette fører til at dei som er ventelønnsmottakarar eller vartpengemottakarar når lova trer i kraft, i det heile teke ikkje blir rørte ved av at ordningane blir oppheva. Ordningane blir såleis utfasa ved at ventelønn og vartpengar ikkje blir innvilga i framtida, utan at ein samtidig avgrensar rettar som allereie er innvilga.

Tilsvarande skal gjelde for dei som får ventelønn med heimel i særlover som blir oppheva når denne lova trer i kraft.

Til forsida