Prop. 2 L (2015–2016)

Endringar i lov om statens tjenestemenn m.m. og lov om Statens pensjonskasse mv. (utfasing av statens ventelønnsordning og vartpengeordninga)

Til innhaldsliste

11 Merknader til dei enkelte delane av lovforslaget

Til del I av lovforslaget, endringa i tenestemannslova

I del I av lovforslaget fremjar departementet eit forslag om å oppheve tenestemannslova § 13 nr. 6, som er føresegna om ventelønn i denne lova. Det blir då samtidig nødvendig å endre overskrifta på paragrafen, slik at uttrykket «ventelønn» blir teke ut og det går fram at paragrafen berre regulerer fortrinnsrett. «Fortrinnsrett» omfattar både arbeidsgivaren si plikt til å prøve omplassering i verksemda før oppseiing av dei grunnane som er lista opp i føresegna, og arbeidstakaren sin fortrinnsrett til ny stilling i staten dersom dette ikkje er mogleg og det går til oppseiing. Opphevinga av § 13 nr. 6 fjernar lovheimelen for å gi arbeidstakarar i staten ventelønn, men rører ikkje ved rettane til dei som allereie har fått innvilga ventelønn.

Til del II av lovforslaget, endringane i lov om Statens pensjonskasse

I denne delen er det forslag om to endringar. For det første føreslår departementet å oppheve § 23 fjerde ledd i lov om Statens pensjonskasse, som er føresegna om vartpengar i denne lova. Å oppheve dette leddet fjernar lovheimelen for å innvilge vartpengar til medlemmer av pensjonskassen som ikkje er omfatta av tenestemannslova. Rettane til dei som allereie har fått innvilga vartpengar, blir ikkje rørte ved.

For det andre føreslår departementet å oppheve § 20 første ledd bokstav f. Denne føresegna set fast at tida når ein medlem av pensjonskassen har ventelønn etter tenestemannslova § 13 nr. 6 eller vartpengar etter lov om Statens pensjonskasse § 23 fjerde ledd, skal reknast som tenestetid.

Overgangsreglane fører til at rettane etter denne føresegna framleis kjem til å gjelde for dei som har desse rettane når lovendringa tek til å gjelde.

Til del III av lovforslaget, endringa i statsføretakslova

I del III av forslaget fremjar departementet forslag om å oppheve § 55 tredje ledd i lov om statsføretak. Føresegna gir rett til ventelønn og fortrinnsrett til ny stilling i staten ved omdanning av statleg verksemd til statsføretak, for arbeidstakarar som blir oppsagde av årsaker nemnde i tenestemannslova § 13 nr. 1, og som var omfatta av desse reglane før omdanninga. Føresegna svarar til enkelte andre føresegner som er gitt i spesielle lover ved utskiljing av verksemder frå staten. Det er ein føresetnad at når ventelønnsordninga i staten er oppheva, skal ein ikkje lenger gi slike lovføresegner. Ei følgje av dette er at føresegna i statsføretakslova blir oppheva. Dersom nokon tidlegare statstilsette allereie er gitt slike rettar før lovendringa, vil desse ikkje bli rørte ved av at § 55 tredje ledd blir oppheva.

Til del IV av lovforslaget, endringane i andre lover

I del IV av lovforslaget føreslår departementet å oppheve enkelte lovføresegner som er gitt i samband med utskiljing av statlege verksemder eller delar av slike verksemder. Nokre av desse har fastsett fortrinnsrett til ny stilling i staten, mens andre både har fastsett slik fortrinnsrett og rett til ventelønn. Desse føresegnene har ikkje lenger praktisk betydning. Også her gjeld at ei oppheving ikkje tek frå nokon rettar som allereie er utløyste.

Til del V av lovforslaget, ikrafttredings- og overgangsføresegner

Overgangsreglane skal sikre at personar som har fått innvilga ventelønn eller vartpengar ved lovendringa, ikkje blir rørte ved av endringa. Rettane skal halde fram i samsvar med reglane som gjeld ved lovendringa, anten desse er fastsette i lov, forskrift eller administrativt.

Forslaget inneber at både dei lovføresegnene i tenestemannslova og pensjonslova som blir oppheva, og tilhøyrande forskrifter, framleis skal gjelde for dei som allereie har fått rettane til ventelønn og vartpengar utløyste ved opphevinga. Tilsvarande gjeld rettar som er utløyste med heimel i særlege føresegner i andre lover.

Det at ventelønna tidlegare var vurdert som eit rettskrav for den enkelte, fører truleg til at tenestemenn som var omfatta av tenestemannslova av 1918, framleis kan ha eit slikt krav dersom dei tidlegare vilkår i lova er oppfylte. Dei ytingane som desse tenestemennene i så fall har krav på, må vere dei same som etter lova av 1918, inkludert at ventelønna er avgrensa til 60 prosent av lønna.

Departementet føreslår at lova skal tre i kraft frå det tidspunkt Kongen bestemmer. Etter at lova har tredd i kraft, skal det ikkje lenger vere mogleg å innvilge ventelønn eller vartpengar. Men sidan det kan oppstå tilfelle der det er behov for å gi nærmare reglar i utfasingsperioden, føreslår departementet ein heimel for at nærmare reglar om ventelønn og vartpengar kan fastsetjast av Kongen i forskrift. Departementet tek med dette ikkje sikte på reglar som skal avgrense rettane til ventelønn eller vartpengar, men reglar som er nødvendige å gi for å sikre rettar i denne fasen. Som eksempel kan vi vise til moglege søknader om ventelønn etter tidlegare føresegner, sjå omtalen av ventelønnsrettar etter tenestemannslova av 1918 i punkt 7.7 ovanfor.

Til forsida