Prop. 207 L (2020–2021)

Lov om røystingsrådgjevarar og lov om endringar i føretakslovgjevinga (retting av feil m.m.)

Til innhaldsliste

4 Retting av feil i lovverket m.m.

Departementet foreslår retting av feil og inkuriar i fem lover som høyrer under Nærings- og fiskeridepartementet. Rettingane gjeld følgjande føresegner:

  • lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak § 3-2

  • lov 21. juni 1985 nr. 80 om prokura § 1 og § 2

  • lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper § 8-10

  • lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper § 1-4, § 3-11, § 3-13, § 3-16, § 3-19 og § 8-10

  • lov 19. desember 2003 nr. 130 om Innovasjon Norge § 6, § 7 e og § 32

Rettingane er av ulik art. I nokre tilfelle har lovteksten blitt utdatert som ei følgje av endringar i andre lover. I andre tilfelle gjeld det redaksjonelle feil eller inkuriar i det aktuelle lovvedtaket. Andre rettingar gjeld tekniske og kurante endringar. Rettingane er omtalte nærare i kapittel 6 Merknader til dei einskilde paragrafane i lovforslaget.

Då rettingane gjeld openberre feil og mindre tekniske tilpassingar og presiseringar i lovverket, har det ikkje blitt sett på som nødvendig å sende lovendringsforslaga på alminneleg høyring.