Prop. 207 L (2020–2021)

Lov om røystingsrådgjevarar og lov om endringar i føretakslovgjevinga (retting av feil m.m.)

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei einskilde paragrafane i lovforslaget

6.1 Til ny lov om røystingsrådgjevarar

Til § 1 Sakleg verkeområde

Paragrafen fastset det saklege verkeområde for lova.

Første ledd gjev ein definisjon av røystingsrådgjevar. Røystingsrådgjevar er ein juridisk person som på profesjonelt og kommersielt grunnlag analyserer opplysningar frå selskap og annan relevant informasjon om selskap med det føremålet å gje aksjeeigarar informasjonsgrunnlag for røysting på generalforsamlinga, gjennom undersøkingar, råd eller røystingstilrådingar knytte til utøving av røysterett. Området føresegna gjeld er meint å vere det same som etter endringsdirektiv (EU) 2017/828 (SRD II) til aksjonærrettsdirektivet 2007/36/EF.

Andre ledd inneber at lova berre gjeld for rådgjeving knytt til aksjar i selskap som har forretningskontor innanfor EØS, og som har aksjar tekne opp til handel på regulert marknad i EØS. Med «regulert marknad» blir det sikta til definisjonen i verdipapirhandelloven § 2-7 fjerde ledd.

Tredje ledd gjev departementet heimel til å fastsetje forskrift med nærare føresegn om røystingsrådgjevarar.

Til § 2 Stadleg verkeområde

Paragrafen omhandlar det stadlege verkeområde for lova. Verkeområdet er meint å vere det same som fastet i SRD II artikkel 1 nr. 1 a).

Etter første ledd gjeld lova verksemd til røystingsrådgjevarar med forretningskontor i Noreg. Forretningskontor visar til røystingsrådgjevaren sitt registrerte kontor i Føretaksregisteret eller tilsvarende register.

Etter andre ledd gjeld lova òg for røystingsrådgjevarar utanfor Noreg dersom rådgjevaren har hovudkontor i Noreg, men ikkje forretningskontor innanfor EØS. Tilsvarande gjeld lova òg dersom røystingsrådgjevaren driv verksemd i Noreg utan at rådgjevaren har hovudkontor eller forretningskontor innanfor EØS.

Tredje ledd gjev Kongen heimel til å gje forskrift om bruken av lova på Svalbard, og til å fastsetje særlege reglar ut frå tilhøva på staden.

Til § 3 Åtferdsnorm for verksemda

Paragrafen gjeld krav til at røystingsrådgjevarar skal offentleggjere informasjon om bruk av åtferdsnorm. Med åtferdsnorm siktar ein til røystingsrådgjevaren sine reglar og retningsliner for utøvinga av rådgjevingsverksemda si. Føresegna gjennomfører SRD II artikkel 3j nr. 1, og er basert på eit følg eller forklar-prinsipp.

Første ledd stiller opp ei plikt for røystingsrådgjevarar til å offentleggjere ei tilvising til verksemda si åtferdsnorm for utarbeiding av undersøkingar, råd og røystingstilrådingar. Røystingsrådgjevaren skal i tillegg rapportere om korleis denne er følgd.

Andre ledd omhandlar tilfelle der røystingsrådgjevaren ikkje nyttar ei åtferdsnorm, eller der røystingsrådgjevaren fråvik nokre av tilrådingane i åtferdsnorma. Røystingsrådgjevaren skal i så tilfelle gje ei tydeleg og grunngjeven forklaring for dette. Er det gjort alternative tiltak, skal røystingsrådgjevaren opplyse om dette.

Tredje ledd stiller opp ei plikt for røystingsrådgjevaren til å offentleggjere informasjon etter første og andre ledd på nettstaden sin. Opplysningane skal vere kostnadsfritt tilgjengelege på nettstaden, og oppdaterast kvart år.

Fjerde ledd stiller opp krav til at opplysningane blir offentleggjorde på norsk eller eit anna språk som er ålment godkjent i finansmarknaden.

Til § 4 Særlege opplysningar

Paragrafen gjeld krav til offentleggjering av særskilde opplysningar, og kjem i tillegg til kravet til offentleggjering av informasjon om bruk av åtferdsnorm etter § 3. Føresegna gjennomfører SRD II artikkel 3j nr. 2.

Første ledd fastset årleg offentleggjeringsplikt for nærare gjevne opplysningar om grunnlaget for undersøkingar, råd og røystingstilrådingar. Opplysningane er uttømmande lista i bokstav a til g i føresegna.

Andre ledd regulerer korleis opplysningane etter første ledd skal offentleggjerast. Opplysningane skal haldast offentleg og kostnadsfritt tilgjengelege på nettstaden til røystingsrådgjevaren, og haldast offentleg i minst tre år frå dato for offentleggjeringa. Opplysningar lista i § 4 første ledd som allereie inngår i åtferdsnorma etter § 3, treng ikkje å publiserast særskild etter denne paragrafen.

§ 5 Plikt til å opplyse om interessekonfliktar

Paragrafen omhandlar plikt til å opplyse om interessekonfliktar. Føresegna gjennomfører SRD II artikkel 3j nr. 3.

Etter første punktum skal røystingsrådgjevaren utan opphald identifisere og opplyse kundane sine om faktiske eller potensielle interessekonfliktar som kan påverke førebuinga av undersøkingar, råd eller røystingstilrådingar. Andre punktum fastset at det skal opplysast om kva for tiltak som er gjorde for å fjerne, avgrense eller handtere interessekonfliktane.

§ 6 Tilsyn, registreringsplikt og opplysningsplikt

Paragrafen gjeld offentleg tilsyn med røystingsrådgjevarverksemd.

Første ledd fastset at Finanstilsynet er tilsynsmyndigheit. Tilsyn frå Finanstilsynet er nærare regulert av lov 7. desember 1956 nr. 1 om tilsynet med finansforetak mv., jf. § 1 første ledd nr. 21.

Andre ledd gjev heimel til å fastsetje i forskrift føresegn om registreringsplikt og opplysningsplikt overfor Finanstilsynet.

§ 7 Pålegg og lovbrotsgebyr

Paragrafen omhandlar tiltak og sanksjonar ved brot på lova eller føresegner gjeve med heimel i lova.

Første ledd gjev Finanstilsynet heimel til å påleggje retting ved brot på plikter etter lova eller føresegner gjevne i medhald av lova.

Andre ledd første punktum gjev heimel for Finanstilsynet til å gje lovbrotsgebyr ved brot på ei eller fleire plikter gjevne i medhald av lova eller forskrift i medhald av lova. Andre punktum fastset øvre ramme for utmåling av lovbrotsgebyr.

Tredje ledd første punktum fastset at foreldingsfristen for å gje lovbrotsgebyret er fem år etter at brota på føresegnene vart stansa. Etter andre punktum blir foreldingsfristen avbrote ved førehandsvarsel frå Finanstilsynet, jf. lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) § 16, eller vedtak om lovbrotsgebyr.

§ 8 Ikraftsetjing

Paragrafen fastset at lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

6.2 Til endringane i føretaksregisterlova

Til namnet på lova

Lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak har i dag ikkje ein offisiell korttittel. Det uoffisielle kortnamnet er «foretaksregisterloven», og departementet foreslår at dette blir teke inn i tittelen til lova.

Til § 3-2

Andre ledd viser i dag til lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikringsselskaper, pensjonsforetak og deres virksomhet mv. Krava til kjønnsrepresentasjon i styret i gjensidige forsikringsselskap er no regulert i lov 10. april 2015 nr. 17 om finansforetak og finanskonsern § 8-4 femte ledd. Krava til styrerepresentantar valt av tilsette er no regulert i same lova § 8-4 tredje og fjerde ledd. Departementet foreslår å rette tilvisinga.

Andre ledd viser òg til føresegner i «lov om samvirkeforetak». Departementet foreslår å rette dette slik at tilvisinga er til denne lovas offisielle tittel; lov 29. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak.

6.3 Til endringane i prokuralova

Til § 1

Andre ledd inneheld ei tilvising til lov om registrering av føretak. Departementet foreslår å endre tilvisinga til lovas nye korttittel.

Til § 2

Andre punktum inneheld ei tilvising til registerlova. Den aktuelle lova vil no få ein offisiell korttittel; «foretaksregisterloven». Departementet foreslår å endre tilvisinga til den nye korttittelen.

6.4 Til endringane i aksjeloven

Til § 8-10

Ved endringslov 21. juni 2019 nr. 41 vart føresegna om innsideinformasjon i verdipapirhandelloven § 3-2 oppheva og erstatta av føresegna i marknadsmisbruksforordninga. Verdipapirhanddelloven § 3-1 gjennomfører marknadsmisbruksforordninga ved inkorporasjon, og føresegna i forordninga gjeld som lov. Endringa tredde i kraft 1. mars 2021. Som ein konsekvens må tilvisinga til «verdipapirhandelloven § 3-2» i aksjeloven § 8-10 åttande ledd andre punktum endrast til «markedsmisbruksforordningen artikkel 7, jf. verdipapirhandelloven § 3-1». Departementet foreslår å rette dette.

Ved endringslov 14. desember 2018 nr. 95 vart det teke inn eit nytt andre ledd i aksjeloven § 8-7. Endringa tredde i kraft 1. januar 2021. Som ein konsekvens må tilvisinga i § 8-10 tiande ledd andre punktum til «§ 8-7 tredje ledd nr. 3» endrast til «§ 8-7 fjerde ledd nr. 3». Departementet foreslår å rette dette.

6.5 Til endringane i allmennaksjeloven

Til § 1-4

Ved endringslov 6. desember 2019 nr. 77 vart § 6-16 a endra, slik at paragrafen ikkje lenger inneheld ei opplisting av ulike former for godtgjering i første ledd tredje punktum. Endringa tredde i kraft 1. januar 2021. Allmennaksjeloven § 1-4 første ledd og andre ledd første punktum inneheld begge ei tilvising til § 6-16 a første ledd tredje punktum nr. 3. Som ein konsekvens av lovendringa må tilvisinga fjernes. Departementet foreslår å rette dette. Endringa skal ikkje ha nokon effekt for innhaldet i § 6-16 a.

Ved endringslov 14. desember 2018 nr. 95 vart det teke inn eit nytt andre ledd i allmennaksjeloven § 8-7. Endringa tredde i kraft 1. januar 2021. Som ein konsekvens må tilvisinga i § 1-4 andre ledd første punktum til «§ 8-7 første og tredje ledd» endrast til «§ 8-7 første og fjerde ledd». Departementet foreslår å rette dette.

Til § 3-11

Ved endringslov 14. desember 2018 nr. 95 vart det teke inn eit nytt andre ledd i allmennaksjeloven § 8-7. Endringa tredde i kraft 1. januar 2021. Som ein konsekvens må tilvisinga i § 3-11 tredje ledd første punktum til «§ 8-7 tredje ledd nr. 3» endrast til «§ 8-7 fjerde ledd nr. 3». Departementet foreslår å rette dette.

Til § 3-13

Ved endringslov 14. desember 2018 nr. 95 vart det teke inn eit nytt andre ledd i allmennaksjeloven § 8-7. Endringa tredde i kraft 1. januar 2021. Som ein konsekvens må tilvisinga i § 3-13 andre punktum til «§ 8-7 tredje ledd nr. 3» endrast til «§ 8-7 fjerde ledd nr. 3». Departementet foreslår å rette dette.

Til § 3-16

Ved endringslov 14. desember 2018 nr. 95 vart det teke inn eit nytt andre ledd i allmennaksjeloven § 8-7. Endringa tredde i kraft 1. januar 2021. Som ein konsekvens må tilvisinga i § 3-16 nr. 6 til «§ 8-7 tredje ledd første punktum nr. 2 og 3, jf. annet punktum» endrast til «§ 8-7 fjerde ledd første punktum nr. 2 og 3, jf. annet punktum». Departementet foreslår å rette dette.

Til § 3-19

Ved endringslov 14. desember 2018 nr. 95 vart det teke inn eit nytt andre ledd i allmennaksjeloven § 8-7. Endringa tredde i kraft 1. januar 2021. Som ein konsekvens må tilvisinga i § 3-19 tredje ledd første punktum til «§ 8-7 tredje ledd nr. 3» endrast til «§ 8-7 fjerde ledd nr. 3». Departementet foreslår å rette dette.

Til § 8-10

Forslaga til endringar i § 8-10 tilsvarer forslaga til endringar i aksjeloven § 8-10. Det blir vist til merknaden til den føresegna.

6.6 Til endringane i lov om Innovasjon Norge

Til § 6

Tredje ledd viser i dag til lov 18. juli 1958 nr. 2 om offentlige tjenestetvister (tjenestetvistloven) og lov 4. mars 1983 nr. 3 om statens tjenestemenn m.m. (tjenestemannsloven). Tjenestemannsloven er oppheva og erstatta med lov 16. juni 2017 nr. 67 om statens ansatte mv. (statsansatteloven). Departementet foreslår at lov om Innovasjon Norge § 6 tredje ledd blir oppdatert i tråd med dette.

I tillegg fjernes tilvisingane til korttitlene til tjenestetvistloven i tredje ledd, og til kommuneloven i fjerde ledd, ettersom disse er overflødige ved siden av lovenes fulle titlar.

Til § 7 e

I første ledd foreslår departementet å rette ein skrivefeil ved at «36 a» blir endra til «§ 36 a».

Til § 32

I tredje ledd første punktum foreslår departementet å rette ein skrivefeil ved at «tilstedværende» blir endra til «tilstedeværende».