Prop. 25 S (2016–2017)

Endringar i statsbudsjettet 2016 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Regjeringa varsla i statsbudsjettet for 2017 at ho, ut frå samfunnsmessige omsyn, vil ta eit medfinansieringsansvar for det føreståande arbeidet med nedbygging av dei nukleære anlegga i Noreg og handtering av norsk radioaktivt avfall. For å sikre finansiering og framdrift i arbeidet blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 900, post 21 med 15 mill. kroner, øyremerka til trygg handtering av nasjonalt atomavfall. Formålet vil vere å finansiere nødvendige tiltak for trygg handtering av atomanlegga og oppbevaring av nasjonalt atomavfall.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 15 mill. kroner, frå 71,4 til 86,4 mill. kroner.

Post 30 Miljøtiltak Søve, kan overførast

Staten har påtatt seg å finansiere og gjennomføre opprydding etter verksemda til AS Norsk Bergverk ved Søve i Telemark. Grunna utfordringar med å finne eit godkjent deponi for mottak av massane frå Søve, har tildeling av oppdraget med opprydding blitt utsett. Departementet kunngjorde oppdraget om opprydding på nytt i juli 2016 og tek sikte på å tildele oppdraget så snart som mogleg. Planlagt gjennomføring av oppryddinga er innan 2017. Det visast til nærare omtale i Prop. 1 S (2016–2017) for Nærings- og fiskeridepartementet.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga frå 19,7 mill. kroner til 0 kroner.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Noreg er medlem av ei rekkje internasjonale organisasjonar og kommisjonar som er viktige premissleverandørar for utforminga av norsk nærings- og fiskeripolitikk. Kontingentane til dei internasjonale organisasjonane betalast ofte i lokal valuta. Noreg har hatt innbetalingar til ein høgare valutakurs enn det som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2016, men samstundes har nokre av kontingentane også vore lågare enn forventa. Til saman gjer dette grunnlag for en reduksjon av løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, frå 37,8 til 36,8 mill. kroner.

Post 71 Miljøtiltak Raufoss

I 2016 er det løyvd 4,7 mill. kroner til refusjonar for miljøtiltak ved opprydding av historisk forureining på Raufoss. Basert på oppdatert informasjon er det samla behovet no anslått til 4,9 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner, frå 4,7 til 4,9 mill. kroner.

Post 79 Tilskot til Mechatronics Innovation Lab

I saldert budsjett for 2016 ble det løyvd 20 mill. kroner i støtte til Mechatronics Innovation Lab (MIL). Det er førebels ikkje utbetalt noko av denne løyvinga, fordi dei statlege midlane skal gå til utstyr som først skal kjøpast inn når bygget er satt opp. Av løyvinga frå revidert nasjonalbudsjett 2015 står det att 12,5 mill. kroner. 7,5 mill. kroner er utbetalt til utstyr som skal vere integrert i sjølve bygget.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at posten blir gjort overførbar ved å leggje til stikkordet «kan overførast», jf. forslag til vedtak II.

Kap. 903 Norsk akkreditering

Post 01 Driftsutgifter

Norsk akkreditering sine utgifter vil bli høgare enn budsjettert på grunn av ein auke i oppdragsmengd. I tillegg har etaten effektivisert sine saksbehandlingsrutinar slik at etaten kan handsame fleire oppdrag. Endringa i utgifter knytt til akkreditering av verksemder vil dekkast inn av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 3903, post 01.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 9 mill. kroner, frå 41,5 til 50,5 mill. kroner.

Kap. 909 Tiltak for sysselsetting av sjøfolk

Post 73 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving

Tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk er ei regelstyrt ordning. Overslagsløyvinga er såleis basert på venta utbetalingar etter gjeldande regelverk i budsjettåret 2016 og omfattar rettar opptent i 6. termin 2015 og 1.–5. termin 2016.

Overslagsløyvinga for 2016 (1 992 mill. kroner) tek utgangspunkt i eit venta gjennomsnitt på 11 500 sjøfolk i ordninga. Utviklinga i offshoremarknaden har ført til at talet på sjøfolk omfatta av tilskotsordninga blir lågare enn venta etter at fire av seks av budsjettårets terminar er handsama og utbetalt.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 142 mill. kroner, frå 1 992 til 1 850 mill. kroner.

Kap. 911 Konkurransetilsynet

Post 01 Driftsutgifter

Konkurransetilsynet flytta inn i nye lokalar i Bergen juni 2016. Leigekontrakten til lokala som tilsynet hadde fram til juni 2016 varer fram til 31. august 2017. Konkurransetilsynet har ikkje lukkast med å få avslutta leigekontrakten, eller leigt ut heile lokalet. Til no er 1/6 av lokalet leigd ut. Leigemarknaden i Bergen har vist seg å vere veldig krevjande på grunn av nedgangen i olje- og gassrelatert verksemd. Tilsynet og utleigar vil fortsette arbeidet med å finne nye leigetakarar. Trass innsparingstiltak er det venta at tilsynet vil ha eit meirforbruk på 3,9 mill. kroner i 2016 som følgje av dette.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,9 mill. kroner, frå 96,7 til 100,6 mill. kroner.

Post 23 Klagenemnda for offentlege innkjøp

Klagenemnda for offentlege innkjøp sine utgifter vil bli høgare enn budsjettert hovudsakeleg på grunn av ein auke i talet på klagar i 2016. Endringa i utgifter vil dekkast inn av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 3911, postane 01 og 04.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner, frå 9,9 til 10,4 mill. kroner.

Kap. 915 Regelrådet

Post 01 Driftsutgifter

Ein viser til omtale av etableringa av Regelrådet i Prop. 1 S (2016–2017) for Nærings- og fiskeridepartementet. Etableringa av rådet fant først stad i april 2016, medan det i saldert budsjett 2016 vart lagt til grunn at rådet skulle vere operativt frå starten av året. Det er derfor grunnlag for å redusere løyvinga for 2016.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,1 mill. kroner, frå 10,2 til 7,1 mill. kroner.

Kap. 919 Ymse fiskeriformål

Post 60 Tilskot til kommunar, kan overførast

Kapasitetsauke på 5 pst. utlyst i 2015

I 2015 fekk oppdrettarane tilbod om kapasitetsauke på 5 pst. på alle løyve, mot eit vederlag på 1 mill. kroner og strenge krav når det gjeld lakselus. Endelig frist for å ta i bruk auken og betale vederlag er sett til 1. desember 2016. I budsjettet for 2016 er det lagt til grunn at tilbodet vil bli nytta for 75 pst. av alle løyva. Det er førebels langt færre enn venta som har nytta seg av tilbodet om 5 pst. kapasitetsauke. Eit revidert anslag tilseier no at tilbodet vil bli nytta på 100 løyve, tilsvarande om lag 10 pst. av alle løyve. Dette gir eit samla vederlag på 100 mill. kroner for 2015 og 2016 samla. Det er innbetalt 19 mill. kroner i vederlag i 2015, men det vart ikkje utbetalt noko over kap. 919, post 60 i 2015.

I utlysinga av kapasitetsauken i 2015 vart det lagt til grunn at kommunane sin del av vederlaget skulle vere 50 pst, og fordelast til kommunane dei løyva som nyttar tilbodet er knytt til. Utbetaling over kap. 919, post 60 for vederlaga som er innbetalt i 2015 blir dermed 9,5 mill. kroner

Regjeringa legg til grunn at alle vederlag som er innbetalt etter 1. januar 2016 skal fordelast etter fordelingsnøkkelen knytt til Havbruksfondet, noko som inneber at kommunane sin del blir 80 pst. Ut frå det oppdaterte anslaget vil det bli innbetalt 81 mill. kroner i vederlag i 2016. Kommunane sin del av dette vederlaget blir dermed 64,8 mill. kroner.

Samla utbetaling over kap. 919, post 60 knytt til kapasitetsauken er såleis berekna til 74,3 mill. kroner.

Utlysing av variabel MTB-grense.

I juni 2016 fekk oppdrettarane tilbod om å gå inn på ei ordning med variabel MTB-grense gjennom året, mot eit vederlag på 1,5 mill. kroner per konsesjon. Påmeldingsfristen for ordninga for konsesjonar tildelt før 1. august 2016 var 1. september 2016. I alt 27 konsesjonar er meldt på ordninga. Dette gir eit samla vederlag på 40,5 mill. kroner. Kommunane og fylkeskommunane sin del av vederlaget er 80 pst., noko som utgjer 32,4 mill. kroner. Dette skal fordelast etter reglane for Havbruksfondet, jf. omtale i Prop. 122 S (2015–2016).

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 253,3 mill. kroner, frå 687,8 mill. kroner til 434,5 mill. kroner.

Post 72 Tilskot til tryggleiksopplæring for fiskarar

Ut frå utbetalingar så langt i 2016 og prognoser for resten av 2016, ventast det eit mindreforbruk på posten.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner, frå 3 mill. kroner til 2,2 mill. kroner.

Post 74 Erstatningar, kan overførast

Det er venta at utbetalingane blir høgare enn det som var lagt til grunn i saldert budsjett 2016.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1 mill. kroner, frå 2,1 mill. kroner til 3,1 mill. kroner.

Kap. 922 Romverksemd

Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)

Kontingenten i den europeiske romorganisasjonen ESA blir utbetalt i euro. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til anna valutakurs enn den som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2016. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2016 blei det gitt ei tilleggsløyving på 18,7 mill. kroner for å kompensere for auka eurokurs. Det har no vist seg at anslaget for eurokursen var for høgt, og gjeldande løyving må såleis reduserast med 7,1 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 7,1 mill. kroner, frå 217,4 til 210,3 mill. kroner.

Post 71 Internasjonal romverksemd

Utgifter ved deltaking i internasjonal romverksemd blir utbetalt i euro og amerikanske dollar. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til den europeiske romorganisasjonen ESA og EASP-avtalen og i amerikanske dollar til det kanadiske radarsatellittprogrammet, Radarsat, til andre valutakursar enn dei som blir lagt til grunn i saldert budsjett 2016. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2016 blei det gitt ei tilleggsløyving på 33,4 mill. kroner for å kompensere for styrka kursar. Det har no vist seg at anslaga var for låge og gjeldande løyving må aukast med ytterlegare 2,7 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,7 mill. kroner, frå 372,5 til 375,2 mill. kroner.

Post 73 EU sine romprogram

Kontingent for norsk deltaking i romprogramma til EU blir utbetalt i euro. Eurokursen har endra seg i løpet av budsjettåret samanlikna med kursen som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2016. Endringane i innbetalingar til EU på grunn av endra valutakurs utgjer ei auke på 5,4 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5,4 mill. kroner, frå 271,3 til 276,7 mill. kroner.

Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram

Post 70 Tilskot

Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og fiskeridepartementet har fagansvar for. I tillegg dekkjer løyvinga utgifter knytt til ein norsk nasjonal ekspert i EU-kommisjonens generaldirektorat for konkurranse.

Løyvinga på 48,8 mill. kroner i saldert budsjett 2016 blei fastsatt på grunnlag av forventa eurokurs og budsjettanslag frå Europakommisjonen. Faktiske utbetalingar til Europakommisjonen har vore lågare enn forventa hovudsakeleg som følgje av lågare kontingentinnbetalingar.

Finanstilsynet har i 2016 overtatt budsjettansvaret for Noregs bidrag til «Implementation for the Internal Market for Financial Services», og 330 000 kroner rammeoverførast til Finansdepartementet sitt kap. 1602 Finanstilsynet, post 01 Driftsutgifter.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, frå 48,8 til 46,8 mill. kroner.

Kap 925 Havforskingsinstituttet

Post 22 Fiskeriforsking og –overvaking, kan overførast

Løyvinga på posten motsvarast av inntekter frå Fiskeriforskingsavgifta, jf. kap. 5575, post 74 Fiskeriforskingsavgift. Det er høgare anslag for førstehandsverdien på omsetjing av fisk i 2016 enn det som er lagt til grunn ved budsjetteringa av posten.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 31,3 mill. kroner, frå 117,1 til 148,4 mill. kroner.

Kap. 927 NIFES

Post 22 Fiskeriforsking og -overvaking, kan overførast

Løyvinga på posten motsvarast av inntekter frå Fiskeriforskingsavgifta, jf. kap. 5575, post 74 Fiskeriforskingsavgift. Det er høgare anslag for førstehandsverdien på omsetjing av fisk i 2016 enn det som er lagt til grunn ved budsjetteringa av posten.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 5,8 til 8,3 mill. kroner.

Kap. 935 Patentstyret

Post 01 Driftsutgifter

Som følgje av auka aktivitet utover det som er budsjettert, fremmast det forslag om å auke løyvinga på posten med 2,784 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,8 mill. kroner, frå 236,8 til 239,6 mill. kroner.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 21 Særskilde driftsutgifter

I Saldert budsjett 2016 er det løyvd 23,552 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting. Posten skal òg dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Det er knytt ei overskridingsfullmakt til posten.

Dei samla utgiftene for 2016 er anslått til om lag 41 mill. kroner. Kjøp av tenester frå eksterne rådgjevarar i samband med eigarmessige vurderingar av statleg eigde selskap og vurderinga av situasjonen og utviklinga i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og sal av aksjar i Entra ASA og SAS AB, står for hovuddelen av utgiftene.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 17,8 mill. kroner, frå 23,5 til 41,3 mill. kroner.

Post 49 (ny) Kjøp av eigedom, kan overførast

Staten er einig med eigarane av eigedomen Austre Adventfjord på Svalbard om å kjøpe denne for 300 mill. kroner. Austre Adventfjord ligg nordaust for Longyearbyen. Eigedomen er om lag 217,6 km2 og utgjør ca. 0,35 pst. av Svalbard sitt samla areal.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å løyve 300 mill. kroner til kjøp av eigedomen. Da det er noko usikkert om kjøpesummen vert utbetalt i 2016 gjerast det framlegg om at posten blir gjort overførbar ved å leggje til stikkordet «kan overførast».

Post 51 Tapsavsetting, eigenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Post 90 (ny) Lån

Post 95 Eigenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Store Norske-konsernet består av morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa, Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG), Store Norske Boliger AS (SNB) og Gruve 3 AS samt deleigde Pole Position Spitsbergen (75 pst.), Svea Svalbard AS (50,8 pst) og Svea Tank AS (15 pst.). Staten eig 100 pst. av aksjane i SNSK.

Konsernet har stått ovanfor store økonomiske utfordringar dei siste par åra. Konsernet har derfor fått tilført naudsynt kapital ved fleire høve, jf. Innst. 343 S og Prop. 118 S (2014–2015) og Innst. 214 S og Prop. 52 S (2015–2016). I framlegget til statsbudsjett 2017 er det òg forslag om tilførsel av kapital. Dette for å kunne gjennomføre driftskvile i Svea/Lunckefjell i 2017. Som det har gått fram av tidlegare framlegg til Stortinget, vil Store Norske-konsernet ved utløpet av 2016 kunne trengje ytterlegare likviditet, mellom anna knytt til fordringar SNSG har på SNSK og krav frå eksterne kreditorar på SNSG, og alternativet til å tilføre slik kapital kan vere konkurs i SNSG.

Departementet har i haust vurdert situasjonen i SNSG og saman med selskapet forhandla med SNSG sin bank om moglege rammer for å kunne føre vidare drifta i Gruve 7 og sette i verk driftskvile i Svea/Lunckefjell frå 2017. Partane har kome fram til ein avtale som føreset tilslutnad frå Stortinget. Avtalen er basert på førebelse prognosar for SNSG si finansielle stilling ved utgangen av 2016. Avtalen inneber at SNSK-konsernet tilførast likviditet frå staten gjennom lån med pant i bustader i SNB og kapitalinnskot som stillast til disposisjon for SNSG, slik at SNSG kan dekke krav frå banken ved utløpet av 2016, blant anna innfri fordringar SNSG har på morselskapet SNSK. Avtalen inneber også at banken bidrar til ei løysing og at banken vil frigi sine panterettar i driftsmidlar som er naudsynte for drifta i Gruve 7 og gjennomføring av driftskvile i Svea/Lunckefjell. SNSK, og staten som eigar av SNSK, skal tilføre ytterlegare kapital om situasjonen i SNSG per årsskiftet er verre enn forventa, slik at staten i tilfelle kan oppfylle sine forpliktingar i høve til avtalen.

Regjeringa har vurdert det slik at ein avtale med banken er å føretrekkje framfor ein uklar situasjon i SNSG rundt årsskiftet med usikkerheit om gjennomføring av driftskvile i 2017 og vidare verksemd i Gruve 7 og fare for konkurs i SNSG.

I tillegg til å inngå ein avtale med banken, leggast det opp til å etablere drifta av Gruve 7 i eit nytt heleigd dotterselskap av SNSK. Det synest fornuftig ut frå betydinga av denne delen av verksemda. Det leggast opp til at dei tilsette som i dag arbeidar i SNSG og som vil bli ført over til det nye selskapet, vil ha same vilkår i det nye selskapet som dei har i dag.

På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om ei løyve på 100 mill. kroner over kap. 950, ny post 90 Lån og 144 mill. kroner over kap. 950, post 95 Eigenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Slik den finansielle stillinga i SNSG no står, vil det vere naudsynt å tilføre selskapet 94 mill. kroner i eigenkapital. Resterande 50 mill. kroner av eigenkapitalløyvinga på 144 mill. kroner er knytt til usikkerheita om den endelege finansielle stillinga i SNSG per 31.12.16. Denne vil bli avklart i 2017 når endeleg rekneskap for 2016 er utarbeida. På bakgrunn av dette foreslår departementet at løyvinga blir gjort overførbar ved å leggje til stikkordet «kan overførast».

I tillegg fremmast det forslag om ei løyve på 144 mill. kroner over kap. 950, post 51 Tapsavsetting, eigenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Det er stor risiko for at eigenkapitalen som det gjerast framlegg om å tilføre konsernet kan gå tapt. Slik som tidlegare gjerast det derfor framlegg om å løyve avsetting til eventuelle framtidige tap lik storleiken på eigenkapitalinnskotet. Departementet foreslår at også for denne posten leggjast det til stikkordet «kan overførast».

I fordelinga mellom lån og kapitalinnskot er det tatt utgangspunkt i SNSK-konsernet si betjeningsevne. Lån vil bli gitt med pant i bustader i SNB, og på marknadsmessige vilkår. Avdrag og renter vil på vanleg måte bli inntektsført i statsbudsjettet.

Ved Stortinget si handsaming av Prop. 52 S (2015-2016) blei det løyva 112 mill. kroner i ny eigenkapital til SNSK. Dette skulle bidra til eit finansielt grunnlag for vidare drift i Gruve 7 med to skift, gjenomføring av førebuande tiltak for driftskvile i Svea/Lunckefjell og til delvis dekking av usikra pensjonsforpliktingar i SNSK-konsernet fram til og med 2019. Det gjekk òg fram av proposisjonen at det er stor usikkerheit knytt til den forretningsmessige utviklinga i SNSG og SNSK-konsernet. Den endelege rekneskapen for 2016 vil vise dei faktiske kostnadane for verksemda. Dersom dei faktiske kostnadane er mindre enn kva som blei lagt til grunn i Prop. 52 S (2015-2016), leggast det opp til at tidlegare løyve, med unntak av midlane til pensjon, kan nyttast av SNSK som ein del av oppgjeret med banken. Dette kan ha konsekvensar for det endelege beløpet staten må tilføre SNSK knytt til rekneskapen for 2016.

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om kolverksemda på Svalbard og SNSK si framtidige rolle på eigna måte, jf. Stortinget si handsaming av Svalbardmeldingen, Meld. St. 32 (2015–2016).

Det visast òg til framlegg om løyving under kap. 5612 Renter frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, post 81 Renter av ansvarleg lån med 6,5 mill. kroner. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å løyve tilsvarande beløp som eigenkapitalinnkot og tilhørande tapsavsetting, jf. kap. 950, postane 51 og 95.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvingane under postane 51 og 95 med 150,5 mill. kroner, frå 138 til 288,5 mill. kroner, og at det vert løyvd 100 mill. kroner under ny post 90.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg

Post 50 Innovasjon – prosjekter, fond

For 2016 finansierast «Grøn skipsfart» med 40 mill. kroner over denne posten, og består av tapsavsetningar for innovasjonslån til prosjekt knytta til miljøvenlege nybygg i nærskipsfarten og til ei tilskotssordning for kondemnering av skip. Midlane er fordelt med 28 mill. kroner til tapsfond og 12 mill. kroner til kondemneringstilskot.

Innovasjon Noreg reknar at 3,5 mill. kroner av midlane til kondemneringstilskot og 3 mill. kroner av tapsfondmidlane ikkje vert nytta i 2016. Det er vidare stor usikkerheit om resterande løyving vil bli nytta i 2016.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 6,5 mill. kroner, frå 553,5 til 547 mill. kroner.

Post 72 Forskings- og utviklingskontraktar, kan overførast

Vanlegvis tar det to til tre år frå eit prosjekt under ordninga med forskings- og utviklingskontraktar får tilsegn om støtte til det er fullført. Det tar normalt noko tid å organisere prosjekta etter at Innovasjon Noreg har gitt tilsegn før ein kan underskrive kontrakt eller før prosjekta er klare til å starte opp. Det kan òg ta tid før endeleg revisorbekrefta rekneskap føreligg etter at prosjekta er avslutta, slik at sluttutbetaling trekker ut i tid. Det at kvart prosjekt tar lang tid, inneber at mykje av midla ikkje kan utbetalast same år som tilsegn er gitt, og ein vesentleg del av løyvinga må overførast til etterfølgjande år. Av den grunn vart til saman nærare 179,6 mill. kroner av løyvingane for 2014 og 2015 overført til 2016. I løyvingsreglementet går det fram at ein ikkje skal gjere framlegg om større løyving for eit år enn det ein forventar vil kome til utbetaling same året. For å redusere overføringa av ikkje utbetalt løyving ved slutten av 2016 utan at tilsegnsramma til Innovasjon Noreg blir redusert, kan løyvinga reduserast samstundes som tilsegnsfullmakta for ordninga blir auka med same beløp.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 100 mill. kroner, frå 306,1 til 206,1 mill. kroner. Samstundes gjer ein framlegg om å auke tilsegnsfullmakta med same beløp, frå 300 til 400 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III.

Post 73 (ny) Tilskot til innkjøpskonsortium for kjøp av kraft, kan overførast

Stortinget gav løyvingar til denne tilskotsordninga i åra 2009–2013. Formålet var å bidra til at kraftintensive industribedrifter gjekk saman om å etablere innkjøpskonsortier for kjøp av kraft på langsiktige vilkår og dermed sikre stabile kraftleveransar til ein rimeleg pris over fleire år. For å unngå at det skulle bli betalt ut støtte som selskapa ikkje hadde krav på, vart det etablert ei ordning der sluttutbetaling ikkje skulle finne stad før Innovasjon Noreg hadde mottatt revisorstadfesting på at avtalt innkjøpt kraft var forbrukt og betalt. Som følgje av dette har det tatt lang tid å få utbetalt alle tilsegna om støtte. Ved utgongen av 2015 stod det att to tilsegn gitt i 2013 og 2014 om støtte for til saman i overkant av 2,2 mill. kroner. Samtidig sto det ved utgongen av 2015 attende 2,8 mill. kroner av løyvinga frå 2013 som ikkje hadde kome til utbetaling. Desse midla vart ført attende til statskassa ved årsskiftet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å løyve attende 2,2 mill. kroner av dei tilbakeførte midla.

Post 76 Miljøteknologi, kan overførast

Vanlegvis tar det fleire år frå eit prosjekt under miljøteknologiordninga får tilsegn om støtte til det er fullført. På same måten som for forskings- og utviklingskontraktar tar det normalt noko tid å organisere prosjekta etter at Innovasjon Noreg har gitt tilsegn før ein kan underskrive kontrakt eller før prosjekta er klare til å starte opp. Prosjekta strekk seg normalt over fleire år, og det kan òg ta tid før endeleg revisorbekrefta rekneskap føreligg etter at prosjekta er avslutta, slik at sluttutbetaling trekker ut i tid. Det at kvart prosjekt tar lang tid, inneber at mykje av midla ikkje kan utbetalast same år som tilsegn er gitt, og ein vesentleg del av løyvinga må overførast til etterfølgjande år. Av den grunn blei 188,5 mill. kroner av løyvingane for 2014 og 2015 overført til 2016. I løyvingsreglementet går det fram at ein ikkje skal gjere framlegg om større løyving for eit år enn det ein forventar vil kome til utbetaling same året. For å redusere overføringa av ikkje utbetalt løyving ved utgongen av 2016 utan at tilsegnsramma til Innovasjon Noreg blir redusert, kan løyvinga reduserast samstundes tilsegnsfullmakta for ordninga blir auka med same beløp.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 250 mill. kroner, frå 464,5 til 214,5 mill. kroner. Samstundes gjer ein framlegg om å auke tilsegnsfullmakta med same beløp, dvs. frå 300 til 550 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III.

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Innovasjon Noreg refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år, avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag bruttoførast, dvs. at beløpa utgifts- og inntektsførast (akkumulerast) kvar gong Innovasjon Noreg tek opp eller tilbakebetalar eit lån i statskassa. Løyvinga vil variere meir som følgje av kor ofte ein refinansierer innlåna enn som følgje av endringar i utlånsvolumet. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2016 er basert på realiserte innlån og avdrag så langt i år og prognosar på innlån og avdrag for resten av året. Innlåna har auka noko ut over det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet for 2016. Dette inneber òg at avdraga blir auka jf. omtale under kap. 5325, post 90.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mrd. kroner, frå 42,9 til 45,4 mrd. kroner.

Kap. 2429 Eksportkreditt Noreg AS

Post 90 Utlån

I samband med Stortinget si behandling av budsjettet for 2016 vart det løyvd 15 mrd. kroner til utlån under staten si eksportkredittordning og som Eksportkreditt Norge forvaltar. Nytt anslag for utlån under ordninga er 13 mrd. kroner. Årsaka til reduksjonen er færre utlån til selskap knytt til olje- og gassverksemda. Markedsforholda i desse næringane gjer at det er stor usikkerheit knytt til forventa utbetalingar.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2 mrd. kroner, frå 15 til 13 mrd. kroner.

Kap. 2460 Garantiinstituttet for eksportkreditt

Post 24 Driftsresultat

For å unngå tap av verdiar er det viktig at GIEK har nok ressursar og kompetanse til å behandle nye søknader om garantiar og handtere vanskelege saker med aksjonærar, obligasjonseigarar og andre kreditorar. GIEK forventar at kostnadene totalt for 2016 vil vere om lag 174 mill. kroner. På dette grunnlag gjerast det framlegg om at ramma for administrasjonsbudsjettet aukast med 5 mill. kroner, frå 169 til 174 mill. kroner. Endringane påvirker ikkje driftsresultatet til GIEK da driftsutgiftane dekkast av premieinntekter frå ordningane.

Kap. 3902 Justervesenet

Post 01 Gebyrinntekter

Regelverket og finansieringa av Justervesenet blei endra i 2016. Endringane skal føre til at tilsyna kan gjennomførast på ein måte som gir meir effektiv bruk av samfunnet sine ressursar. Dagens system er ikkje tilrettelagt for endringane. Justervesenet har derfor måtta bruke store ressursar på planlegging i samband med gjennomføring av tilsyn. Dette har vore så ressurskrevjande at det er gjennomført færre timar med gebyrbasert tilsyn enn planlagt. Vidare blei gebyrsatsen for oppmøtegebyr satt noe lavere enn reelle kostnadar, i tillegg til at etaten kan bli betre på planlegging og logistikk. Samla medfører dette ein svikt i gebyrinntektene til Justervesenet i 2016.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8,9 mill. kroner frå 37,4 til 28,5 mill. kroner.

Kap. 3903 Norsk akkreditering

Post 01 Gebyrinntekter og andre inntekter

Norsk akkreditering sine inntekter vil bli høgare enn budsjettert, jf. framlegg under kap. 903, post 01.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 9 mill. kroner, frå 35,4 til 44,4 mill. kroner.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra

Post 01 Gebyrinntekter

Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2016. Dette gjeld særleg Lausøyreregistret, der tinglysing av salspant har stor auke.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 77,5 mill. kroner, frå 462,5 til 540,0 mill. kroner.

Kap. 3910 Sjøfartsdirektoratet

Post 01 Gebyr for skip og offshoreinstallasjonar i NOR

Sjøfartsdirektoratet sine inntekter vert lågare enn venta. Årsaka til dette er at fleire nybygg har blitt bygd som NIS-registrerte skip og som etter ferdigstilling har blitt registrert som NOR-registrerte fartøy, noko som har medført ein reduksjon i innbetalingar av fyrstegongsgebyr. Ei anna årsak er at det generelt har vært færre byggemeldingar og færre ferdigstilte nybygg samanlikna med dei føregåande åra. Dette har medført ein reduksjon i innbetalingar av gebyr for offshoreinstallasjonar/flyttbare innretningar og andre NOR-gebyr.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 14 mill. kroner, frå 177 til 163 mill. kroner.

Post 04 Gebyr for skip i NIS

Sjøfartsdirektoratet sine inntekter vert høgare enn venta. Inntektsauka under fyrstegonsgebyr må sjåast i samanheng med nedgangen i innbetalingar av fyrstegongsgebyr for NOR skip, jf. omtalen under post 01. NIS flåten har i 2016 òg hatt ei netto auke på skip, noko som har medført ein auke i innbetalingar av årsgebyr og gebyr til Skipsregistra.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 43,4 til 45,9 mill. kroner.

Kap. 3911 Konkurransetilsynet

Post 01 Klagegebyr

Klagenemnda for offentlege innkjøp (KOFA) kan gje pålegg om klagegebyr ved klage på vedtak om offentlege innkjøp. Prognosane for 2016 tilseier inntekter på om lag 1,4 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,4 mill. kroner, frå 1 til 1,4 mill. kroner.

Post 04 Refusjonar og andre inntekter, Klagenemnda for offentlege innkjøp

Klagenemnda for offentlege innkjøp får i 2016 inntekter frå eksterne refusjonar for kurs og konferansar.

På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,1 mill. kroner, frå 0,2 til 0,3 mill. kroner.

Post 86 Lovbrotsgebyr

Konkurransetilsynet kan gje pålegg om gebyr mellom anna ved brot på konkurranselova sitt forbod mot konkurranseavgrensande samarbeid, forbod mot å nytte dominerande stilling og påbod om ordinær melding av føretakssamanslutningar. Tilsynet kan òg gje pålegg om tvangsmulkt for å tvinge fram etterleving av eit enkeltvedtak etter konkurranselova. For 2016 er det rekna at Konkurransetilsynet vil få inn 0,4 mill. kroner i lovbrotsgebyr.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner, frå 0,1 til 0,4 mill. kroner.

Post 87 Overtredelsesgebyr

Posten vart oppretta i samband med at KOFA fekk tilbake lovgrunnlaget for å fastsetje lovbrotsgebyr for ulovlege direkte innkjøp, jf. Prop. 51 L (2015–2016) Lov om offentlege innkjøp. Denne endringa blir no ikkje gjeldande før 1. januar 2017.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner, frå 0,1 mill. kroner til 0 kroner.

Kap. 3917 Fiskeridirektoratet

Post 05 Sakshandsamingsgebyr

Posten blir m.a. nytta til å inntektsføre innbetalingar av sakshandsamingsgebyr i samband med havbruk og ervervssøknader og innmeldingsgebyr i Merkeregisteret. Prognosane for 2016 tilseier inntekter på om lag 17 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, frå 18 mill. kroner til 17 mill. kroner.

Post 13 Vederlag oppdrettskonsesjoner

Kapasitetsauke på 5 pst. utlyst i 2015

Det visast til omtale under kap. 919, post 60. Ut frå det reviderte anslaget vil det samla vederlaget bli 81 mill. kroner i 2016. Løyvinga på posten må derfor reduserast med 620 mill. kroner.

Variabel MTB-grense utlyst i 2016

I juni 2016 fekk oppdrettarane tilbod om å gå inn på ei ordning med variabel MTB-grense gjennom året, mot eit vederlag på 1,5 mill. kroner per konsesjon. Påmeldingsfristen for ordninga for konsesjonar tildelt før 1. august 2016 var 1. september 2016. I alt 27 konsesjonar er meldt på ordninga. Dette gir eit samla vederlag på 40,5 mill. kroner.

Samla gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 579,5 mill. kroner, frå 746 mill. kroner til 166,5 mill. kroner.

Kap. 3935 Patentstyret

Post 03 Gebyr immaterielle rettar

Patentstyret sine inntekter vil bli høgare enn budsjettert på grunn av fleire innkomne patentsøknader og fleire valideringer av europeiske patenter.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 10 mill. kroner, frå 65,7 til 75,7 mill. kroner.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 96 Sal av aksjar

I Saldert budsjett 2016 er det løyvd 25 mill. kroner frå mogelege statlege aksjesal. Endelege og fullstendige inntektsbeløp for dei einskilde aksjesala er føresett løyvd i løpet av budsjettåret når transaksjonane er avklara eller gjennomførde, enten i eigne proposisjonar eller i dei faste endringsproposisjonane i vår- og haustsesjonen.

Tilbakekjøpsavtalar

Generalforsamlinga i eit aksjeselskap kan gi styret fullmakt til å kjøpe tilbake eigne aksjar med føremål å slette desse aksjane på eit seinare tidspunkt. Slettinga inneber nedsetting av selskapskapitalen og må vedtakast av ei ny generalforsamling. Dette er ein metode der eigenkapital tilbakeførast til aksjonærane.

Nærings- og fiskeridepartementet har dei siste åra inngått avtalar som forpliktar staten til å delta ved slike tilbakekjøp. Avtalene er utforma slik at staten sin eigardel blir uendra etter kapitalnedsettinga. Avtalane er offentlege og regulerer òg utrekning av vederlaget som staten skal ta imot. Nærings- og fiskeridepartementet inngjekk i 2015 slike tilbakekjøpsavtalar med DNB ASA, Telenor ASA og Yara International ASA.

Yara International ASA

Generalforsamlinga i Yara International ASA ga i mai 2015 styret i selskapet fullmakt til å erverve eigne aksjar inntil 5 pst. av selskapets aksjekapital i marknaden og frå staten. Fram til februar 2016 kjøpte selskapet 1 190 000 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 675 539 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Yara International ASA i mai 2016. Etter at kapitalnedsettinga blei sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 252,4 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 36,2 pst.

Entra ASA – sal av aksjar

Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget, jf. Nærings- og fiskeridepartementets Prop. 1 S (2015–2016), solgte departementet 30 mill. aksjar i Entra ASA i september 2016. Salsummen utgjorde 2,5 mrd. kroner. Staten sin eigardel i Entra ASA vart dermed redusert frå 49,7 pst. til 33,4 pst.

SAS AB – sal av aksjar

Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget, jf. Nærings- og fiskeridepartementets Prop. 1 S (2015–2016), solgte departementet 9,2 mill. aksjar i SAS AB i oktober 2016. Salsummen utgjorde 132 mill. norske kroner. Staten sin eigardel i SAS AB vart dermed redusert frå 14,29 pst. til 11,45 pst.

Electronic Chart Centre AS – Tilbakeføring av aksjekapital

Generalforsamlinga i Electronic Chart Centre AS vedtok i juni 2016 at selskapet sin aksjekapital skulle setjas ned med 1,2 mill. kroner og at tilsvarande beløp vart tilbakeført staten som eigar.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2 850,6 mill. kroner, frå 25 til 2 875,6 mill. kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Noreg

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån som Innovasjon Noreg har teke opp i statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av noko høgare opptak av lån enn lagt til grunn i saldert budsjett 2016, er det behov for å auke løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,8 mrd. kroner, frå 42,5 til 45,3 mrd. kroner.

Kap. 5329 Eksportkreditt Noreg AS

Post 70 Gebyr m.m.

I samband med Stortinget si behandling av budsjettet for 2016 blei det løyvd 30 mill. kroner til inntekter på gebyr under eksportkredittordninga. Nytt anslag er 25 mill. kroner og årsaka til reduksjonen er i hovudsak lågare gebyrgenererande aktivitet enn forventa.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, frå 30 til 25 mill. kroner.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Nærings- og fiskeridepartementet har i samråd med Finansdepartementet kome fram til at det er hensiktsmessig at lån under eksportkredittordninga gitt i utanlandsk valuta bør følgje statens normalrutinar ved plasseringar og gjeld i utanlandsk valuta. Det inneber at avdraga under låneordninga frå 2016 justerast for valutakursendringar.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer såleis framlegg om å endre budsjetteringa av avdraga slik at dei reflekterer forventa innbetalingar målt i norske kroner, basert på valutakursar fastsett i Finansdepartementet sine budsjettskriv. Budsjettet oppdaterast i haustsesjonen basert på faktiske innbetalte avdrag og oppdatert prognose for årets attverande avdrag. Med denne omlegginga vil det ikkje lengre være behov for fullmakta til å regnskapsføre valutakursgevinst og –tap på egen post utan løyving.

Differansen mellom historisk valutakurs og faktisk valutakurs ved innbetaling vil føre til ein netto valutakursvinst under eksportkredittordninga på om lag 1,29 mrd. kroner i 2016.

Eksportkreditt Norge reknar at avdrag på uteståande fordringar i 2016 vil bli om lag 3,4 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i saldert budsjett. Bakgrunnen er mellom anna at selskapet får søknader om utsetting av avdrag frå selskap knytt til olje- og gass.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,1 mrd. kroner, frå 10,2 til 8,1 mrd. kroner.

Kap. 5574 Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet

Post 71 Avgifter immaterielle rettar

Patentstyret sine inntekter vil bli høgare enn budsjettert.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner, frå 151 til 154 mill. kroner.

Post 72 Kontroll- og tilsynsavgift akvakultur

Det er nå anslått å vere grunnlag for å fakturere avgifter for i overkant av 26 mill. kroner i 2016.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,8 mill. kroner, frå 30,6 til 26,8 mill. kroner.

Post 73 Årsavgift Merkeregisteret

Det er nå anslått å vere grunnlag for å inntektsføre avgifter for om lag 8 mill. kroner i 2016.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,55 mill. kroner, frå 9,55 til 8 mill. kroner.

Post 74 Fiskeriforskingsavgift

Det vil bli høgare inntekter på denne posten som følgje av høgare anslag på førstehandsverdien på omsetjing av fisk i 2016 enn det som blei lagt til grunn ved budsjetteringa av posten.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 33,8 mill. kroner, frå 198,5 til 232,3 mill. kroner.

Kap. 5612 Renter frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Post 81 Renter av ansvarleg lån

I juni 2015 løyvde Stortinget eit ansvarleg lån på 205 mill. kroner til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) for å bidra til å styrkje selskapets likviditet, jf. Prop. 118 S og Innst. 343 S (2014–2015). Avtalt forfallsdato for lånet var 31. desember 2016 og med ein rentesats på 15 pst. p.a. Vidare skulle låntakar i følgje låneavtalen betale eit etableringsgebyr på 1,5 pst. på dato for tilbakebetaling av lånet.

I april 2016 løyvde Stortinget 26 mill. kroner til renter på det ansvarlege lånet fram til 1. april 2016. Vidare vart Nærings- og fiskeridepartementet gitt fullmakt til å kunne konvertere det ansvarlege lånet til eigenkapital i SNSK i 2016. Stortinget ga også samtykke til at departementet i 2016 kunne inntektsføre utan løyving renter på det ansvarlege lånet etter 1. april 2016 og fram til tidspunktet for konvertering, jf. Prop. 52 S og Innst. 214 S (2015–2016).

Det ansvarlege lånet på 205 mill. kroner blei vedteke konvertert til eigenkapital 18. mai 2016. Nærings- og fiskeridepartementet gjer såleis framlegg om å løyve 6,5 mill. kroner, 3,5 mill. kroner i renter for perioden 1. april til 18. mai og 3 mill. kroner i etableringsgebyr.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga på kap. 5612, post 81 med 6,5 mill. kroner, frå 26 til 32,5 mill. kroner.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer òg framlegg om å løyve tilsvarande beløp som eigenkapitalinnskot og tilhørande tapsavsetting, jf. kap. 950, postane 51 og 95.

Kap. 5613 Renter frå Siva SF

Post 80 Renter

SIVA SF kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Som følgje av rentestrukturen på statspapira til dei nye låna som SIVA har tatt opp i 2016, er det grunnlag for å auke renteinntektsløyvinga med 5 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner, frå 17,9 til 22,9 mill. kroner.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån til låneordningane sine til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året er det grunnlag for å redusere løyvinga på grunn av lågare rentesatsar enn tidlegare lagt til grunn.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 50 mill. kroner, frå 180 til 130 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar i selskap under NFD si forvalting

Post 85 Utbyte

I høve til tidlegare overslag for utbyte, som blei redusert til 12 345,5 mill. kroner i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2016, er innbetalt utbyte frå selskapa 129,9 mill. kroner høgare. Dette skuldast hovudsakeleg at det var lagt til grunn eit utbyte frå Entra ASA og Flytoget AS på hhv. 274,1 mill. kroner og 157 mill. kroner. Faktisk utdelt utbyte frå selskapa utgjorde 378,4 mill. kroner og 180,7 mill. kroner. I tillegg innbetalte Electronic Chart Centre AS 1,8 mill. kroner i utbyte.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 129,9 mill. kroner, frå 12 345,5 til 12 475,4 mill. kroner.

Til forsida