Prop. 26 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2020 m.m.)

Til innhaldsliste

3 Endringar på statsbudsjettet for 2020

Kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

Post 01 Driftsutgifter

Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 16. september 2020, er for perioden 16. september–31. desember 2020 rekna ut til 638,9 mill. kroner. Løyvingsoverslaget byggjer på lønsmassen i det statlege tariffområdet per 1. oktober 2019.

Overslaget omfattar alle tilsette som går inn under hovudtariffavtalane i staten. Meirutgifter som følgje av auka satsar for overtid og arbeidsgivaravgift er medrekna. Vidare er meirutgifter til pensjonspremiebetaling medrekna, jf. innføringa av ein forenkla modell for pensjonspremiebetaling for statlege verksemder omtalt i avsnitt 8.3 i Prop. 1 S (2016–2017) (Gul bok).

Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og forvaltningsbedrifter, blir dekte innafor budsjetta til verksemdene.

Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt fastsett i kontrakt, må sjølve dekkje meirutgiftene av lønsregulering innafor eksisterande budsjett.

Etter fråtrekk av det ovanfor nemnde, er meirutgiftene rekna til 479,1 mill. kroner. Etter vanleg praksis blir slike meirutgifter dekte ved at det blir ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, som Finansdepartementet får fullmakt til å fordele.

Kap. 502 Tariffavtalte avsetjingar

Post 71 Opplæring og utvikling av tillitsvalde

Departementet foreslår at tilskotet blir auka med 8,9 mill. kroner. Summen er rekna ut med bakgrunn i talet på årsverk og lønsmasse i statleg tariffområde per 1. oktober 2019.

Kap. 2309 Tilfeldige utgifter

Post 01 Driftsutgifter

Det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet m.m. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil bli redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2020 til hausten.