Prop. 27 S (2016–2017)

Endringar i statsbudsjettet 2016 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag til utgifts- og inntektsendringar på kapittelnivå

Kapittel 1700 Forsvarsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

378 953

409 325

417 315

70

Forsking og utvikling

33 108

33 108

32 039

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått netto auka med 7,990 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 3 mill. kroner knytte til organisasjonsutviklingsprosjektet der ein større flytteprosess blei sett i gong internt i Forsvarsdepartementet og mellom Forsvarsdepartementet og Forsvarsstaben. Føremålet er å bidra til meir effektive samhandlings- og avgjerdsprosessar og eit lågare årsverksforbruk, både i Forsvarsdepartementet og i Forsvarsstaben. Meirutgiftene fordeler seg mellom bygningsmessige tilpassingar, sikringstiltak, etablering av kortlesarar og bruk av flyttebyrå. Midlane er omdisponerte frå kap. 4710, post 47.

  • 2,700 mill. kroner knytte til diverse varer og tenester i 2016 som ikkje var føresett på budsjetteringstidspunktet. Midlane er omdisponerte frå kap. 4710, post 47.

  • 0,800 mill. kroner knytte til korreksjon frå Revidert nasjonalbudsjett i samband med Utanriksdepartementet si særavtale om tillegg, ytingar og godtgjering i utanrikstenesta. Midlane er omdisponerte frå kap. 4710, post 47.

  • 0,784 mill. kroner knytte til auka behov for innbetaling av kapitalelement i husleiga til Forsvarsbygg på kap. 4710, post 01, jf. omtale under kap. 4710, post 01.

  • 0,490 mill. kroner knytte til meirbehov i Etisk råd for forsvarssektoren. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1719, post 01.

  • 0,216 mill. kroner til å dekkja utgifter i samband med eit styremøte i Strategic Air Command i Bodø. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1719, post 78.

Post 73 Forsking og utvikling

Løyvinga på posten er føreslått redusert med 1,069 mill. kroner knytte til eit mindrebehov. Mindrebehovet er fordelt mellom fleire mindre prosjekt. Midlane er føreslått omdisponerte til kap. 1760, post 45.

Kapittel 1710 Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

300 592

300 592

317 192

47

Nybygg og nyanlegg

1 472 025

1 568 663

1 565 309

Post 45 Større nyanskaffingar og vedlikehald

Løyvinga på posten er føreslått netto auka med 16,600 mill. kroner i samband med ei omdisponering av midlar til inventar. Midlane er omdisponerte frå kap. 1760, post 01.

Post 47 Nybygg og nyanlegg

Løyvinga på posten er føreslått netto redusert med 3,354 mill. kroner knytte til justering av husleiga etter ny husleigemodell. Endringa i løyvinga kjem som følge av ei ny kalkulering av husleiga etter at ny husleigemodell er innført. Endringa i husleiga inneber justeringar på ei rekkje kapittel. Summen av alle endringar knytte til justering av husleiga er null.

Kapittel 4710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

4 287 299

4 287 299

4 272 718

47

Sal av eigedom

99 863

300 000

396 000

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er føreslått netto redusert med 14,511 mill. kroner.

Posten føreslås auka med:

  • 19,856 mill. kroner knytte til verknaden av lønsoppgjeret for 2016.

Meirinntekta inneber ingen endring av utgiftsramma på kap. 1710, post 01.

Posten føreslås redusert med:

  • 34,367 mill. kroner reduksjon i kapitalelementet i husleiga fordelt på Forsvarsbygg sine kundar. Reduksjonen skuldast forseinka overlevering i pågåande investeringsprosjekt i høve til føresetnaden i budsjettet. Endringane i inntekta frå kapitalelementet inneber tilsvarande endring for sektoren sine utgiftskapittel. Løyvinga føreslås redusert på kap. 1725, post 01 (0,294 mill. kroner), kap. 1731, post 01 (12,013 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (1,550 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (20,960 mill. kroner), kap. 1735, post 21 (2,458 mill. kroner) og kap. 1760, post 01 (2,623 mill. kroner). Løyvinga føreslås samstundes auka på kap. 1700, post 01 (0,784 mill. kroner), kap. 1716, post 51 (0,064 mill. kroner), kap. 1720, post 01 (0,062 mill. kroner), kap. 1723, post 01 (0,001 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (1,528 mill. kroner), kap. 1740, post 01 (1 mill. kroner) og kap. 1795, post 01 (2,092 mill. kroner).

Mindreinntektene fører med seg ein parallell endring av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Post 47 Nybygg og nyanlegg

Løyvinga på posten er føreslått auka med 96 mill. kroner knytte til utbetaling i samband med endeleg avtale med Avinor om sal av luftfartskritisk areal på Værnes.

Midlane føreslås nytta til:

  • 29,489 mill. kroner knytte til dekning av meirbehov i samband med meirutgifter grunna valutaendringar. Valutakostnadene i Forsvaret er auka utover kva som ligg til grunn i budsjettet, mens det samstundes er innsparingar i samband med kjøp av drivstoff. Utgiftsaukane ligg på kap. 1720, post 01 (0,450 mill. kroner), kap. 1725, post 01 (0,248 mill. kroner), kap. 1731, post 01 (0,898 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (44,705 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (0,163 mill. kroner) og kap. 1740, post 01 (22,285 mill. kroner). Aukane i utgifter føreslås dekkja med meirinntekter frå kap. 4710, post 47 (29,489 mill. kroner) samt løyvingsreduksjonar på kap. 1732, post 01 (6,671 mill. kroner) og 1790, post 01 (32,589 mill. kroner).

  • 29 mill. kroner knytte til meirutgifter til vedlikehald av maritime patruljefly. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1733, post 01.

  • 7 mill. kroner knytte til endringar i valutakursen mot Euro. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1719, post 78.

  • 6 mill. kroner knytte til meirutgifter for å støtte med et NASAMS rakettsystem i samband med gjennomføringa av NATO-toppmøtet i Warszawa 8.–9. juli 2016. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1733, post 01.

  • 5 mill. kroner knytte til anskaffing og installasjon av nødvendig IT-utstyr i Situasjonssenteret i Forsvarsstaben. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1760, post 45.

  • 4,780 mill. kroner føreslås omdisponerte til kjøp av reservedelar på kap. 4760, post 45.

  • 3,986 mill. kroner i samband med anskaffingar av ein nødvendig funksjon i regnskapssystemet SAP for å lette omorganiseringa i Forsvaret og Forsvarsmateriell. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1725, post 01.

  • 3,645 mill. kroner knytte til endringar i valutakursen. Dette gjeld årets siste delbetaling til ANA Trust Fund, ein av Noreg sine forpliktingar til NATO, som inneber eit meirbehov. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 3 mill. kroner knytte til organisasjonsutviklingsprosjektet der ein større flytteprosess blei sett i gong i Forsvarsdepartementet og Forsvarsstaben. Midlane føreslås omdisponerte til kap.1700, post 01.

  • 2,700 mill. kroner knytte til diverse varer og tenester i 2016, som ikkje var føresett på budsjetteringstidspunktet. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1700, post 01.

  • 0,800 mill. kroner knytte til ein korreksjon frå Revidert nasjonalbudsjett i samband med Utanriksdepartementet si særavtale om tillegg, ytingar og godtgjering i utanrikstenesta. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1700, post 01.

  • 0,600 mill. kroner i samband med meirbehov ved generalsekretær Jens Stoltenberg sin stab. Meirbehovet skuldast endringar i personalsamansetjinga i staben samt endringar i valutakursen. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1719, post 01.

Meirinntektene fører med seg ei parallell auke av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Kapittel 1716 Forsvarets forskingsinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

51

Tilskot til Forsvarets forskingsinstitutt

188 763

187 567

187 631

Post 51 Tilskot til Forsvarets forskingsinstitutt

Løyvinga på posten er føreslått auka med 0,064 mill. kroner knytte til auka kapitalelement i husleiga til Forsvarsbygg på kap. 4710, post 01, jf. omtale under kap. 4710, post 01.

Kapittel 1719 Fellesutgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

329 345

341 256

324 858

21

Spesielle driftsutgifter

118 541

118 541

130 541

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

15 229

13 429

2 999

71

Overføringar til andre

58 779

58 779

54 783

78

Noregs tilskot til NATOs og internasjonale driftsbudsjett

267 540

282 540

299 754

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått netto redusert med 16,398 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 2,276 mill. kroner til dekning av meirutgifter knytte til Tryggleiksutvalet. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1719, post 71.

  • 0,600 mill. kroner i samband med meirbehov i generalsekretær Jens Stoltenberg sin stab. Meirbehovet skuldast endringar i personalsamansetjing i staben og endringar i valutakursen. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 4710, post 47.

Posten er føreslått redusert med:

  • 9 mill. kroner knytte til flypassasjeravgift på reiser som personell i Forsvaret har rett på. Disse reisene finansierast av Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO), og midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

  • 4,500 mill. kroner knytte til vertslandsstøtte for nærvær av ei amerikansk rotasjonsstyrke på Værnes. Dei amerikanske styrkene vil i all hovudsak sjølv bera dei laupande utgiftene, men Forsvaret får utgifter til klargjering av bygg og lagringsområde. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1734, post 01.

  • 4,290 mill. kroner knytte til eit mindreforbruk på posten. Midlane føreslås nytta til innkjøp av reservedelar og omdisponerte til kap. 1760, post 45.

  • 0,994 mill. kroner i samband med flytting av ein administrativ stillingsheimel frå militærmisjonen i Brussel til Supreme Headquarters Allied Powers Europe. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1725, post 01.

  • 0,490 mill. kroner knytte til budsjettbehov for Etisk råd for forsvarssektoren. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1700, post 01.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått auka med 12 mill. kroner knytte til eit meirbehov til den særskilde kompensasjonsordninga for veteranar med psykiske belastningsskadar.

Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

Løyvinga på posten er føreslått redusert med 10,430 mill. kroner.

Posten består av midlar som er disponerte av forsvarsministeren til spesielle behov som krev rask avklaring og som oppstår i løpet av året. Ved å ha ein slik post medverkar ein til auka førseielegheit på dei andre utgiftspostane, ved at dei budsjettansvarlege kan gjennomføra sin verksemd med tryggleik om rammeføresetnadane. Vilkåra ligg dermed til rette for god økonomistyring. Dersom midlane ikkje blir nytta, blir dei føreslått stilt til disposisjon for å balansere andre kapittel under Forsvarsdepartementet. Midlane blir føreslått omdisponerte til kap. 1719, post 78. knytte til periodisering av fakturaer til NATO.

Post 71 Overføringar til andre

Løyvinga på posten er føreslått redusert med 3,996 mill. kroner.

Posten er føreslått redusert med:

  • 2,276 mill. kroner til dekning av meirutgifter knytte til Tryggleiksutvalet. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1719, post 01.

  • 1,284 mill. kroner føreslås omdisponerte til materiellinvesteringar på kap. 1760, post 45.

  • 0,436 mill. kroner knytte til et mindreforbruk på Nasjonalt opplysningskontor i tilfelle krig eller anna væpna konflikt. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1760, post 45.

Post 78 Noregs tilskot til NATOs og internasjonale driftsbudsjett

Løyvinga på posten er føreslått auka med 17,214 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 10,430 mill. kroner knytte til periodisering av fakturaer frå NATO. Tidligare i 2016 blei fakturaer frå 2015 betalt. I tillegg er forskotsbetalingar til NATO for 2017 høgare enn føresett. Dette har medført eit meirbehov på posten. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1719, post 43.

  • 7 mill. kroner knytte til endringar i valutakursen mot Euro. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 4710, post 47.

Posten er føreslått redusert med:

  • 0,216 mill. kroner til å dekke utgifter i samband med eit styremøte i Strategic Air Command i Bodø og føreslås omdisponerte til kap. 1700, post 01.

Kapittel 1720 Felles leiing og kommandoapparat

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

3 842 312

3 766 041

3 832 934

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått netto auka med 66,893 mill. kroner

Posten er føreslått auka med:

  • 51,366 mill. kroner knytte til kritisk IKT-anskaffing til Cyberforsvaret for å behalde tryggleiksgodkjenning av FISBasis Begrensa og FISBasis Hemmeleg/NATO Secret. Utgiftsauka føreslås dekkja med løyvingsreduksjonar på fleire andre kapittel, medrekna kap. 1725, post 01 (0,966 mill. kroner), kap. 1731, post 01 (29,650 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (10,650 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (4,267 mill. kroner), kap. 1740, post 01 (4,833 mill. kroner), kap og 1760, post 01 (1 mill. kroner).

  • 8,697 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4720, post 01. Midlane er føreslått nytta til å finansiere tidligare pådratte utgifter knytte til alliert trening og øving i Noreg.

  • 5,284 mill. kroner knytte til anskaffing av våpen med tilbehør og reservedeler. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1725, post 01.

  • 5,149 mill. kroner for dekning av utgifter til forsyning og leige av EBA som nyttast til trening og øving. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 4,500 mill. kroner knytte til meirutgifter i samband med stabilisering av drift på prosjekt 2814 Logistikkprosjektet. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1725, post 70.

  • 4,417 mill. kroner knytte til endringar for å ta vare på ansvaret for reinhald i Forsvarssektoren. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 3,800 mill. kroner knytte fellesøvingar i 2016. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1731, post 01.

  • 3,500 mill. kroner knytte til anskaffing av norsk referanseløysing for NATOs Future Mission Networking. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1725, post 01.

  • 3 mill. kroner knytte til anskaffing av strategisk transportsystem. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1790, post 01.

  • 2,900 mill. kroner knytte til etableringsutgifter ved anskaffing av Intelligent Collection Management Tool. Dette er eit IT-verkty som nyttast i samband med etterretning. Midlane føreslås omdisponerte frå fleire kapittel. Utgiftsauka føreslås dekkja med løyvingsreduksjonar på fleire andre kapittel, medrekna kap. 1732, post 01 (0,420 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (1,093 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (0,252 mill. kroner), kap. 1735, post 21 (1,051 mill. kroner) og kap. 1740, post 01 (0,084 mill. kroner).

  • 2,272 mill. kroner knytte til utdanning ved National Defence University/National War College, Washington (0,477 mill. kroner), kurértenester til støtteelement i Norfolk og Tampa (0,200 mill. kroner) og prosjektet Det norske forsvar på Balkan (1,625 mill. kroner). Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1725, post 01.

  • 1,376 mill. kroner knytte til masterutdanning i USA. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1731, post 01.

  • 0,730 mill. kroner knytte til ingeniørstøtte til F-35 prosjektet. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1761, post 01.

  • 0,450 mill. kroner knytte til meirbehov i Forsvaret etter endringar i valutakursane, jf. omtale under kap. 4710, post 47. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 4710, post 47.

  • 0,062 mill. kroner knytte til auka behov for innbetaling av kapitalelement i husleiga til Forsvarsbygg på kap. 4710, post 01, jf. omtale under kap. 4710, post 01.

Posten er føreslått redusert med:

  • 9,512 mill. kroner knytte til initialanskaffingar av diverse instrumenter og utstyr. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

  • 7,162 mill. kroner knytte til manglande finansiering ved reanskaffing av materiell som følge av den valde prismodellen ved innføring av forvaltningssystemet FIF 3.0 og til reparasjon av sprekkdanningar på F-16. Midlane føreslås omdisponerte til høvesvis kap. 1740, post 01 (7,136 mill. kroner) og kap. 1733, post 01 (0,026 mill. kroner).

  • 3,800 mill. kroner knytte til interne effektiviseringstiltak i Forsvarsmateriell. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1760, post 01.

  • 3,750 mill. kroner knytte til styrkevern under øving Cold Response 2016. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1734, post 01.

  • 2,230 mill. kroner til justering av husleiga etter ny husleigemodell, jf. omtale under kap. 1710, post 47.

  • 0,889 mill. kroner knytte til leveranse av medisinske gassar frå FLO (0,147 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01, intern effektivisering (0,506 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01, renovering av kvartermateriell (0,068 mill. kroner) og diverse vedlikehald (0,168 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

  • 0,850 mill. kroner knytte til doktorgradsstipendiat ved krigsskolen i Hæren og Forsvarets etterretningshøgskole. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1725, post 01 (0,425 mill. kroner) og kap. 1731, post 01 (0,425 mill. kroner).

  • 0,732 mill. kroner knytte til gjennomføring av vognføraropplæring og materiellspesifikk utdanning, jf. omtale under kap. 1731, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,663 mill. kroner knytte til alliert treningssenter sitt uttak av tenester ved Garnisonen i Porsanger. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1734, post 01.

  • 0,306 mill. kroner knytte til utlysing av sivile stillingar, jf. omtale under kap. 1725, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1725, post 01.

  • 0,304 mill. kroner knytte til Hæren si drift av velferdstilbod. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,218 mill. kroner knytte til avgjeving av EBA til Sjøforsvaret. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1732, post 01.

  • 0,179 mill. kroner knytte til utdanning av tenestehundar. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,015 mill. kroner knytte til kursavgift ved nasjonalt logistikkurs. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1732, post 01.

Kapittel 4720 Felles leiing og kommandoapparat

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

67 066

113 227

121 924

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er føreslått auka med 8,697 mill. kroner knytte til alliert trening og øving i Noreg.

Meirinntektene fører med seg ei parallell auke av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Kapittel 1723 Nasjonalt tryggingsorgan

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

224 962

227 767

244 168

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått auka med 16,401 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 15,800 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4723, post 01, og gjeld diverse inntekter og refusjonar. Inntektene er føreslått nytta til dekning av utgifter i samband med gjennomføring av konferansar og kurs samt utgifter knytte til Norwegian Computer Emergency Response Team. Vidare gjeld inntektene løns- og reiseutgifter knytte til oppdrag for kundar.

  • 0,600 mill. kroner knytte til Forsvaret sitt bidrag til kurssenter for førebyggjande tryggleik. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1725, post 01.

  • 0,001 mill. kroner knytte til auka behov for innbetaling av kapitalelement i husleiga til Forsvarsbygg på kap. 4710, post 01, jf. omtale under kap. 4710, post 01.

Kapittel 4723 Nasjonalt tryggingsorgan

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

9 182

9 182

24 982

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er føreslått auka med 15,800 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 4,500 mill. kroner knytte til refusjonar av lønsutgifter i samband med diverse oppdrag.

  • 4,300 mill. kroner knytte til refusjonar av reiseutgifter i samband med diverse oppdrag.

  • 2,200 mill. kroner knytte til innbetalingar frå bruker.

  • 2,100 mill. kroner knytte til meirinntekter i samband med diverse tryggingsoppdrag.

  • 1,400 mill. kroner knytte til meirinntekter frå betalande medlemmer og partnarar i Nasjonal tryggingsorgan Norwegian Computer Emergency Response Team.

  • 1,300 mill. kroner knytte til innbetalingar av konferanseinntekter og kursavgifter.

Meirinntektene fører med seg ei parallell auke av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Kapittel 1725 Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

2 009 923

2 070 503

2 048 322

70

Renter låneordning

9 408

9 408

0

71

Overføringar til andre

19 156

19 156

19 256

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått netto redusert med 22,181 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 3,986 mill. kroner i samband med anskaffingar av naudsynte funksjonar i regnskapssystemet SAP for å lette omorganiseringa i Forsvaret og Forsvarsmateriell. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 4710, post 47.

  • 3,800 mill. kroner knytte til Noregs bidrag med Voluntary National Contributions stillingar i høvesvis JFC Brunssum, MARCOM Northwood, AIRCOM Ramstein, og LANDCOM Izmir. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 2,403 mill. kroner knytte til utgifter til eksterne konsulentar. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1725, post 70.

  • 1,916 mill. kroner etter justering av husleiga etter ny husleigemodell, jf. omtale under kap. 1710, post 47.

  • 1,900 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4725, post 01.

  • 1,360 knytte til utlysing av sivile stillingar. Løyvingsendringa gjeld utlysing av sivile stillingar som blir gjort sentralt av Forsvarets mediesenter. Utgiftsauka føreslås dekkja med løyvingsreduksjonar på fleire andre kapittel, medrekna kap. 1720, post 01 (0,306 mill. kroner), kap. 1731, post 01 (0,223 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (0,074 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (0,161 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (0,048 mill. kroner), kap. 1740, post 01 (0,508 mill. kroner), kap og 1760, post 01 (0,017 mill. kroner) og kap. 1795, post 01 (0,023 mill. kroner).

  • 0,994 mill. kroner i samband med flytting av ei administrativ stilling frå militærmisjonen i Brussel til Supreme Headquarters Allied Powers Europe. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1719, post 01.

  • 0,425 mill. kroner knytte til doktorgradsstipendiat ved krigsskolen i Hæren og Forsvarets etterretningshøgskole. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 0,248 mill. kroner knytte til meirbehov i Forsvaret etter endringar i valutakursane, jf. omtale under kap. 4710, post 47. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 4710, post 47.

Posten er føreslått redusert med:

  • 10 mill. kroner knytte til meirbehov i Luftforsvaret grunna manglande inntekter frå Avinor i samband med samarbeidsavtalene for avtaleåra 2010–2015. Usemja blir behandla gjennom skilsdom. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1733, post 01.

  • 5,284 mill. kroner knytte til anskaffing av våpen med tilbehør og reservedelar. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 4,816 mill. kroner knytte til eit militært område i Trøndelag kor det er alliert førehandslagra materiell. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

  • 4,138 mill. kroner knytte til ikkje føresette utgifter som følge av hotellstreiken (0,750 mill. kroner) og økonomiske utfordringar i Forsvaret si avdeling for kultur og tradisjon som følge av redusert løyving til EBA (3,388 mill. kroner). Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1795, post 01.

  • 4 mill. kroner i samband med styrking av Hæren for å oppretthalde føresett aktivitet. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 3,500 mill. kroner knytte til anskaffing av norsk referanseløysing for NATOs Future Mission Networking. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 2,404 mill. kroner knytte til endringar for å ta vare på ansvaret for reinhald i Forsvarssektoren, jf. omtale under kap. 1733, post 01. Midlane nyttast til reparasjon av sprekkdanningar på F-16 og føreslås omdisponerte til kap. 1733, post 01.

  • 2,272 mill. kroner knytte til utdanning ved National Defence University/National War College, Washington (0,477 mill. kroner), kurértenester til støtteelement i Norfolk og Tampa (0,200 mill. kroner) og prosjektet Det norske forsvar på Balkan (1,625 mill. kroner). Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,966 mill. kroner knytte til kritisk IKT-anskaffing for å behalde tryggleiksgodkjenning av FISBasis Begrensa og FISBasis Hemmeleg/NATO Secret, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,600 mill. kroner knytte til Forsvaret sin medverking til kurssenter for førebyggjande tryggleikt føreslås omdisponerte til kap. 1723, post 01.

  • 0,294 mill. kroner knytte til redusert kapitalelement i husleiga til Forsvarsbygg på kap. 4710, post 01, jf. omtale under kap. 4710, post 01.

  • 0,228 mill. kroner knytte til Forsvaret sin støtte til Justis- og beredskapsdepartementet med transport og utlevering av køyesenger til flyktningmottak. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

  • 0,192 mill. kroner knytte til kursavgift ved nasjonalt logistikkurs. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1732, post 01.

  • 0,179 mill. kroner knytte til utdanning av tenestehundar. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,172 mill. kroner knytte til reparasjon av sprekkdanning på F-16. Midlane føreslås omdisponerte til 1733, post 01.

  • 0,147 mill. kroner knytte til effektivisering (0,135 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01 og diverse vedlikehald (0,012 mill. kroner). Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

  • 0,021 mill. kroner knytte til gjennomføring av vognføraropplæring og materiellspesifikk utdanning, jf. omtale under kap. 1731, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

Post 70 Renter låneordning

Løyvinga på posten er føreslått redusert med 9,408 mill. kroner. Mindrebehovet på posten oppstår som følge av eit lågt rentenivå og oppseiing av ordninga i sin heilhet frå 31. desember 2016.

Posten er føreslått redusert med:

  • 4,500 mill. kroner er knytte til meirutgifter i samband med stabilisering av drift på prosjekt 2814 Logistikkprosjektet. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 2,505 mill. kroner knytte til Forsvaret sin støtte til Justis- og beredskapsdepartementet med transport og utlevering av køyesenger til flyktningmottak. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

  • 2,403 mill. kroner i mindrebehov føreslås omdisponerte til kap. 1725, post 01.

Post 71 Overføring til andre

Løyvinga på posten er føreslått auka med 0,100 mill. kroner etter justering av husleiga etter ny husleigemodell, jf. omtale under kap. 1710, post 47.

Kapittel 4725 Fellesinstitusjonar og -inntekter under Forsvarsstaben

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

60 682

60 682

62 582

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er føreslått auka med 1,900 mill. kroner knytte til internasjonale stillingar og diverse meirinntekter.

Meirinntektene fører med seg ei parallell auke av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Kapittel 1731 Hæren

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

5 262 935

5 389 059

5 432 920

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått netto auka med 43,861 mill. kroner.

Posten blir føreslått auka med:

  • 39,500 mill. kroner i samband med styrking av kapitlet for å gjennomføre føresett aktivitet. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1733, post 01 (35,500 mill. kroner) og kap. 1725, post 01 (4 mill. kroner).

  • 30 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4731, post 01. Midlane skal nyttast til å dekkja utgifter knytte til messer og verkstader, samt utgifter i samband med oppdragsløysningar for Etterretningstenesta.

  • 30 mill. kroner som følge av ein endring i ammunisjonsforvaltinga etter innføring av forvaltningssystemet FIF 3.0. I 2015 hadde Hæren eigne lager av ammunisjon, men i 2016 har FLO overtatt eigarskap til alle lagre og belastar kundane etter kva som blir forbrukt. Hæren er blitt belasta for bruk av ammunisjon henta frå eige lager, og dette blir kompensert. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1740, post 01.

  • 5,420 mill. kroner knytte til grunnlønsutgifter for personell i internasjonale operasjoner. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1792, post 01.

  • 2,529 mill. kroner knytte til gjennomføring av vognføraropplæring og materiellspesifikk utdanning. Forsvarets kompetansesenter for logistikk gjennomfører vognføraropplæring og materiellspesifikk utdanning for kundar på andre kapittel. Utgiftsauka føreslås å gje løyvingsreduksjonar på fleire kapittel, medrekna kap. 1720, post 01 (0,732 mill. kroner), kap. 1725, post 01 (0,021 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (0,179 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (0,480 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (0,119 mill. kroner), kap. 1740, post 01 (0,132 mill. kroner) og kap. 1792, post 01 (0,866 mill. kroner).

  • 1,967 mill. kroner knytte til utdanning av tenestehundar. Midlane føreslås omdisponerte frå fleire kapittel.

  • 0,980 mill. kroner knytte til Hæren si drift av velferdstilbod. Midlane føreslås omdisponerte frå fleire kapittel.

  • 0,898 mill. kroner knytte til meirbehov i Forsvaret etter endringar i valutakursane, jf. omtale under kap. 4710, post 47. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 4710, post 47.

  • 0,425 mill. kroner knytte til doktorgradsstipendiat ved krigsskolen i Hæren og Forsvarets etterretningshøgskole. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

Posten blir førelått redusert med:

  • 30,033 mill. kroner knytte til kritisk IKT-anskaffing for å behalde tryggleiksgodkjenning av FISBasis Begrensa og FISBasis Hemmeleg/NATO Secret, jf. omtale under kap. 1720, post 01 samt til reparasjon av sprekkdanningar på F-16. Midlane føreslås omdisponerte til høvesvis kap. 1720, post 01 (29,650 mill. kroner) og kap. 1733, post 01 (0,383 mill. kroner).

  • 12,013 mill. kroner knytte til redusert kapitalelement i husleiga til Forsvarsbygg på kap. 4710, post 01, jf. omtale under kap. 4710, post 01.

  • 8,489 mill. kroner knytte til endringar for å ta vare på ansvaret for reinhald i Forsvarssektoren, jf. omtale under kap. 1733, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1733, post 01.

  • 5,277 mill. kroner knytte til grunnløn for personell som inngår i etterretningsoppdrag for internasjonale operasjoner. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 5,267 mill. kroner etter justering av husleiga etter ny husleigemodell, jf. omtale under kap. 1710, post 47.

  • 3,800 mill. kroner knytte fellesøvingar i 2016. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 1,402 mill. kroner knytte til leveranse av medisinske gassar frå FLO (0,358 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01, effektivisering (0,437 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01, renovering av kvartermateriell (0,002 mill. kroner) og diverse vedlikehald (0,605 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

  • 1,354 mill. kroner knytte til masterutdanning i USA. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,223 mill. kroner knytte til utlysing av sivile stillingar, jf. omtale under kap. 1725, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1725, post 01.

Kapittel 4731 Hæren

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

65 911

65 911

95 911

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er føreslått auka med 30 mill. kroner som følge av auka salsinntekter knytte til drift av messer og verkstader, samt inntekter i samband med oppdragsløysning for Etterretningstenesta.

Meirinntektene fører med seg ei parallell auke av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Kapittel 1732 Sjøforsvaret

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

3 890 479

3 858 308

3 852 657

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått netto redusert med 5,651 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 21 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4732, post 01. Midlane skal nyttast til å dekke utgifter i samband med at det polske forsvaret utførte testskyting med Naval Strike Missile tidligare i 2016. Dette gjeld mellom anna reanskaffing av ammunisjon.

  • 5,680 mill. kroner som følge av overføring av oppgåver og prosessar frå Kystvakta til Sjøforsvaret. Overføringane gjeld i hovudsak personell i forvaltningsrelaterte funksjonar og sanitetspersonell. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1790, post 01.

  • 1,538 mill. kroner etter justering av husleiga etter ny husleigemodell, jf. omtale under kap. 1710, post 47.

  • 1,146 mill. kroner som følge av avgjeving av EBA frå FLO. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1740, post 01.

  • 0,441 mill. kroner knytte til kursavgift ved nasjonalt logistikkurs. Midlane føreslås omdisponerte frå fleire kapittel.

  • 0,218 mill. kroner knytte til avgjeving av EBA. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

Posten er føreslått redusert med:

  • 10 mill. kroner knytte til finansiering av materielluttak frå prosjektet Driftsløysing nye fregattar. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

  • 10 mill. kroner knytte til interne effektiviseringstiltak i Forsvarsmateriell. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1760, post 01.

  • 6,671 mill. kroner knytte til meirbehov i Forsvaret etter endringar i valutakursane, jf. omtale under kap. 4710, post 47. Midlane føreslås omdisponerte til fleire kapittel.

  • 4,320 mill. kroner knytte til endringar for å ta vare på ansvaret for reinhald i Forsvarssektoren, jf. omtale under kap. 1733, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1733, post 01.

  • 1,550 mill. kroner knytte til redusert kapitalelement i husleiga til Forsvarsbygg på kap. 4710, post 01, jf. omtale under kap. 4710, post 01.

  • 1,226 mill. kroner knytte til leveranse av medisinske gassar frå FLO (0,933 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01, effektivisering (0,145 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01, og diverse vedlikehald (0,148 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

  • 1,055 mill. kroner knytte til grunnløn for personell som inngår i etterretningsoppdrag for internasjonale operasjoner. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 0,420 mill. kroner knytte til etableringsutgifter ved anskaffing av Intelligent Collection Management Tool, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,179 mill. kroner knytte til gjennomføring av vognføraropplæring og materiellspesifikk utdanning, jf. omtale under kap. 1731, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,179 mill. kroner knytte til utdanning av tenestehundar. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,074 mill. kroner knytte til utlysing av sivile stillingar, jf. omtale under kap. 1725, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1725, post 01.

Kapittel 4732 Sjøforsvaret

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

54 305

54 305

75 305

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er føreslått auka med 21 mill. kroner som følge av refusjonar frå det polske forsvar i samband med testskyting med Naval Strike Missile.

Meirinntektene fører med seg ei parallell auke av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Kapittel 1733 Luftforsvaret

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

4 759 844

4 818 399

4 932 694

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått netto auka med 114,295 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 96,237 mill. kroner knytte til operativ testing og evaluering av helikopter av typen NH90. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1790, post 01.

  • 44,705 mill. kroner knytte til meirbehov i Forsvaret etter endringar i valutakursane, jf. omtale under kap. 4710, post 47. Midlane føreslås omdisponerte frå fleire kapittel.

  • 29 mill. kroner knytte til meirutgifter til vedlikehald av maritime patruljefly. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 4710, post 47.

  • 24,950 mill. kroner knytte til reparasjon av sprekkdanningar på F-16. Midlane føreslås omdisponerte frå ei rekkje kapittel i samband med frigjorte midlar etter endringar i ansvaret for reinhald i Forsvarssektoren. Forsvaret har inngått ei avtale med ein ny ekstern leverandør av reinhaldstenestar. Den nye avtala gir lågare utgifter til reinhald på nesten alle driftspostar i Forsvaret. Utgiftsauka på posten føreslås dekkja frå fleire kapittel, medrekna kap. 1720, post 01 (0,026 mill. kroner), kap. 1725, post 01 (2,576 mill. kroner), kap. 1731, post 01 (8,872 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (4,320 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (2,766 mill. kroner), kap. 1740, post 01 (5,084 mill. kroner), kap. 1790, post 01 (0,255 mill. kroner), kap. 1791, post 01 (0,405 mill. kroner) og kap. 1795, post 01 (0,646 mill. kroner).

  • 10 mill. kroner for å sikre minimum militær, luftoperativ drift på Rygge etter at Rygge Sivile Lufthamn AS avviklast.

  • 10 mill. kroner knytte til manglande inntekter frå Avinor i samband med samarbeidsavtalane for avtaleåra 2010–2015, kor usemja blir handsama gjennom skilsdom. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1725, post 01.

  • 6 mill. kroner knytte til støtte med NASAMS rakettsystem ved gjennomføring av NATO-toppmøtet i Warszawa 8.–9. juli 2016. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 4710, post 47.

  • 3,101 mill. kroner etter justering av husleiga etter ny husleigemodell, jf. omtale under kap. 1710, post 47.

  • 1,287 mill. kroner knytte til grunnlønsutgifter for personell i internasjonale operasjoner. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1792, post 01.

Posten er føreslått redusert med:

  • 35,500 mill. kroner i samband med styrking av Hæren for gjennomføring av føresett aktivitet. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 20,960 mill. kroner knytte til redusert kapitalelement i husleiga til Forsvarsbygg på kap. 4710, post 01, jf. omtale under kap. 4710, post 01.

  • 20 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsreduksjon på kap. 4733, post 01. Dei reduserte inntektene frå Avinor på Bodø flystasjon inneber tilsvarande lågare utgifter. Dette gjeld generell drift av flystasjonen.

  • 10,650 mill. kroner knytte til kritisk IKT-anskaffing for å behalde tryggleiksgodkjenning av FISBasis Begrensa og FISBasis Hemmeleg/NATO Secret, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 8,978 mill. kroner for dekning av utgifter til forsyning og leige av EBA som nyttast til trening og øving. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01 (5,149 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (0,159 mill. kroner) og kap. 1740, post 01 (3,670 mill. kroner).

  • 4,417 mill. kroner knytte til endringar for å ta vare på ansvaret for reinhald i Forsvarssektoren. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 3,800 mill. kroner knytte til Noregs bidrag med Voluntary National Contributions stillingar i høvesvis JFC Brunssum, MARCOM Northwood, AIRCOM Ramstein, og LANDCOM Izmir. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1725, post 01.

  • 2,336 mill. kroner knytte til leveranse av medisinske gassar frå FLO (0,147 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01, intern effektivisering (2,121 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01, renovering av kvartermateriell (0,013 mill. kroner) og diverse vedlikehald (0,055 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

  • 1,430 mill. kroner knytte til utdanning av tenestehundar. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 1,093 mill. kroner knytte til etableringsutgifter ved anskaffing av Intelligent Collection Management Tool, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,499 mill. kroner knytte til Hæren si drift av velferdstilbod. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,480 mill. kroner knytte til gjennomføring av vognføraropplæring og materiellspesifikk utdanning, jf. omtale under kap. 1731, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,381 mill. kroner knytte til initialanskaffing av diverse instrument og utstyr. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

  • 0,285 mill. kroner knytte til grunnløn for personell som inngår i etterretningsoppdrag for internasjonale operasjoner. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 0,161 mill. kroner knytte til utlysing av sivile stillingar, jf. omtale under kap. 1725, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1725, post 01.

  • 0,015 mill. kroner knytte til kursavgift ved nasjonalt logistikkurs. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1732, post 01.

Kapittel 4733 Luftforsvaret

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

183 233

183 233

163 233

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er føreslått redusert med 20,000 mill. kroner i samband med reduserte inntekter frå Avinor på Bodø flystasjon.

Mindreinntektene fører med seg ein parallell reduksjon av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Kapittel 1734 Heimevernet

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

1 213 630

1 239 317

1 243 466

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått netto auka med 4,149 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 4,500 mill. kroner knytte til vertslandsstøtte for nærvær av ein amerikansk rotasjonsstyrke på Værnes frå 2017. Dei amerikanske styrkene vil i all hovudsak sjølve bere dei laupande utgiftene, men Forsvaret får utgifter til å klargjere bygg og lagringsområde. Midlane føreslås omdisponerte frå 1719, post 01.

  • 3,750 mill. kroner knytte til styrkevern under øving Cold Response 2016. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 2,403 mill. kroner etter justering av husleiga etter ny husleigemodell, jf. omtale under kap. 1710, post 47.

  • 1,528 mill. kroner knytte til auka behov for innbetaling av kapitalelement i husleiga frå Forsvarsbygg på kap. 4710, post 01, jf. omtale under kap. 4710, post 01.

  • 0,663 mill. kroner knytte til alliert treningssenter sitt uttak av tenester ved Garnisonen i Porsanger. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 0,163 mill. kroner knytte til meirbehov i Forsvaret etter endringar i valutakursane, jf. omtale under kap. 4710, post 47. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 4710, post 47.

  • 0,159 mill. kroner for dekning av utgifter til forsyning og leie av EBA som nyttast til øving og trening. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

Posten er føreslått redusert med:

  • 4,267 mill. kroner knytte til kritisk IKT-anskaffing for å behalde tryggleiksgodkjenning av FISBasis Begrensa og FISBasis Hemmeleg/NATO Secret, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 2,766 mill. kroner knytte til endringar for å ta vare på ansvaret for reinhald i Forsvarssektoren, jf. omtale under kap. 1733, post 01. Midlane nyttast til reparasjon av sprekkdanning på F-16 og føreslås omdisponerte til kap. 1733, post 01.

  • 0,933 mill. kroner knytte til leveranse av medisinske gassar frå FLO (0,216 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01, intern effektivisering (0,091 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01, renovering av kvartermateriell (0,024 mill. kroner) og diverse vedlikehald (0,602 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

  • 0,494 mill. kroner knytte til grunnløn for personell som inngår i etterretningsoppdrag for internasjonale operasjoner. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 0,252 mill. kroner knytte til etableringsutgift ved anskaffing av Intelligent Collection Management Tool, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,119 mill. kroner knytte til gjennomføring av vognføraropplæring og materiellspesifikk utdanning, jf. omtale under kap. 1731, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,071 mill. kroner knytte til Hæren si drift av velferdstilbod. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,048 mill. kroner knytte til utlysing av sivile stillingar, jf. omtale under kap. 1725, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1725, post 01.

  • 0,045 mill. kroner knytte til kursavgift ved nasjonalt logistikkurs. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1732, post 01.

  • 0,022 mill. kroner knytte til masterutdanning i USA. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Kapittel 1735 Etterretningstenesta

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

21

Spesielle driftsutgifter

1 549 955

1 563 455

1 558 348

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått netto redusert med 5,107 mill. kroner.

Posten er føreslått redusert med:

  • 2,458 mill. kroner knytte til redusert kapitalelement i husleiga til Forsvarsbygg på kap. 4710, post 01, jf. omtale under kap. 4710, post 01.

  • 1,098 mill. kroner etter justering av husleiga etter ny husleigemodell, jf. omtale under kap. 1710, post 47.

  • 1,051 mill. kroner knytte til etableringsutgift ved anskaffing av Intelligent Collection Management Tool, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,500 mill. kroner knytte til gjennomføring av likestillingskonferansen i 2016. Midlane er omdisponerte til kap. 1795, post 01.

Kapittel 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

1 295 007

1 553 235

1 666 524

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått netto auka med 113,289 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 44,709 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4740, post 01. Midlane gjeld refusjon av meirutgifter i samband med alliert trening og øving i Noreg og refusjon for meirutgifter relatert til sal av verkstadtenester.

  • 22,285 mill. kroner knytte til meirbehov i Forsvaret etter endringar i valutakursane, jf. omtale under kap. 4710, post 47. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 4710, post 47.

  • 20,400 mill. kroner knytte til avhendingsaktivitet i FLO. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 4760, post 01. Midlane er føreslått nytta til å finansiere meirutgifter knytte til avhending av utstyr, inkludert istandsetting og oppgradering.

  • 11,412 mill. kroner knytte til forvaltning av ammunisjon. Midlar som feilaktig blei omdisponerte til Forsvarsmateriell i Revidert nasjonalbudsjett for 2016 blir ført attende. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1760, post 01.

  • 10 mill. kroner knytte til finansiering av materielluttak frå prosjektet Driftsløysning nye fregattar. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1732, post 01.

  • 9,893 mill. kroner knytte til initialanskaffingar av diverse instrument og utstyr. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1720, post 01 (9,512 mill. kroner) og 1733, post 01 (0,381 mill. kroner).

  • 9 mill. kroner knytte til flypassasjeravgift på reiser som personell i Forsvaret har rett på. Disse reisene blir finansiert av FLO, og midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1719, post 01.

  • 7,136 mill. kroner knytte til manglande finansiering ved reanskaffing av materiell som følge av den valde prismodellen ved innføring av forvaltningssystemet FIF 3.0. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1720, post 01.

  • 4,816 mill. kroner knytte til eit militært område i Trøndelag kor det er alliert førehandslagra materiell. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1740, post 01.

  • 3,670 mill. kroner for dekning av utgifter til forsyning og leige av EBA som nyttast til trening og øving. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1733, post 01.

  • 3,443 mill. kroner knytte til intern effektivisering. Effektiviseringa kjem i samband med at FLO har effektivisert prosessen med anskaffing og rammeavtaler slik at andre avdelingar får ein lågare utgift. Innsparinga er flytta til FLO frå dei kapitla som nyt godt av effektiviseringa. Utgiftsauka på posten føreslås å gje løyvingsreduksjonar på fleire kapittel, medrekna kap. 1720, post 01 (0,506 mill. kroner), kap. 1725, post 01 (0,135 mill. kroner), kap. 1731, post 01 (0,437 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (0,145 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (2,121 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (0,091 mill. kroner) og kap. 1760, post 01 (0,008 mill. kroner).

  • 2,973 mill. kroner etter justering av husleiga etter ny husleigemodell, jf. omtale under kap. 1710, post 47.

  • 2,753 mill. kroner knytte til diverse auka vedlikehald fordelt på ei rekkje kapittel. Auka gjeld inntekter i samband med tilleggskostnader for vedlikehald. Utgiftsauka føreslås å gje løyvingsreduksjonar på fleire kapittel, medrekna kap. 1720, post 01 (0,168 mill. kroner), kap. 1731, post 01 (0,605 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (0,148 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (0,055 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (0,602 mill. kroner), kap. 1760, post 45 (0,833 mill. kroner), kap. 1790, post 01 (0,011 mill. kroner), kap. 1792, post 01 (0,329 mill. kroner) og kap. 1795, post 01 (0,002 mill. kroner).

  • 2,733 mill. kroner knytte til Forsvaret sin støtte til Justis- og beredskapsdepartementet med transport og utlevering av køyesenger til flyktningmottak. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1733, post 01 (2,505 mill. kroner) og kap. 1725, post 01 (0,228 mill. kroner).

  • 2 mill. kroner i samband med oppgradering av alarmanlegg ved lagre på Skoddeberg i Troms. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1790, post 01.

  • 1,801 mill. kroner knytte til leveranse av medisinske gassar. Utgifta kjem som følge av erstatning for gassbehaldarar til AGA AS. Auka på posten føreslås å gje løyvingsreduksjonar på fleire kapittel, medrekna kap. 1720, post 01 (0,147 mill. kroner), kap. 1731, post 01 (0,358 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (0,933 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (0,147 mill. kroner) og kap. 1734, post 01 (0,216 mill. kroner).

  • 1 mill. kroner knytte til auka behov for innbetaling av kapitalelement i husleiga frå Forsvarsbygg på kap. 4710, post 01, jf. omtale under kap. 4710, post 01.

  • 0,132 mill. kroner knytte til renovering av kvartermateriell. Midlane føreslås omdisponerte frå ei rekkje kapittel.

Posten er føreslått redusert med:

  • 30 mill. kroner som følge av ei endring i ammunisjonsforvaltninga etter innføring av FIF 3.0. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 5,084 mill. kroner knytte til endringar for å ta vare på ansvaret for reinhald i Forsvarssektoren, jf. omtale under kap. 1733, post 01. Midlane nyttast til reparasjon av sprekkdanning på F-16 og føreslås omdisponerte til kap. 1733, post 01.

  • 4,833 mill. kroner knytte til kritisk IKT-anskaffing for å behalde tryggleiksgodkjenning av FISBasis Begrensa og FISBasis Hemmeleg/NATO Secret, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 4 mill. kroner grunna tilstandskontroll av ammunisjon. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1760, post 01.

  • 1,146 mill. kroner som følge overføring av EBA til Sjøforsvaret. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1732, post 01.

  • 0,800 mill. kroner knytte til utvikling av ein portal for å vareta behovet for eit saksbehandlarverkty for koordinert søk, etablering, endring, sletting og godkjenning av masterdata i ulike produksjonssystem i Forsvaret sine logistikkprosessar. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1760, post 01.

  • 0,508 mill. kroner knytte til utlysing av sivile stillingar, jf. omtale under kap. 1725, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1725, post 01.

  • 0,174 mill. kroner knytte til kursavgift ved nasjonalt logistikkurs. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1732, post 01.

  • 0,132 mill. kroner knytte til gjennomføring av vognføraropplæring og materiellspesifikk utdanning, jf. omtale under kap. 1731, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,106 mill. kroner knytte til Hæren si drift av velferdstilbod. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,084 mill. kroner knytte til etableringsutgift ved anskaffing av Intelligent Collection Management Tool, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Kapittel 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

76 263

136 375

181 084

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er føreslått auka med 44,709 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 39,709 mill. kroner i samband med alliert trening og øving i Noreg.

  • 5 mill. kroner knytte til auka utgifter og inntekter relatert til sal av verkstadtenester.

Meirinntektene fører med seg ei parallell auke av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Kapittel 1760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

1 408 348

1 568 094

1 589 372

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

5 081 182

4 943 105

4 926 931

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått netto auka med 21,278 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 34,800 mill. kroner knytte til interne effektiviseringstiltak i Forsvarsmateriell. Midlane blei i samband med budsjettprosessen for 2016 heldt tilbake av forsvarsgreinene for at Forsvarsmateriell skulle dokumentera at innsparingane var reelle. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1760, post 45 (21 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (10 mill. kroner) og kap. 1720, post 01 (3,800 mill. kroner).

  • 8,200 mill. kroner knytte til Forsvarsmateriell sine utgifter til Nasjonalt tryggingsorgan sitt arbeid med tryggleiksgodkjenning av informasjonssystem. Dette gjeld utgifter til mellom anna løn, overtid og reiser for personell. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1760, post 45.

  • 4,500 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4760, post 01. Midlane føreslås nytta til kjøp av reservedelar.

  • 4 mill. kroner grunna tilstandskontroll av ammunisjon. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1740, post 01.

  • 0,800 mill. kroner knytte til utvikling av ein portal for å vareta behovet for eit saksbehandlarverkty for koordinert søk, etablering, endring, sletting og godkjenning av masterdata i ulike produksjonssystem i Forsvarets logistikkprosessar. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1740, post 01.

  • 0,638 mill. kroner etter justering av husleiga etter ny husleigemodell, jf. omtale under kap. 1710, post 47.

Posten er foreslått redusert med:

  • 16,600 mill. kroner i samband med ei omdisponering av midlar til inventar. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1710, post 45.

  • 11,412 mill. kroner knytte til forvaltning av ammunisjon. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

  • 2,623 mill. kroner knytte til redusert kapitalelement i husleiga frå Forsvarsbygg på kap. 4710, post 01, jf. omtale under kap. 4710, post 01.

  • 1 mill. kroner knytte til kritisk IKT-anskaffing for å behalde tryggleiksgodkjenning av FISBasis Begrensa og FISBasis Hemmeleg/NATO Secret, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

  • 0,017 mill. kroner knytte til utlysing av sivile stillingar, jf. omtale under kap. 1725, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1725, post 01.

  • 0,008 mill. kroner knytte til intern effektivisering, jf. omtale under kap. 1740, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

Løyvinga på posten er føreslått netto redusert med 16,174 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 11,859 mill. kroner knytte til mindrebehov på nokre postar. Midlane er føreslått nytta til innkjøp av reservedelar. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1700, post 73 (1,069 mill. kroner), kap. 1710, post 47 (4,780 mill. kroner), kap. 1719, post 01 (4,290 mill. kroner) og kap. 1719, post 71 (1,720 mill. kroner).

  • 5 mill. kroner knytte til anskaffing og installasjon av nytt IT-utstyr i Situasjonssenteret i Forsvarsstaben. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 4710, post 47.

Posten er føreslått redusert med:

  • 21 mill. kroner knytte til interne effektiviseringstiltak i Forsvarsmateriell. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1760, post 01.

  • 8,200 mill. kroner knytte til Forsvarsmateriell sine utgifter til Nasjonalt tryggingsorgan sitt arbeid med tryggeliksgodkjenning av informasjonssystem. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1760, post 01.

  • 3 mill. kroner knytte til reparasjon av skrogskadar på eit militært transportfly som deltar i FN-operasjonen MINUSMA. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1792, post 01.

  • 0,833 mill. kroner knytte til diverse vedlikehald, jf. omtale under kap. 1740, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

Kapittel 4760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

29 085

27 600

52 500

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er føreslått auka med 24,900 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 20,400 mill. kroner knytte til royalties og innbetalingar frå containerselskapet Uniteam AS. Midlane er føreslått nytta til avhendingsaktivitet i FLO. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

  • 4,500 mill. kroner knytte til utleige av basesett til Sverige (1 mill. kroner) og diverse oppdrag for Forsvarsbygg (3,500 mill. kroner).

Meirinntektene fører med seg ei parallell auke av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Kapittel 1761 Nye kampfly med baseløysing

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

162 482

163 753

163 023

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

6 948 915

6 948 915

7 044 915

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått redusert med 0,730 mill. kroner knytte til ingeniørstøtte til F-35 prosjektet. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1720, post 01.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

Løyvinga på posten er føreslått auka med 96 mill. kroner knytte til tilsvarande inntektsauke på kap. 4760, post 45. Midlane er føreslått nytta til anskaffing av F-35. Inndekninga bidrar til å dekkja meirutgifter som følge av svingingar i valutakursen.

Kapittel 4761 Ny kampfly med baseløysing

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

0

0

96 000

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

Posten blir føreslått oppretta med 96 mill. kroner. Inntektene er knytte til attendebetaling av utviklingsutgifter frå ein ny partnernasjon. Nederland vil ta del i eit pågåande utviklingsprosjekt av bremsefallskjerm til F-35, og skal betale sin del av utviklingsutgiftene.

Meirinntektene fører med seg ei parallell auke av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Kapittel 1790 Kystvakta

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

1 043 933

1 087 792

948 020

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått netto redusert med 139,772 mill. kroner.

Posten er føreslått redusert med:

  • 96,237 mill. kroner knytte til operativ testing og evaluering av helikopter av typen NH90. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1733, post 01.

  • 32,589 mill. kroner knytte til meirbehov i Forsvaret etter endringar i valutakursane, jf. omtale under kap. 4710, post 47. Midlane føreslås omdisponerte til fleire kapittel.

  • 5,680 mill. kroner som følge av overføring av oppgåver og prosessar frå Kystvakta til Sjøforsvaret. Overføringane gjeld i hovudsak personell i forvaltningsrelaterte funksjonar og sanitetspersonell. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1732, post 01.

  • 5 mill. kroner knytte til anskaffing av strategisk transportsystem (3 mill. kroner) og oppgradering av alarmanlegg ved lager på Skoddeberg i Troms (2 mill. kroner). Midlane føreslås omdisponerte til høvesvis kap. 1720, post 01, og kap. 1740, post 01.

  • 0,255 mill. kroner knytte til endringar for å ta ansvar for reinhald i Forsvarssektoren, jf. omtale under kap. 1733, post 01. Midlane nyttas til reparasjon av sprekkdanning på F-16 og føreslås omdisponerte til kap. 1733, post 01.

  • 0,011 mill. kroner knytte til diverse vedlikehald, jf. omtale under kap. 1740, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

Kapittel 1791 Redningshelikoptertenesta

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

865 496

933 059

946 088

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått auka med 13,029 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 13,434 mill. kroner knytte til tilsvarande inntektsauke på kap. 4791, post 01. Det er sett i verk ein tiltaksplan for eksisterande redningshelikopterflåte, som skal medverke til å oppretthalde drift og beredskap fram til dei nye redningshelikoptra er fasa inn. Fleire kontraktar er inngått i utanlandsk valuta, og midlane skal finansiere meirutgiftene som følge av svingingane i valutakursane.

Posten føreslått redusert med:

  • 0,405 mill. kroner knytte til endringar for å ta vare på ansvar for reinhald i Forsvarssektoren, jf. omtale under kap. 1733, post 01. Midlane nyttast til reparasjon av sprekkdanning på F-16, og føreslås omdisponerte til kap. 1733, post 01.

Kapittel 4791 Redningshelikoptertenesta

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

802 216

869 944

886 796

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er auka med 16,852 mill. kroner for:

  • 13,434 mill. kroner som følge av forventa inntekter frå Justis- og beredskapsdepartementet. Inntektene inneber ein parallell auke av utgiftsramma på kap. 1791, post 01.

  • 3,418 mill. kroner knytte til verkinga av lønsoppgjeret i 2016. Utgiftssida vil bli auka med lønskompensasjon på bakgrunn av eige skriv frå Finansdepartementet. Inntektene inneber ingen endring av utgiftsramma på kap. 1791, post 01.

Kapittel 1792 Norske styrker i utlandet

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

703 768

783 316

816 670

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått netto auka med 33,354 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 25 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauka på kap. 4792. Posten er føreslått auka som følge av Noreg si rolle som Lead Nation i Mali, inkludert auka utgifter til forpleiing, forlegning og drift.

  • 7,111 mill. kroner knytte til grunnløn for personell som inngår i etterretningsoppdrag for internasjonale operasjoner. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1731, post 01 (5,277 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (1,055 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (0,285 mill. kroner) og kap. 1734, post 01 (0,494 mill. kroner).

  • 3,645 mill. kroner knytte til endringar i valutakursen. Dette gjeld årets siste delbetaling til ANA Trust Fund, ein av Noreg sine forpliktingar til NATO, som inneber eit meirbehov. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 4710, post 47.

  • 3 mill. kroner knytte til reparasjon av skrogskadar på eit militært transportfly som deltar i MINUSMA. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1760, post 45.

  • 2,500 mill. kroner knytte til forlenging av operasjon Triton.

Posten er føreslått redusert med:

  • 6,707 mill. kroner er knytte til grunnlønsutgifter for personell i internasjonale operasjoner. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01 (5,420 mill. kroner) og kap. 1733, post 01 (1,287 mill. kroner).

  • 0,866 mill. kroner knytte til gjennomføring av vognføraropplæring og materiellspesifikk utdanning, jf. omtale under kap. 1731, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1731, post 01.

  • 0,329 mill. kroner knytte til diverse vedlikehald, jf. omtale under kap. 1740, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01

Kapittel 4792 Norske styrker i utlandet

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

10 296

14 296

39 296

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er føreslått auka med 25 mill. kroner som følge av Noreg si rolle som Lead Nation i Mali og derav følgande refusjonar frå andre nasjonar gjennom inngått Memorandum of Understanding knytte til forpleiing, forlegning og drift.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Kapittel 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

264 839

265 035

275 677

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er føreslått netto auka med 10,642 mill. kroner.

Posten er føreslått auka med:

  • 5,316 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4791, post 01. Midlane er føreslått nytta til å dekke utgifter i samband med Norsk Militær Tattoo, og til Forsvarets musikk sine konsertar.

  • 4,138 mill. kroner knytte til ikkje føresette utgifter som følge av hotellstreiken (0,750 mill. kroner) og økonomiske utfordringar i Forsvaret si avdeling for kultur og tradisjon som følge av redusert løyving til EBA (3,388 mill. kroner). Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1725, post 01.

  • 2,092 mill. kroner knytte til auka behov for innbetaling av kapitalelement i husleiga frå Forsvarsbygg på kap. 4710, post 01, jf. omtale under kap. 4710, post 01.

  • 0,500 mill. kroner knytte gjennomføring av likestillingskonferansen i 2016. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1735, post 21.

Posten er føreslått redusert med:

  • 0,720 mill. kroner etter justering av husleiga etter ny husleigemodell, jf. omtale under kap. 1710, post 47.

  • 0,646 mill. kroner knytte til endringar for å ta vare på ansvaret for reinhald i Forsvarssektoren, jf. omtale under kap. 1733, post 01. Midlane nyttast til reparasjon av sprekkdanning på F-16 og føreslås omdisponerte til kap. 1733, post 01.

  • 0,023 mill. kroner knytte til utlysing av sivile stillingar, jf. omtale under kap. 1725, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1725, post 01.

  • 0,015 mill. kroner knytte til renovering av kvartermateriell (0,013 mill. kroner) og diverse vedlikehald (0,002 mill. kroner), jf. omtale under kap. 1740, post 01. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1740, post 01.

Kapittel 4795 Kulturelle og allmennyttige føremål

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2016

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

9 684

9 684

15 000

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er føreslått auka med 5,316 mill. kroner som følge av inntekter ved auka sal av bilettar ved arrangement av konsert knytte til Forsvarets musikk, samt inntekter ved guida omvisingar på Forsvarets museum og Akershus slott.

Meirinntektene fører med seg ei parallell auke av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Til forsida