Prop. 27 S (2021–2022)

Endringar i statsbudsjettet 2021 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

3 Omtale av forslag til inntektsendringar

Orienteringssaker

Statleg eigerskap - Mesta AS

Styret i Mesta føreslo i samband med den ordinære generalforsamlinga i juni 2021 å omorganisere eigedomsverksemda i selskapet. Formålet var å organisere alle eigedommane i Mesta i dotterselskapet Mesta Eiendomsselskap AS. Eigedommane låg tidlegare i hovudsak i selskapet Mesta AS. Styret viste til at omorganiseringa vil legge til rette for ei meir føremålstenleg utvikling og drift av eigedommane, samstundes som å organisere eigedommane i eit dotterselskap synast føremålstenleg med tanke på eit ev. framtidig sal av eigedommane. Eigedomsverksemda er ikkje ein del av kjerneverksemda i Mesta.

Omorganiseringa har skjedd i to steg. Først blei det vedtatt på ordinær generalforsamling i Mesta AS 30. juni 2021 å utfisjonere eigedommane frå Mesta AS til Mesta Eiendomsselskap II AS som blei stifta ved fisjonen. Staten blei som følge av dette midlertidig eigar også i Mesta Eiendomsselskap II AS. Deretter blei det vedtatt på ekstraordinær generalforsamling 27. oktober 2021 å legge Mesta Eiendomsselskap II AS under Mesta AS som eit dotterselskap ved at aksjane i Mesta Eiendomsselskap II AS blei brukt som tingsinnskot (førhøging av aksjekapitalen) i Mesta AS. Staten sitt eigarskap og aksjekapital i Mesta AS blei etter dette lik som før omorganiseringa blei satt i verk.

Kap. 3900 Nærings- og fiskeridepartementet

Post 01 Ymse inntekter og refusjonar knytt til ordinære driftsutgifter

Av omsyn til kravet om realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 196 000 kroner, frå 200 000 til 4 000 kroner.

Post 02 Ymse inntekter og refusjonar knytt til særskilde driftsutgifter

Av omsyn til kravet om realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 80 000 kroner, frå 80 000 til 0 kroner.

Post 86 Tvangsmulkt

Av omsyn til kravet om realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 10 000 kroner, frå 10 000 til 0 kroner.

Kap. 3902 Justervesenet

Post 01 Gebyrinntekter

Restriksjonar som følge av koronapandemien har medført færre operative tilsyn frå Justervesenet i ein periode. Dette har gitt ein nedgang i gebyrinntektene til etaten.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner, frå 21,2 til 18,2 mill. kroner.

Post 03 Inntekter frå sal av tenester

Restriksjonar som følge av koronapandemien har medført at Justervesenet i ein periode har hatt færre oppdrag mellom anna knytt til kalibrering og som teknisk kontrollorgan. Dette har gitt ein nedgang i inntektene etaten har frå sal av tenester.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4 mill. kroner, frå 25,3 til 21,3 mill. kroner.

Kap. 3903 Norsk akkreditering

Post 01 Gebyrinntekter og andre inntekter

På grunn av redusert etterspurnad er det grunnlag for å redusere Norsk akkreditering sine driftsutgifter og inntekter, jf. nærare omtale under kap. 903, post 01.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 11 mill. kroner, frå 49 til 38 mill. kroner, mot ein tilsvarande nedjustering av utgiftene på kap. 903, post 01.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra

Post 01 Gebyrinntekter

Ein auke i saksmengda til Lausøyreregisteret og Føretaksregisteret har medført høgare gebyrinntekter.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 55 mill. kroner, frå 545 til 600 mill. kroner.

Kap. 3906 Direktoratet for mineralforvalting med Bergmeisteren for Svalbard

Post 02 Handsamingsgebyr

Inntektene på denne posten har blitt høgare enn venta.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 351 000 kroner, frå 799 000 til 1 150 000 kroner.

Kap. 3907 Norsk nukleær dekommisjonering

Post 01 Innbetaling frå Institutt for energiteknikk

Av samfunnsmessige omsyn har staten teke på seg eit medansvar for å finansiere framtidig dekommisjonering (nedbygging og riving) av forskingsreaktorane på Kjeller og i Halden, handtering av brukt reaktorbrensel og oppbevaring av radioaktivt avfall. Institutt for energiteknikk (IFE) sin del av finansieringa har fram til 2021 vore budsjettert på denne posten. Ved behandlinga av Meld. St. 8 (2020–2021) vedtok Stortinget at staten skal dekke alle kostnader til oppryddinga. IFE har tidlegare avsett midlar til eit dekommisjoneringsfond. Mesteparten av dette blei innbetalt til staten i 2020. Resterande om lag 500 000 kroner er innbetalt i 2021.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8 mill. kroner frå 8,5 til 0,5 mill. kroner.

Kap. 3910 Sjøfartsdirektoratet

Post 01 Gebyr for skip og flyttbare innretningar i NOR

Med bakgrunn i nye anslag frå Sjøfartsdirektoratet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere gebyrinntektene med 3,3 mill. kroner. Reduksjonen har særleg samanheng med forseinkingar i byggeprosjekt i utlandet grunna koronapandemien.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,3 mill. kroner frå 223,4 til 220,1 mill. kroner.

Post 03 Ymse inntekter

Inntektene gjeld i hovudsak refusjonar frå andre. Sjøfartsdirektoratet ventar samla inntekter på om lag 4 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,55 mill. kroner, frå 0,45 til 4 mill. kroner mot ei tilsvarande auking av kap. 910, post 01.

Post 04 Gebyr for skip i NIS

Med bakgrunn i nye anslag frå Sjøfartsdirektoratet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 7,6 mill. kroner, frå 56 til 63,6 mill. kroner.

Post 86 Lovbrotsgebyr og tvangsmulkt

Sjøfartsdirektoratet har endra prosessen for behandling og siling av moglege gebyrsaker, noko som har medført kortare handsamingstid.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6,2 mill. kroner, frå 4,8 til 11 mill. kroner.

Kap. 3911 Konkurransetilsynet

Post 86 Lovbrotsgebyr

Konkurransetilsynet har per 1. september 2021 uteståande gebyr på 1 554 mill. kroner. Det er usikkert når innbetaling av uteståande gebyr i 2021 vil finne sted grunna klagehandsaming og klagefristar. På grunnlag av innbetalte gebyr gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 15,5 mill. kroner, frå 0,1 til 15,6 mill. kroner.

Kap. 3912 Klagenemdssekretariatet

Post 01 Klagegebyr

Inntektene gjeld klagegebyr på rådgjevande anskaffingssakar og ulovlege direkte anskaffingar handsama av Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA). KOFA har motteke 136 saker så langt i år. Klagenemndssekretariatet forventar at dei vil ta imot inntil 200 saker heile året, mot 100 i 2020, som vil medføre ein auke i inntekter knytt til klagegebyr.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,95 mill. kroner, frå 0,8 til 1,8 mill. kroner.

Post 87 Lovbrotsgebyr

Inntektene på posten gjeld vedtak om brot i klagesaker om offentlege anskaffingar der det er pålagt brotsgebyr. Det er utfakturert klagegebyr i fire klagesaker i år og innbetalt 2,03 mill. kroner ved utgangen av september. Storleiken på rekneskapsførte gebyr vil variere frå år til år ut frå talet på saker og eigenarten på sakene.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,6 mill. kroner, frå 1,1 til 4,6 mill. kroner.

Kap. 3917 Fiskeridirektoratet

Post 01 Refusjonar og ymse inntekter

Ein viser til omtale under kap. 917, post 01. Fordi reglane for bokføring av refusjonar er endra frå bruttoføring til nettoføring blir inntektene og utgiftene til Fiskeridirektoratet reduserte med om lag 5 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, frå 6 til 1 mill. kroner.

Post 86 Forvaltingssanksjonar

Inntektene på posten gjeld tvangsmulkt og gebyr for brot knytt til fiskeri- og havbruksverksemd. Fiskeridirektoratet forventar ei inntekt på 11 mill. kroner i 2021.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 10 mill. kroner, frå 1 til 11 mill. kroner.

Kap. 3923 Havforskingsinstituttet

Post 01 Oppdragsinntekter

Det visast til omtale under kap. 923, post 21. Nærings- og fiskeridepartementet gjer på dette grunnlag framlegg om å redusere løyvinga med 40 mill. kroner, frå 441,5 til 401,5 mill. kroner.

Kap. 3935 Patentstyret

Post 02 Inntekter knytt til NPI

Restriksjonar som følge av koronapandemien har truleg medført at Patentstyret i ein periode har hatt færre oppdrag.

Som følge av nedgang i talet på oppdrag knytt til Nordic Patent Institute (NPI), anslår Patentstyret at inntektene på posten kjem til å bli om lag 595 000 kroner lågare enn løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 595 000 kroner, frå 5,1 til 4,5 mill. kroner.

Kap. 3936 Klagenemnda for industrielle rettar

Post 01 Gebyr

Gebyrinntektene avheng av kor mange avgjersler frå Patentstyret som blir påklaga til Klagenemnda for industrielle rettar. Grunna tal over innkomne saker så langt i 2021 venter nemnda at gebyrinntektene kjem til å ligge på om lag 600 000 kroner i 2021.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 149 000 kroner, frå 749 000 til 600 000 kroner.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 55 (ny) Tilbakeført kapital, pre-såkornfond

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å føre tilbake 20,5 mill. kroner frå pre-såkornordninga i Investinor, jf. omtale under kap. 950, post 54. Investinor har òg hatt eit overskot frå midlar knytt til ordninga med såkornfond. Midlar knytt til ordninga som blir forvalta av Investinor, blir plassert i rentefond. I 2020 ga midla 4,7 mill. kroner i avkastning. Det var ikkje budsjettert med eit slikt overskot i Saldert budsjett 2021.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 25,2 mill. kroner.

Post 92 (ny) Tilbakeført kapital, såkornfond

Det er i utgangspunktet forutsett at låna til såkornfond i andre bølgje (etablert i perioden 2006–2009) skal bli tilbakebetalt etter 15 år (spesifisert ved etableringa). Det kan betalast avdrag på tidlegare tidspunkt. Levetida på 15 år gjer at dei fleste fonda i andre bølgje no er i avviklingsmodus, og dei tre fonda Kapnord Fond AS, Sarsia Seed AS og Proventure Seed AS er no avvikla. Når midlane blir tilbakebetalte til Investinor, blir dei plasserte på ein ikkje-renteberande konto i Noregs Bank. I 2020 og hittil i 2021 er det tilbakebetalt til saman om lag 424,9 mill. kroner til Investinor. Dette er fordelt med om lag 348 mill. kroner i avdrag og 122,4 mill. kroner i renter. Det blei ikkje budsjettert med tilbakebetaling av midlar i Saldert budsjett 2021.

Det er gjort framlegg om ei utgiftsløyving av staten sitt tap frå Proventure Seed AS, både hovudstol og renter, på til saman 45,4 mill. kroner, jf. nærare omtale under kap. 950, post 55. I samband med avviklinga av fondet har Investinor inngått ein avtale med den private forvaltaren for å sikre staten sine verdiar. Dette inneber at Investinor har overteke ikkje-realiserte eigarpartar i to selskap frå fondet, jf. fullmakt til å inngå slike avtalar med eigarane av fonda om tiltak for å ta hand om verdiar i fonda i Innst. 391 S og Prop. 114 S (2018–2019) og omtale i Prop. 117 S (2019–2020). Dersom desse verdiane blir realisert, vil inntekter frå sal bli tilbakeført til staten.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 348 mill. kroner i avdrag på lån til såkornfonda.

Post 96 Sal av aksjar

I gjeldande budsjett er løyvinga 25 mill. kroner frå mogelege statlege aksjesal. Endelege og fullstendige beløp for dei einskilde aksjesala er føresett løyvd i løpet av budsjettåret når transaksjonane er avklarte eller gjennomførte, enten i eigne proposisjonar eller i dei faste endringsproposisjonane i vår- og haustsesjonen.

Aker Carbon Capture AS

Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021), selde departementet alle sine aksjar, tilsvarande 5,85 pst. av aksjekapitalen, i Aker Carbon Capture AS i april 2021. Salssum for transaksjonen var om lag 563 mill. kroner.

Aker Offshore Wind AS

Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021), selde departementet alle sine aksjar, tilsvarande 4,88 pst. av aksjekapitalen, i Aker Offshore Wind AS i april 2021. Salssum for transaksjonen var om lag 215 mill. kroner.

Ambita AS

Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget, jf. Prop. 1 S (2020–2021) for Nærings- og fiskeridepartementet, selde departementet alle sine aksjar, tilsvarande 100 pst. av aksjekapitalen, i Ambita AS i mai 2021. Salssum for transaksjonen var om lag 963 mill. kroner, der 50 mill. kroner utgjer seljarkreditt med forfall april 2022. Det vert rekna renter av seljarkreditten. Innbetalt salssum i 2021 utgjer om lag 913 mill. kroner.

Tilbakekjøpsavtalar

Generalforsamlinga i eit aksjeselskap kan gi styret fullmakt til å kjøpe tilbake eigne aksjar med føremål å slette desse aksjane på eit seinare tidspunkt. Slettinga inneber nedsetting av selskapskapitalen og må vedtakast av ei ny generalforsamling. Dette er ein metode der eigenkapital blir ført tilbake til aksjonærane. Nærings- og fiskeridepartementet har dei siste åra inngått avtalar som forpliktar staten til å delta ved slike tilbakekjøp. Avtalane er utforma slik at staten sin eigardel blir uendra etter kapitalnedsettinga. Avtalane er offentlege og regulerer òg utrekning av vederlaget til staten. Nærings- og fiskeridepartementet inngjekk i 2020 slike avtalar om tilbakekjøp med DNB ASA, Yara International ASA og Kongsberg Gruppen ASA. For DNB ASA blei tilbakekjøpsavtalen ikkje nytta.

Yara International ASA

Generalforsamlinga i Yara International ASA gav i mai 2020 styret i selskapet fullmakt til å erverve eigne aksjar for inntil 5 pst. av selskapet sin aksjekapital i marknaden og frå staten. Fram til generalforsamlinga 2021 kjøpte selskapet 8 551 880 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og i tillegg innløysing av 4 854 730 aksjar frå staten, blei vedteke på den ordinære generalforsamlinga i Yara International ASA i mai 2021. Etter at kapitalnedsettinga blei sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på om lag 1 712 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 36,21 pst.

Kongsberg Gruppen ASA

Generalforsamlinga i Kongsberg Gruppen ASA gav i mai 2020 styret i selskapet fullmakt til å erverve eigne aksjar for eit samla vederlag på inntil 500 mill. kroner. Fram til generalforsamlinga 2021 kjøpte selskapet 578 262 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og i tillegg innløysing av 578 357 aksjar frå staten, blei vedteke på den ordinære generalforsamlinga i Kongsberg Gruppen ASA i mai 2021. Etter at kapitalnedsettinga blei sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på om lag 96 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 50,004 pst.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med til saman 3 473,6 mill. kroner, frå 25 til 3 498,6 mill. kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Noreg

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån som Innovasjon Noreg har teke opp i statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følge av høgare opptak av lån enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2021, er det behov for å auke løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,9 mrd. kroner frå 65,7 til 69,6 mrd. kroner.

Post 92 Låneordning for pakkereisearrangørar – avdrag

I revidert nasjonalbudsjett blei det budsjettert med avdrag frå denne ordninga på 10 mill. kroner i 2021. Innovasjon Noreg har no anslått at det vil bli tilbakebetalt om lag 75 mill. kroner i år. Årsaka til den store auken er ekstraordinære avdrag frå låntakarar. I tillegg har Innovasjon Noreg anslått renteinntekter frå ordninga på om lag 4,5 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga for avdrag med 65 mill. kroner frå 10 til 75 mill. kroner.

Kap. 5329 Eksportkredittordninga

Post 70 Gebyr m.m.

I Saldert budsjett 2021 blei det løyvd 30 mill. kroner til inntekter på gebyr under eksportkredittordninga. Det ventes lågare gebyrinntekter enn det som då var lagt til grunn for løyvinga, og nytt anslag er 20 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, frå 30 til 20 mill. kroner.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

I Saldert budsjett 2021 blei det løyvd 10,3 mrd. kroner til inntekt frå avdrag under eksportkredittordninga. Eksportfinansiering Noreg anslår at avdrag vil bli om lag 3,5 mrd. kroner meir enn dette. Auken kjem av fleire førtidige innfriingar av lån som er venta i 2021.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,5 mrd. kroner, frå 10,3 til 13,8 mrd. kroner.

Post 95 (ny) Tilbakeføring av innskoten eigenkapital og likvidasjonsutbyte

Som følge av opprettinga av Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) blei alle arbeidsoppgåver og tilsette i det statlege aksjeselskapet Eksportkreditt Noreg AS (Eksportkreditt) overført til Eksfin frå 1. juli 2021. Det blir arbeidd med å oppløyse aksjeselskapet før årsskiftet.

Når Eksportkreditt Noreg AS blir oppløyst etter aksjelova kap. 16, skal resterande verdiar i selskapet omgjort til likvidar overførast til staten. Estimert likvidasjonsutbyte utgjer 21,9 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 21,9 mill. kroner. Vidare gjer departementet framlegg om fullmakt til å godkjenne sluttoppgjeret for Eksportkreditt Noreg AS og endeleg oppløyse selskapet, jf. forslag til vedtak V.

Kap. 5460 Eksportfinansiering Noreg

Post 50 Tilbakeføring av tapsavsetjing for garantiordning for re-forsikring av kredittforsikring

Garantiordninga for re-forsikring av kredittforsikring blei avvikla 1. juli 2021. Då ordninga blei etablert, blei det løyvd eit tilskot til tap under ordninga på 1,62 mrd. kroner, jf. omtale i Prop. 117 S (2019–2020). I revidert budsjett for 2021 blei halve tapsavsetjinga, dvs. 810 mill. kroner, tilbakeført til staten. Ei ny vurdering viser at ytterlegare 405 mill. kroner kan tilbakebetalast i 2021. Det vil bli gjort ei ny vurdering i 2022.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 405 mill. kroner, frå 810 til 1 215 mill. kroner.

Post 73 Inntekter under ny statleg garantiordning for re-forsikring av kredittforsikring

Inntektene frå ordninga utgjorde 58,5 pst. av premieinntektene frå kredittforsikringa som blei reforsikra med statlege garantiar, og kjem òg frå gjenvinningar i samband med erstatningsutbetalingar. Oppdaterte anslag tilseier at inntektene vil utgjere 127 mill. kroner i 2021.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 10,6 mill. kroner, frå 116,4 til 127 mill. kroner.

Post 75 (ny) Tilbakeføring frå garantiordning for langsiktige kraftavtalar

I samband med opprettinga av garantiordning for kraftkjøp til den kraftintensive industrien (Kraftgarantiordninga) blei det løyvd eit tilskot på 10 mill. kroner til Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) for å administrere ordninga, jf. Innst. 5 S og Prop. 1 S (2009–2010). Tilskotet skulle føres tilbake til staten når det var nok likviditet i ordninga. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 10 mill. kroner.

Post 76 (ny) Tilbakeføring frå garantiordning for kjøp av skip frå verft i Noreg til bruk i Noreg

I samband med opprettinga av garantiordninga for kjøp av skip frå verft i Noreg til bruk i Noreg (Skipsgarantiordninga) blei det løyvd eit tilskot på 10 mill. kroner for å administrere ordninga, jf. Innst. 8 S og Prop. 1 S (2017–2018). Tilskotet skulle føres tilbake til staten når det var nok likviditet i ordninga. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 10 mill. kroner.

Post 90 Avdrag på uteståande utbetaling ifølgje trekkfullmakt

I Saldert budsjett 2021 blei det løyvd 1 mill. kroner under posten. På grunn av at enkelte saker har teke lenger tid enn antatt, har lån som GIEK har trekt opp i 2021, blitt tilbakeført til statskassa.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1 048 mill. kroner, frå 1 til 1 049 mill. kroner.

Kap. 5574 Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet

Post 71 Avgifter immaterielle rettar

Patentstyret si prognose syner at inntektene kjem til å ligge om lag 10 mill. kroner lågare enn det som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2021. Prognosane er usikre i år, på grunn av pandemien.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, frå 161,5 til 151,5 mill. kroner.

Post 74 Fiskeriforskingsavgift

Fiskeriforskingsavgifta utgjer 1,35 pst. av førstehandsomsetninga for villfisk. Fiskeridirektoratet har utarbeidd oppdatert prognose for førstehandsverdien frå norske fiskeri. Det oppdaterte anslaget inneber reduserte inntekter frå fiskeriforskingsavgifta på om lag 17 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 17 mill. kroner, frå 342,4 til 325,4 mill. kroner.

Post 75 Tilsynsavgift Justervesenet

Det var forventa ein nedgang i inntektene frå sektoravgifter på grunn av koronapandemien. Denne forventinga har ikkje slått til.

På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4 mill. kroner, frå 46,65 til 50,65 mill. kroner.

Post 76 Kontrollavgift fiskeflåten

Fiskesalslaga trekker kontrollavgift for fiskeflåten frå førstehandsomsetninga av fangst og overfører beløpa til Fiskeridirektoratet på etterskot i seks terminar per år. Innbetaling av sjette termin for 2021 vil først bli gjort i januar 2022. Departementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med 7 mill. kroner, frå 42 til 35 mill. kroner.

Kap. 5613 Renter frå Siva SF

Post 80 Renter

Siva kan ta opp lån i statskassa med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid, innafor ei låneramme på 700 mill. kroner. Som følge av faktiske renteinnbetalingar er det grunnlag for å auke løyvinga med 3,3 mill. kroner, frå 15,55 til 18,85 mill. kroner.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til å finansiere utlånsordningane sine til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Ut frå faktiske renteinnbetalingar så langt i år og prognosar for resten av året er det grunnlag for å redusere løyvinga. Årsaka er i hovudsak mykje lågare rentesatsar på innlåna enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2021.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 48 mill. kroner, frå 95 til 47 mill. kroner.

Post 82 (ny) Låneordning for pakkereisearrangørar – renter

Ein viser til omtale av auka avdrag på lån frå pakkereisearrangørar under kap. 5325, post 92.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 4,5 mill. kroner i renter frå lån til pakkereisearrangørar.

Kap. 5628 (nytt) Renter frå Investinor AS

Post 80 Renter frå såkornfond

Ein viser til omtale av tilbakeføring av avdrag frå såkornfond under kap. 3950, post 92, og omtale av tap på hovudstol og renter av låna til såkornfonda under kap. 950, post 55.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 122,4 mill. kroner i renter frå lån til såkornfond.

Kap. 5629 Renter frå eksportkredittordninga

Post 80 Renter

I Saldert budsjett 2021 blei det løyvd 1 300 mill. kroner i inntekter frå renter under eksportkredittordninga. Nytt anslag er 850 mill. kroner. Hovudårsakene er lågare rentenivå i marknaden enn forventa som følge av pandemien.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 450 mill. kroner, frå 1 300 til 850 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting

Post 85 Utbyte

Ved handsaminga av Innst. 300 S og Prop. 195 S (2020–2021) blei løyvinga satt til 19 396,9 mill. kroner. Nye tal viser at utbyte frå selskapa vil bli 7 083,1 mill. kroner høgare. Utbyte frå DNB for 2020 som kjem til utbetaling i 2021, blei om lag 4,744 mrd. kroner. Dette kjem i tillegg til anslaget i Prop. 195 S (2020–2021) på utbyte på om lag 4,4 mrd. kroner for 2019 som ikkje blei utbetalt i 2020. Utbyte frå Posten Noreg AS blei 500 mill. kroner høgare fordi selskapet valde å justere balansen og kontantbehaldninga på eit meir optimalt nivå. Utbyte frå Yara International ASA blei 1 844,8 mill. kroner høgare fordi versemda vedtok å utbetale eit tilleggsutbyte på 20 kroner per aksje, medan utbyte frå Baneservice AS blei 5,7 mill. kroner lågare som følge av lågare resultat enn forventa.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 7 083,1 mill. kroner, frå 19 396,9 til 26 480 mill. kroner.

Til forsida