Prop. 33 L (2017–2018)

Endringar i eigarseksjonslova m.m. (tilpassing til ny organisering av eigedomsoppmålinga)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i Prop. 148 L (2016–2017) Endringar i matrikkellova m.m. (organisering av eigedomsoppmåling) lagt fram forslag om ny organisering av eigedomsoppmålinga. Bakgrunnen for lovrevisjonen er omtalt i Prop. 148 L (2016–2017) punkt 2.

Forslaga gjer det nødvendig med nokre endringar i eigarseksjonslova.

Prop. 148 L (2016–2017) blei godkjent i statsråd 16. juni 2017. På det tidspunktet hadde Stortinget vedteke ny eigarseksjonslov, men lova var ikkje sanksjonert. Departementet valde derfor ikkje å sette fram eit formelt forslag til tilpassingar til ny eigarseksjonslov i proposisjonen, men varsla i staden at den ville sette fram dette i ein tilleggsproposisjon, jf. Prop. 148 L (2016–2017) punkt 10.6.4.