Prop. 33 L (2017–2018)

Endringar i eigarseksjonslova m.m. (tilpassing til ny organisering av eigedomsoppmålinga)

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget

5.1 Endringar i eigarseksjonslova

Til § 13

Føresegna i gjeldande andre ledd om registrering i matrikkelen er flytta til § 17 nytt første ledd.

Til § 14

Endringa er ein konsekvens av at ansvaret for å føre eigedomsopplysningar i matrikkelen primært ligg til staten ved Statens kartverk. Oppgåva og myndet kan med heimel i forskrift til matrikkellova overførast til den aktuelle kommunen, jf. matrikkellova § 5 a.

Til § 15

I saker som krev oppmåling, skal oppmålinga utførast av eit landmålarføretak på kommersielle vilkår. Betaling for oppmålinga kan derfor ikkje lenger vere del av eit offentleg gebyr. Matrikkelføring og utferding av matrikkelbrev vil fortsatt vere offentlege styresmaktoppgåver som det skal betalast gebyr for. Gebyra blir fastsette i forskrift basert på nasjonale satsar. Gebyra går til det organet som fører opplysningane eller utferder matrikkelbrevet, anten det er kommunen eller Kartverket. Gebyra skal innbetalast til kommunen. Dersom seksjoneringa blir avslått, skal kommunen betale tilbake gebyra som er krevd etter matrikkellova og tinglysingslova.

Til § 17

Paragrafen blir endra slik at han gjeld både matrikkelføring og tinglysing, jf. matrikkellova §§ 11 a og 24. Endringa er ein konsekvens av det endra ansvaret for å føre eigedomsopplysningar i matrikkelen, jf. § 14. Dersom staten fører matrikkelen i kommunen, skal kommunen sende saka til Kartverket for matrikkelføring og tinglysing. Dersom kommunen sjølv fører matrikkelen, skal kommunen sørge for matrikkelføringa og så sende saka til Kartverket for tinglysing. Første ledd svarer til gjeldande § 13 andre ledd. Andre ledd svarer til noverande § 17.

Til § 18

Endringa er ein konsekvens av det endra ansvaret for å føre eigedomsopplysningar i matrikkelen, jf. § 14. Dersom staten fører matrikkelen i kommunen, skal Kartverket fullføre matrikkelføringa og sende ut matrikkelbrev. Dersom kommunen sjølv fører matrikkelen, skal Kartverket sende saka til kommunen, som fullfører matrikkelføringa og sender ut matrikkelbrev.

Til § 22 andre ledd

Endringa er ein konsekvens av det endra ansvaret for å føre eigedomsopplysningar i matrikkelen, jf. § 14. Dersom staten fører matrikkelen i kommunen, utfører Kartverket slettinga både i matrikkelen og i grunnboka og fullfører saka ved å sende ut matrikkelbrev. Dersom kommunen sjølv fører matrikkelen, merkjer kommunen seksjoneringa som sletta i matrikkelen, og sender saka til Kartverket for tinglysing. Etter tinglysinga sender Kartverket melding om dette, slik at kommunen kan fullføre saka ved å sende ut matrikkelbrev. Matrikkelføringa skjer med heimel i matrikkellova § 26 andre ledd.

Første og andre punktum blir ikkje endra. Tredje punktum erstattar gjeldande tredje punktum, fjerde punktum erstattar gjeldande femte punktum. Femte punktum svarar til gjeldande fjerde punktum.

5.2 Endringar i matrikkellova

Til § 12

Forslaget er i samsvar med Prop. 148 L (2016–2017), men med ei presisering i femte ledd.

Til femte ledd første og andre punktum: Matrikkelføring av oppmålingsforretning som endrar grensene for festerett, kan krevjast av grunneigaren, jf. § 9 første ledd bokstav a. Det må liggje føre samtykke frå festaren, jf. tidlegare fjerde ledd. Matrikkelføring av forretning som gjeld grunn tileigna til offentleg veg- eller jernbaneformål, kan krevjast av staten, statsføretak, fylkeskommunen eller kommunen på sjølvstendig grunnlag, jf. § 9 første ledd bokstav f.

Til tredje punktum: Det er eit vilkår for å kunne endre grenser for festegrunn at einingane er matrikulerte. Saker som gjeld grunn tileigna til offentleg veg- eller jernbaneformål, kan likevel omfatte umatrikulerte einingar. Dette er det same som for endring av grenser for grunneigedom, jf. § 15 andre ledd andre punktum.

Til § 26

Forslaget er i samsvar med Prop. 148 L (2016–2017), men med tillegg av eit nytt andre ledd om sletting av seksjonering som kommunen vedtek med heimel i ny eigarseksjonslov § 22 andre ledd.

Kommunen sender melding om vedtaket om sletting til tinglysinga, som slettar seksjoneringa frå grunnboka. Tinglysinga sender melding om slettinga til matrikkelstyresmakta, som slettar seksjoneringa frå matrikkelen, og fullfører slettinga ved å utferde matrikkelbrev for den aktuelle grunneigedommen, anleggseigedommen eller festegrunnen. Nærare reglar om meldingsgangen blir gitt i forskrift. I kommunar der matrikkelføringa blir handtert av Kartverket, kan slettinga i grunnbok og matrikkel skje samtidig. Kommunen skal i slike tilfelle ha melding om slettinga.

Andre til sjette ledd som ført opp i Prop. 148 L (2016–2017), blir nytt tredje til sjuande ledd.

5.3 Endringar i plan- og bygningslova

Til § 29-4 fjerde ledd

Føresegna gir heimel for å gi forskrift om plassering av byggverk. Ved ein feil blei det i Prop. 149 L (2015–2016) Endringer i plan- og bygningsloven (mer effektive planprosesser, forenklinger mv.) lagt fram forslag om å rette føresegna. Det var det ikkje grunnlag for. Endringa her rettar feilen. Det er samtidig gjort ei språkleg forbetring. Føresegna får tilbake den same meininga som gjaldt før 1. juli 2017, jf. lov 20. juni 2014 nr. 52.

Til § 33-1 første ledd

Føresegna gjeld gebyr. I Prop. 149 L (2015–2016) blei det foreslått eit nytt andre punktum om gebyr for behandling av planforslag. Ved ein feil fall samtidig dågjeldande andre til femte punktum med generelle reglar om berekning av gebyr ut av forslaget. Endringa her rettar denne feilen ved å ta inn att desse fire punktuma som nytt tredje til sjette punktum. Det er samtidig gjort ei språkleg forbetring, men innhaldet i paragrafen skal vere den same.

5.4 Iverksetting

Til iverksetjingsføresegna:

Departementet legg til grunn at endringane i eigarseksjonslova og matrikkellova som er foreslått her, blir sette i verk samtidig med endringane som er foreslått i Prop. 148 L (2016–2017). Forslaga til rettingar i plan- og bygningslova er uavhengig av dette, og kan setjast i verk straks.