Prop. 36 L (2018–2019)

Endringar i eigarseksjonslova mv. (korttidsutleige, skjerpa ervervsavgrensing og eigarskiftegebyr)

Til innhaldsliste

7 Administrative og økonomiske konsekvensar

7.1 Skjerpe ervervsavgrensinga

Ei strengare avgrensing av kven som kan erverve bustadseksjonar i eit sameige, kan påverke bustadmarknaden. Personar og selskap som ønskjer å investere i bustader, vil i større grad enn i dag måtte investere i fleire sameige framfor samla i eitt sameige. I kva omfang dette vil påverke bustadmarknaden, er usikkert.

I periodar med vekst i bustadprisane, kombinert med låge kostnader ved å betale ned gjeld, har investorar auka insentiv om å plassere pengar i bustad. Dette kan vere alt frå privatpersonar og småinvestorar til større næringsinvestorar. Det har vore stor vilje til å investere i sekundærbustader i enkelte område av landet. Ifølgje Ambita var det nesten 1300 fleire sekundærbustader i Oslo i 2017 enn det var i 2016. Nesten alle desse var leilegheiter. Mange av desse bustadene blir kjøpte med utleige som føremål.

Forslaget om å skjerpe avgrensinga vil kunne føre til at det blir meir krevjande å drive ei omfattande form for bustadutleige ettersom ein går glipp av effektivitetsfordelar som er knytte til å ha fleire utleigeeiningar i det same sameiget. Avgrensinga kan derfor føre til ein reduksjon i veksten i talet på sekundærbustader og dermed eit redusert tilbod i talet på utleigebustader. Redusert tilbod kan bidra til auka press i leigemarknaden og dermed auka leigeprisar.

På den andre sida vil redusert etterspurnad etter sekundærbustader kunne gje lågare press i eigemarknaden og dermed ha ein dempande effekt på bustadprisane. Det harmonerer godt med andre tiltak for å dempe veksten i bustadprisane og gjelda i hushalda.

7.2 Regulere korttidsutleige

Delingsøkonomiplattformer for overnatting har fleire positive samfunnsøkonomiske effektar. Dei fører til at marknaden for overnatting blir meir diversifisert, både i geografi, kvalitet og pris. Dei fører truleg til auka turisme til Noreg og eit betre tilbod for reisande innanlands. Slike plattformer fører også til meir effektiv ressursutnytting ved at privatpersonar i kortare periodar kan leige ut heile eller delar av bustadene sine når dei elles ville stå tomme. Det er lite som tyder på at delingsplattformer som Airbnb har ført til auka prispress på bustader eller eit lågare tilbod av bustader for langtidsutleige i Noreg som heilskap, sjølv om det er regionale skilnader. Omfanget og profesjonaliseringa av korttidsutleige aukar likevel. Dersom denne utviklinga held fram, kan konsekvensane for bustadprisane og leigemarknaden bli problematiske.

Departementet meiner forslaget til regulering av korttidsutleige sørgjer for å sikre dei positive effektane av delingsøkonomien i Noreg, ved at privatpersonar framleis kan leige ut primærbustaden sin i kortare periodar. Samtidig avgrensar forslaget dei negative konsekvensane for bumiljøa. Selskap som driv med korttidsutleige, må i større grad innrette seg på å kombinere korttidsutleige og langtidsutleige (utleige over 30 dagar samanhengande).

7.3 Innføre heimel for å krevje eigarskiftegebyr

Plikta til å betale eigarskiftegebyr ved overdraging av eigarseksjonar blir flytta frå kjøparen til seljaren og får dermed nokre mindre økonomiske konsekvensar for private. Elles går departementet ut frå at forslaget ikkje får vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar, heller ikkje for det offentlege.

Til forsida