Prop. 39 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Landbruks- og matdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50

Løyvinga på posten blir mellom anna nytta til vedlikehald av eigedommar Landbruks- og matdepartementet eig og til store innkjøp. I medhald av romartal II i Prop. 1 S (2019–2020), kan Landbruks- og matdepartementet overskride løyvinga på denne posten med eit beløp som svarer til meirinntektene frå sal av fast eigedom, avgrensa til 25,0 mill. kroner. Departementet har i 2020 sluttført salet av Staur gard jf. omtale under kap. 4100, post 40. Framfor å nytte fullmakta til å overskride løyvinga på kap. 1100, post 45, gjer Landbruks- og matdepartementet framlegg om å auke løyvinga på posten med 25,0 mill. kroner.

Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet

Post 40 Sal av eigedom

Landbruks- og matdepartementet har i 2020 selt eigedommen Staur gard i Stange kommune. Samla overført inntekt, trekt frå utgifter ved salet, er 60,0 mill. kroner. Landbruks- og matdepartementet gjer difor framlegg om ei løyving på posten på 60,0 mill. kroner.

Kap. 1115 Mattilsynet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekkje driftsutgiftene til Mattilsynet. På grunn av koronapandemien, har Mattilsynet hatt ein redusert aktivitet når det gjeld fysiske tilsyn og Mattilsynet har i større grad prioritert andre kontrollaktivitetar. Dette har medført at også inntektene frå gebyr har blitt redusert, jf. omtale under kap. 4115, post 01. Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på posten med 3,8 mill. kroner.

Kap. 4115 Mattilsynet

Post 01 Gebyr m.m.

På posten blir det ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar, og gebyr for visse tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.

Revidert prognose for Mattilsynet sine gebyrinntekter for 2020, er 15,8 mill. kroner lågare enn løyvinga på posten. Det noko uvisse om prognosen då koronapandemien påverkar Mattilsynet sitt arbeid. Smittesituasjonen har ført til endringar i Mattilsynet sine arbeidsmetodar, også på område som utløyser gebyr, og tal på tilsyn har gått ned. Denne situasjonen har medført at Mattilsynet i større grad har prioritert andre kontrollaktivitetar enn dei som utløyser gebyr. Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga på posten med 15,8 mill. kroner.

Kap. 1137 Forsking og innovasjon

Post 54 Næringsretta matforsking m.m.

Føremålet med posten er å sikre økonomisk grunnlag for forsking på landbruksprodukt som blir nytta til å framstille nærings- og nytingsmiddel og fôrkorn til husdyr. Midlane på posten kjem frå ei avgift på importerte og norskproduserte landbruksprodukt. Forskingsavgift på landbruksprodukt vil gi høgare inntekter i 2020 enn først venta jf. omtale under motsvarande inntektspost kap. 5576, post 70. Landbruks- og matdepartementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga på posten med 5,0 mill. kr.

Kap. 1140 Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag gjennomført av Miljødirektoratet eller fylkesmenn. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1,0 mill. kroner grunna auka utgifter til utvikling av Hjorteviltregisteret, mot tilsvarande reduksjon på kap. 1140, post 71, jf. omtale under denne posten.

Post 71 Tilskott til viltformål, kan overførast

Målet for tilskottsordninga på posten er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskott av viltet, og at produktiviteten og mangfaldet i naturen blir teke vare på nasjonalt og regionalt. Det er venta lågare inntekter frå jeger- og fellingsavgifter i 2020, jf. omtale under kap. 5576, post 72. Som følgje av dette minkar uttaket av kapital frå Viltfondet, og dermed også utgiftene på kap. 1140, post 71. Departementet gjer i tillegg framlegg om å redusere løyvinga på posten med 1,0 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 1140, post 21, for å dekkje kostnader til utvikling av Hjorteviltregisteret. Samla gjer departementet framlegg om å setje ned løyvinga på posten med 7,5 mill. kroner.

Kap. 1141 Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

Post 23 Jegerprøve m.m., kan overførast

Løyvinga på posten går til å drifte ordninga med den obligatoriske jegerprøva. Det venta lågare inntekter frå jegerprøvegebyr i 2020, jf. omtale under kapittel 4141, post 01. Departementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga på posten med 1,0 mill. kroner.

Kap. 4141 Haustbare viltressursar

Post 01 Jegerprøve, gebyr m.m.

Dei siste åra har det vore ein nedgang i talet på personar som har teke jegerprøva. I tillegg har koronapandemien ført til ytterlegare reduksjon i talet på gjennomførte eksamenar, sidan mange jegerprøvekurs blei avlyst fyrste halvår 2020. Det er difor venta lågare inntekter frå jegerprøvegebyr i 2020. LMD gjer framlegg om å redusere løyvinga på posten med 1,0 mill. kroner. Utgiftene under kap. 1141, post 23, blir redusert tilsvarande.

Kap. 1142 Landbruksdirektoratet

Post 72 Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite, overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av, og utgifter til, leige av reinbeite etter inngåtte avtaler. Det har vore eit meirforbruk på posten i 2020, grunna indeksregulering av leigeprisen. Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på posten med 23 000 kroner.

Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon, overslagsløyving

Føremålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven). Tilskottet skal òg dekkje tap i samband med tiltak som blir sett i verk som følgje av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinehaldet, tiltak for å redusere innhaldet av radioaktivitet i storfe og småfe og enkelte andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen.

Prognosane for utbetalingar på posten for 2020 tilseier eit behov for ei auka løyving på posten. Det er uvisse kring prognosane. Årsaka til behovet for ein auke i løyvinga er mellom anna utbrott av LA-MRSA i Nordland, og utbetalingar etter MRSA-funn i Trøndelag og Rogaland tidlegare år. Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på posten med 30,4 mill. kroner.

Post 77 Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast

Løyvinga på posten skal dekkje kompensasjon til dei som har avvikla drifta av pelsdyrhald som følgje av det vedtekne forbodet mot hald av pelsdyr. Utbetalingane og behov for løyving på posten er venta å bli noko høgare enn det som tidlegare er lagt til grunn. Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på posten med 25,0 mill. kroner.

Post 80 Radioaktivitetstiltak, kan overførast

Løyvinga skal dekkje kostnader som følgje av radioaktivt avfall etter Tsjernobyl-ulykka i 1986. I 2020 har det ikkje vore behov for utbetalingar til radioaktivitetstiltak, og Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner.

Kap. 1148 Naturskade – erstatningar

Post 71 Naturskade – erstatningar, overslagsløyving

Staten si naturskadeordning gir erstatning for dei naturskadane det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning, og løyvinga skal nyttast til å dekkje desse utgiftene. Tilsegn om erstatning for naturskadar blir gitt med ein frist for oppretting på 3 år. Utbetaling av erstatning skjer når skaden er retta opp. Det er difor knytt ei tilsegnsfullmakt til posten.

På bakgrunn av oppdaterte prognosar for utbetalingar i 2020, og for tilsegn som ikkje vil vere innfridde per 31.12.2020, gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga på posten med 112,7 mill. kroner. Tilsegnsfullmakta blir auka med 9,2 mill. kroner, til 99,7 mill. kroner, jf. forslag til romartal III.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

Post 70 Marknadsregulering, kan overførast

Ei av delordningane på posten er «Tilskott til råvareprisutjamningsordninga mv.». Føremålet med denne er å auke konkurransekrafta til den delen av norsk næringsmiddelindustri som produserer varer som er omfatta av EØS-avtalen protokoll 3. Dette skjer gjennom å utjamne for råvareprisforskjellar mellom Noreg og verdsmarknaden, mellom anna gjennom tilskott for utvalde råvarer. Prognosen for utbetaling til dette i 2020 overskrid løyvinga med om lag 10 mill. kroner. Hovudårsaka til overskridinga er at kronekursen blei svakare enn prognosert. Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på posten med 10,0 mill. kroner.

Post 71 Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving

Føremålet med løyvinga er å redusere økonomiske tap i plante- og honningproduksjon grunna vêrtilhøve som har gitt svikt i avlingane. For avlingsåret 2020 er det registrert meir avlingsskade enn normalt i delar av landet. Dette gjeld frukt på Vestlandet, korn og gras i Trøndelag, og gras i Nord-Noreg. I bærproduksjonen er det også mange søknader frå fleire delar av landet. Det er rekna at om lag 50 pst. av søknadane om tilskott for avlingssvikt i 2020 vil bli handsama i år, medan resten blir handsama i 2021. Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på posten med 45,5 mill. kroner.

Post 73 Pristilskott, overslagsløyving

Prognosane viser eit forbruk over posten som er 66 mill. kroner høgare enn løyvinga. Hovudårsaka til dette er at kornavlingane i 2020 i gjennomsnitt blei gode. Om lag 70 pst. av denne avlinga blir omsett i 2020, og det gir eit meirforbruk på ordninga med prisnedskriving av norsk korn på 53,0 mill. kroner. Avlingane av frukt og bær blei òg uvanleg gode i 2019. Pristilskotta for grøntsektoren blir handsama saman med produksjonstilskott, og blir difor først betalt ut året etter avlingsåret. På ordninga «pristilskott grønt» er det rekna eit meirforbruk på vel 25 mill. kroner. For dei andre ordningane på posten er det små avvik frå budsjett. Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å samla auke løyvinga på posten med 66,0 mill. kroner.

Post 74 Direkte tilskott, kan overførast

Prognosane viser ei innsparing på 3,2 mill. kroner i 2020. Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på posten med 3,2 mill. kroner for å dekkje delar av prognosert meirforbruk på kap. 1150, post 70 jf. omtale under denne posten.

Post 78 Velferdsordningar, kan overførast

Prognosane viser ei innsparing på 6,8 mill. kroner i 2020. Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på posten med 6,8 mill. kroner for å dekkje delar av prognosert meirforbruk på kap. 1150, post 70 jf. omtale under denne posten.

Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

Post 85 Marknadsordninga for korn

Posten omfattar inntekter frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer. Ut frå prognosane for desse inntektene for 2020, gjer Landbruks- og matdepartementet framlegg om å auke løyvinga på posten med 0,7 mill. kroner.

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen

Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

Posten gjeld løyvinga til Reindriftens utviklingsfond (RUF). RUF skal gjennom bruk av økonomiske verkemiddel bidra til å utvikle reindriftsnæringa i samsvar med dei reindriftspolitiske måla. Frå denne posten er det sett av 4,5 mill. kroner i 2020 til transport av rein. Partane i reindriftsavtalen er samd om at det er naudsynt å auke denne avsetjinga i 2020. Departementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga på posten med 350 000 kroner, mot ein tilsvarande reduksjon i kap. 1151, post 79.

Post 79 Velferdsordningar, kan overførast

Føremålet med posten er å sikre gode velferdsordningar for reindriftsnæringa. Posten omfattar innbetaling av medlemsavgift til folketrygda og sjukepengeordninga. Posten omfattar også tidlegpensjon og ei ordning for tilskott til leigd hjelp ved svangerskap og fødsel. Prognoser frå Landbruksdirektoratet viser eit mindreforbruk på posten i 2020. Departementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga på posten med 350 000 kroner, mot ein tilsvarande auke av kap. 1151, post 51.

Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

Post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt

Midlane på posten kjem frå avgift på visse importerte og norskproduserte landbruksprodukt, jf. Lov om forskningsavgift på landbruksprodukter. Prognose for samla innbetaling av forskingsavgift på landbruksprodukt i 2020 er noko høgare enn tidlegare venta. Landbruks- og matdepartementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga på posten med 5,0 mill. kroner.

Post 72 Jeger og fellingsavgifter

Jeger- og fellingsavgifter som blir betalt inn til Viltfondet blir inntektsført på denne posten. Inntektene til Viltfondet blir i 2020 lågare enn forventa. Overgang til digitalt jegeravgiftskort og nye rutinar for innbetaling av jegeravgift kan vere årsak til at færre betaler jegeravgift. Koronapandemien kan også har ført til at færre jegerar går på jakt i år, og at dei av den grunn ikkje betaler jegeravgifta. Landbruks- og matdepartementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga på posten med 6,5 mill. kroner. Utgiftene under kap. 1140, post 71 blir redusert tilsvarande.

Til forsida