Prop. 4 L (2018–2019)

Endringar i folketrygdlova (tredeling av foreldrepengeperioden ved 80 prosent uttak)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Barne- og likestillingsdepartementet legg fram eit forslag til endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven) kapittel 14 om ytelser ved fødsel og adopsjon.

Departementet føreslår å auke kvar av dei øyremerkte delane til 19 veker når foreldra vel ein dekningsgrad på 80 prosent av foreldrepengegrunnlaget (redusert sats). Dette inneber ikkje endringar i lengda på stønadsperioden etter fødsel, som er 56 veker. Den delen av stønadsperioden som foreldra står fritt til å dele, blir såleis redusert frå 26 veker til 18 veker. Når foreldra vel ein dekningsgrad på 100 prosent av foreldrepengegrunnlaget (full sats), vert det ikkje endring i dei øyremerkte delane.

Departementet følgjer i denne omgang ikkje opp forslaget om å endre omgrepa «mødrekvote» og «fedrekvote» til «mors del» og «fars del». Departementet vil greie ut dette vidare.

Departementet føreslår at endringane skal få verknad for dei tilfella der uttak av stønadsperioden startar 1. januar 2019 eller seinare.

Denne proposisjonen er ledd to i innfasinga av punktet i regjeringa si politiske plattform om at foreldrepermisjonen skal verte delt i tre like delar.