Prop. 4 L (2018–2019)

Endringar i folketrygdlova (tredeling av foreldrepengeperioden ved 80 prosent uttak)

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei enkelte føresegnene

Endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd.

Til § 14-9

Folketrygdloven § 14-9 gjeld stønadsperioden for foreldrepengar.

Femte ledd inneheld føresegner om tredeling av stønadsperioden ved at mødre- og fedrekvoten er ulik avhengig av om foreldra vel full eller redusert sats. Etter andre punktum er mødre- og fedrekvoten 15 veker når foreldra vel foreldrepengar med full sats. Desse vekene er unntatt frå deling slik at fellesdelen i slike tilfelle er 16 veker. Etter fjerde punktum er mødre- og fedrekvoten 19 veker når foreldra vel uttak med redusert sats. Fellesdelen er i slike tilfelle 18 veker.

Nytt sjette ledd vidarefører føresegna om at dei siste 3 vekene før og dei første 6 vekene etter fødselen er den delen av stønadsperioden som er øyremerkt mor ved fødselen. Desse vekene er unntatt frå deling. Føresegna vidarefører òg dagens regel om at dei første seks vekene etter fødselen inngår i mødrekvoten. Mødrekvoten kan ikkje verte tatt ut før fødselen.

Noverande sjette ledd blir nytt sjuande ledd.

Til § 14-12

Folketrygdloven § 14-12 inneheld føresegner om uttak kvotene.

Første ledd inneheld reglar om tredeling av stønadsperioden ved at storleiken på mødre- og fedrekvoten er ulik ved full og redusert sats. Sjå merknadene til § 14-9 femte ledd.

Til § 14-14

I første ledd annet punktum vert «femte ledd» endra til «sjette ledd» som følge av endringa i lovutkastet § 14-9.

Til § 14-16

I andre ledd vert «femte ledd» endra til «sjette ledd» som følge av endringa i lovutkastet § 14-9.