Prop. 45 L (2015–2016)

Endringar i kommuneloven (avvikling av samkommunemodellen)

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett

Høvet til å opprette ein samkommune blei føydd til kommuneloven ved lov 25. mai 2012 nr. 28. Endringa skjedde ved at kapittel 5 B. Samkommune blei føydd til. Lovendringa tok til å gjelde 1. juli 2012.

Modellen legg til rette for at kommunane kan utføre sentrale lovpålagde oppgåver i samarbeid med andre. Modellen har likskapstrekk med vertskommunesamarbeidet, men medan sistnemnde er eigna for enkelttenester, var samkommunen tiltenkt eit breiare samarbeid på meir sektorovergripande oppgåvefelt. Samkommunemodellen går også lenger enn vertskommunemodellen ved at kommunane som tek del i samkommunemodellen, overfører ansvaret sitt for å utføre oppgåvene til samkommunen.

Hovudføremålet med samkommunemodellen var å gi kommunane eit supplement til eksisterande modellar. Det blei ved etableringa av lova lagt vekt på at modellen i større grad enn dei andre modellane ville gi deltakarkommunane høve til å leie dei oppgåvene dei samarbeidde om, på ein meir heilskapleg og samordna måte. Samkommunen var også tiltenkt store og ulike kjerneoppgåver.

Både kommunar og fylkeskommunar kan opprette samkommunar. Ein kommune kan berre delta i éin samkommune. Kommunestyret eller fylkestinget må sjølv vedta å delta i ein samkommune. Ein samkommune er eit eige rettssubjekt. Eit samkommunesamarbeid fører til at det blir etablert eit nytt interkommunalt forvaltningsorgan som får lik avgjerdsmakt overført frå alle deltakarkommunane.