Prop. 45 L (2015–2016)

Endringar i kommuneloven (avvikling av samkommunemodellen)

Til innhaldsliste

4 Høyringa

4.1 Forslaget frå departementet i høyringsnotatet

I januar 2015 sende departementet ut på høyring eit forslag om å oppheve samkommunemodellen. I høyringsbrevet skreiv departementet at regjeringa meiner at kommunesamanslåing er ei betre løysing for ein kommune som treng å samarbeide på så mange tenesteområde som samkommunen gir høve til. Kommunereforma skal leggje til rette for ein kommunestruktur som ikkje gjer det absolutt nødvendig for kommunane å inngå i interkommunalt samarbeid for å kunne løyse dei lovpålagde oppgåvene sine.

Departementet viste til at eit av hovudargumenta for å innføre samkommunemodellen var at han ville gi høve til eit langsiktig, forpliktande og heilskapleg samarbeid som kunne bidra til gode fagmiljø og betre kvaliteten på tenestene i kommunane. Dette meiner departementet i stor grad kan gjerast på andre måtar.

Svært få kommunar har teke i bruk samkommunemodellen sidan han blei lovfesta i 2012. Det finst berre to samkommunar i dag, der til saman seks kommunar tek del. Departementet meinte at dette tydde på at modellen står fram som mindre relevant for kommunane.

Slik departementet såg det, blir også lokaldemokratiet teke best vare på gjennom direkte folkevalde organ. I samkommunen blir styresmakt overført til indirekte valde organ. Modellen kan vidare gi innbyggjarane mindre høve til innsyn og svekkje interessa deira for lokalpolitikk.

På bakgrunn av årsakene som er nemnde over, var det ikkje ønskjeleg at det blir oppretta fleire samkommunar. Samkommunane som finst i dag, blei også føreslått avvikla.

Forslaget til lovendring fører til at høvet til å samarbeide i form av samkommunemodellen fell bort. For det store fleirtalet av kommunar får forslaget ingenting å seie fordi svært få kommunar har teke i bruk modellen.

Departementet føreslo at høvet til å opprette nye samkommunar blei avvikla så raskt som mogleg. Dei eksisterande samkommunane skulle få ei overgangsordning, slik at dei måtte vere avvikla seinast 1. januar 2020.

4.2 Høyringsinstansar

Notatet blei sendt til desse instansane:

  • Departementa

  • Fylkesmennene

  • Fylkeskommunane

  • Kommunane

  • Innherred samkommune

  • Midtre Namdal samkommune

  • KS – arbeidsgivar- og interesseorganisasjonen for kommunesektoren

  • Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund

  • Norges kommunerevisorforbund

  • Arbeidarpartiet

  • Framstegspartiet

  • Høgre

  • Kristeleg Folkeparti

  • Miljøpartiet Dei Grøne

  • Raudt

  • Senterpartiet

  • Sosialistisk Venstreparti

  • Venstre

4.3 Innspela frå høyringsinstansane

Det har kome inn 30 høyringsfråsegner. Følgjande 14 gjer uttrykk for støtte til framlegget:

  • Fylkesmannen i Hedmark

  • Fylkesmannen i Rogaland

  • Aust-Agder fylkeskommune

  • Rogaland fylkeskommune

  • Sør-Trøndelag fylkeskommune

  • Telemark fylkeskommune

  • Vestfold fylkeskommune

  • Bergen kommune

  • Lenvik kommune

  • Tokke kommune

  • Trondheim kommune

  • KS – arbeidsgivar- og interesseorganisasjonen for kommunesektoren

  • Fellesorganisasjonen (FO)

  • Levanger Venstre

Desse seks går hovudsakleg imot framlegget:

  • Nordland fylkeskommune

  • Audnedal kommune

  • Tysnes kommune

  • Innherred samkommune

  • Midtre Namdal samkommune

  • KS Nord-Trøndelag

Desse har ikkje merknader til framlegget:

  • Arbeids- og sosialdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Klima- og miljødepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Risør kommune

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag tek til orientering at samkommunen er føreslått teken bort, men knyter nokre kommentarar til auka bruk av samarbeid i kommunane.

Begge dei to samkommunane som eksisterer i dag, Midtre Namdal og Innherred, er imot forslaget om å avvikle modellen.

Midtre Namdal samkommune skriv mellom anna:

«Midtre Namdal samkommunestyre vil sterkt beklage at regjeringen fremmer forslag om oppheving av bestemmelsen om samkommune i kommunelovens § 5 B. Kommunene i Midtre Namdal har hatt gode erfaringer med samkommunemodellen siden 2009 og ønsker primært å opprettholde muligheten til samkommuneorganisering i kommuneloven. Midtre Namdal samkommunestyre opplever samkommunemodellen som mer demokratisk enn andre former for interkommunalt samarbeid. Samkommunemodellen gir et samlet styringsgrep med politisk kontroll og normale beslutningsprinsipper for interkommunale samarbeidsordninger. Bl.a. gir det mulighet til å prioritere på tvers av område og sektor. Vi har erfart at samkommunemodellen gir sterkere eierfølelse til tjenestene for alle deltakende kommuner enn det som vertskommunemodellen gir bl.a. fordi denne har et element av kjøp og salg (kunderelasjon). Samkommune er et forpliktende og langsiktig samarbeid som gir mulighet til utvikling av en regionalpolitikk i samkommunestyret som representativt politiske organ. Midtre Namdal samkommune organiserer om lag 8 % av kommunenes virksomhet pr i dag. Midtre Namdal samkommunestyre mener i motsetning til regjeringen at samkommunemodellen fører til en mindre kompleks forvaltning, større transparens for alle deltakende samarbeidskommuner og forbedret politisk kontroll sammenlignet med andre interkommunale samarbeidsformer som vertskommune og IKS.»

Innherred samkommune skriv:

«Samkommunemodellen har vore eit godt alternativ til dei andre modellane for interkommunalt samarbeid, særleg i forhold til demokratiperspektivet. Innherred samkommune beklager derfor at modellen no ser ut til å forsvinne frå kommunelova mindre enn 3 år etter at den vart vedteke og etter at det har vore gode erfaringar med den mellom dei som har teke den i bruk.»

Under føresetnad av at forslaget om å oppheve samkommunemodellen blir vedteke av Stortinget, skriv begge samkommunane at den føreslåtte avviklingsperioden fram til 1. januar 2020 er nødvendig. Midtre Namdal samkommune ber i tillegg om å få moglegheit til å forlengje overgangsperioden «dersom gjennomføringen av kommunereformen skulle dra ut i tid».

Begge samkommunane skriv vidare at staten bør bidra med å dekkje kostnader som oppstår i samband med avvikling av samkommunane.

KS Nord-Trøndelag meiner at det vil «være prinsipielt feil av sentrale myndigheter å overstyre organiseringen av kommunal forvaltning og tjenesteproduksjon.» Fylkestinget i Nordland gir uttrykk for forståing for ønsket om endringar i kommuneloven, men ber om at ein ikkje tek stilling til avviklinga no, men ventar til kommunereforma er ferdig.

Av instansar som sluttar seg til forslaget, er mellom anna KS, som skriv:

«KS’ prinsipielle syn er at lokaldemokratiet skal ivaretas gjennom direkte folkevalgte organer. KS støtter derfor forslaget om oppheving av kommuneloven kapittel 5 B – Samkommune.»

Bergen kommune og Trondheim kommune gir også begge støtte til forslaget frå departementet.

Vestfold fylkeskommune skriv at dei:

«støtter departementets forslag om å oppheve kommunelovens kapittel 5B om samkommune. Samkommunemodellen vil ikke være et fullgodt alternativ til større og mer robuste kommuner ved gjennomføring av kommunereformen, da samkommunene gir en unødvendig kompleks forvaltning og lite transparens.»

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag tek til orientering at ein ønskjer å fjerne lovgrunnlaget for samkommunemodellen. Om bruk av vertskommunemodellen som alternativ modell skriv Fylkesmannen at dei har:

«sett og dokumentert at bruken av denne modellen har økt, også med folkevalgte nemnder. Dersom det skulle bli flere interkommunale samarbeid framover (og ikke sammenslåinger), kan det tenkes at vi noen steder får et system med betydelig samarbeid mellom kommuner basert på vertskommunemodellen. I sin ytterste forstand kan man da få et system som i antall samarbeid blir like eller mer omfattende, og som er mer kompleks rent styringsmessig. Det kan derfor være viktig at fylkesmennene følger med i utviklingen av interkommunale samarbeid, bruk av vertskommunesystemet og kunnskap om effekter av dette.»

Fylkesmannen ser det også som viktig framover at ein med jamne mellomrom drøftar kva som er ei tenleg lovregulering av interkommunalt samarbeid totalt sett.