Prop. 45 L (2015–2016)

Endringar i kommuneloven (avvikling av samkommunemodellen)

Til innhaldsliste

8 Spesielle merknader

Merknader til kommuneloven

Til § 28-2 a nr. 1

Framlegget inneber at det ikkje lenger blir tilgang til å opprette samkommunar eller slutte seg til eksisterande samkommunesamarbeid. Departementet legg opp til at denne endringa trer i kraft så raskt som mogeleg. Dei eksisterande samkommunane får tida fram til 1. januar 2020 til å avvikle seg. Fram til dei er avvikla, vil dei andre reglane i kommuneloven og særlovgivinga elles gjelde for samkommunesamarbeida. Når begge samkommunane er avvikla, vil departementet be Kongen i statsråd sanksjonere dei resterande lovendringane for å fjerne føresegner og tilvisingar til samkommunemodellen.

Merknader til domstolloven

Til § 191 første ledd

Framlegget inneber at tilvisingane til leiar av samkommunen og samkommunestyret som rette mottakar for forkynningar og meldingar som blir gjeve i samband med ei rettssak, blir teke ut av føresegna. Dette er ein konsekvens av framlegget om å avvikle samkommunemodellen.

Merknader til sivilombudsmannsloven

Til § 4 andre ledd bokstav f første punktum

Framlegget inneber at regelen om at avgjerder gjorde av samkommunestyret er unnatekne frå Ombudsmannens arbeidsområde blir teke ut av føresegna. Dette er ein konsekvens av framlegget om å avvikle samkommunemodellen.

Merknader til Straffeprosessloven

Til § 81 a andre ledd første punktum

Paragrafen regulerer kven som kan krevje påtale på det offentlege sine vegner og høvet til å gje fullmakt til å krevje påtale. Framlegget fjernar høvet for samkommunestyret til å krevje påtale på vegne av samkommunen. Framlegget heng saman med at samkommunemodellen blir føreslått avvikla.

Til § 81 a andre ledd fjerde punktum

Framlegget fjernar samkommunestyret sitt høve til å gje fullmakt til leiaren, faste utval og den administrative leiaren til å krevje påtale. Dette er ein konsekvens av framlegget om å avvikle samkommunemodellen.

Til § 81 a andre ledd sjette punktum

Framlegget fjernar omtalen av tilfelle der ein samkommune utøver verksemd utanfor samkommunen og fullmaktsreglane som då gjeld. Framlegget heng saman med at samkommunemodellen blir føreslått avvikla.

Merknader til tvangsfullbyrdelsesloven

Til § 1-2

Paragrafen nemner rettssubjekt som ikkje kan få krav mot seg tvangsfullbyrda. Overskrifta til paragrafen blir føreslått endra, ved at samkommunen blir teke ut. Framlegget fjernar også samkommunen frå oppramsinga i andre ledd av organ som pengekrav ikkje kan tvangsfullbyrdast overfor. Begge framlegga heng saman med at samkommunemodellen blir føreslått avvikla.

Merknader til tvisteloven

Til § 1-5 andre punktum

Paragrafen omhandlar kven søksmål om gyldigheita av offentlege vedtak skal rettast mot. Når eit statleg organ har gjort ei avgjerd i siste instans, skal eit søksmål rettast mot dette, medan varsel om søksmålet skal gjevast til kommunen, fylkeskommunen eller samkommunen som har treft avgjerder tidlegare i saka. Framlegget føreslår å ta ut omtalen av samkommunen og er ein konsekvens av at denne modellen blir føreslått avvikla.

Til § 2-1 første ledd

Det blir føreslått at samkommunen blir teke ut av lista over kven som har partsevne. Framlegget heng saman med at samkommunemodellen blir føreslått avvikla.

Til § 4-4 fjerde ledd andre punktum

Føresegna opplysar om kvar ulike offentlege forvaltningsnivå har sitt alminnelege verneting. Framlegget tek ut samkommunen frå denne opplistinga og er ein konsekvens av at modellen blir føreslått avvikla.

Til § 33-1 andre ledd

Føresegna seier at pengekrav mot enkelte rettssubjekt ikkje kan sikrast ved arrest. Framlegget tek ut samkommunen frå lista over slike rettssubjekt. Dette er ein konsekvens av framlegget om å avvikle samkommunemodellen.