Prop. 45 S (2020–2021)

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

3 Omtale av forslag til inntektsendringar

Kap. 3902 Justervesenet

Post 01 Gebyrinntekter

Restriksjonar som følgje av virusutbrotet har medført færre operative tilsyn frå Justervesenet i ein periode. Dette har gitt ein nedgang i driftsutgiftene, jf. kap. 902, post 01, og i gebyrinntektene til etaten.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner, frå 25,5 til 22,5 mill. kroner.

Post 03 Inntekter frå sal av tenester

Restriksjonar som følgje av virusutbrotet har medført at Justervesenet i ein periode har hatt færre oppdrag mellom anna knytt til kalibrering og som teknisk kontrollorgan. Dette har gitt ein nedgang i inntektene etaten har frå sal av tenester.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, frå 24,6 til 22,6 mill. kroner.

Kap. 3903 Norsk akkreditering

Post 01 Gebyrinntekter og andre inntekter

Ein viser til omtale under kap. 903, post 01 om noko redusert kjerneverksemd for Norsk akkreditering i 2020.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, frå 50,4 til 40,4 mill. kroner.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra

Post 01 Gebyrinntekter

Posten omfattar gebyrinntekter frå fleire registertenester. Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn venta i 2020. Auka er knytt til gebyr i Lausøyreregisteret og Føretaksregisteret.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auka løyvinga med 27,6 mill. kroner, frå 507,9 til 535,5 mill. kroner.

Post 02 Refusjonar, oppdragsinntekter og andre inntekter

Løyvinga omfattar refusjon av inntekter frå oppdrag som Brønnøysundregistra tek på seg for andre. Omfanget av inntekter vil bli høgare enn venta i 2020. Dette kjem mellom anna frå refusjon for husleige frå Digitaliseringsdirektoratet. Posten har ein meirinntektsfullmakt, og departementet gjer derfor framlegg om ei parallell justering, jf. kap. 904, post 01.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6,7 mill. kroner, frå 31,4 til 385,1 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 904, post 01.

Kap. 3906 Direktoratet for mineralforvalting med Bergmeisteren for Svalbard

Post 86 Lovbrotsgebyr og tvangsmulkt

Som følgje av koronapandemien har inntektene blitt lågare enn pårekna. Dette skyldast at innkrevjingane blei stoppa i perioden mars til juni 2020 som eit tiltak for å lette byrdene på mineralnæringa i samband med virusutbrotet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 500 000 kroner, frå 1 mill. kroner til 500 000 kroner.

Kap. 3909 Tiltak for sysselsetjing av sjøfolk

Post 01 Tilbakeføring av tilskot

Sjøfartsdirektoratet fører kontroll med utbetalingar under tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk. Eit krav for at reiarlag kan få tilskot, er at arbeidstakar det søkast om tilskot for, har rett til sjømannsfrådrag etter skattelova. Sjøfartsdirektoratet styrka i 2019 kontrollen av kravet om rett til sjømannsfrådrag er oppfylt. Denne kontrollen blei vidareført i 2020. Det er venta ei høgare tilbakebetaling enn det som låg til grunn i Saldert budsjett 2020.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke inntektene med 3,3 mill. kroner, frå 5 til 8,3 mill. kroner.

Kap. 3910 Sjøfartsdirektoratet

Post 01 Gebyr for skip og flyttbare innretningar i NOR

Med bakgrunn i nye anslag frå Sjøfartsdirektoratet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere gebyrinntektene med 2 mill. kroner. Reduksjonen har særleg samanheng med forseinkingar i byggeprosjekt i utlandet grunna koronasituasjonen.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere inntektene med 2 mill. kroner, frå 217,8 til 215,8 mill. kroner.

Post 02 Maritime personellsertifikat

Koronapandemien har ført til ei forskyving og ein reduksjon på estimerte inntekter med 2,7 mill. kroner for 2020. Direktoratet har som eit tiltak for å oppretthalde maritim verksemd i krisa, forlenga gyldigheitstida til sertifikata. Det same har utanlandske maritime administrasjonar gjort. Dette har ført til eit redusert tal på sertifikat og påteikningar.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere posten med 2,7 mill. kroner, frå 19,4 til 16,7 mill. kroner.

Post 03 Ymse inntekter

Inntektene under posten gjeld i hovudsak refusjonar frå andre. Sjøfartsdirektoratet ventar samla inntekter på om lag 7,4 mill. kroner. Posten har ein meirinntektsfullmakt, og det blir gjort framlegg om ei parallell justering under kap. 910, post 01 og kap. 3910, post 03.

På dette grunnlaget gjer Nærings og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 7 mill. kroner, frå 425 000 kroner til 7,4 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 910, post 01 Driftsutgifter.

Post 04 Gebyr for skip i NIS

Med bakgrunn i nye anslag frå Sjøfartsdirektoratet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4,7 mill. kroner, frå 54,6 til 59,3 mill. kroner.

Post 86 Lovbrotsgebyr og tvangsmulkt

Sjøfartsdirektoratet har utvikla ein meir målretta tilsynsmetodikk og automatiske varsel ved mogelege brot. Dette har ført til ei auking av gebyr for brot på regelverket.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke posten med 4,2 mill. kroner, frå 4,8 til 9 mill. kroner.

Kap. 3911 Konkurransetilsynet

Post 03 Refusjonar og andre inntekter

Inntektene på denne posten gjeld først og fremst refusjonar for kurs og konferansar. Grunna koronakrisa har Konkurransetilsynet måtte avlyse den årlege fagkonferansen, og mottek derfor heller ikkje deltakaravgifter. På bakgrunn av dette gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 200 000 kroner, frå 200 000 kroner til 0.

Post 86 Lovbrotsgebyr

Konkurransetilsynet hadde per 1. september 2020 uteståande gebyr på 805,5 mill. kroner. Det er knytt stor uvisse til tidspunkt for innbetaling av uteståande gebyr i 2020 grunna klagehandsaming og klagefristar.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 100 000 kroner, frå 100 000 kroner til 0.

Kap. 3912 Klagenemndssekreteriatet

Post 01 Klagegebyr

Frå 2018 blei regelendring om at medhald i klagesak i Klagenemnda for offentlege anskaffingar vil kunne gje tilbakebetaling av innbetalt klagegebyr gjeldande, og grunna dette får sekretariatet lågare inntekter i 2020.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 350 000 kroner, frå 1,2 mill. kroner til 800 000 kroner.

Post 87 Lovbrotsgebyr

Inntektene på posten gjeld vedtak om brot i klagesaker om offentlege anskaffingar der det er gjeve gebyr for brot. Det er utfakturert klagegebyr i åtte klagesaker i år og innbetalt 3,66 mill. kroner per 17. september 2020. Storleiken på rekneskapsførte gebyr vil variere frå år til år ut frå talet på saker og eigenarten på sakene. På bakgrunn av dette gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke posten med 3,6 mill. kroner, frå 100 000 kroner til 3,7 mill. kroner.

Kap. 3917 Fiskeridirektoratet

Post 05 Sakshandsamingsgebyr

Posten gjeld gebyr for akvakultursøknader, innmeldingsgebyr for merkeregisteret og gebyr for søknader om ervervstillatingar mv.

Gebyrinntektene har i 2020 vore mindre enn føresett. Av omsyn til realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,7 mill. kroner, frå 18,7 til 16 mill. kroner.

Post 13 Inntekter vederlag oppdrettskonsesjonar

Inntektene på posten er knytt til vekst i akvakulturkapasitet. Stortinget vedtok ei løyving på 5 121,48 mill. kroner i samband med handsaminga av Innst. 360 S og Prop. 117 S (2019–2020). Nye anslag tilseier at inntektene vil auke til om lag 7 040 mill. kroner i 2020.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1 918,5 mill. kroner, frå 5 121,5 til 7 040 mill. kroner.

Post 22 Inntekter ordninga fiskeforsøk og utvikling

Posten har blitt brukt til fangstinntekter og andre inntekter knytt til ordninga for fiskeforsøk og utvikling. Fiskeridirektoratet har no berre sporadiske inntekter frå forskingsfangst. Den delen av ordninga for fiskeforsøk og utvikling som tidlegare blei finansiert av fangstinntekter, blir no finansiert av fiskeriforskingsavgift.

Fiskeridirektoratet har inntil no bruttoført dei kostnadene til ordninga som har blitt finansiert med fiskeriforskingsavgift. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om at utgiftene til ordninga i staden blir førte direkte mot kap. 917, post 22 Fiskeriforsking og -overvaking, slik at utgiftene og inntektene knytt til denne delen av fiskeriforskingsavgifta ikkje blir ført dobbelt i statsrekneskapen.

I 2020 er det for første gong på nokre år gjeve ei forskingskvote, for å gjennomføre forsøk med torsketrål, som vil generere ei fangstinntekt på om lag 1 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,7 mill. kroner, frå 4,7 til 1 mill. kroner.

Post 86 Forvaltingssanksjonar

Posten gjeld inntekter frå forvaltingssanksjonar på fiskeri- og havbruksområdet. Omfanget av sanksjonar har blitt høgare enn venta. Av omsyn til realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 9 mill. kroner, frå 1 til 10 mill. kroner.

Kap. 3926 Havforskingsinstituttet, forskingsfartøy

Post 01 Oppdragsinntekter

Ein viser til omtale under kap. 926, post 01.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 37 mill. kroner, frå 88,2 til 125,2 mill. kroner.

Kap. 3935 Patentstyret

Post 01 Inntekter av informasjonstenester

Som følgje av færre forundersøkingar innan varemerke enn forutsett vil Patentstyret sine inntekter frå informasjonstenester bli lågare enn det som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2020.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 800 000 kroner, frå 4,7 til 3,9 mill. kroner.

Post 04 Ymse inntekter

Posten gjeld tilskot frå Utanriksdepartementet for å fremme kunnskap om immaterielle rettar i utviklingsland. På grunn av virusutbrotet er dei fleste av tiltaka avlyst.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,5 mill. kroner, frå 4,1 til 0,6 mill. kroner.

Kap. 3940 (nytt) Internasjonaliseringstiltak

Post 71 Tilbakebetaling av støtte ved kapitalvareeksport

Ordninga med fastrentelån (CIRR-lån) til kjøparar av norske eksportvarer, den såkalla 108-ordninga, blei oppretta i 1978. Føremålet med ordninga har vore å fremje norsk eksport. Dette blei gjort ved å tilby norske eksportørar av kapitalvarer og arbeids- og tenesteytingar eit konkurransedyktig eksportkredittilbud på same gode vilkår som offentleg støtta eksportkredittar i våre konkurrentland.

For 2020 blei det i budsjettet lagt opp til ei utbetaling på 48,9 mill. kroner under kap. 940, post 73. Saldoen på uteståande utlån under 108-ordninga utgjorde i overkant av 2,3 mrd. kroner ved utgangen av 2019.

Eksportfinans har orientert departementet om at 108-ordninga har blitt belasta enkelte kostnader knytt til misleghald av lån som ikkje skal belastast ordninga. 23,7 mill. kroner skal derfor tilbake til statskassa.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei ny løyving på 23,7 mill. kroner.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 96 Sal av aksjar

I saldert budsjett 2020 er det løyvd 100 mill. kroner frå mogelege statlege aksjesal. Endelege og fullstendige inntektsbeløp for dei einskilde aksjesala er føresett løyvd i løpet av budsjettåret når transaksjonane er avklara eller gjennomførte, enten i eigne proposisjonar eller i dei faste endringsproposisjonane i vår- og haustsesjonen.

GIEK Kredittforsikring AS

Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget, jf. Prop. 1 S (2019–2020) for Nærings- og fiskeridepartementet, selde departementet alle sine aksjar, tilsvarande 100 pst. av aksjekapitalen, i GIEK Kredittforsikring i juli 2020. Salssummen utgjorde 105,1 mill. kroner.

Tilbakekjøpsavtalar

Generalforsamlinga i eit aksjeselskap kan gi styret fullmakt til å kjøpe tilbake eigne aksjar med føremål å slette desse aksjane på eit seinare tidspunkt. Slettinga inneber nedsetting av selskapskapitalen og må vedtakast av ei ny generalforsamling. Dette er ein metode der eigenkapital tilbakeførast til aksjonærane.

Nærings- og fiskeridepartementet har dei siste åra inngått avtalar som forpliktar staten til å delta ved slike tilbakekjøp. Avtalane er utforma slik at staten sin eigardel blir uendra etter kapitalnedsettinga. Avtalane er offentlege og regulerer òg utrekning av vederlaget som staten skal ta imot. Nærings- og fiskeridepartementet inngjekk i 2018 slike tilbakekjøpsavtalar med DNB ASA, Entra ASA, Telenor ASA og Yara International ASA.

DNB ASA

Generalforsamlinga i DNB ASA gav i april 2019 styret i selskapet fullmakt til å erverve eigne aksjar inntil 3,5 pst. av selskapet sin aksjekapital i marknaden og frå staten. Fram til mars 2020 kjøpte selskapet 19 758 000 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 10 178 364 aksjar frå staten, blei vedtatt på ordinær generalforsamling i DNB ASA i juni 2020. Etter at kapitalnedsettinga blei sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 1 657,2 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 34 pst.

Telenor ASA

Generalforsamlinga i Telenor ASA gav i mai 2019 styret i selskapet fullmakt til å erverve inntil 43 000 000 eigne aksjar, om lag 3 pst. av selskapet sin aksjekapital. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 23 205 038 aksjar frå staten, blei vedtatt på ordinær generalforsamling i Telenor ASA i mai 2020. Etter at kapitalnedsettinga blei sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 4 112,8 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 53,97 pst.

Yara International ASA

Generalforsamlinga i Yara International ASA gav i mai 2019 styret i selskapet fullmakt til å erverve eigne aksjar inntil 5 pst. av selskapet sin aksjekapital i marknaden og frå staten. Fram til generalforsamling 2020 kjøpte selskapet 2 724 026 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 1 546 374 aksjar frå staten, blei vedtatt på ordinær generalforsamling i Yara International ASA i mai 2020. Etter at kapitalnedsettinga blei sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 540,1 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 36,21 pst.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6 315,2 mill. kroner, frå 100 til 6 415,2 mill. kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Noreg

Post 71 (ny) Tilbakeføring frå tilskotsfond for næringssamarbeid med Nordvest-Russland

Tilskotsfondet for næringssamarbeid med Nordvest-Russland blei oppretta i 1996 med ei løyving på 30 mill. kroner. Formålet med fondet har vore å styrke samarbeidet mellom norske og russiske verksemder i Nordvest-Russland. Innovasjon Noreg har forvalta fondet, men det har ikkje vore aktivitet dei siste 3–4 åra sidan det har vore svært liten interesse for ordninga. Ved utgangen av 2019 utgjorde disponible midlar i fondet 6 mill. kroner. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om at fondet blir avvikla og dei resterande midla i fondet på om lag 6 mill. kroner blir ført tilbake til staten på ein ny inntektspost.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg ei løyving på 6 mill. kroner på ny post.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån som Innovasjon Noreg har tatt opp i statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av noko lågare opptak av lån enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2020, er det behov for å redusere løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 0,5 mrd. kroner frå 57,8 til 57,3 mrd. kroner.

Kap. 5329 Eksportkredittordninga

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

I Saldert budsjett 2020 blei det løyvd 11,8 mrd. kroner til inntekt frå avdrag under eksportkredittordninga. Eksportkreditt Noreg anslår at avdrag på uteståande fordringar i 2020 vil bli 3,9 mrd. kroner meir enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2020. Auken kjem av konsolideringar og garantistar som av ulike årsaker ser seg nøydd til å gå inn i ulike engasjement på grunn av likviditetsproblem, overkontrahering og generelle marknadsvilkår.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,9 mrd. kroner, frå 11,8 til 15,7 mrd. kroner.

Kap. 5460 Garantiinstituttet for eksportkreditt

Post 73 Inntekter under ny statleg garantiordning for re-forsikring av kredittforsikring

I samband med Stortinget si behandling av Prop. 117 S (2019–2020) vedtok Stortinget å opprette ei midlertidig statleg garantiordning for re-forsikring av kredittforsikring, jf. Innst. 360 S (2019–2020). Inntekter under ordninga blei anslått til 195 mill. kroner. Nytt anslag på inntekter i 2020 er 166 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 29 mill. kroner, frå 195 til 166 mill. kroner.

Post 90 (ny) Avdrag på uteståande utbetaling ifølgje trekkfullmakt

Ein viser til omtale under kap. 2460, post 90 Utbetaling ifølgje trekkfullmakt – alminneleg garantiordning. I 2020 har GIEK, på grunn av at enkelte saker har tatt lenger tid enn antatt, tilbakeført 1,7 mrd. kroner av lån som GIEK har trekt opp i løpet av året. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 1,7 mrd. kroner på ny post.

Kap. 5574 Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet

Post 72 Kontroll- og tilsynsavgift akvakultur

Inntektene er knytt til Fiskeridirektoratet sin kontroll og tilsyn med havbruk. Beste anslag for inntektene i 2020 tilseier no at løyvinga blir redusert med 1,6 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,6 mill. kroner, frå 29,6 til 28 mill. kroner.

Post 74 Fiskeriforskingsavgift

Inntektene frå fiskeriforskingsavgifta svarer til 1,35 pst. av førstehandsomsetninga for villfisk. Nytt anslag for førstehandsomsetninga tilseier at avgifta vil utgjere om lag 305 mill. kroner i 2020, som er ein reduksjon på 15 mill. kroner. Løyvingane på kap. 917, post 22 og kap. 923, post 22 som er finansiert av fiskeriforskingsavgifta, er òg fremma redusert med til saman 15 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 15 mill. kroner, frå 320 til 305 mill. kroner.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til å finansiere utlånsordningane sine til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Ut frå faktiske renteinnbetalingar så langt i år og prognosar for resten av året er det grunnlag for å redusere løyvinga. Årsaka er i hovudsak mykje lågare rentesatsar på innlåna enn det som blei lagt til grunn ved budsjettering av løyvinga i fjor haust.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 125 mill. kroner, frå 260 til 135 mill. kroner.

Kap. 5629 Renter frå eksportkredittordninga

Post 80 Renter

I samband med Stortinget si behandling av budsjettet for 2020 blei det løyvd 1 600 mill. kroner i inntekter frå renter under eksportkredittordninga. Nytt anslag er 1 320 mill. kroner. Årsaka er lågare renteinntekter i marknaden enn det som blei rekna med då løyvinga opphavleg blei budsjettert.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 280 mill. kroner, frå 1 600 til 1 320 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting

Post 85 Utbyte

Ved handsaminga av Innst. 360 S og Prop. 117 S (2019–2020) blei løyvinga satt til 20 409,8 mill. kroner. Nye tal viser at utbyte frå selskapa vil bli 2 787,3 mill. kroner lågare. Utbyte frå DNB ASA, Argentum Fondsinvesteringer AS og Telenor ASA blei høvesvis 4 835,7 mill. kroner, 500 mill. kroner og 99,8 mill. kroner lågare, mens Kongsberg Gruppen ASA og Yara International ASA har auka utbyte med høvevis 900 og 1 747,7 mill. kroner. I tillegg er det nokre små endringar i innbetalt utbyte frå dei andre selskapa.

For Telenor skuldast endringa sletting av aksjar i samband med tilbakekjøpsavtale. For Argentum blei det vedtatt 0 i utbyte på generalforsamlinga til selskapet 19. juni 2020, på bakgrunn av svekka likviditet og likviditetsprognose gitt endra markedsforhold. For DNB har styret nyleg annonsert at det ikkje vil foreslå at det blir utbetalt utbyte i 2020 for rekneskapsåret 2019. Styret varsla samstundes at det vil gjere framlegg for ei ekstraordinær generalforsamling 30. november at det får fullmakt til å ta stilling til om utbyte for 2019 på maksimalt 9 kroner per aksje skal utbetalast i 2021 før ordinær generalforsamling sommaren 2021. For Kongsberg Gruppen skuldast auka utbyte at styret i oktober 2020 vedtok eit ekstraordinært utbyte etter ei oppdatert vurdering og basert på ein fullmakt frå ordinær generalforsamling tidlegare same år. For Yara International skuldast auka utbyte at styret i oktober 2020 vedtok framlegg om å betale ut eit tilleggsutbyte. Ekstraordinær generalforsamling vil 17. november handsame styret sitt framlegg.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2 787,3 mill. kroner, frå 20 409,8 til 17 622,5 mill. kroner.

Fullmakt til å avhende aksjar

I Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021) er det fremma ein omfattande sak for Stortinget om staten sitt eigarskap i Aker Kværner Holding AS og avtale med Aker ASA. Departementet og Aker ASA inngjekk ein avtale 31. august 2020 om avvikling av det felles eigarskapet i Aker Kværner Holding, med atterhald om Stortinget sitt samtykkje. Avtala inneber at staten sine aksjar i Aker Kværner Holding (30 pst.) blir overført til Aker Kværner Holding i bytte mot 30 pst. av Aker Kværner Holding sine aksjar i Aker Solutions ASA, Kværner ASA, Akastor ASA, Aker Carbon Capture AS og Aker Offshore Wind Holding AS. I tillegg vil staten ta imot eit kontantvederlag som tilsvarar 30 pst. av netto kontantar i Aker Kværner Holding. Samtidig med at staten sitt eigarskap i Aker Kværner Holding blir avvikla, vil aksjonæravtalen falle bort. Ein viser til meir inngåande omtale i Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021). Det er usikkert om avtalen kan bli inngått i 2020 eller i 2021. Regjeringa gjer derfor framlegg om tilsvarande fullmakt både for 2020 og 2021 slik at oppløysinga òg kan bli gjennomført i 2020 dersom det er hensiktsmessig for staten og Aker, jf. framlegg til vedtak VI.

Til forsida