Prop. 47 S (2016–2017)

Finansiering av Bypakke Nord-Jæren i Randaberg, Sandnes, Sola og Stavanger kommunar i Rogaland

Til innhaldsliste

2 Overgangen frå Nord-Jærenpakka til Bypakke Nord-Jæren

Innkrevjing av bompengar til finansiering av Nord-Jærenpakka starta i 2001, jf. St.prp. nr. 14 (1998–99). Finansieringa var basert på innkrevjing av bompengar i 10 år i kombinasjon med statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. Prioritering av prosjekt og tiltak innafor pakka har vorte nærare avklart i samband med revisjon av Nasjonal transportplan og tilhøyrande handlingsprogram.

Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 1 (2004–2005) slutta Stortinget seg til endringar i bompengeordninga ved at takstane vart auka, og det vart lagt opp til kontinuerleg innkrevjing, dvs. heile døgnet og alle vekedagar. Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 58 (2008–2009) slutta Stortinget seg til eit opplegg for å auke inntektene fram til utgangen av bompengeperioden i 2011.

I påvente av avklaringar for Bypakke Nord-Jæren (tidlegare omtalt som Jærenpakke 2) gjekk Rogaland fylkeskommune i 2011 inn for å forlengje eksisterande bompengeordning. Gjennom handsaminga av Prop. 28 S (2011–2012) slutta Stortinget seg til ei forlenging på inntil 5 år, dvs. til utgangen av 2016. Det vart lagt til grunn at dersom Stortinget sluttar seg til ei Jærenpakke 2 innan fem år, skulle denne avløyse ordninga med forlengja innkrevjing. Utan slik tilslutning vart det føresett at bompengeordninga for Nord-Jærenpakka skulle oppretthaldast inntil føresette bompengebidrag til igangsette prosjekt og kostnadene ved avvikling av bompengeordninga er finansierte.

Det er lagt til grunn at innkrevjinga i dagens bomstasjonar blir vidareført inntil dei nye stasjonane er sette i drift, etter planen tidleg i 2018. Det er venta at føresette bompengebidrag til igangsette prosjekt blir finansierte innafor dagens bompengeordning. Dersom kostnadane aukar, er det føresett at evt. meirbehov blir finansiert innafor Bypakke Nord-Jæren. Tilsvarande skal eventuelle overskytande midlar overførast til Bypakke Nord-Jæren.

Det er lagt opp til bompengeinnkrevjing knytt til Bypakke Nord-Jæren i 15 år frå 2018. Vidare er det lagt til grunn at gjennomføringa av tiltak vil starte i 2017, gjennom låneopptak til etablering av bomstasjonar og anleggstart på første etappe av sykkelekspressvegen mellom Stavanger og Sandnes.