Prop. 51 L (2017–2018)

Endringar i opplæringslova mv. (forbod mot bruk av ansiktsdekkjande plagg i barnehagar og undervisningssituasjonar)

Til innhaldsliste

6 Bruk av ansiktsdekkjande plagg i barnehagar og ved utdanningsinstitusjonar i dag

6.1 Omfang av bruk av nikab og burka i Noreg

Eit forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, i barnehagar og undervisningssituasjonar vil blant anna omfatte plagga nikab og burka. Omfanget av bruken av desse plagga i Noreg er derfor viktig for vurderinga av konsekvensane ved å lovfeste eit nasjonalt forbod.

Det finst inga oversikt over kor mange som bruker nikab eller burka i Noreg i dag, og heller ikkje over kor mange som bruker eller ønskjer å bruke slike plagg i barnehage, skole eller høgare utdanning. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå per 1. januar 2016 er det 148 000 muslimar som er medlemmer i eit islamsk samfunn i Noreg. Ifølgje tenkjetanken Minotenk var det i 2014 under 100 kvinner som brukte ansiktsdekkjande plagg i Noreg. Islamsk Råd Norge har òg eit lågt anslag, men peikar på at talet på kvinner som bruker nikab, varierer. Islamsk Råd Norge har opplyst at det er lite truleg at det finst kvinner i Noreg som bruker burka.

På oppdrag frå departementet har Utdanningsdirektoratet utført ei enkel undersøking retta mot barnehage- og skoleeigarar i alle fylke. Svara viser at det er særs få elevar i skolen som bruker nikab eller burka. Dei få tilfella det er snakk om, er i vidaregåande opplæring eller vaksenopplæringa. Når det gjeld barnehage, viser dei til eitt tilfelle i Rogaland, der ei kvinne brukte ansiktsdekkjande plagg under arbeidstrening i ei småbarnsavdeling i ein barnehage. Ein kommune i Møre og Romsdal oppgir tre tilfelle av bruk av ansiktsdekkjande plagg i barnehage. Den aktuelle kommunen melde at bruken ikkje hadde gitt problem. Utover dette er det ingen kommunar som melder at det har vore brukt ansiktsdekkjande plagg i barnehagar.

I universitets- og høgskolesektoren er det nokre få kjende tilfelle av bruk av nikab. Erfaringane Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har med deltakarar i introduksjonsprogrammet som har nytta eller nyttar ansiktsdekkjande plagg, er særs avgrensa. Det er registrert to enkeltsaker der kommunen har bede om rettleiing frå IMDi i samband med deltakarar som nyttar ansiktsdekkjande plagg. Inntrykket er at det er særs få deltakarar i introduksjonsprogrammet som nyttar ansiktsdekkjande plagg.

6.2 Erfaringar med lokale forbod

Desse kommunane og fylkeskommunane har oppgitt til Utdanningsdirektoratet at dei har innført lokale forbod mot bruk av ansiktsdekkjande plagg: Trysil kommune, Folldal kommune, Namsos kommune, Verran kommune (vaksenopplæringa), Ås kommune, Enebakk kommune, Frogn kommune, Ski kommune, Oslo kommune, Førde kommune, Stavanger kommune, Akershus fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Buskerud fylkeskommune.

Dei kommunane som har lokale forbod, melder at det har vore særs få tilfelle der elevar eller deltakarar i vaksenopplæringa bruker nikab, og det har ikkje vore problem knytte til handhevinga av forbodet i desse tilfella. Sakene har løyst seg ved at dei aktuelle personane har teke av nikaben etter samtale. Oslo kommune opplyser at dagens ordning med lokalt forbod fungerer godt.

Departementet har òg henta inn erfaringar med lokale forbod frå Høgskolen i Søraust-Noreg og OsloMet – storbyuniversitet (OsloMet). Høgskolen i Søraust-Noreg har ikkje per i dag eit lokalt forbod, men tidlegare Høgskolen i Telemark, som no er ein del av Høgskolen i Søraust-Noreg, hadde eit forbod. Høgskolane melder at det er lite erfaring med å handheve lokale forbod, fordi det så å seie ikkje finst kvinner som ber nikab, på dei aktuelle lærestadene. OsloMet har gitt studieprogramma høve til å forby bruk av ansiktsdekkjande plagg ut frå fire kriterium: identifikasjon, helse og hygiene, tryggleik og kommunikasjon. Etter at regelverket kom, har nikab ikkje vore brukt.

Til forsida