Prop. 51 L (2017–2018)

Endringar i opplæringslova mv. (forbod mot bruk av ansiktsdekkjande plagg i barnehagar og undervisningssituasjonar)

Til innhaldsliste

3 Bakgrunnen for forslaget

Ved behandlinga av representantforslag 8:3 S (2016–2017) bad Stortinget i Innst. 63 S (2016–2017) regjeringa om å utarbeide og eventuelt foreslå nasjonale reglar som sikrar at ansikta til elevar, studentar og lærarar skal vere fullt ut synlege på skolar, universitet og høgskolar. Kunnskapsdepartementet sende på bakgrunn av dette eit forslag til nytt nasjonalt regelverk om bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet på høyring 12. juni 2017. Forslaget omfatta heile utdanningsløpet frå barnehage via skole til fagskolar, høgskolar og universitet, i tillegg til deltakarar i introduksjonsprogram og opplæring etter introduksjonslova.

I barnehagar, skolar, på universitet og høgskolar og ved andre undervisningsstader er det i undervisningssituasjonar ønskjeleg at ansikta til tilsette, barn, elevar, studentar og deltakarar i opplæring etter introduksjonslova er synlege. Dersom tilsette, elevar, studentar eller deltakarar i opplæring etter introduksjonslova nyttar plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, kan dette vere til hinder for god samhandling og kommunikasjon. God samhandling og kommunikasjon er avgjerande for eit godt læringsutbytte.

Eit nasjonalt forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, vil ramme plagg som nikab og burka. Nikab er ein kombinasjon av hovud- og ansiktsplagg som kan nyttast på fleire måtar, men vanlegvis dekkjer plagget heile ansiktet så nær som auga. Burka dekkjer heile kroppen og har eit tekstilgitter framfor auga. Forbodet vil òg omfatte andre plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, som finlandshetter med stoff framfor ansiktet. Hijab, som berre dekkjer håret og halsen, er ikkje eit plagg som dekkjer ansiktet.

I proposisjonen er det skrive både «plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet» og «ansiktsdekkjande plagg». Omgrepa er meinte å ha same meiningsinnhald.

Til forsida