Prop. 52 L (2017–2018)

Endringar i opplæringslova, friskolelova og folkehøgskolelova (plikt til å tilby intensiv opplæring og plikt til fleirfagleg samarbeid m.m.)

Til innhaldsliste

5 Fagbrev på jobb

5.1 Bakgrunnen for forslaget

Regjeringa gjekk i Meld. St. 16 (2015–2016) inn for å etablere ei ordning med fagbrev på jobb som ein alternativ veg til fag- og sveinebrev, i samarbeid med partane i arbeidslivet.

Forslaget var basert på forsøk i fem fylkeskommunar der ulike alternative opplæringsmodellar for tilsette i helse- og oppvekstsektoren blei prøvde ut. Forsøka er evaluerte av Proba (http://proba.no/app/uploads/sites/4/rapport-2015-08-evaluering-av-to-forsoksordninger.pdf). Kompetanse Noreg (Vox) har laga ei oppsummering og tilråding på grunnlag av forsøka (http://www.vox.no/contentassets/96cf515e133743ba9a1b42092c2ef5ab/fagbrev_pa_jobb.pdf)

Bakgrunnen for forsøka var blant anna berekningar frå Statistisk sentralbyrå som viste at det vil bli stor mangel på helsefagarbeidarar dei nærmaste åra. Berekningane viste òg at delar av helse- og omsorgssektoren og oppvekstsektoren er prega av mange tilsette utan formell kompetanse i faget dei utøver. Særleg i delar av helse- og omsorgssektoren er det mange som er tilsette i deltidsstillingar med små stillingsbrøkar. Formålet med forsøka var å utvikle opplæringstilbod som bidrar til at fleire tek fagbrev. For å motivere vaksne til å delta var det ein føresetnad at dei kunne behalde lønn under deltakinga, og at det blei sett av tid til opplæring i arbeidstida.

I forsøka blei det for kvar deltakar utarbeidd ein personleg plan for opplæring, basert på læreplanen for opplæring i bedrift (Vg3) for det aktuelle lærefaget. Planen var utarbeidd på grunnlag av ei realkompetansevurdering av deltakaren. I den personlege planen blei ansvarsdelinga mellom fylkeskommunen og verksemda klargjord. Deltakarane fekk opplæring ved å nytte éin eller ein kombinasjon av fleire av desse metodane: fellessamlingar, oppfølging ved hjelp av internt utvikla arbeidsbok og oppgåveløysing via digitale mapper. Opplæringa blei tilpassa den enkelte med omsyn til innhald, nivå og tid, og blei gitt som gruppesamlingar med rettleiing av faglærar frå fylkeskommunen. Parallelt med samlingane blei det gitt individuell rettleiing av kollega eller instruktør på arbeidsplassen. Fylkeskommunen gjennomførte òg rettleiaropplæring for instruktørane.

Departementet la i Meld. St. 16 (2015–2016) til grunn at det er «ingen av modellene som er prøvd ut i forsøkene som i sin helhet kan videreføres som en ordinær ordning. Modellene har imidlertid prøvd ut elementer som kan settes sammen til en ny vei til fag- eller svenneprøven for voksne ufaglærte i arbeidslivet».

Fagbrev på jobb skal vere ein meir fleksibel veg mot fag- og sveinebrev utan reduserte kompetansekrav hos dei som avlegg fagprøva. Fag- eller sveineprøva skal vere den avsluttande vurderinga av kandidatane, og dei må ha bestått sentralt gitt skriftleg eksamen eller andre likeverdige vurderingsformer som viser kompetansen i lærefaget.

5.2 Gjeldande rett

For å gå opp til fag- og sveineprøve må kandidaten ha fullført læretida i faget som lærling, fullført opplæring i faget på skole i alternativt Vg3 eller oppfylle vilkåra etter § 3-5 i opplæringslova om allsidig praksis i faget.

Lærlingar og elevar skal som hovudregel ha bestått alle faga som er fastsette i fag- og timefordelinga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3, i skole før dei kan gå opp til fag- eller sveineprøve. Om lærlingane eller elevane skal opp i eit særløpsfag, eller har teikna lærekontrakt som omfattar opplæring i programfag som er fastsett i fag- og timefordelinga for skolen, skal dei gå opp til ein eigen eksamen og bestå denne før dei får gå opp til fag- eller sveineprøva. Det same gjeld om dei skal opp i eit fag der det er fastsett ein eigen eksamen i læretida. Lærlingar og elevar som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått i inntil to av fellesfaga, kan likevel få gå opp til fag- eller sveineprøva. For å få utferda fag- eller sveinebrev må desse lærlingane eller elevane normalt bestå faga innan to år etter at prøva blei gjennomført.

Den som ikkje har vore lærling eller elev, kan gå opp til fagprøve etter § 3-5 i opplæringslova. Vilkåret etter denne føresegna er at kandidaten har allsidig praksis i faget som er 25 prosent lengre enn den fastsette læretida. Det er fylkeskommunen som på grunnlag av dokumentasjonen til kandidaten avgjer om dei kan godkjenne praksisen. Etter dei generelle retningslinjene til Utdanningsdirektoratet skal tilsetjing i 80 prosent stilling eller meir reknast som heiltid, mens lågare stillingsbrøkar skal reknast om til 100 prosents stilling. Relevant vidaregåande opplæring kan òg godskrivast. Praksiskandidatar kan etter forskrift til opplæringslova § 11-9 melde seg til, og få utferda, fag- eller sveinebrev utan å ha fullført eller bestått fellesfaga. Før dei melder seg til fag- eller sveineprøve, skal kandidatane ha bestått ein sentralt gitt skriftleg eksamen for praksiskandidatar etter forskrift til opplæringslova § 3-55 andre ledd, med mindre dei har fullført og bestått all opplæring i skole og bedrift. I tillegg må praksiskandidatane ha bestått eventuelle eksamenar for særløpsfag eller særskilde lærefag.

5.3 Høyringsforslaget

5.3.1 Forslaget i alminneleg høyring

Kunnskapsdepartementet sende 4. april 2017 på høyring eit notat med forslag om innføring av Fagbrev på jobb, eit høve til å gå opp til fagbrev etter ein kombinasjon av opplæring og rettleidd praksis frå ei bedrift utan å ha vore lærling.

Høyringsnotatet var utarbeidd av ei arbeidsgruppe med representantar for partane i arbeidslivet og departementa. Notatet understreka at det er viktig at ordninga skal sikre at kandidatar som følgjer denne vegen til fag- eller sveinebrev, får same kvalitet på kompetansen og skal opp til den same fag- eller sveineprøva som lærlingar og praksiskandidatar. Vidare skildra og drøfta notatet problemstillingar som departementet måtte ta stilling til ved innføring av ordninga. Dette gjeld blant anna om ordninga skal gjelde alle fag, krava til allsidig praksis, bruk av personleg opplæringsplan, krav til opplæring, vurderingsformer, krav til bedrifta, tilskot og namn på ordninga.

Notatet foreslo eit tillegg i opplæringslova § 3-5 med fullmakt for departementet til å bestemme at det i utvalde fag skal vere mogleg å ta fag- og sveineprøva på grunnlag av allsidig praksis i faget og opplæring i tilknyting til praksis i eit arbeidsforhold.

5.3.2 Forslaget i ny høyring

Fleire høyringsinstansar var kritiske til forslaget frå departementet om lovforankring av ordninga. Departementet valde derfor å utarbeide eit nytt forslag der ordninga i større grad er regulert av føresegner i opplæringslova, og i mindre grad gjennom føresegner fastsette av departementet i forskrift. Dette lovforslaget avvik ein del frå det som først blei sendt på høyring, og reiser ein del nye problemstillingar. Departementet fann det derfor formålstenleg med ei ny høyring.

Eit nytt notat, der departementet oppsummerer innspela frå den første høyringa og legg fram eit forslag til alternativ lovforankring, blei sendt på høyring 5. oktober 2017. I forslaget går departementet inn for at det vesentlege av føresegnene i kapittel 4 i opplæringslova om vidaregåande opplæring i bedrift òg skal gjelde for den nye ordninga. Dette gjeld blant anna føresegner om kven som kan vere kandidat i den nye ordninga, rettane og pliktene til kandidaten og lærebedrifta, føresegner om godkjenning, krav til kontrakten, endring og heving og så vidare.

Departementet foreslo òg å kalle den nye ordninga for Arbeidsplassordning, og at kandidaten skal kallast arbeidsplasskandidat.

Departementet gjekk òg inn for at ordninga skal vere open for alle lærefag i vidaregåande opplæring.

5.4 Høyringsfråsegner

5.4.1 Generelt

Det er komme inn i underkant av 60 høyringsfråsegner i den alminnelege høyringa og 36 høyringsfråsegner i den andre høyringa. Mange av høyringsinstansane har sendt inn fråsegner i begge høyringane, og fleire har i den siste av høyringsfråsegnene gjenteke dei opphavlege synspunkta sine. Berre dei delane av desse fråsegnene som gjeld nye forhold, vil bli refererte nedanfor.

Det overveldande fleirtalet av høyringsinstansane støttar forslaget om ei ordning som gir høve til å gå opp til fag- eller sveineprøva på grunnlag av ein kombinasjon av relevant praksis, realkompetansevurdering og opplæring. Blant anna uttaler NHO i høyringsfråsegna si:

«Ordningen vil bygge godt opp under fremtidens kompetansebehov, der vi trenger en livslang rett til å ta fagutdanning, for første gang, eller som påbygg på andre fag-/svennebrev.»

I fråsegna frå LO går det fram:

«LO ønsker velkommen forslag som kan gi bedre muligheter for dokumentasjon av realkompetanse og læring på jobb. En ordning der deler av lærlingeordningen kombineres med deler av praksiskandidatordningen kan gi mer fleksibel vei mot fag- og svennebrev.»

KS legg vekt på at:

«Fagbrev på jobb skal gi flere muligheter til å gå opp til fag- eller svenneprøve etter en kombinasjon av opplæring og veiledet praksis fra bedrift. KS har over tid understreket behov for mer fleksible veier til fagbrev for voksne, senest i forbindelse med høringen på Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse. Forsøkene som har vært gjort med fagbrev på jobb i flere fylker har gitt mye erfaring og kunnskap om ulike modeller. Det er derfor svært positivt at det nå etableres en varig og fleksibel ordning for kvalifisering av voksne medarbeidere i fagbrev i tråd med behovene i kommunesektoren.»

YS er

«[…] positive til forslag som kan bidra til at det blir godt samsvar mellom utdanningsmodeller og samfunns- og arbeidsliv, som åpner for at flere voksne får mulighet til å ta fagbrev, som bidrar til økt fleksibilitet, og som samtidig tar utgangspunkt i å opprettholde kravet til kompetanse i utdanningen.»

Nokre få høyringsinstansar meiner det ikkje er behov for den foreslåtte ordninga. Blant anna meiner Aust-Agder fylkeskommune at

«[…] dagens ordninger sikrer nødvendig fleksibilitet, høy kvalitet og status for fag- og svennebrev. Avkortning av praksis/opplæringstid slik som her er beskrevet, mener vi vil kunne føre til nedsatt kvalitet og status for fag-/svennebrev».

Fagleg råd for naturbruk uttaler:

«[…] det vil være svært uheldig å opprette flere og til dels konkurrerende formelle ordninger. Vi vil anbefale at en så langt som mulig bruker de løsninger/modeller som allerede eksisterer.»

Nokre høyringsinstanser, som til dømes NHO transport, Byggmesterforbundet og Nelfo uttrykkjer at det ikkje er behov for ordninga innanfor dei fagområda eller bransjane dei representerer.

I den andre høyringa har fleire fylkeskommunar òg gitt uttrykk for at det ikkje er behov for ordninga, blant anna fordi eksisterande ordningar gir tilstrekkeleg fleksibilitet.

5.4.2 Krav til den som skal få opplæring i den nye ordninga

I den andre høyringa er det fleire høyringsinstansar som ber om avklaring av kven som skal kunne nytte den nye ordninga.

Aust-Agder fylkeskommune, Vest-Agder fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune ber om at det blir presisert om ordninga berre skal gjelde for dei som har rett til vidaregåande opplæring.

Oppland fylkeskommune meiner at ordninga ikkje skal kunne nyttast av ungdom.

Østfold fylkeskommune, LO, Fagleg råd for helse- og oppvekstfag, SRY, Utdanningsforbundet, Elevorganisasjonen, Skolenes landsforbund og Virke meiner at det må stillast krav om fullført grunnskole eller tilsvarande for å nytte ordninga.

5.4.3 Om ordninga skal gjelde alle fag

Eit fleirtal av høyringsinstansane som uttaler seg om spørsmålet, meiner at ordninga berre bør gjelde for utvalde fag. Fylkesmannen i Rogaland grunngir dette såleis:

«Dei ulike faga har sine særpreg, og dermed er det ikkje gitt at ordninga vil passe for alle fag. Difor kan næringa oppleve at ei mellomløysing som Fagbrev på jobb ikkje vil vere nødvendig. Men innan enkelte fag, slik som helsearbeidar, har mange tilsette deltidsstillangar og vil streve med å få nytta praksiskandidatordninga grunna praksiskravet.»

Dei som går inn for ei løysing der ordninga berre omfattar utvalde fag, meiner at det bør vere vurderingar frå dei faglege råda som skal leggjast til grunn for å velje ut fag som skal vere omfatta av ordninga, og at det bør fastsetjast i forskrift kva for nokre fag dette gjeld. BNL og Byggmesterforbundet er opptekne av at fageigarane òg blir høyrde om dei ikkje er representerte i det faglege rådet.

Eit stort mindretal av dei som uttaler seg, meiner at ordninga bør gjelde alle fag. YS grunngir eit slikt standpunkt slik:

«Vi mener generelt at lov- og regelverk skal være mest mulig enhetlig for ikke å skape unødige og uønskede skillelinjer mellom de ulike utdanningsprogrammene. Hvis lovendringen blir vedtatt vil dette være en lov som åpner for en ny mulighet, og ikke en lov som pålegger noe nytt eller avgrenser allerede eksisterende ordninger.
YS er kjent med at enkelte bransjer har signalisert at ‘fagbrev på jobb’ ikke er ønskelig i deres bransje, noe vi respekterer. Vi ser likevel ikke behovet for at det skal nedfelles i forskrift. De ulike bransjene og fagutdanningene er forskjellige når det gjelder omfang av ufaglært arbeidskraft og behov for å formalisere kompetanse blant de ansatte. I utdanningsåret 2015–2016 var andelen som tok fagbrev gjennom praksiskandidatordningen 2,7% samlet for alle fagbrevene innen elektrofag. Til sammenligning var andelen for bygg og anlegg 22,3% og for helse- og oppvekst 37,1%.
Når enkelte bransjer ikke vil ha behov for en ny vei fram til fagbrev, og de heller ikke blir pålagt å benytte seg av hele handlingsrommet lovverket legger opp til, ser vi ikke behovet for å forskriftsfeste en begrensning. Selv om det for enkelte bransjer i dag ikke er aktuelt eller ønskelig å benytte seg av dette, kan dette endre seg. Det vil da være mer tungvint å endre en forskrift enn kun å benytte seg av en mulighet som ligger der.»

Enkelte høyringsinstansar meiner at ordninga på lengre sikt bør gjelde alle fag, men at ho kan innførast gradvis til nye fag etter kvart.

5.4.4 Krav til tilsetjing og berekning av allsidig praksis

Høyringsinstansane sluttar seg til forslaget om at kandidaten må ha allsidig praksis i faget som svarer til eitt år i full stilling, før det blir teikna kontrakt.

Av dei som uttaler seg, er det òg oppslutning om kravet om tilsetjing i bedrifta før det blir teikna kontrakt. Virke går derimot inn for at ordninga òg skal kunne tilbydast personar som står utanfor arbeidslivet, men som har relevant praksis. Virke viser til at:

«Dette er en viktig målgruppe å få tilbake i jobb, men som vil bli ekskludert gjennom departementets forslag.»

Vidare viser Virke til prosjektet «Menn i helse», som «er en ordning som kombinerer lærlingordningen tilpasset voksne, der menn mellom 20 – 55 år som mottar egnet ytelse fra NAV tilbys et komprimert utdanningsløp frem til fagbrev». YS støttar òg dette synspunktet. YS presiserer i den andre høyringsfråsegna si at

«[…] vi ikke anser det som påkrevd at praksis/arbeidserfaring er knyttet til faget det skal tas fagbrev i. Det som er viktig for oss er den samlede praksis/arbeidserfaring totalt sett er like lang som praksiskravet i praksiskandidatordningen slik at grunnlaget for fritak i fellesfagene blir like i de to ordningene.»

Spørsmålet om krav til praksis i kontraktsperioden er samansett. Det består av kor lang den samla allsidige praksisen skal vere, kravet til stillingsprosent og om og eventuelt korleis ei redusert stilling skal reknast om, korleis praksisen skal kunne avkortast som følgje av realkompetanse, og eit eventuelt minimumskrav til praksis i kontrakten. Høyringsinstansane gir uttrykk for ulike synspunkt i desse spørsmåla. Det er òg mange av høyringsinstansane som berre uttaler seg om enkelte av spørsmåla. Delta oppvekst, Delta, Spekter, Akershus fylkeskommune, Elevorganisasjonen, Fagleg råd for helse- og oppvekstfag, Unge funksjonshemmede, Hordaland fylkeskommune, Hedmark fylkeskommune, Kompetanse Noreg, Yrkestrafikkforbundet, Oslo kommune, Nordland fylkeskommune og Utdanningsforbundet støttar forslaget frå departementet om at kravet til praksis skal ta utgangspunkt i lengda på lærefaget, med frådrag for året med praksis i forkant av kontraktsinngåinga og frådrag for realkompetanse.

Ei rekkje andre høyringsinstansar sluttar seg òg til forslaget, men presiserer at kandidatar som har mindre enn full stilling, skal få praksistida forholdsmessig forlengd slik at ho svarer til kravet til praksistid i full stilling. Andre meiner at det må stillast krav til at stillinga ikkje er på mindre enn 80 prosent av full stilling. Høyringsinstansen Unge uføre meiner at kravet om stilling på minst 50 prosent bør gjelde som eit gjennomsnittskrav, for å ta omsyn til dei som i periodar ikkje greier å arbeide så mykje.

Enkelte høyringsinstansar støttar forslaget frå departementet, men går inn for ei anna minimumslengd på kontrakten. NHO, Troms fylkeskommune, BNL og Fagleg råd for bygg og anlegg er blant dei som meiner kontrakten ikkje skal kunne vere på mindre enn to år. Utdanningsdirektoratet går inn for at kontrakten ikkje skal kunne vere på mindre enn seks månader, og Rogaland fylkeskommune foreslår ei minimumsgrense på tre månader.

5.4.5 Personleg opplæringsplan med krav til opplæring og rettleiing i praksisperioden

Dei høyringsinstansane som uttaler seg om personleg opplæringsplan, sluttar seg til bruken av ein slik plan, der det skal gå fram kva for nokre av opplæringsmåla i læreplanen kandidaten skal få opplæring i.

I den andre høyringa er det fleire høyringsinstansar, blant andre Telemark fylkeskommune, Akershus fylkeskommune og Opplæringskontoret Nord-Helgeland, som kommenterer forslaget. Telemark fylkeskommune viser til at lærebedrifta etter § 4-4 i lova i dag har ansvar for å utarbeide ein intern plan for opplæringa av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar.

5.4.6 Vurdering av oppnådd kompetanse

Eit fleirtal av høyringsinstansane meiner at kandidatane ikkje treng å ha bestått fellesfaga for å få gå opp til fag- eller sveineprøva eller for å få utferda fag- eller sveinebrev. Delta oppvekst, Sogn og Fjordane fylkeskommune og BNL er blant dei høyringsinstansane som går inn for ei slik løysing, utan at det blir stilt andre vilkår eller krav til kompetanse i grunnleggjande dugleikar. Fleire høyringsinstansar, blant andre Rogaland fylkeskommune, YS, Telemark fylkeskommune og Utdanningsdirektoratet meiner at fritaket frå fellesfaga berre bør gjelde for dei som kan dokumentere minst fem år praksis i faget. Andre høyringsinstansar, som Kompetanse Noreg, Troms, Oppland og Akershus fylkeskommunar og Elevorganisasjonen meiner det bør stillast krav til kompetanse i grunnleggjande dugleikar. LO meiner det bør vere eit vilkår for å få delta i ordninga og gå opp til fag- eller sveineprøva at kandidaten har kompetanse tilsvarande nivået ved fullført norsk grunnskole.

Nelfo, Hordaland fylkeskommune og Fagleg råd for bygg- og anleggsteknikk meiner det bør stillast krav om bestått i fellesfaga. Enkelte høyringsinstansar, som KS og Fagleg råd for teknikk og industriell produksjon, viser til forsøka med modular i vidaregåande opplæring og meiner at krava til fellesfag bør vurderast på grunnlag av erfaringar frå desse.

Fleirtalet av høyringsinstansane går inn for at kandidatane skal gå opp til same eksamen som praksiskandidatar etter forskrift til opplæringslova § 3-55 og eksamen etter § 3-52 i dei lærefaga denne føresegna gjeld.

Fylkeskommunane i Oppland, Nordland og Buskerud, Elevorganisasjonen og Kompetanse Noreg går inn for at det blir utvikla eigne vurderingsformer for fagbrev på jobb, slik at kandidatane ikkje treng å gå opp til same eksamen som praksiskandidatar. Utdanningsdirektoratet går inn for at faglærar/instruktør gir undervegsvurdering i opplæringsperioden for den delen av faget som kandidaten har rett til opplæring i, og tilrår derfor ikkje at kandidatane skal måtte framstille seg til sentralt gitt skriftleg eksamen etter læreplanen Vg3 opplæring i bedrift før dei skal framstille seg til fag-/sveineprøve i lærefaget.

5.4.7 Krav til bedriftene

Av høyringsinstansane som uttaler seg om spørsmålet, går dei fleste inn for at det skal stillast same krav til bedrifta som til lærebedrifter, og at bedrifta må godkjennast av fylkeskommunen slik som lærebedrifter. Utdanningsdirektoratet er i den andre høyringsfråsegna si likevel

«[…] usikre på om det er hensiktsmessig å kreve at bedriften der opplæringen skal foregå, må være godkjent lærebedrift. Dette kan ha en innsnevrende effekt og bidra til at færre kan benytte ordningen».

5.4.8 Oppseiingsvern

Telemark fylkeskommune, Akershus fylkeskommune og KS støttar forslaget om at dei som deltek i den nye ordninga, ikkje skal ha same oppseiingsvern som lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar. Hordaland fylkeskommune peikar på behovet for eigne føresegner om heving av kontrakten om deltaking i ordninga.

5.4.9 Tilskot

Det er semje blant høyringsinstansane om at bedriftene bør få tilskot frå fylkeskommunen, og at dette tilskotet skal vere forholdsmessig ut frå kor mykje opplæring bedrifta har ansvar for. Høyringsinstansane er derimot delte i synet på om det skal vere Basistilskot I eller Basistilskot II som skal vere utgangspunkt for berekninga av tilskotet til bedrifta. Fleirtalet går inn for at bedriftene skal få tilskot med utgangspunkt i Basistilskot II.

5.4.10 Økonomiske og administrative konsekvensar

Fleire høyringsinstansar, deriblant alle fylkeskommunane, KS, Utdanningsforbundet, Fagforbundet, Folkeuniversitetet, Virke og dei faglege råda for helse- og oppvekstfag og for service og samferdsel meiner ordninga vil føre til auka kostnader, fordi fleire vil få opplæring og gå opp til fag- eller sveineprøva, og fordi fleire vil bli realkompetansevurderte.

5.4.11 Forslag til ny lovtekst

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune, Utdanningsdirektoratet og Kompetanse Noreg uttaler seg om forslaget til lovtekst. Desse høyringsinstansane går inn for at reglane om ordninga blir plasserte i ei anna føresegn i lova enn § 3-5, som blei foreslått i høyringsutkastet. Ei eiga ny føresegn er eitt alternativ, ei plassering i kapittel 4A om opplæring for vaksne i lova er eit anna alternativ som blir nemnt. Utdanningsdirektoratet foreslår at fleire spørsmål om ordninga blir avklarte i lova i staden for å bli fastsette i forskrift. Ei rekkje høyringsinstansar går inn for at alle føresegner som gjeld lærebedrifter, òg må gjelde bedriftene som teiknar kontrakt om opplæring etter Fagbrev på jobb.

I den andre høyringa støttar Telemark fylkeskommune, Aust-Agder fylkeskommune og Akershus fylkeskommune forslaget om at føresegnene om ordninga blir plasserte i kapittel 4 i lova.

5.4.12 Namn på ordninga

Ein del høyringsinstansar støttar forslaget om å kalle ordninga for Fagbrev på jobb. Dette gjeld blant andre Kompetanse Noreg, elev- og lærlingomboda, Delta oppvekst og Troms fylkeskommune. Desse høyringsinstansane legg blant anna vekt på at dette namnet er innarbeidd og godt kjent.

Delta meiner ordninga er ei utviding av praksiskandidatordninga, og at kandidatane derfor bør kallast praksiskandidatar. NHO viser til at ordninga er ei meir formalisert og rettleidd praksiskandidatordning, og foreslår å kalle ho Praksiskandidat på kontrakt.

Rogaland fylkeskommune foreslår å kalle ordninga Jobbfaglært.

Hordaland fylkeskommune har kalla forsøksprosjektet i ordninga for Vopa, som er eit akronym for Vaksenopplæring på arbeidsplassen, og nemner dette som eit alternativ til namn på ordninga. Fylkeskommunen meiner òg at Fagkandidat kan vere eit alternativt namn.

Buskerud fylkeskommune foreslår Individuell opplæringsordning eller Lokal opplæringsordning som namn på ordninga.

Fagforbundet og LO foreslår å kalle ordninga Arbeidsplassordning og at kandidaten blir kalla arbeidsplasskandidat.

Akershus fylkeskommune har ikkje forslag til namn på ordninga, men meiner namnet ikkje bør innehalde ordet praksis.

I den andre høyringa støttar dei faglege råda for helse- og oppvekstfag og restaurant- og matfag, YS og LO forslaget om å kalle ordninga for Arbeidsplassordning og at kandidaten blir kalla arbeidsplasskandidat. Rogaland fylkeskommune meiner namnet på ordninga bør vere Praksiskandidat på kontrakt, Utdanningsforbundet går inn for å bruke namnet Fagbrev på jobb.

Fleire høyringsinstansar går i den andre høyringa imot å bruke omgrepet opplæringskontrakt på kontrakten mellom arbeidsplasskandidaten, lærebedrifta og fylkeskommunen. Dei viser til at opplæringskontrakt blir brukt som nemning på kontraktar som ikkje har full kompetanse i lærefaget som mål, mens kontrakten til arbeidsplasskandidaten har fullt fag- eller sveinebrev som mål. Akershus fylkeskommune går inn for å kalle kontrakten Arbeidsplasskontrakt.

5.5 Departementet sine vurderingar

5.5.1 Generelt

Departementet legg vekt på at eit fleirtal av høyringsinstansane sluttar seg til forslaget om ein formalisert veg til fag- eller sveineprøva basert på ein kombinasjon av relevant praksis, realkompetansevurdering og organisert opplæring på arbeidsplassen. Til liks med mange av høyringsinstansane legg departementet vekt på at det innanfor fleire lærefag er eit stort udekt behov for faglært arbeidskraft. Særleg er det for få unge som vel fagopplæring innanfor helse- og omsorgsfaga, til å dekkje behovet for arbeidskraft i arbeidslivet, slik at dette behovet må dekkjast av vaksne utan formell kompetanse. Det er òg behov for fleire fagarbeidarar innanfor andre delar av arbeidslivet, som industrien og byggje- og anleggsbransjen. Både for den enkelte medarbeidaren og for arbeidsgivarane vil det vere ein fordel om vaksne utan formell kompetanse får tilstrekkeleg kompetanse i faget, slik at dei kan gå opp til og bestå fagprøva. For mange av desse medarbeidarane er det uaktuelt å teikne lærekontrakt og gå over på lærlinglønn, eller å starte opplæring i skole og få lån frå Lånekassa, fordi dei har forpliktingar som gjer at dei er avhengige av å oppretthalde lønnsnivået sitt. Det er òg mange som får stillingar med små stillingsprosentar, som gjer at dei må ha mange års arbeidserfaring for å tilfredsstille krava til fulltidspraksis for å gå opp til fagprøva som praksiskandidat. Det har derfor vore behov for alternative vegar som gjer det mogleg å gå opp til fag- eller sveineprøve etter at den enkelte har fått vurdert realkompetansen sin og har fått målretta opplæring og rettleidd praksis som byggjer på denne.

Departementet meiner det er behov for ei eiga ordning i tillegg til lærlingordninga og praksiskandidatordninga som opnar for moglegheita til å få opplæring med sikte på fag- eller sveinebrev på arbeidsplassen utan å gå ned i lønn. Ei slik ordning kan etablerast ved å hente element frå lærlingordninga og element frå praksiskandidatordninga. Målgruppa er vaksne i arbeidslivet som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, og som har noko praksis frå lærefaget, men behov for rettleiing og opplæring før dei kan gå opp til fagprøva. Krava til kompetanse, og dokumentasjon av denne kompetansen, må slik departementet ser det, vere dei same som etter praksiskandidatordninga for å dokumentere at kandidatane har tilstrekkeleg kompetanse. Dette vil sikre tillit til opplæringsordninga.

5.5.2 Krav til den som skal få opplæring i den nye ordninga

Den nye ordninga er ei opplæringsordning på vidaregåande nivå, på same måte som lærlingordninga og opplæringa i vidaregåande skole. Føresegner om inntak til vidaregåande opplæring står i dag i kapittel 6 i forskrift til opplæringslova. For inntak til vidaregåande opplæring til utdanningsprogram på Vg1 er det eit vilkår at søkjaren har fullført norsk grunnskoleopplæring eller tilsvarande, jf. § 6-13 i forskrifta. For inntak til Vg2 og Vg3 er det eit vilkår at søkjaren har bestått alle faga som er fastsette i læreplanverket for programområdet på førre nivå, jf. forskrift til opplæringslova § 6-28. Tilsvarande krav om å ha gjennomført grunnskolen og alle faga på førre nivå gjeld òg for lærlingar, jf. § 6A-1 i forskrifta.

Departementet meiner i likskap med fleire av høyringsinstansane at tilsvarande vilkår òg må gjelde for kandidatar i den nye ordninga. Departementet vil vurdere behovet for å endre forskrifta for å sikre dette.

Enkelte høyringsinstansar har teke opp om ordninga skal vere reservert enkelte grupper, som dei med rett til vidaregåande opplæring eller dei som er vaksne.

Departementet ser ingen grunn til å setje slike avgrensingar for bruken av ordninga. Det er ikkje ei slik avgrensing for å bli teken inn som elev i skole, for å teikne lærekontrakt eller for å gå opp til fag- eller sveineprøva som praksiskandidat. Departementet held fast ved at målgruppa er vaksne. Dette bør likevel ikkje vere til hinder for at òg personar under 25 år kan inngå slike kontraktar. Slik departementet oppfattar det, vil det vere lite sannsynleg at ordninga vil bli nytta som eit alternativ for unge som kjem rett frå grunnskolen. Kandidatane skal ha full lønn i heile praksis- og kontraktstida, bedrifta vil få det lågaste lærlingtilskotet, og det vil i slike tilfelle ikkje vere sannsynleg at kandidaten får noka avkorting i praksistida på grunnlag av realkompetanse. Ordninga vil derfor vere dyrare for lærebedrifta enn ein ordinær lærekontrakt for heile opplæringsløpet. Om ordninga kan vere attraktiv for ungdom i byrjinga av tjueåra som har avbrote vidaregåande opplæring og arbeidd eit par år, vil det vere ein fordel for den enkelte og for samfunnet at ungdommane på denne måten kan få fag- eller sveinebrev.

5.5.3 Om ordninga skal gjelde alle fag

Norsk fag- og yrkesopplæring har stor grad av felles regelverk, uavhengig av bransje eller fag. Dette bidrar til eit enklare regelverk, som gjer det enklare for utdanningssøkjande, lærebedrifter og fylkeskommunar å finne fram i og ta omsyn til regelverket og til utdanningane. Felles regelverk bidrar òg til stor grad av felles ordningar for overgangar til andre utdanningar. Derfor vil det slik departementet oppfattar det, vere ein fordel om ordninga gjeld for alle fag. At enkelte bransjar eller fag i dag ikkje opplever noko behov for ordninga, er ikkje eit tungtvegande argument mot at lovføresegnene skal vere generelle. Slik det er peika på i høyringsfråsegna frå YS, blir praksiskandidatordninga nytta i særs ulikt omfang i ulike bransjar. Samtidig har departementet forståing for at enkelte fagmiljø ikkje ønskjer at det blir innført ein opplæringsveg dei kjenner seg usikre på og ikkje ser noko behov for, innanfor faget dei representerer.

Ved at dokumentasjonen av oppnådd kompetanse skjer med dei same prøvene som i eksisterande ordningar, meiner departementet at det ikkje er fare for at kandidatane ikkje skal oppnå nødvendig kompetanse. Departementet går derfor inn for at ordninga skal vere generell og kunne nyttast i alle fag. Departementet føreset at ho berre vil bli teken i bruk i den grad det er behov for ho, og der det er bedrifter og kandidatar som er samde i bruken av ho.

5.5.4 Krav til tilsetjing og praksis før teikning av kontrakt

Ordninga føreset at opplæringa delvis skal bli gitt av arbeidsgivaren i tilknyting til oppgåver på arbeidsplassen. Ho skil seg frå ordinære læreforhold ved at den tidlegare praksisen og kompetansen til kandidaten skal tilleggjast vekt. Denne tilknytinga til eit arbeidsforhold og tidlegare praksis gjer at departementet meiner kandidatane må vere i eit arbeidsforhold for å få teikne kontrakt. Det må vidare stillast krav om allsidig praksis i faget før kontrakt blir inngått. For at praksisen skal gi grunnlag for å opparbeide kompetanse, må han ha vart ei viss tid. Departementet legg til grunn at ein praksis på eitt år i full stilling er tilstrekkeleg til å opparbeide nok kompetanse til å nytte seg av ordninga. For kandidatar som ikkje har hatt heiltidsstilling, må praksisen reknast om til 100 prosent stilling. Departementet meiner at på same måte som for praksiskandidatar kan ein stillingsbrøk på 80 prosent godkjennast som heiltid.

5.5.5 Samla krav til praksis før fag- eller sveineprøve

Ordninga baserer seg på erfaring gjennom praksis i arbeidslivet og organisert opplæring. Departementet går derfor inn for at det samla kravet til praksis og opplæring før fag- eller sveineprøva skal ta utgangspunkt i lengda på lærefaget. For dei fleste faga vil det seie fire år i heiltidsstilling. Departementet meiner at prinsipp som blir nytta til å berekne praksis i praksiskandidatordninga, òg må kunne nyttast her. Det vil seie at 80 prosent stilling skal kunne godkjennast som heiltidsstilling. Særleg innanfor helse- og omsorgssektoren har mange i målgruppa for den nye opplæringsordninga mindre stillingsbrøkar. Desse vil kunne bruke særs lang tid på å opparbeide seg lang nok praksis for å gå opp til fag- eller sveineprøve. Departementet går likevel ut frå at kandidatane som har deltidsstillingar, vil ha ein annan læringseffekt av arbeidet enn ei direkte omrekning av stillinga til heiltidsstilling skulle tilseie. Dette er fordi vedkommande vil ha kontakt med læringsmiljøet på arbeidsplassen over eit lengre tidsrom og ha meir tid til å la læringa og erfaringane modne. Kandidatane vil, i motsetning til lærlingane, ikkje vere forplikta til å bruke tid på fellesfaga. Derfor meiner departementet at kravet til samla praksis skal kunne oppfyllast med deltidsstillingar som rekna om til heiltidsstilling utgjer 80 prosent av heiltidsstilling i fire år. Departementet går ut frå at det ikkje vil vere behov for å fastsetje eit minstekrav til stillingsbrøk. Dersom stillingsbrøken nærmar seg 15 eller 10 prosent, vil kandidaten måtte ha 20 til 30 års allsidig praksis, og departementet går ut frå at det ikkje vil vere aktuelt for nokon verksemder å inngå kontraktar av denne typen som strekkjer seg over så mange år.

Når ein teiknar kontrakt, skal det gjerast frådrag for det året med praksis som er kravd i forkant av kontraktsinngåinga, og for eventuell realkompetanse.

Mange høyringsinstansar har vore opptekne av at kontraktstida må ha ei minimumslengd, òg i dei tilfella kandidaten har særs mykje realkompetanse og lang praksis. Departementet sluttar seg til dette og meiner eit krav om minimumslengd på kontraktstida vil sikre nødvendig organisert opplæring før fag- eller sveineprøva. Ordninga er meint for kandidatar som framleis har behov for opplæring. Departementet reknar med at ei minste kontraktstid på eitt år vil vere tilstrekkeleg, samtidig som dette er kort nok til at ordninga blir eit reelt alternativ til praksiskandidatordninga.

5.5.6 Personleg opplæringsplan med krav til opplæring og rettleiing i praksisperioden

Fordi kandidaten ikkje skal ha opplæring i alle kompetansemåla i læreplanen, må det avklarast kva for nokre kompetansemål kandidaten har realkompetanse i, før ein teiknar kontrakt. Fylkeskommunen bør, som ansvarleg for kompetansevurdering på vidaregåande nivå, gjere denne kartlegginga. Dei gjenverande kompetansemåla i læreplanen for lærefaget utgjer den personlege opplæringsplanen til kandidaten, og det er denne som fastset kva kandidaten har rett til opplæring i etter kontrakten. I tillegg til denne personlege opplæringsplanen må lærebedrifta, på same måte som for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar, utarbeide ein intern plan for gjennomføringa av opplæringa. Det skal gå fram av den interne planen kva for nokre kompetansemål bedrifta sjølv ikkje kan ta ansvaret for, slik at fylkeskommunen må støtte bedrifta.

5.5.7 Vurdering av oppnådd kompetanse

Utgangspunktet til departementet er at krava for å få eit fag- eller sveinebrev eller eit vitnemål skal vere dei same for alle som får den same dokumentasjonen. Det finst likevel enkelte unntak frå dette i dag. Eit av dei viktigaste unntaka er at praksiskandidatar kan gå opp til fagprøva og få fag- eller sveinebrev utan å ha bestått fellesfaga. Dette er ei ordning med lange tradisjonar i norsk fagopplæring, og etter ønske frå partane i arbeidslivet blei ordninga vidareført da Reform 94 innførte felles grunnleggjande krav til fellesfag i heile fagopplæringa. Dei siste 10 åra er det i gjennomsnitt noko over 7000 praksiskandidatar kvart år som har bestått fag- eller sveineprøva. Desse utgjer om lag ein tredjedel av alle avlagde fag- og sveineprøver. Departementet er ikkje kjende med at det skaper problem i arbeidslivet eller for den enkelte fagarbeidaren at det ikkje blir stilt dei same krava til fellesfag for praksiskandidatar som for lærlingar. Derfor meiner departementet at det ikkje er problematisk å utvide denne tilgangen til å gå opp til fagprøva til òg å gjelde den nye ordninga. Departementet ser ingen grunn til at kravet til praksis skal vere lengre for kandidatar som ikkje har bestått fellesfaga, slik enkelte av høyringsinstansane har gått inn for.

I lys av erfaringane med praksiskandidatar som har oppnådd fag- eller sveinebrev, ser departementet ikkje grunn til å innføre nye krav til kompetanse i grunnleggjande dugleikar. Departementet går ut frå at grunnleggjande dugleikar som det er behov for i utøvinga av yrket, òg vil bli tileigna under opplæringa og den rettleidde praksisen.

Departementet meiner i likskap med eit fleirtal av høyringsinstansane at kandidatane skal gå opp til same sentralt gitte eksamen som praksiskandidatar etter forskrift til opplæringslova § 3-55 og eksamen etter § 3-52 i forskrifta i dei lærefaga denne føresegna gjeld.

5.5.8 Krav til bedriftene

Departementet sluttar seg til synspunkta frå fleire høyringsinstansar om at det må stillast same krav til bedrifter som skal teikne kontrakt etter denne ordninga, som til lærebedrifter, og at desse bedriftene og kontrakten mellom kandidaten og bedrifta må godkjennast av fylkeskommunen, slik som lærebedrifter og kontrakten mellom lærling og bedrift. Dette kan gjennomførast ved at fleire av føresegnene i kapittel 4 i lova, om vidaregåande opplæring i bedrift, blir endra slik at dei òg gjeld bedrifter som deltek i den nye ordninga, og slik at kandidatane får mange av dei same rettane og pliktene som lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar.

5.5.9 Oppseiingsvern

Slik departementet oppfattar det, bør kandidatane likevel ikkje få det same sterke oppseiingsvernet som lova gir lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar. Dette er fordi det for kandidatane er eit tilsetjingsforhold som kjem først, og kontrakten om opplæring blir føydd til som eit supplement. For lærlingar, praksiskandidatar og lærekandidatar er det omvendt. For desse er det opplæring som er formålet med forholdet til lærebedrifta. Opplæringa blir gjennomført ved at ho blir knytt til eit tilsetjingsforhold.

5.5.10 Tilskot

Departementet meiner at bedriftene bør få tilskot frå fylkeskommunen for opplæringa i dei læringsmåla bedrifta har ansvar for. Fordi målgruppa for ordninga er vaksne kandidatar, meiner departementet, i likskap med fleirtalet av høyringsinstansane, at utgangspunktet for tilskotet skal vere satsane i Basistilskot II. Tilskotet til den enkelte bedrifta blir fastsett forholdsmessig ut frå kor mykje opplæring bedrifta har ansvar for. Bedrifta skal ikkje ha tilskot for den opplæringa fylkeskommunen gir.

5.5.11 Forslag til ny lovtekst

Etter at fleire av høyringsinstansane hadde merknader til det opphavlege forslaget frå departementet til plassering av ny lovtekst, har departementet merka seg at forslaget som blei sendt på ny høyring, har fått større støtte av dei som har uttalt seg. I andreforslaget frå departementet blir bedrifter som deltek i ordninga, kalla lærebedrifter, på lik linje med bedrifter som gir opplæring til lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar. Kandidatane får derimot eit eige namn, slik at dei kan skiljast frå lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar. Ved å inkorporere den nye ordninga i kapittel 4 i lova vil krava til lærebedrifta og rettane og pliktene til kandidatane og bedriftene i hovudsak vere dei same som for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar. Dette gjer òg at det ikkje er nødvendig med ei eiga føresegn om at ordninga gir høve til å melde seg opp til fag- eller sveineprøva. Dette vil følgje av at ordninga er omfatta av resten av regelverket om lærekontraktar og opplæringskontraktar. Meir detaljerte føresegner om berekning av praksis kan ein likevel fastsetje i forskrift. På same måte vil dei detaljerte krava for å få gå opp til fagprøva, gjennomføring av prøva og vurdering fastsetjast i forskrift, slik som for dei andre ordningane med opplæring i lærebedrift.

5.5.12 Namn på ordninga

I samband med forsøka som ligg til grunn for forslaget, har ordninga blitt omtalt som «Fagbrev på jobb». Dette namnet er dekkjande fordi ordninga føreset tilknyting til ein jobb kandidaten har frå før og det er så ulikt frå andre nemningar i opplæringslova at det er liten sjanse for forvekslingar. Namnet er også kjent og godt innarbeidt.

I tillegg har departementet foreslått at kontrakten som skal inngåast, skal kallast «Kontrakt om fagbrev på jobb» for å skilje han frå lærekontrakten til lærlingane og opplæringskontrakten til praksisbrevkandidatane og lærekandidatane.

5.6 Departementet sitt forslag

Departementet foreslår ei rekkje endringar i kapittel 4 i opplæringslova. Endringane fastset kven som er kandidat for fagbrev på jobb, krav til lærebedrifter som vil teikne kontrakt om fagbrev på jobb, og rettar og plikter for kandidaten og lærebedrifta.

Det er òg foreslått ein heimel for departementet til å fastsetje krav til praksis for kandidaten for fagbrev på jobb.

Til forsida