Prop. 52 L (2017–2018)

Endringar i opplæringslova, friskolelova og folkehøgskolelova (plikt til å tilby intensiv opplæring og plikt til fleirfagleg samarbeid m.m.)

Til innhaldsliste

7 Endringar i opplæringslova og friskolelova som ikkje har vore på høyring

7.1 Innleiing

Ingen av desse endringsforslaga har vore gjenstand for høyring. Høyring er ikkje nødvendig, sidan ingen av endringsforslaga har realitetsverknad. Dei er berre av teknisk karakter og er foreslått for å rette opp feil i lovgivinga.

7.2 Opplæringslova § 2-1 tredje ledd

I § 2-1 tredje ledd fjerde punktum er ordet «sakkynnig» brukt. Det riktige skal vere «sakkunnig», som elles er brukt i same føresegn.

Føresegna er foreslått endra i samsvar med dette.

7.3 Opplæringslova § 2-3a sjette ledd

I opplæringslova § 2-3a sjette ledd heiter det «som nemnt i første ledd». Tilvisinga skal vere til andre ledd.

Føresegna er foreslått endra i samsvar med dette.

7.4 Opplæringslova § 3-6

I opplæringslova § 3-6 første ledd siste punktum er det vist til § 3-8 i same lov om tap av opplæringsrett. § 3-8 blei oppheva med verknad frå 1. august 2017. Det er derfor foreslått at denne tilvisinga til § 3-8 blir teken ut. Forslaget har ingen realitetsverknad.

7.5 Opplæringslova § 4A-9

I opplæringslova § 4A-9 om bortvising heiter det at sanksjonen kan ramme anten ein elev eller ein deltakar. Personar som er regulerte av kap. 4A i opplæringslova, er derimot ikkje omtalte som elevar, men som vaksne eller som deltakarar. Da kap. 4A blei innført i lova i 2000, blei det teke omsyn til dette i heile lovkapittelet bortsett frå i § 4A-9. Sannsynlegvis blei dette gløymt fordi føresegna om bortvising blei «henta» frå § 3-8 i same lov, som da hadde ei tilsvarande bortvisingsføresegn.

Nemninga «elev» er brukt fem gonger i første ledd i føresegna saman med nemninga «deltakar». Nemninga «elev» er foreslått fjerna alle fem stadene.

Første ledd i føresegna er foreslått endra i samsvar med dette.

7.6 Opplæringslova § 4A-13

I opplæringslova § 4A-13 er det vist til § 4a-2. Tilvisinga skal vere til § 4A-2. Dette er òg kommentert med fotnote på Lovdata.

Føresegna er foreslått endra i samsvar med dette.

7.7 Opplæringslova § 13-4

Opplæringslova § 13-4 første ledd første, andre og tredje punktum lyder i dag slik:

«Kommunen er ansvarleg for skyss av grunnskoleelevar og vaksne som har rett til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for grunnskoleelevar og vaksne. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for førskolebarn, grunnskoleelevar og vaksne.»

Tredje punktum, kursivert ovanfor, blei ved ein feil ikkje teke ut ved ei lovendring 17. juni 2016 nr. 65. Når det gjeld grunnskoleelevar og vaksne, er tredje punktum identisk med andre punktum og derfor overflødig. Når det gjeld barn under opplæringspliktig alder, omtalt i tredje punktum, men ikkje i andre punktum, er ansvaret for skyss for denne gruppa no regulert i barnehagelova § 19 f. Tredje punkt i gjeldande § 13-4 er såleis i sin heilskap overflødig. Tredje punktum er på bakgrunn av dette foreslått fjerna. I tillegg er det i dag gjort merknad om dette med ein parentes rundt punktumet og med ein forklarande fotnote på Lovdata om at føresegna ved ein feil ikkje blei fjerna ved lovendringa 17. juni 2016 nr. 65.

Føresegna er foreslått fjerna ved at tredje punktum i sin heilskap blir teke ut.

7.8 Friskolelova § 2-3 andre ledd

Elevar som har rett til særskild språkopplæring, er fritekne frå opplæring i skriftleg sidemål. Dette gjeld i offentleg skole for elevar i grunnskolen og for elevar i vidaregåande opplæring. Det er elles vist til § 1-11 første ledd bokstav d i forskrift til opplæringslova.

For elevar i friskolane gjeld dette fritaket frå skriftleg sidemål berre for elevar i grunnskolen, ikkje for elevar i vidaregåande opplæring. Denne avgrensinga følgjer av friskolelova § 2-3 andre ledd tredje punktum, der det heiter «for elevar i grunnskolen».

Det er ingen sakleg grunn til at elevar i vidaregåande opplæring i friskolar ikkje skal ha ein tilsvarande rett til fritak som tilsvarande elevgruppe har i offentleg skole. Denne skilnaden i regelverket kviler på ein rein inkurie og oppstod i samband med regelverksendringar da elevar i vidaregåande opplæring i 2008 blei gitt rett til særskild språkopplæring.

Endringa er foreslått gjennomført ved å fjerne «i grunnskolen» i § 2-3 andre ledd tredje punktum.

Det må i tillegg gjerast ei mindre og korresponderande endring i forskrift til friskolelova.

Til forsida