Prop. 52 L (2017–2018)

Endringar i opplæringslova, friskolelova og folkehøgskolelova (plikt til å tilby intensiv opplæring og plikt til fleirfagleg samarbeid m.m.)

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative merknader

8.1 Plikt til å tilby intensiv opplæring

Lærartettleik i faga norsk, samisk og matematikk på 1.–4. trinn er i dag regulert i opplæringslova § 1-3 andre ledd. Denne føresegna er foreslått oppheva og erstatta med ein ny § 1-4 om intensiv opplæring i lesing, skriving og rekning på 1.–4. trinn. Plikta til å gi intensiv opplæring inneber ikkje i seg sjølv eit krav om ekstra lærarressursar, dersom skolen frå før har tilstrekkeleg med lærarressursar til at plikta kan oppfyllast. Men dersom det må til fleire lærarresursar for å oppfylle plikta til å gi intensiv opplæring, må dette skaffast til vegar. Det følgjer elles av opplæringslova § 13-10 at skoleeigaren må stille til disposisjon dei nødvendige ressursane slik at pliktene etter lova kan gjennomførast. Dersom den intensive opplæringa fører til ønskt resultat, slik at elevane får tilfredsstillande utbytte av opplæringa, vil behovet for spesialundervisning kunne reduserast.

Den foreslåtte føresegna om plikt til å gi intensiv opplæring er ei omregulering og presisering av forventningane til arbeidet skolen gjer med tilpassa opplæring, som i dag er regulert i opplæringslova § 1-3. Kommunane er kompenserte for kostnadene ved dagens føresegn i andre ledd i § 1-3 om tidleg innsats på 1.–4. trinn. Slik departementet vurderer det, inneber dette – saman med ein lærartettleik på 1.–4. trinn i samsvar med den foreslåtte lærarnorma som følgjer av budsjettforlik på Stortinget, jf. Innst. 12 S (2017–2018) – at kommunane kan følgje opp den nye plikta til intensiv opplæring.

Det er foreslått at plikta til å gi intensiv opplæring òg skal gjelde frittståande grunnskolar. Tilskotet til frittståande grunnskolar er basert på kostnadene i dei kommunale grunnskolane (KOSTRA-tal to år tilbake). Kunnskapsdepartementet legg til grunn at så lenge utgiftene til kommunane knytte til høg lærartettleik på 1.–4. trinn ligg inne i berekningsgrunnlaget til friskolane, er friskolane kompenserte for ei plikt til å gi intensiv opplæring.

8.2 Plikt til fleirfagleg samarbeid

Ei regulering av plikta skolen har til å samarbeide med relevante kommunale tenester om vurdering og oppfølging av elevar, er ikkje venta å gi vesentleg auka kostnader for kommunane. Ei slik plikt vil regulere oppgåver og ansvarsområde kommunane allereie er pålagde. Formålet er snarare å sørgje for meir samarbeid mellom kommunale tenester om desse oppgåvene, og slik sett vil forslaget kunne føre til at kommunale ressursar blir brukte meir effektivt.

8.3 Fagbrev på jobb

Forslaget frå departementet er ein ny modell for å nå fram til fag- eller sveinebrev. Denne modellen fører til mindre opplæring enn opplæring i skole eller lærebedrift, fordi han baserer seg på allsidig praksis i faget, realkompetansevurdering og rettleiing på arbeidsplassen.

Forslaget vil ikkje føre til at fleire individ får rett til vidaregåande opplæring, og ingen vil ha ein lovbestemt rett til å få opplæring etter denne modellen. Forslaget vil derfor ikkje påleggje fylkeskommunane auka kostnader. Departementet forventar likevel at fleire vil nytte seg av den retten dei har til vidaregåande opplæring for vaksne og realkompetansevurdering, som allereie er finansiert gjennom rammeoverføringa frå staten. At fleire nyttar seg av retten dei har til vidaregåande opplæring, vil både den enkelte og arbeidsgivaren ha fordelar av. For den enkelte kan fullført formell opplæring dokumentert med fag- eller sveinebrev gi tilgang til nye jobbar, større stillingsprosent og høgare lønn. For arbeidsgivaren vil det føre til betre kvalitet på det verksemda leverer, uavhengig av om dei leverer varer eller tenester.

Forslaget vil slik departementet ser det, ikkje ha særlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet forventar likevel at fleire oppnår å bli faglærte. For mange bransjar kan forslaget bidra til betre tilgang på fagarbeidarar med kompetanse som næringa har bruk for.

8.4 Folkehøgskolelova skal gjelde for Svalbard

Forslaget vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida