Prop. 52 L (2017–2018)

Endringar i opplæringslova, friskolelova og folkehøgskolelova (plikt til å tilby intensiv opplæring og plikt til fleirfagleg samarbeid m.m.)

Til innhaldsliste

9 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

9.1 Endringar i opplæringslova

Til § 1-3

Paragrafoverskrifta blir endra. Første ledd vidarefører dagens første ledd. Andre ledd blir oppheva. Sjå premissane i punkt 3.5 og 3.6.

Til § 1-4

Paragrafen er ny. Han omregulerer og presiserer kravet om tidleg innsats på 1.–4. trinn, som før følgde av § 1-3 andre ledd. Første setning fastset at skolen skal sørgje for at elevar på 1.–4. trinn som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring slik at dei når den forventa progresjonen. Intensiv opplæring er ein del av den ordinære tilpassa opplæringa, men er kjenneteikna av kortvarig og målretta innsats frå skolen innan lesing, skriving og rekning for elevar som har behov for det. Elevane skal ikkje ha avvik frå kompetansemåla i læreplanverket, men skal setjast i stand til å følgje den alminnelege progresjonen i undervisninga. Elevar som har behov for avvik frå kompetansemåla i læreplanverket, eller som ikkje får tilfredsstillande utbytte av opplæringa trass den ekstra innsatsen, vil ha rett til spesialundervisning. Føresegna gir skolen ei plikt, men korresponderer ikkje med ein tilsvarande rett for elevane. Dette betyr blant anna at det ved intensiv opplæring ikkje skal gjerast enkeltvedtak på bakgrunn av sakkunnig vurdering. Føresegna gir skolen eit profesjonelt handlingsrom, men rammene i lova må følgjast. Andre setning fastset at dersom omsynet til eleven sitt beste taler for det, kan den intensive opplæringa i ein kortare periode bli gitt som eineundervisning. Elles gjeld dei ordinære reglane for organisering av undervisninga. Sjå elles premissane i punkt 3.5 og 3.6.

Til § 4-1

Føresegna får i første ledd ei tilføying der det blir definert kva ein kandidat for fagbrev på jobb er. Føresegna fastset at kandidaten skal ha allsidig praksis og realkompetanse. I tillegg skal kandidaten teikne kontrakt om opplæring. Kontrakten blir kalla kontrakt om fagbrev på jobb for å skilje han frå lærekontrakt og opplæringskontrakt. Føresegna får i tillegg eit nytt tredje ledd, som gir departementet heimel til å fastsetje forskrift med krav til praksis for kandidatar for fagbrev på jobb.

Til § 4-2

I første ledd i føresegna blir kandidaten for fagbrev på jobb gitt rett til opplæring i samsvar med kontrakten om fagbrev på jobb på same måte som lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar har etter lærekontrakten eller opplæringskontrakten.

I andre ledd blir det slått fast at kandidatane for fagbrev på jobb til liks med dei andre gruppene som er omfatta av føresegna, er arbeidstakarar i bedrifta dei har arbeidsavtale med, og har dei rettane og pliktene som følgjer av lover og tariffavtalar. Kandidaten for fagbrev på jobb får likevel ikkje det same ekstra vernet mot at arbeidsavtalen blir sagd opp, som lærlingar, praksiskandidatar og lærekandidatar har. Dette er fordi arbeidsavtalen er hovudtilknytinga mellom bedrifta og kandidaten for fagbrev på jobb. Derfor er det heller ikkje fastslått at arbeidsavtalen fell bort når opplæringskontrakten går ut. Arbeidsavtalen til kandidaten for fagbrev på jobb går vidare når opplæringa er over, og treng ikkje å bli fornya.

Kandidaten for fagbrev på jobb får ikkje rett til pedagogisk-psykologiske tenester etter tredje ledd i føresegna, eller rett til spesialundervisning etter fjerde ledd.

Til § 4-3

Første ledd i føresegna fastslår at bedrifter som skal gi kandidatar for fagbrev på jobb opplæring, må vere godkjende av fylkeskommunen. Dette inneber at dei krava som blir stilte for godkjenning av lærebedrifter etter dei andre ledda i føresegna, òg gjeld for bedrifter som tek på seg opplæring av kandidatar for fagbrev på jobb.

Til § 4-4

Første ledd i føresegna fastset at bedrifta pliktar å leggje til rette for produksjon og opplæring for kandidaten for fagbrev på jobb, på same måte som bedrifta i dag må gjere dette for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar.

Tredje ledd i føresegna fastslår at det er bedrifta som melder kandidaten for fagbrev på jobb opp til fag- eller sveineprøva, og at bedrifta har det same ansvaret for gjennomføringa av prøva som for dei andre gruppene som får fagopplæring i bedrift.

Fjerde ledd i føresegna pålegg bedrifta å melde frå til fylkeskommunen dersom ho ikkje lenger finn det mogleg å gi tilfredsstillande opplæring. Denne plikta skal òg gjelde når bedrifta har ansvar for kandidatar til fagbrev på jobb.

Til § 4-5

Første ledd i føresegna fastslår at det skal teiknast skriftleg kontrakt med kandidaten for fagbrev på jobb når læreforholdet tek til.

Andre ledd fastlår at lærekontrakt og opplæringskontrakt får verknad frå då læreforholdet tok til, når dei blir godkjende av fylkeskommunen. Kontrakt om fagbrev på jobb gjeld frå det tidspunkt den blir underskriven. Andre ledd skal gjelde for kandidaten for fagbrev på jobb, slik at kontrakten skal godkjennast av fylkeskommunen og vise til arbeidsavtalane til kandidaten.

Til § 4-6

Føresegna gjeld endring og heving av lærekontrakt og opplæringskontrakt. Føresegna i første ledd om endring av opplæringskontrakt til lærekontrakt blir ikkje endra.

Andre ledd, som gjeld heving av kontrakt når partane er samde skal gjelde òg for kontrakt om fagbrev på jobb.

Tredje ledd gjeld heving av kontrakten etter samtykke frå fylkeskommunen i visse tilfelle. Denne skal gjelde òg for kandidatar for fagbrev på jobb og bedriftene dei har inngått avtale med.

Til § 4-7

Føresegna gjeld plikta lærebedrifta har til å ha intern kvalitetssikring og til å rapportere om opplæringa til fylkeskommunen. Denne føresegna skal gjelde for bedrifter som har teikna kontrakt med kandidatar for fagbrev på jobb.

Til § 4A-11

Paragrafen vert endra slik at han viser til § 1-5 i staden for til dagens § 1-4 om forsøksverksemd.

Til § 15-8

Paragrafen er ny. Første ledd presiserer plikta skolen har til å samarbeide med kommunale tenester om vurdering og oppfølging av barn og unge med helsemessige, personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar, særleg med sikte på at skolane skal kunne oppfylle opplæringsmandatet sitt på ein betre måte for elevane. Samarbeidsplikta er meint å gjelde både i konkrete saker for enkeltelevar og ved samarbeid på systemnivå. Andre ledd gir heimel for at dei samarbeidande kommunale tenestene kan behandle personopplysningar, inkludert særlege kategoriar av personopplysningar og opplysningar om straffbare forhold, for å vareta ansvaret etter første ledd. Omgrepet «særlege kategoriar av opplysningar» er valt her fordi same omgrepet er brukt i EUs personvernforordning (Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/679), som gjeld i EU frå 25. mai 2018. Omgrepet skil seg frå omgrepet «sensitive personopplysningar», som er brukt i personopplysningslova 14. april 2000, på to punkt. Genetiske opplysningar og biometriske opplysningar som har som formål å eintydig identifisere ein fysisk person er omfatta. Opplysningar om at ein person har vore mistenkt, tiltalt eller dømt for ei straffbar handling er ikkje lenger omfatta av definisjonen, men er særskilt regulert i forordninga. For at heimelsgrunnlaget òg skal omfatte opplysningar om at ein person har vore mistenkt, tiltalt eller dømt for ei straffbar handling, er «og opplysningar om straffbare forhold» lagt inn i lovteksten. Ein føresetnad for å behandle personvernopplysningar etter foresegna er at behandlinga av personopplysningar er nødvendig og forholdsmessig. Sjå elles premissane i punkt 4.5 og 4.6.

9.2 Endringar i friskolelova

Til § 3-4a

Paragrafoverskrifta blir endra. Første ledd vidarefører dagens første ledd. Andre ledd blir oppheva. Sjå premissane i punkt 3.5 og 3.6.

Til § 3-4b

Paragrafen er ny. Han omregulerer og presiserer kravet om tidleg innsats på 1.–4. trinn, som før følgde av § 1-3 andre ledd. Første setning fastset at på 1.–4. trinn skal skolen sørgje for at elevar som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring slik at dei når den forventa progresjonen. Intensiv opplæring er ein del av den ordinære tilpassa opplæringa, men er kjenneteikna av kortvarig og målretta innsats frå skolen innan lesing, skriving og rekning for elevar som har behov for det. Elevane skal ikkje ha avvik frå kompetansemåla i læreplanverket, men skal setjast i stand til å følgje den alminnelege progresjonen i undervisninga. Elevar som har behov for avvik frå kompetansemåla i læreplanverket, eller som ikkje får tilfredsstillande utbytte av opplæringa trass den ekstra innsatsen, vil ha rett til spesialundervisning. Føresegna gir skolen ei plikt, men korresponderer ikkje med ein tilsvarande rett for elevane. Dette betyr òg at det ved intensiv opplæring ikkje skal gjerast enkeltvedtak på bakgrunn av sakkunnig vurdering. Føresegna gir skolen eit profesjonelt handlingsrom, men rammene i lova må følgjast. Andre setning fastset at dersom omsynet til eleven sitt beste taler for det, kan den intensive opplæringa i ein kortare periode bli gitt som eineundervisning. Elles gjeld dei ordinære reglane for organisering av undervisninga. Sjå elles premissane under i punkt 3.5 og 3.6.

Til § 3-6b

Paragrafen er ny. Første ledd presiserer plikta skolen har til å samarbeide med kommunale tenester om vurdering og oppfølging av barn og unge med helsemessige, personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar, særleg med sikte på at skolane skal kunne oppfylle opplæringsmandatet sitt på ein betre måte for elevane. Samarbeidsplikta er meint å gjelde både i konkrete saker for enkeltelevar og ved samarbeid på systemnivå. Andre ledd gir heimel for at dei samarbeidande kommunale tenestene kan behandle personopplysningar, personoppysningar og opplysningar om straffbare forhold, for å vareta ansvaret etter første ledd. Omgrepet «særlege kategoriar av opplysningar» er valt her fordi same omgrepet er brukt i EUs personvernforordning (Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/679), som gjeld i EU frå 25. mai 2018. Omgrepet skil seg frå omgrepet «sensitive personopplysningar», som er brukt i personopplysningslova 14. april 2000, på to punkt. Genetiske opplysningar og biometriske opplysningar som har som formål å eintydig identifisere ein fysisk person er omfatta. Opplysningar om at ein person har vore mistenkt, tiltalt eller dømt for ei straffbar handling er ikkje lenger omfatta av definisjonen, men er særskilt regulert i forordninga. For at heimelsgrunnlaget òg skal omfatte opplysningar om at ein person har vore mistenkt, tiltalt eller dømt for ei straffbar handling, er «og opplysningar om straffbare forhold» lagt inn i lovteksten. Ein føresetnad for å behandle personopplysningar etter foresegna er at behandlinga av personopplysningar er nødvendig og forholdsmessig. Sjå elles premissane i punkt 4.5 og 4.6.

9.3 Endringar i folkehøgskolelova

Til § 1a

Paragrafen er ny og fastset at folkehøgskolelova òg gjeld for Svalbard.

Til forsida