Prop. 54 S (2020–2021)

Auka finansieringsbehov og revidert framdriftsplan for E39 Rogfast i Rogaland og justering i vedtekne rammer for rv 13 Ryfast i Rogaland

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om auka finansieringsbehov og revidert framdriftsplan for E39 Rogfast i Rogaland og justering i vedtekne rammer for rv 13 Ryfast i Rogaland

  1. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjennomføre prosjektet E39 Rogfast i Rogaland basert på revidert kostnadsramme på 24 800 mill. 2020-kr. Vilkåra går fram av denne proposisjonen.

  2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å fråfalle kravet om at evalueringa av økonomien og takstane for prosjektet rv 13 Ryfast skal skje i mars 2021 men å fasthalde at gjennomgangen av økonomien i prosjektet og vurderinga av takstane skal skje eitt år etter at innkrevjinga er sette i gong.