Prop. 56 S (2016–2017)

Finansiering av prosjektet fv 17 / fv 720 Dyrstad – Sprova – Malm i Nord-Trøndelag, justert innkrevjingsopplegg E16 Kongsvinger – Slomarka og auka kostnadsramme E6 Helgeland nord

Til innhaldsliste

2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga

Dagens fv 17 mellom Dyrstad og Sprova har dårleg standard. På strekninga Dyrstad – Østvik er vegen smal og med mange avkøyrsler. Vidare på nordsida av Hjellbotn er vegen svingete og uoversiktleg. Tungtrafikken på strekninga utgjer 13–16 pst., noko som mellom anna fører til ulemper i tettstaden Vellamelen. Dagens fv 720 frå krysset med fv 17 ved Hjellbotn til Malm har låg standard og manglar tilbod for gåande og syklande. I perioden 2005–2015 vart det registrert 33 ulykker med personskade på fv 17 mellom Dyrstad og Sprova. Av dette var 3 dødsulykker og 8 ulykker med alvorleg personskade. På fv 720 mot Malm vart det registrert 7 ulykker med personskade i den same perioden.

Prosjektet omfattar utbetringar på den om lag 5,6 km lange strekninga av fv 17 frå Dyrstad til Østvik. Frå Østvik til Sprova skal det byggjast 8,8 km ny veg på sørsida av Hjellbotn med bru over Strømnestangen. På denne strekninga skal det byggjast to tunnelar, Strømsnestunnelen og Holmviktunnelen. På fv 720 skal det byggjast 5,8 km ny veg frå krysset med ny fv 17 i Strømnestangen til Malm, jf. figur 2.1.

Figur 2.1 Kart over fv 17 / fv 720 Dyrstad – Sprova – Malm i Nord-Trøndelag

Figur 2.1 Kart over fv 17 / fv 720 Dyrstad – Sprova – Malm i Nord-Trøndelag

Ny/utbetra veg på strekninga fv 17 / fv 720 Dyrstad –Sprova – Malm vil gi betre framkomst og trafikktryggleik. Reisetida langs fv 17 vil bli redusert med om lag to minuttar, medan reisetida mellom Asp og Malm vil bli redusert med over åtte minuttar eller om lag 40 pst. I tillegg blir miljøet langs dagens veg betre. Ny fv 17 på sørsida av Hjellbotn vil avlaste Vellamelen sentrum for tungtrafikk.

Det ligg føre godkjende reguleringsplanar for prosjektet med unntak av utbetringsstrekninga Dyrstad – Østvik på fv 17.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektstyringsunderlag, kostnadsoverslag og trafikkgrunnlag for utbygging av fv 17 / fv 720 Østvik – Sprova – Malm. Utbetring av fv 17 på strekninga Dyrstad – Østvik inngår ikkje i kvalitetssikringa. Ekstern kvalitetssikrar tilrår ei styringsramme for utbygging av fv 17 / fv 720 Østvik – Sprova – Malm på 1 420 mill. 2015-kr. Rekna om til 2017-prisnivå utgjer dette 1 495 mill. kr.

Fylkeskommunen har lagt til grunn ei samla økonomisk ramme på 1 500 mill. 2014-kr, fordelt med 1 390 mill. kr til bygging av ny veg på strekninga fv 17 / fv 720 Østvik – Sprova – Malm og 110 mill. kr til utbetring av dagens veg på strekninga fv 17 Dyrstad – Østvik. Ekstern kvalitetssikrar tilrår at denne ramma blir sett som øvre ramme for bompengeprosjektet. Rekna om til 2017-prisnivå utgjer dette 1 610 mill. kr.

Samferdselsdepartementet legg den fylkeskommunale ramma til ei samla utbygging på 1 610 mill. 2017-kr til grunn. Dette inneber at omfanget av utbetringar på strekninga fv 17 Dyrstad – Østvik må tilpassast den endelege kostnaden for fv 17 / fv 720 Østvik – Sprova – Malm. Dersom kostnaden for fv 17 / fv 720 Østvik – Sprova – Malm aukar opp til den fylkeskommunale ramma, vil finansieringa av eventuelle utbetringar av fv 17 Dyrstad – Østvik heilt ut vere fylkeskommunen sitt ansvar.

Prosjektet sin samfunnsøkonomiske netto nytte er rekna til om lag – 860 mill. 2017-kr. Netto nytte pr. budsjettkrone er rekna til -1,5.