Prop. 56 S (2016–2017)

Finansiering av prosjektet fv 17 / fv 720 Dyrstad – Sprova – Malm i Nord-Trøndelag, justert innkrevjingsopplegg E16 Kongsvinger – Slomarka og auka kostnadsramme E6 Helgeland nord

Til innhaldsliste

6 Fylkeskommunal garanti

Nord-Trøndelag fylkeskommune vedtok i møte i fylkesrådet 18. august 2015 å stille garanti for bompengelånet dersom lånet skal forvaltast av eit bompengeselskap. Samferdselsdepartementet føreset at bompengeselskapet skal ta opp lån på vanleg måte og at fylkeskommunen derfor stiller garanti for lånet. Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet før anleggsstart.

Garantisten sitt utlegg kan dekkjast med ein auke i gjennomsnittstakstane på inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.