Prop. 56 S (2016–2017)

Finansiering av prosjektet fv 17 / fv 720 Dyrstad – Sprova – Malm i Nord-Trøndelag, justert innkrevjingsopplegg E16 Kongsvinger – Slomarka og auka kostnadsramme E6 Helgeland nord

Til innhaldsliste

7 Samferdselsdepartementet si vurdering

Fv 17 er hovudvegen mellom Namsos og Steinkjer og er viktig for utvikling og verdiskaping i regionen. Fv 720 og fv 17 er samband mellom kommunesentra i Verran og Steinkjer kommunar som har underteikna intensjonsavtale om samanslåing. Både fv 17 og fv 720 har ein stor del næringstrafikk.

Ny fv 17 og fv 720 på strekninga Østvik – Sprova – Malm vil redusere reisetida og auke trafikktryggleiken, samt redusere miljøulempene for busette langs eksisterande veg.

Samferdselsdepartementet viser til at lokale styresmakter har slutta seg til eit felles finansieringsopplegg, og at Nord-Trøndelag fylkeskommune har vedteke å stille garanti. Departementet har merka seg at Nord-Trøndelag fylkeskommune ber om at det blir lagt til grunn eit rentenivå på 5 pst. Rekneteknisk rente følgjer det som er fastsett av Samferdselsdepartementet. Den faktiske renta som prosjektet oppnår i marknaden, vil vere avhengig av bompengeselskapet sitt arbeid mot finansmarknaden. Lågare marknadsrente enn den reknetekniske renta kan nyttast til å redusere takstane.

Departementet legg også til grunn at utbetring av dagens trasé på strekninga fv 17 Dyrstad – Østvik må tilpassast utbyggingskostnadene for fv 17 / fv 720 Østvik – Sprova – Malm og fylkeskommunen si økonomiske ramme.