Prop. 65 L (2016–2017)

Endringar i kommunelova m.m. (råd for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom)

Til innhaldsliste

3 Bakgrunnen for framlegget

3.1 Innleiing

Spørsmålet om korleis innbyggjarane skal trekkjast med i kommunale og fylkeskommunale avgjerdsprosessar gjennom særlege ordningar for medverknad, har vore diskutert ved fleire høve etter tusenårsskiftet. Mellom anna har det vore ein del av diskusjonen om kor langt statlege styresmakter skal gå i å regulere den kommunale organiseringa. Det har vore diskutert om kommunen skal gje særskilde grupper formelle ordningar for å kunne påverke prioriteringar og avgjerder i kommunen, og om det er noko staten skal ha meiningar om og eventuelt regulere.

I dag er det eldre og menneske med funksjonsnedsetjing som har lovfesta rett til representasjonsordningar i kommunane. Samtidig har kommunane vedteke ei rekkje ordningar som sikrar at særlege grupper og aktørar har arenaer der dei kan ta vare på interessene sine.

Pensjonistforbundet og LO gjekk inn for å lovfeste kommunale og fylkeskommunale eldreråd allereie i 1978. I 1987 tilrådde sosialministeren å opprette eldreråd i alle kommunar, og at retningslinjer frå Statens eldreråd skulle leggjast til grunn for arbeidet i råda. Det blei understreka at desse retningslinjene ikkje var rettsleg bindande. Eit framlegg om å lovfeste kommunale eldreråd blei fremja for Stortinget i 1991, jf. Ot.prp. nr. 68 (1990–1991).

I framlegget drøfta Sosialdepartementet om lovfestinga av eldreråd skulle vere heimla i kommunelova eller i ei eiga lov om eldreråd. Dei føreslo at rådet blei regulert i ei eiga lov. Lova som påla kommunane og fylkeskommunane å opprette eldreråd, blei vedteken 24. oktober 1991 og trådde i kraft 1. januar 1992.

I 2005 vedtok Stortinget lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m., jf. Innst. O. nr. 114 og Ot.prp. nr. 87 (2004–2005), etter at Stortinget i samband med handsaminga av St.meld. nr. 40 (2002–2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer hadde bedt regjeringa kome med eit slikt framlegg. Lova, som påla kommunane og fylkeskommunane å opprette eit slikt råd, trådde i kraft 10. september 2007.

Lokaldemokratikommisjonen føreslo i si andre utgreiing, NOU 2006: 7 Det lokale folkestyret i endring? at det skulle vere opp til kommunane sjølve å bestemme om dei ville opprette slike råd, og viste til at både eldreråd og representasjonsordningar for menneske med nedsett funksjonsevne var lovfesta ordningar.

I oppfølginga av utgreiinga frå Lokaldemokratikommisjonen i St.meld. nr. 33 (2007–2008) Eit sterkt lokaldemokrati vurderte departementet rolla til eldreråda og peikte mellom anna på at lovfesting av eldreråd kunne føre til at dei eldre i mindre grad engasjerte seg i eit parti og i arbeidet for å bli representerte i folkevalde organ som kommunestyre og fylkesting. Regjeringa konkluderte likevel med at lovfestinga skulle førast vidare, mellom anna med bakgrunn i at eldre var underrepresenterte i kommunestyre og fylkesting.

Det har òg vore ein debatt om lovfesting av ungdomsråd. Lokaldemokratikommisjonen var imot lovfesta representasjonsordningar på prinsipielt grunnlag, men meinte samtidig at dersom kommunane først valde å ta i bruk ordninga med ungdomsråd, burde det formaliserast. Kommisjonen gjekk inn for at deltakinga skulle avgrensast til ungdom under 18 år, dvs. stemmerettsalderen. Dessutan burde kommunane sørgje for at det følgde med ressursar til bruk i ungdomsrådet. «Her handlar det om å ta ungdommen sitt engasjement på alvor», skreiv kommisjonen.

Spørsmålet om lovfesting av ungdomsråd blei også handsama av eit utval som greidde ut makt og medverknad frå ungdom i NOU 2011: 20 Ungdom, makt og medvirkning. Utvalet var delt i oppfatninga av om ungdomsråd burde lovfestast i kommunane. Eit fleirtal ville ikkje ha lovfesting, medan eit mindretal gjekk inn for det. Utvalet samla seg om å tilrå at det blei utarbeidd lovfastsette nasjonale retningslinjer for lokale ungdomsråd. Utvalet føreslo også statlege tilskot til kommunar med ungdomsråd som følgjer dei nasjonale retningslinjene.

3.2 Generelt om status for medverknadsordningar og -organ og deira plass i det lokale folkestyret

Lokaldemokratiet i Noreg er bygd opp rundt ei representativ ordning. Innbyggjarane vel lokale leiarar, representantar eller folkevalde som får fullmakt til å ta på seg ansvaret for dei kommunale oppgåvene. Det inneber at representantane for innbyggjarane tek stilling til korleis dei kommunale oppgåvene skal prioriterast, og korleis tenestetilbodet skal utviklast, og set rammer for korleis lokalsamfunnet skal utviklast.

Ein viktig del av arbeidet dei folkevalde gjer, skjer i samspel med innbyggjarane. At innbyggjarane medverkar i kommunale avgjerdsprosessar, er ein viktig del av eit levande lokaldemokrati. Kommunane har ulike måtar å organisere dette samspelet på. I einskildsaker kan medverknaden skje ved at det blir arrangert folkemøte eller høyringar, ved at det blir gjennomført innbyggjarundersøkingar eller møte med dei saka kjem ved, eller ved at det blir halde folkerøystingar. Innslaget av slike ordningar går fram av tabell 3.1. Det er svært utbreidd å ha folkemøte, befolkningsundersøkingar, idédugnader og møte med næringslivet. Mindre utbreidd, men ikkje uvanleg, er brukarmøte, ordningar for direkte kontakt mellom innbyggjarane og lokalpolitikarane og at innbyggjarane får høve til å framføre saka si for kommunestyret, til dømes i form av ein «spørjetime» i kommunestyret, i utval eller i kommunale komitear.

Kommunane har også meir permanente strukturar for å sikre dialog med og synspunkt frå særskilde grupper. Tabellane 3.2 og 3.3 viser ulike representasjonsordningar utanom eldreråd og representasjonsordningar for menneske med nedsett funksjonsevne i kommunane og fylkeskommunane.

Tabell 0.1 Kommunale tiltak for å skaffe informasjon om «folkemeininga» på andre måtar enn gjennom kommunevala 2008–2016. Prosent (absolutte tal i parantes).

2008

2012

2016

Folkemøte, høyringar eller liknande i samband med kommunalplanlegging etter plan- og bygningslova (kommuneplan, kommunedelplan, reguleringsplan)

75,5 (235)

78,7 (262)

76,4 (230)

Folkemøte, høyringar eller liknande i samband med andre typar saker (altså ikkje plansaker)

57,2 (171)

56,5 (188)

79,3 (238)

«Ordførarbenk», «politikardag» e.l. der ordføraren eller andre sentrale politikarar annonserer at dei er tilgjengelege for at folk skal kunne ta direkte og umeld kontakt

20,2 (62)

19,9 (66)

25,3 (75)

Spørjetime for innbyggjarane / «open post» i kommunestyre, utval eller komitear

32,3 (99)

32,5 (109)

29,5 (88)

Befolkningsundersøkingar, til dømes om politisk deltaking, haldning til kommunen (altså ikkje om spesifikke tenester)

8,3 (25)

23,8 (79)

38,5 (114)

Brukarundersøkingar, her forstått som undersøking av tenesteproduksjonen i kommunen

58,2 (117)

64,6 (215)

67,6 (200)

Brukarmøte for diskusjon av tenestetilbodet i kommunen

32,6 (98)

41,3 (136)

41,8 (123)

Idédugnad – der innbyggjarar og/eller organisasjonar var inviterte

49,1 (149)

51,4 (169)

52,1 (152)

Møte med representantar for næringslivet og/eller organisasjonane deira («frukostmøte», temamøte med meir)

79,8 (244)

86,8 (290)

87,3 (261)

Møte med representantar for andre lokale interessegrupper og/eller organisasjonar

78,1 (232)

77,3 (156)

85,1 (246)

Tiltak for å styrkje lokalpolitisk deltaking frå einskildgrupper (til dømes eldre, unge innvandrarar, kvinner)

34,7 (102)

36,3 (120)

47,6 (139)

Kjelde: Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin database for kommunal organisering. Henta frå: Monkerud, Lars Chr., Marthe Indset, Sigrid Stokstad, Jan Erling Klausen: Kommunal Organisering 2016. NIBR-rapport 2016:20.

I tabellane er det ikkje lagt inn tal for eldreråd og representasjonsordningar for menneske med nedsett funksjonsevne. Det er fordi departementet ved utforminga av kartlegginga gjekk ut frå at kommunane og fylkeskommunane oppfylte krava i lova om å etablere desse ordningane. I undersøkinga om eldreråd og representasjonsordningar for menneske med nedsett funksjonsevne, som blei gjennomført i 2013 av NIBR (Winsvold mfl. 2014), og som det er gjort greie for under, svarer tre kommunar og éin bydel at dei ikkje har etablert «noe råd i det hele tatt», dvs. 1,5 prosent av kommunane.

Som det går fram av tabellane, er det mest utbreidd med ei representasjonsordning for ungdom i kommunane. I 2016 har 76 prosent av kommunane barne- og/eller ungdomsråd, og 24 prosent har barn og unges kommunestyre. I underkant av 90 prosent av kommunane har ei representasjonsordning for unge, noko som inneber at det er kommunar som har både barne- og ungdomsråd og barn og unges kommunestyre.

Det er også innslag av representasjonsordningar for innvandrarar, og fleirtalet av kommunane har formalisert samarbeidsordningar med næringslivet og med frivillige organisasjonar.

Når det gjeld fylkeskommunane, er det innslag av både barn og unges fylkesting (67 prosent av fylkeskommunane) og barne- og/eller ungdomsråd (56 prosent). Også i fylkeskommunane er det innslag av andre ordningar for dialog og deltaking i det fylkeskommunale systemet – ordningar retta mot frivillig sektor, innvandrarar og næringsliv.

3.3 Kunnskapsgrunnlag

3.3.1 Eldreråd og representasjonsordningar for menneske med nedsett funksjonsevne

Då arbeidet med å innlemme ordninga med kommunale og fylkeskommunale eldreråd og representasjonsordninga for menneske med nedsett funksjonsevne, i tillegg til regelfesting av ungdomsråd, blei sett i gang, blei det bestemt at departementet skulle innhente eit meir systematisk kunnskapsgrunnlag om korleis eldreråda og representasjonsordninga for menneske med nedsett funksjonsevne verka i kommunane og fylkeskommunane. Ungdomsråda blei ikkje inkluderte i denne kartlegginga. I 2009 var det gjort ei tilsvarande kartlegging i ungdomsråda (sjå avsnitt 3.2.2).

Norsk institutt for by- og regionforsking fekk i oppdrag å kartleggje desse representasjonsordningane og leverte rapporten Råd, regler og representasjon – Eldre og mennesker med nedsatt funksjonsevne, som var utarbeidd av Marte Winsvold, Siri Nørve, Sigrid Stokstad og Guri-Mette Vestby (NIBR-rapport 2014:14). Undersøkinga blei gjennomført som ei webbasert spørjeskjemaundersøking til alle kommunane og fylkeskommunane i landet og som case-studiar i fire kommunar og to fylkeskommunar. I avsnitta vidare i dette punktet presenterer vi hovudfunna i rapporten.

Rådsmodellar

Lovverka som ligg til grunn for dei to rådsordningane, gjev høve til å opprette felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Materialet som er samla inn, tyder på at 11 til 13 prosent av kommunane har felles råd.1 Av dei som har felles råd, er det ei overvekt av små kommunar. Berre éin kommune hadde inngått samarbeid med ein annan kommune om eit interkommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Éin fylkeskommune har ikkje råd for menneske med nedsett funksjonsevne, men har etablert ei anna ordning for denne gruppa.

Tabell 0.2 Formelle kommunale organ for deltaking frå befolkninga. Prosent (absolutte tal i parentes). 2000: N = 324,362; 2004: N = 304,322; 2008: N = 289,302; 2012: N = 329,333

2000

2004

2008

2012

2016

Barn og unges kommunestyre

25,7

(88)

28,7

(94)

27,3

(79)

24,1

(80)

24,4

(73)

Barne- og/eller ungdomsråd

34,7

(120)

69,8

(202)

68,9

(208)

73,6

(245)

76,2

(230)

Kontaktutval/råd for innvandrarar

10,9

(33)

11,9

(35)

15,1

(50)

14,5

(42)

Kontaktutval for frivillige organisasjonar (til dømes idrett/kultur)

70,5

(244)

68,0

(215)

66,1

(197)

64,5

(213)

60,3

(179)

Samarbeids-/kontaktforum for næringslivet (til dømes næringsråd)

65,6

(208)

65,1

(194)

69,1

(230)

65,0

(195)

Faste kanalar/tiltak for innbyggjardeltaking i budsjettprosessen

2,0

(7)

8,5

(47)

8,4

(25)

8,2

(27)

10,7

(32)

Fast(e) brukar-/borgarpanel som regelmessig blir konsultert(e), til dømes i einskildsaker, planar og strategispørsmål (kan vere elektronisk)

9,1

(30)

5,0

(16)

6,8

(20)

4,5

(15)

4,7

(14)

Deltakande budsjettering, der kommunen har eigne budsjettprosessar der alle eller grupper av innbyggjarar kan delta i prioriteringa av ressursbruken innanfor eitt eller fleire budsjettområde

4,5

(15)

2,4

(7)

Tiltak som gjer det mogleg for personar som oppheld seg i kommunen utan å vere folkeregistrerte der, til dømes hyttebuarar, å delta

10,3

(34)

11,9

(12)

Kjelde: Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin database for kommunal organisering. Henta frå: Monkerud, Lars Chr., Marthe Indset, Sigrid Stokstad, Jan Erling Klausen: Kommunal Organisering 2016. NIBR-rapport 2016:20.

Samansetnad og oppnemning

Den vanlege er at råda har fem medlemmer. Når det gjeld eldreråda, er dei fleste medlemmene mellom 60 og 80 år. Dei aller eldste – dei over 85 år – utgjer 5 prosent av medlemmene, medan personar under 60 år utgjer mellom 10 og 15 prosent av den totale medlemsmassen. Aldersgruppa mellom 67 og 75 år har på landsbasis noko under halvparten av medlemsmassen i eldreråda.

Det er grunn til å leggje merke til den sterke underrepresentasjonen av unge under 25 år i råda for menneske med nedsett funksjonsevne. Dei utgjer ikkje meir enn 1 prosent av medlemsmassen. Gruppa mellom 40 og 60 år og gruppa over 60 år har ca. 40 prosent kvar av medlemmene.

I eldreråda kan 75 prosent seiast å representere dei eldre. 31 prosent er politikarar, og tilsette i kommunen utgjer 4 prosent. I råda for menneske med nedsett funksjonsevne er det 65 prosent som representerer gruppa med nedsett funksjonsevne, 35 prosent politikarar og 9 prosent tilsette. I fellesråda er det 43 prosent som representerer dei eldre, 28 prosent som representerer menneske med nedsett funksjonsevne, 26 prosent politikarar og 10 prosent tilsette.

Både i eldreråda og råda for menneske med nedsett funksjonsevne er det vanleg at organisasjonane føreslår representantar. Det gjeld 81 prosent av eldreråda og 76 prosent av råda for menneske med nedsett funksjonsevne. For ca. 50 prosent av råda føreslår politikarar i kommunen kven som skal sitje der. Også administrasjonen føreslår representantar, men det er mindre vanleg.

I fylkeskommunen er det vanlegaste at eldreråda har sju medlemmer. I råda for menneske med nedsett funksjonsevne er det vanlegast med ni medlemmer. Eldreråda i fylka har totalt sett eit fleirtal av eldre, men mange er politikarar. Det same gjeld råda for menneske med nedsett funksjonsevne, men her er det noko fleire politikarar.

Ressursar

For at råda skal fungere godt, må dei ha både sekretariatshjelp, økonomiske ressursar og tilgang på nødvendig kompetanse. Kompetansen kan vere erfaringar medlemmene har med seg, eller rådsmedlemmene kan ha fått opplæring.

Tabell 0.3 Formelle fylkeskommunale organ for deltaking frå befolkninga. Prosent (absolutte tal i parentes). 2000, 2004, 2008 og 2012.

2000

2004

2008

2012

2016

Barn og unges fylkesting

41,2

(7/17)

46,7

(7/15)

52,9

(9/17)

47,1

(8/17)

66,7

(12/18)

Barne- og/eller ungdomsråd

18,8

(3/16)

28,6

(4/14)

37,5

(6/16)

64,7

(11/17)

55,6

(10/18)

Kontaktutval/råd for innvandrarar

21,4

(3/14)

47,1

(8/17)

41,2

(7/17)

44,4

(8/18)

Kontaktutval for frivillige organisasjonar (til dømes idrett/kultur)

33,3

(5/15)

69,2

(9/13)

68,8

(11/16)

35,3

(6/17)

35,3

(6/17)

Samarbeids-/kontaktforum for næringslivet (til dømes næringsråd)

54,5

(6/11)

70,6

(12/17)

62,5

(10/17)

52,9

(9/17)

Faste kanalar / tiltak for innbyggjardeltaking i budsjettprosessen

0,0

(0/16)

7,7

(1/13)

23,5

(4/17)

18,8

(3/17)

0,0

(0/18)

Fast(e) brukar-/borgarpanel som regelmessig blir konsultert(e), til dømes i einskildsaker, planar og strategispørsmål (kan vere elektronisk)

0,0

(0/16)

7,7

(1/13)

0,0

(0/17)

6,3

(1/16)

0,0

(0/18)

Deltakande budsjettering, der fylkeskommunen har eigne budsjettprosessar der alle eller grupper av innbyggjarar kan delta i prioriteringa av ressursbruken innanfor eitt eller fleire budsjettområde

6,3

(1/16)

0,0

(0/18)

Tiltak som gjer det mogleg for personar som oppheld seg i kommunen utan å vere folkeregistrerte der, til dømes hyttebuarar, å delta

0,0

(0/16)

0,0

(0/18)

Kjelde: Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin database for kommunal organisering, henta frå: Monkerud, Lars Chr., Marthe Indset, Sigrid Stokstad, Jan Erling Klausen: Kommunal Organisering 2016. NIBR-rapport 2016:20.

Det er nesten ingen av råda som svarer at dei ikkje har tilgang på sekretærhjelp. Sekretariatsfunksjonen svarer til for fleirtalet av råda mindre enn 20 prosent av eit årsverk. Mange seier at omfanget er 5 prosent eller mindre av eit årsverk. Råda for menneske med nedsett funksjonsevne ser i gjennomsnitt ut til å få noko meir sekretærhjelp enn eldreråda.

Då NIBR gjennomførte kartlegginga i 2013, var det gjennomsnittlege budsjettet for råd for menneske med nedsett funksjonsevne på 28 000 kroner. For eldreråda var det på 46 000 kroner. I fylkeskommunane hadde råda for menneske med nedsett funksjonsevne eit gjennomsnittleg budsjett på 470 000 kroner, medan eldreråda hadde 300 000 kroner.

Når det gjeld opplæring av rådsmedlemmene, er det i underkant av halvparten av råda som svarer at dei får opplæring av kommunen. Ein viktig arena for opplæring er tilbodet frå organisasjonane. Sjølvskolering er også viktig. Om lag 10 prosent fortel at dei ikkje har fått opplæring. I fylka er det om lag 70 prosent av fylkeskommunane som gjev opplæring.

Både visse former for yrkeserfaring og erfaring frå politiske verv i kommunen kan ha betydning for kor godt medlemmene skjøttar vervet i råda. Særleg medlemmene i eldreråda kan vise til tidlegare erfaring frå kommunale verv, men også fleirtalet av medlemmene i råda for menneske med nedsett funksjonsevne har slik erfaring. Relevant yrkeserfaring frå kommunen gjeld i størst grad for medlemmene av eldrerådet (44 prosent). 38 prosent av representantane i råda for menneske med nedsett funksjonsevne har slik erfaring.

På fylkeskommunalt plan blir det i gjennomsnitt sett av eit halvt årsverk til sekretærhjelp.

Retningslinjer eller mandat

I lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. § 6 er det bestemt at kommunestyret skal vedta mandat for rådet. Eldrerådslova har ikkje ei tilsvarande føresegn. I undersøkinga til NIBR svarer 75 prosent av råda for menneske med nedsett funksjonsevne og 72 prosent av eldreråda at det er utarbeidd mandat eller retningslinjer for rådet. Av kommunane med under 2 000 innbyggjarar har 57 prosent utarbeidd retningslinjer. I fylkeskommunane har alle, bortsett frå éin, svart at dei har retningslinjer for råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Alle fylkeskommunane som svarte, har retningslinjer for eldreråda.

Oppgåver og saker

I gjennomsnitt handsamar eldreråda 27 saker per år. Råda for menneske med nedsett funksjonsevne handsamar 24 saker i året. NIBR-rapport 2014:14 tyder på at sekretariatet er den instansen som i størst grad bestemmer kva saker som skal takast opp i råda (Windsvold m. fl. 2014). Andre viktige aktørar er rådmannen og resten av administrasjonen. Dei politiske organa er ikkje så viktige.

På fylkesplan ligg saksmengda på same nivå.

I sakstypar skil eldreråda og råda for menneske med nedsett funksjonsevne seg frå kvarandre. Eldreråda arbeider mest med saker som har med tenester retta mot eldre å gjere, medan råda for menneske med nedsett funksjonsevne oftast arbeider med saker som gjeld universell utforming og fysisk utforming av bygningar og uteområde på både kommunalt og fylkeskommunalt nivå. I kommunane arbeider begge utvala mykje med helse- og sosialsaker. På fylkesnivå er det eldrerådet som arbeider mest med helse- og sosialsaker.

Fleirtalet av eldreråda og råda for menneske med nedsett funksjonsevne arbeider med både konkrete saker og meir overordna saker, som kommuneplan, regional planstrategi (fylkeskommunane) økonomiplan og årsbudsjett, med størst vekt på dei konkrete og spesifikke sakene.

Har råda legitimitet og påverknadskraft?

Legitimiteten til råda blir for ein stor del avgjort av i kor stor grad dei greier å påverke og oppnå resultat på vegner av gruppa dei representerer. Materialet som er samla inn til rapporten frå NIBR 2014:14, viser at dei viktigaste aktivitetane i råda er å gje fråsegner til kommunen. Nesten like viktig er den direkte kontakten mellom råda og kommuneadministrasjonen. Når representantar for administrasjonen på ulike fagområde møter i råda, kan dei utveksle meiningar og oppklare misforståingar, og råda får høve til å kome med innspel i aktuelle saker. Det varierer i kor stor grad råda kjem med innspel når kommunen ber om det, men eit fleirtal svarer at dei alltid gjev tilbakemelding. Det er også dei som i størst grad opplever å ha påverknadskraft.

Av eldreråda er det 28 prosent som har myndigheit til å avgjere korleis eit visst pengebeløp skal fordelast. 13 prosent av råda for menneske med nedsett funksjonsevne har slik myndigheit.

Det er ein sterk tendens til at råda kjem seint inn i sakshandsamingsprosessen. Dei får først uttale seg etter at det er gjeve innstilling i saker. Eit lite mindretal er med og førebur sakene. På fylkesnivå er det noko meir vanleg at råda kjem med tidleg i prosessen. Når det gjeld kva som kan gjerast for å auke påverknaden til råda, seier rapporten:

Visse faktorer knyttet til representasjon og saksbehandlerpraksis synes å bidra til å styrke rådenes muligheter for innflytelse. Det ene dreier seg om innflytelsesmuligheter ved at rådene har politikere som medlemmer; de kan målbære, formidle og være talspersoner for rådets forslag og framstøt inn i sine partigrupper og de politiske organene i kommunen. Det andre dreier seg om etablering av rutiner for saksgang; som at rådene har møter rett før de politiske fagutvalgene og at rådenes uttalelser og innspill inngår i saksdokumentene, enten det er knyttet til saker fagutvalgene skal behandle eller det er selvstendige innspill fra rådene.

Sjølv om det er eit fleirtal som svarer at dei har ganske stor eller stor påverknad, opplever ein fjerdedel av begge typar råd at dei har liten eller ingen påverknad. Særleg i kommunar som har felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne, er det mange av råda, 41 prosent, som opplever at dei har liten eller ingen påverknad.

3.3.2 Medverknadstiltak for barn og unge

Når det gjeld innslag av medverknadstiltak for barn og unge og korleis dei fungerer, blei den siste større studien publisert i 2009 i rapporten De unge stemmene, som er utarbeidd av Lillian Knudtzon og Trond Tjerbo (NIBR-rapport 2009:34). I tillegg har departementet fått samla inn data om innslaget av representasjonsordningar for barn og unge til KMDs kommunale organisasjonsdatabase med dei siste tala frå 2016.

Representasjonsmodellar

I 2016 har ca. 76 prosent av kommunane ei ordning med ungdomsråd, ca. 24 prosent har barn og unges kommunestyre, og om lag 90 prosent har éi av desse ordningane eller begge.

Knudtzon og Tjerbo viser at av kommunar med under 5 000 innbyggjarar var det i 2009 74 prosent som hadde ei representasjonsordning for unge. Ifølgje KMDs kommunale organisasjonsdatabase hadde dette talet stige til 85 prosent i 2012. Av kommunane med mellom 5 000 og 20 000 innbyggjarar var det i 2016 94 prosent som hadde ei ordning for ungdom, og i kommunar med mellom 20 000 og 50 000 innbyggjarar 97 prosent. Alle kommunar med meir enn 50 000 innbyggjarar hadde ei medverknadsordning for unge både i 2009 og i 2016.

Knudtzon og Tjerbo (2009) peiker likevel på at nokre av dei kommunane som ikkje har etablert ei meir permanent representasjonsordning, legg til rette for å involvere barn og unge, til dømes gjennom høyringar. I nokre kommunar er ungdom også representerte i eit ordinært kommunalt utval eller ved at dei får leggje fram saker i kommunestyret.

Samansetnad

Ungdomsråda er stort sett sette saman av ungdom mellom 13 og 19 år, med ein gjennomsnittsalder på yngste deltakar på 14 år og ein gjennomsnittsalder på eldste medlem på 18 år. Men det er også eit visst innslag av råd med medlemmer under 12 år og råd med medlemmer over 19 år. Barn og unges kommunestyre har ein litt yngre profil, med ein gjennomsnittsalder på yngste deltakar på 12 år og ein gjennomsnittsalder på eldste deltakar på 17 år (Knudtzon og Tjerbo, 2009).

I gjennomsnitt hadde ungdomsråda i 2009 ni medlemmer og barn og unges kommunestyre 26 medlemmer. Men talet varierte, og studien viste at det kunne vere så få som fire medlemmer i råda og så mange som 80 medlemmer i barn og unges kommunestyre.

Både jenter og gutar var godt representerte i råda, med ein kjønnsbalanse i favør av jentene.

Oppnemning

Når det gjeld val til representasjonsorgana, var det mest vanlege i 2009 direkte val i skulen. Det er også vanleg at elevråd er representerte, og at fritidsklubbar vel representantar. Nokre kommunar spør ungdom direkte om dei vil sitje der. I tillegg er det innslag av val på opne møte i kommunen.

Ressursar

I studien til Knudtzon og Tjerbo (2009) fekk vi to indikatorar på ressurssituasjonen for ungdomsråda. Den eine var knytt til godtgjering. I 54 prosent av kommunane fekk ungdomsråda møtegodtgjering, medan dei i 44 prosent av kommunane ikkje fekk det. Når det gjeld barn og unges kommunestyre, var det eit stort fleirtal av kommunane som ikkje gav godtgjering.

Den andre indikatoren var om råda og kommunestyra får disponere midlar til fordeling. Dei aller fleste har midlar til fordeling. 91 prosent av barn og unges kommunestyre fordelte i 2009 i gjennomsnitt 90 000 kroner, og 82 prosent av ungdomsråda fordelte i gjennomsnitt 56 000 kroner.

Oppgåver, saker og møte

Dei viktigaste aktivitetane i ungdomsråda og i barn og unges kommunestyre ser ut til å vere diskusjonsforum for tema som angår barn og unge, og å stå som initiativtakar/framleggsstillar til kommunen for tiltak for barn og unge. Særleg ungdomsråda er viktige som formell høyringsinstans. Fleirtalet av kommunane, når det gjeld både ungdomsråda og barn og unges kommunestyre, ser det som ei viktig oppgåve å vere informantar eller gje råd til kommunane i saker dei har fått tilsendt.

Møtefrekvensen i ungdomsråda varierte i 2009 frå eitt til 20 møte i året. I gjennomsnitt viste studien til Knudtzon og Tjerbo (2009) at det var 7,6 møte i året. I barn og unges kommunestyre var det mest vanlege å ha eitt møte i året (i underkant av 30 prosent av kommunane), men i dei fleste av kommunane med denne representasjonsforma var det frå 2 til 6 møte og i gjennomsnitt 3,8 møte i året.

Påverknad

Det ser ut til å vere ei utbreidd oppfatning i kommunane at barn i alderen 8 til 12 år i liten grad får høve til å påverke gjennom medverknadsordningar. Når det gjeld ungdom mellom 13 og 18 år, er oppfatninga meir positiv, kommunane meiner at dei får vere med og påverke utforming av kulturtiltak og fritidsklubbar. På andre saksområde, som helsetiltak for unge, skule og utdanning og stadutvikling, der det kunne vore naturleg at unge fekk høve til å påverke, er påverknaden vurdert som svak. Knudtzon og Tjerbo (2009) skriv:

Resultatene indikerer at det er et betydelig potensiale for å ta i bruk virkemidler for mer medvirkning i kommunene hvis det er vilje. Kommunene selv mener de i relativt liten grad sørger for å hente inn informasjon fra barn og unge og trekker dem med i utforming av tilbud.

3.4 Høyringsnotatet i 2013 om ei medverknadsordning for ungdom

Behovet for meir kunnskap om korleis kommunane meiner at dei ulike ordningane med ungdomsmedverknad har fungert, var bakgrunnen for at dåverande Arbeidsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet sende ut eit høyringsbrev 20. august 2013 om lovfesting av ei medverknadsordning for ungdom. Departementa ønskte tilbakemeldingar om korleis ei eventuell lovfesting om medverknad for ungdom burde utformast.

Oppsummering av høyringa om lovfesting av medverknadsordning for ungdom

Høyringsfristen var 25. november 2013, men blei utvida til 31. desember 2013. Det kom inn 132 høyringssvar. Ni fylkeskommunar, 41 kommunar og ei rekkje organisasjonar deltok i høyringa. I høyringsnotatet blei kommunane og fylkeskommunane bedt om å gjere greie for kva erfaringar dei hadde med ungdomsmedverknad, og kva dei meinte ei lovfesta medverknadsordning for ungdom burde innehalde. Departementa føreslo ingen lovføresegner, men skisserte nokre problemstillingar dei ønskte å få innspel på.

I over 80 prosent av høyringssvara var det eit ønske at ungdomsmedverknad skulle lovfestast. Dei tre største kommunane i landet var positive til ei slik lovfesting, medan KS var imot å ha ei lovpålagd ordning med ungdomsmedverknad. Av kommunane som var for lovfesting, meinte eit fleirtal at kommunelova skulle ha ei generell føresegn om medverknadsordningar i staden for ei ny, eiga lov. KS meinte også at ei eventuell lovfesting burde kome i kommunelova.

Det var stor variasjon i høyringssvara når det gjaldt korleis valet av ungdomsrepresentantar skulle gå føre seg, nedre og øvre aldersgrense, valbarheit og valperiode, kva slags myndigheit ungdommane skulle ha, etc. Fleire høyringsinstansar gav uttrykk for at ordninga måtte vere fleksibel og gje kommunane handlingsrom til å finne gode, lokale løysingar.

Fotnotar

1.

Grunnen til at det er ulike tal, er at det er fleire av kommunane som har svart på enqueten om representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne som seier at dei har felles råd, enn av kommunane som har svart på eldrerådsundersøkinga. For eldrerådsordninga svarte 336 av 443 kommunar/bydelar på undersøkinga. Av fylkeskommunane svarte 17 av 18. For den andre ordninga var det 277 av 443 som svarte, og av fylkeskommunane 17 av 18.

Til forsida