Prop. 65 L (2016–2017)

Endringar i kommunelova m.m. (råd for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom)

Til innhaldsliste

7 Ungdomsmedverknad

7.1 Ulike frivillige ordningar med ungdomsmedverknad

Det har vore opp til den einskilde kommunen å bestemme om dei skal ha ei formell medverknadsordning for ungdom. Barn og unge har tradisjonelt vore mindre aktive i lokalpolitikken enn resten av innbyggjarane. Mange kommunar og fylkeskommunar har difor sett i verk tiltak for å få denne gruppa til å bli politisk engasjert i større grad. Rekrutteringa har ofte skjedd med utgangspunkt i skulane og med hjelp frå elevråda. Vanlege medverknadsordningar for ungdom har vore i form av ungdomsråd, barn og unges kommunestyre og ungdommens fylkesting. Ungdomsråd er den ordninga som har vore mest brukt. Råda har vore organiserte forskjellig, og dei har hatt ulike oppgåver og ulik grad av ansvar. Dei fleste ungdomsråda har teke opp saker på eige initiativ og uttalt seg om relevante kommunestyre- og fylkestingssaker. Nokre av råda har også hatt framleggs-, tale- og møterett i kommunestyret. I nokre kommunar har ungdomsråda fått delegert avgjerdsmyndigheit over ein tildelt sum i budsjettprosessen. Fordi ungdomsråda har mangla eit klart mandat og ei sterk formalisering, har det i stor grad vore opp til kvar kommune korleis råda har vore organiserte, og kor stor påverknad dei har hatt.

7.2 Framlegget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet føreslo departementet å samle reglane om kommunal organisering i ei ny, generell føresegn i kommunelova § 10 b om råd for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom, med forskrifter for kvar einskild medverknadsordning.

Departementet føreslo at kommunestyret eller fylkestinget sjølv skal bestemme om det skal etablerast eit ungdomsråd med ein valperiode på inntil to år. Det gjekk fram av merknadene til lovframlegget at sjølv om departementet brukte nemninga «ungdomsråd», ville det ikkje vere til hinder for at kommunestyret eller fylkestinget valde ei anna medverknadsform, som ut frå lokale forhold var betre eigna. Departementet ønskte å føre vidare dagens frivillige organisering av ungdomsråd og andre former for ungdomsmedverknad og la det vere opp til kommunane og fylkeskommunane korleis dei organiserer dette innanfor dei rammene lova set. Framlegget om ein valperiode på inntil to år var grunngjeve med at ungdom er i ein livsfase der det er vanskeleg å binde seg til den ordinære valperioden på fire år.

Målet er å gjere det enklare for kommunane å administrere medverknadsordningane når råda blir flytta over til kommunelova med detaljerte føresegner for kvar enkelt ordning og administrerte av eitt departement, Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Også for medlemmene i eit ungdomsråd vil det bli lettare å få oversikt over kva krav rådet kan stille til kommunen sin.

Departementet beskreiv i høyringsnotatet utførleg kva reglar som vil inngå i ei forskrift om ungdomsråd: kva som skulle stå i ein formålsparagraf, korleis rådet skulle opprettast og organiserast, om valet og samansetnaden av rådet og kva oppgåver rådet skulle ha.

7.3 Høyringa

Departementet har fått mange høyringssvar til framlegget om ei ny føresegn i kommunelova om råd for ungdom. Ein del av høyringssvara er frå ulike organisasjonar som representerer ungdom, men dei aller fleste kjem frå dei enkelte kommunane og ungdommens kommunestyre eller ungdomsrådet. Også mange av eldreråda og råda for personar med funksjonsnedsetjing har gjeve uttrykk for at ordninga med ungdomsråd bør vere obligatorisk. Eit stort fleirtal av høyringsinstansane er positive til framlegget om å heimle medverknadsordningane i ei ny felles føresegn i kommunelova. Det er også stor tilslutning til at det er fornuftig å ha ein kortare valperiode for denne gruppa.

Av høyringsfråsegnene frå kommunale ungdomsråd, fylkeskommunale ungdomsråd, ungdommens kommunestyre o.l. er det 62 som er for lovpålagd ungdomsmedverknad og to som er positive til framlegget frå departementet om ei frivillig ordning for kommunane. Både Lavangen ungdomsråd og Ungdommens kommunestyre i Røyken stiller seg bak framlegget frå departementet.

KS er imot ei obligatorisk ordning med ungdomsråd, og skriv:

KS mener på prinsipielt grunnlag at det skal være opp til kommunene å bestemme om og hvordan særskilte grupper skal gis formelle ordninger for å kunne påvirke prioriteringer og beslutninger i kommunene. KS er enig i at det ikke innføres en obligatorisk ordning for ungdomsråd og andre former for ungdomsmedvirkning. Nesten alle kommuner har en representasjonsordning for barn og mange har både barne- og ungdomsråd og barn og unges kommunestyre.
KS mener det er formålstjenlig å samle regler om kommunal organisering i kommunelova i stedet for å ha ulike medvirkningsordninger regulert i særskilte lover og administrert av ulike departement.

Høyringsinstansane som er positive til å ha eit regelverk også for ungdomsråd og andre former for medverknadsordningar for ungdom, peiker på verdien av eit einsarta regelverk.

Barneombodet seier:

Mest av alt er vi nøgd med at medverknadsorgan for ungdom no fell under Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). No hamnar ungdomsråd i departementet som jobbar for betre demokrati, og dette håpar vi miljøa rundt ungdomsråd vil få nyte godt av.

Kristiansand kommune uttaler:

Kristiansand kommune har lang og positiv erfaring med ungdoms medvirkning både gjennom elevråd og Kristiansand Ungdomsutvalg. Betydningen av å ha et velfungerende elevråd eller ungdomsråd er vesentlig. Det er helt avgjørende å ha gode rutiner og strukturer på arbeidet for at slike råd skal fungere etter hensikten. Det har vært mye usikkerhet rundt, og til dels ulik praktisering av, ordningene med ungdomsmedvirkning. Det tilsier at det bør være et ens regelverk for disse medvirkningsordningene. Vi støtter departementets forslag om at de grunnleggende reglene for organisering av medvirkningsorgan må være like.
Regjeringens forslag om at det er frivillig for kommunene og fylkeskommunene å ha et ungdomsråd eller annen form for ungdomsmedvirkning støttes ikke. På lik linje med Eldreråd og Råd for personer med funksjonsnedsettelse, bør også Råd for ungdom lovfestes.

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) ønskjer at medverknadsorgan for barn og ungdom skal vere obligatoriske over heile landet, men er positive til framlegget frå departementet om minstekrav til eksisterande medverknadsorgan. Dei meiner det vil bidra til å sikre velfungerande ungdomsråd og liknande organ der dei allereie finst, og at det er positivt at organa blir heimla i ei ny føresegn i kommunelova heller enn i ei særlov.

Hordaland fylkeskommune skriv:

Fylkesutvalet støttar departementet sitt forslag til endring av kommunelova og nedlegging av særlovane om eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne.
Fylkesutvalet ber departementet om å vurdere lovfesting av ungdomsråd i kommunar og fylkeskommunar for å sikre at dei fylkeskommunale medverknadsorgana for ungdom vert styrka, både med legitimitet ved å representere heile fylket og ved kompetanse som ungdomane får med seg frå eit underliggande organ.

Fagforbundet seier:

Fagforbundet viser til tidlegare høyringssvar der vi går inn for at medverknadsorgan for barn og ungdom skal vere obligatoriske over heile landet, samstundes er vi no positive til forslaget frå departementet om lovfesta nasjonale minstekrav til eksisterande medverknadsorgan. Det vil kunne bidra til å sikre kontinuitet og velfungerande ungdomsråd og liknande organ der dette allereie finst. Vi er positive til at organa får heimel i ei ny føresegn i kommunelova heller enn i ein særlov.
Når det gjelder forslaget om frivillig ordning for ungdomsmedvirkning, har en innvendinger til at dette ikke skal være lovpålagt, men en stiller seg positive til foreslått regelverk.

Helsedirektoratet seier:

Helsedirektoratet er enige i at kommunene må gis et handlingsrom i å organisere hvordan de ønsker å sikre reell medvirkning fra ungdom og at det legges opp til fleksible løsninger. Direktoratet har ingen merknader knyttet til de foreslåtte retningslinjene. Samtidig mener Helsedirektoratet, på prinsipielt grunnlag, at ungdomsråd bør lovfestes. Lovfesting av ungdomsråd handler ikke om statlig styring av lokaldemokrati – men om å sikre barn og unges grunnleggende rett til å bli hørt. Dette er en rettighet som ikke bør være tillitsbasert og opp til den enkelte kommune og fylkeskommune om de ønsker å sikre eller ikke.

Vest-Agder fylkeskommune er også einig i departementet si vurdering av behovet for eit felles regelverk for ordningar for ungdomsmedverknad, og meiner at det føreslåtte regelverket er fleksibelt nok til at kommunar og fylkeskommunar kan velje den ordninga som passar best for dei ut frå lokale forhold.

Dei høyringsinstansane som er negative til at departementet ikkje pålegg kommunane å innføre ungdomsråd eller andre former for medverknadsordningar for ungdom, meiner det er skuffande at ungdom, som einaste gruppe utan stemmerett, ikkje får ei lovpålagd medverknadsordning på linje med eldre og personar med funksjonsnedsetjing.

Barneombodet uttaler:

Barneombodet er skuffa over avgjerda frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om å ikkje lovfeste medverknadsorgan for ungdom. Likevel er vi nøgd med at departementet no tar grep for å løfte og synliggjere medverknadsorgan for ungdom gjennom ei ny lov – og ei framtidig føresegn. Vi fryktar nemleg at fleire kommunar gjer eit alt for dårleg arbeid med medverknadsorgan. Likeeins er vi bekymra for ungdommane i dei kommunane som ikkje har oppretta slike organ. Det er alvorleg at det finst så mange ungdommar som ikkje har moglegheit til å påverke heimstaden sin. Dette er ein form for forskjellsbehandling som det er særs viktig å få rydda opp i. Her har staten eit spesielt ansvar etter barnekonvensjonen. Om du skal få høve til å påverke lokalsamfunnet ditt, må ikkje vere avhengig av om du tilfeldigvis bur i ein kommune som tykkjer dette er viktig. Det skal vere ein rett som alle norske born og ungdommar har.

Ungdommens kommunestyre i Nesset meiner at ungdomsråd bør vere lovpålagt. Dei held fram at det er viktig for ungdommen at nokon taler deira sak, og at arbeidet i ungdomsråd gjev resultat. Dei meiner vidare at også ungdom utan ordinær stemmerett på denne måten får politisk erfaring, og at det bidreg til rekruttering til lokalpolitikken.

Leirfjord barne- og ungdomsråd vil ha lovfesting av ungdomsråd i kommunar og fylkeskommunar, og skriv:

Det kan gjerne være opp til kommunene og fylkeskommunene å bestemme hvordan de involverer andre viktige brukergrupper i politikken, men barn og unge bør absolutt være en av tre grupper som har lovfestet rett til medvirkning.

Norddal eldreråd meiner at ungdomsråda må lovfestast på same måte som eldreråda og råda for menneske med nedsett funksjonsevne:

At innbyggjarane medverker i kommunale avgjerdsprosessar, er ein viktig del av eit levande demokrati.
Dagens samfunnsutvikling krev då sterke eldreråd, råd for menneske med nedsett funksjonsevne og ungdomsråd.

Stange ungdomsråd synest det er viktig at ungdommar kan ha meiningar om det som gjeld ungdom og framtida deira, og at ungdomsrådet blir likestilt med andre råd i kommunen.

Storfjord ungdomsråd skriv:

Storfjord ungdomsråd mener at ungdomsråd bør være lovpålagt. Det er viktig for ungdom at noen taler deres sak, og arbeidet i ungdomsråd gir resultater. Det gir også ungdom uten ordinær stemmerett politisk erfaring, og bidrar til rekruttering til lokalpolitikken.

Longyearbyen ungdomsråd har kome fram til denne fråsegna:

Vi mener det bør være lovpålagt å ha en kilde til ungdomsmedvirkning i alle kommuner, og vi mener det er viktig at alle kommuner har et ungdomsråd. Grunnen til dette er fordi en stor del av samfunnet er ungdommer og det er viktig at ungdommene har en stemme og at de blir hørt. Det kan dessuten være vanskelig å starte et ungdomsråd dersom man ikke har voksne som er engasjerte.

Troms fylkeskommune framhevar:

Ved å lovfeste ungdomsråd i alle kommuner vil det formaliseres organ for barn og unges medvirkning i forvaltningen. Troms Fylkesting mener at barn og unges interesser skal ivaretas i saker som berører dem og støtter ungdommens fylkesråd i sitt krav om lovfesting av ungdomsråd i kommunene. Barn og unge skal ha mulighet til å bli hørt og til å ta opp saker i sine omgivelser, med bakgrunn i sine perspektiv. Dette bør tas på alvor gjennom en lovfesting.

Akershus fylkeselevråd skriv:

Akershus fylkeselevråd vil at ungdom på lik linje med eldre og personer med funksjonsnedsettelse skal ha en lovpålagt rett til medvirkning. Vi ønsker en lovfestet ordning for ungdomsråd, med retningslinjer for utførelse. Disse retningslinjene må være mulige å tilpasse til kommuner og fylker av ulik størrelse i både areal og befolkning. Vi mener at om det ikke er lovpålagt å ha slike ungdomsråd, bør det heller ikke foreligge rigide retningslinjer som kan virke restriktive for kommunene og fylkeskommunene. Om en kommune eller fylkeskommune allerede har et godt eksisterende medvirkningsorgan for ungdom, bør dette opprettholdes slik som det er. Hvis ikke kan det føre til at en ikke velger å opprette eller videreføre slike råd, noe som vil være et tap for ungdom i de ulike kommunene og fylkeskommunene.

Vest-Agder fylkeskommune held fram at ungdom er i ei særstilling:

De er verken valgbare eller stemmeberettigede, og bør derfor spesielt gis samme rett til formalisert medvirkning – som eldre og mennesker med nedsatt funksjonsevne. Vest-Agder fylkeskommune er med andre ord for en lovfesting av medvirkningsordning for ungdom, og mener en frivillig medvirkningsordning ikke tar ungdommen på alvor i tilstrekkelig grad.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) uttaler seg som fagorgan med ei rekkje oppgåver på oppvekst- og leverkårsfeltet for barn og ungdom:

Bufdir mener at det er positivt at rådsordningene forankres tydelig i kommunelova. Rådene tydeliggjøres slik som del av de øvrige kommunale råd og utvalg. Bufdir er positiv til nasjonale retningslinjer, og mener at det vil kunne bidra til at organene i større grad blir representative, får større legitimitet og mer reell innflytelse. Vi mener imidlertid at medvirkningsorgan for ungdom burde være lovpålagt, på samme måten som for eldre og personer med funksjonsnedsettelse. Det at unge under 18 år ikke har stemmerett, gjør det ekstra viktig å formalisere deres rett til medvirkning i lokalmiljøene.

Det er også fleire høyringsinstansar som hevdar at Noreg ikkje oppfyller dei internasjonale pliktene dei har ifølgje artikkel 12 i FNs barnekonvensjon om barns rett til å bli høyrde. Både Fylkesmannen i Troms og Fylkesmannen i Akershus viser i høyringssvaret til at artikkel 12 inneber at barn og unge har rett til å bli høyrde og seie meininga si i alle forhold som direkte vedkjem dei. Dei hevdar det er ei plikt for heile samfunnet, også for kommunane. Fylkesmennene meiner vidare at rekkjevidda og betydninga av denne artikkelen i liten grad er kommunisert i høyringsdokumentet ut over den korte teksten i pkt. 3.5.3. Dei viser også til Council of Europe's dokument «Child participation assessment tool», som ikkje er nemnt i høyringsdokumentet. Barneombodet viser til The revised European Charter of the Participation of Young People in Local and Regional Life, sometter ombodet si meining burde leggje føringar for arbeidet med ungdomsmedverknad i departementet.

Troms fylkeskommune uttaler:

FNs barnekonvensjon slår fast at barn og unge har rett til å høres i saker som angår dem. Dagens mulighet for medvirkning og påvirkning styres i stor grad av tilfeldigheter og løses i varierende grad og form ute i lokaldemokratiet. Troms fylkesting anser ungdomsråd som en god organisering og løsning for å ivareta barn og unges stemme, da dette sikrer en tydelig formalisering for ungdomspåvirkning ute i kommunene. Ved å lovfeste ungdomsråd i alle kommuner vil det formaliseres organ for barn og unges medvirkning i forvaltningen. Troms Fylkesting mener at barn og unges interesser skal ivaretas i saker som berører dem og støtter ungdommens fylkesråd i sitt krav om lovfesting av ungdomsråd i kommunene. Barn og unge skal ha mulighet til å bli hørt og til å ta opp saker i sine omgivelser, med bakgrunn i sine perspektiv. Dette bør tas på alvor gjennom en lovfesting.

Fleire høyringsfråsegner er opptekne av definisjonen av «ungdom» i merknaden til ny § 10 b i kommunelova. Redd Barna er einig i framlegget om at ungdomsråd skal ha ei øvre aldersgrense på 18 år, men at ungdom som fyller 19 eller 20 år i løpet av valperioden, kan bli sitjande ut perioden. Redd Barna meiner det er viktig med ei slik øvre aldersgrense, og at aldersgrensa ikkje må bli høgare enn det departementet legg opp til.

Ungdommens fylkesting i Buskerud meiner at lova bør ta omsyn til at FN definerer «ungdom» som dei som er i aldersgruppa 15–24 år.

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) støttar lovteksten som er føreslått av departementet, men føreslår primært at aldersgrensa blir teken ut av merknadene til lova, og sekundært at føresegna kan erstattast med eit krav om at ungdom under 18 år skal vere i fleirtal i organet, eller at det kan setjast ei øvre aldersgrense på 26 år med rom for at kommunane sjølve kan setje ei lågare aldersgrense dersom dei ønskjer det.

Unge funksjonshemmede meiner at unge med nedsett funksjonsevne i dag er underrepresenterte i ungdomsråda, og organisasjonen ønskjer at denne gruppa må bli betre representert. Organisasjonen har innvendingar til departementet sin definisjon av «ungdom»:

Unge funksjonshemmede er kritiske til at det foreslås en aldersgrense på 18 år for medlemmene av ungdomsrådet. Personer under 18 år er å regne som barn, mens den gjeldende ungdomsdefinisjonen i statlige støtteordninger for barne- og ungdomsfrivilligheten er til og med 25 år. I Store norske leksikon er ungdom definert som «betegnelsen på en egen livsfase mellom barndom og voksenliv». Dette er en definisjon vi jobber aktivt ut i fra i Unge funksjonshemmede, og som vi mener også bør ligge til grunn for ungdomsrådene i kommunene. Ungdom med funksjonsnedsettelser og kronisk sykdom bruker ofte mye lengre tid på å gjennomføre overgangene til voksenlivet, da det kan ta lenger tid å gjennomføre utdanning, få jobb og etablere seg i egen bolig. En ungdomsdefinisjon som er begrenset til 18 år kan derfor bidra til å ekskludere personer med funksjonsnedsettelse, og vil også føre til en svært smal representasjon i ungdomsrådet.

Fleire høyringsfråsegner ønskjer at ungdomsråda skal ha framleggs-, møte- og talerett i kommunestyret, mellom andre Barneombodet, som meiner det er nødvendig for at råda skal bli sett på som reelle politiske organ og ikkje berre som eit alibi for politikarar og administrasjon.

Longyearbyen ungdomsråd uttaler:

Det er viktig at ungdom blir hørt i politiske saker, spesielt i saker som omhandler ungdom. Dette kan være innenfor oppvekstmiljø, fritid og skole. En måte for ungdommer å bli hørt, er at de har mulighet til å delta som høringspersoner i kommunestyrer/kommuneråd. Vi mener det er viktig at ungdommene har tale- og forslagsrett i kommunestyrer/kommuneråd.
Når det foreslås at kommunene selv kan bestemme om de vil ha en form ungdomsmedvirkning, må det også være opp til kommunene å avgjøre organiseringen av disse.

Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH)er oppteken av at ungdommen i Noreg vil ha ulik påverknad på saker som vedkjem dei, avhengig av bustadkommunen:

NK LMH mener at ungdom må få samme lovfestede rett til kommunal og fylkeskommunal medvirkning som eldre og som personer som har funksjonsnedsettelser. Dersom det er frivillig for kommuner og fylkeskommuner å ha et ungdomsråd vil dette skape geografiske ulikheter for ungdoms lokale påvirkningsmulighet. I høringsnotatet nevnes enkelte kommuners eller fylkeskommuners utfordringer i rekruttering av ungdom til et ungdomsråd, NK LMH mener at dette er utfordringer som ikke bør innvirke på de unges rettigheter.
Grunnet ungdoms livsfase som ofte kjennetegnes av mange endringer, er NK LMH enig i forslaget om at valgperioden for ungdomsråd skal være på to år i stedet for fire.

7.4 Departementet sine vurderingar og framlegg

Lovframlegget inneber at det framleis skal vere frivillig for kommunar og fylkeskommunar å opprette ungdomsråd eller liknande medverknadsordningar for ungdom for ein valperiode på inntil to år. Men kommunar som vel å ha ei medverknadsordning for ungdom, ungdomsråd eller liknande ordning (til dømes ungdommens kommunestyre), må følgje det regelverket som er laga for medverknadsordning i kommunelova med forskrift.

Departementet konstaterer at eit stort fleirtal av høyringsinstansane er negative til at ordningane for ungdomsmedverknad ikkje er føreslått lovpålagde på linje med råda for eldre og personar med funksjonsnedsetjing. Departementet ser at det er gode argument for at alle kommunar bør ha som mål å ha ei eller anna formell medverknadsordning for ungdom. Det er viktig at ungdom blir lytta til når ein kommune skal gjere vedtak i saker som angår denne gruppa, ikkje minst fordi ungdom under 18 år ikkje har stemmerett. I dag har ni av ti kommunar ei eller anna form for medverknadsordning for ungdom. Det er dermed svært få kommunar som av ulike grunnar ikkje har ei slik medverknadsordning.

Kommunestrukturen i Noreg er samansett. Dei kommunane og fylkeskommunane som ikkje har ungdomsråd eller andre former for medverknadsordningar, kan ha problem med rekrutteringa. Ein vanleg situasjon er at 16–18-åringane går på vidaregåande skule utanfor heimkommunen sin. Departementet har tillit til at dersom ungdommen sjølv og/eller «dei vaksne» i ein kommune eller eit fylke ser behov for å formalisere ei eller anna form for ungdomsmedverknad, vil det kome på plass. Departementet håper at ved å innføre eit regelverk for medverknadsordningar, samtidig som kommunane kan velje den medverknadsordninga som passar best for dei, vil det bli mindre arbeidskrevjande for kommunane å administrere ei medverknadsordning for ungdom på lik linje med råda for eldre og personar med funksjonsnedsetjing.

Departementet meiner at det er fleire fordelar ved å samle reglar om kommunal organisering i kommunelova i staden for å ha ulike medverknadsordningar som er regulerte i særlover og administrerte av ulike departement. Det er det også fleire av høyringsinstansane som sluttar seg til. Slik departementet ser det, vil det særleg for kommunane innebere ei forenkling å sortere under éi lov og eit departement. Departementet har som mål at ungdomsråda og andre medverknadsordningar skal følgjast betre opp enn i dag, då det er mykje uvisse rundt og også ulik praktisering av ordningane. Nokre kommunar har administrert ei medverknadsordning i strid med kommunelova, til dømes når representantar for ungdomsråda har fått tale- og framleggsrett i kommunestyret. Det er viktig for departementet å streke under at kommunane har eit ekstra stort ansvar for å rettleie ungdommen, som ofte har lite erfaring med kompliserte saksdokument og byråkrati. Kommunane bør streve etter å involvere ungdommen tidleg i alle saker som gjeld levekåra for denne gruppa.

Departementet har fått fleire innspel til framlegget om å ha ei øvre aldersgrense for «ungdom» på 18 år. Redd Barna er einig i ei slik øvre aldersgrense, og strekar under at aldersgrensa ikkje må bli høgare enn det departementet legg opp til.

Ungdommens fylkesting i Buskerud meiner at lova bør ta omsyn til at FN definerer som «ungdom» personar i aldersgruppa 15–24 år. Departementet meiner at ein må sjå på denne gruppa som ein kulturell kategori. Etter norsk lov er personar frå og med 18 år vaksne. Departementet meiner det er riktig å definere «ungdom» med ei øvre aldersgrense på 18 år, men er samtidig opne for at dersom ein ungdom fyller 19 eller 20 år i løpet av valperioden, skal vedkomande kunne halde fram i vervet ut perioden.

Fleire høyringsinstansar er opptekne av at ungdomsråda i mange kommunar i dag fungerer svært bra, og dei er redde for at eit nytt regelverk skal gjere det vanskelegare for kommunane å innføre medverknadsordningar for ungdom. Redd Barna er bekymra for at manglande lovfesting av kommunale og fylkeskommunale medverknadsorgan for barn og unge, samtidig som det blir strengare nasjonale retningslinjer for korleis desse organa skal vere, kan føre til at fleire kommunar og fylke lèt vere å etablere slike organ eller avskaffar dei organa dei allereie har. Redd Barna meiner dette er nok eit argument for at dei nasjonale retningslinjene bør kome saman med ei lovfesting.

Når departementet ikkje har ønskt å påleggje alle kommunar å ha ei medverknadsordning for ungdom, men opna for at kvar kommune sjølv kan bestemme både om det skal ha ei slik ordning og om ordninga i så fall skal vere eit ungdomsråd eller ei anna medverknadsordning, er det for at eit rigid regelverk ikkje skal stoppe kommunane frå å innføre ei medverknadsordning for ungdom. Samtidig har det vore nødvendig å klargjere kva reglar kommunane må følgje dersom dei etablerer ei medverknadsordning. For dei kommunane som har praktisert ei ordning i strid med kommunelova, vil eit detaljert regelverk kunne verke rettleiande og oppdragande. For departementet har det vore ønskjeleg å klargjere regelverket partane må følgje, og fjerne uvissa som har rådd om kva rettar ungdomsrepresentantane skal ha.

Departementet strekar under at den representative styringsmodellen er kjernen i det formelle lokalpolitiske styringssystemet. Innbyggjarane gjev ved val kommunestyre- og fylkestingsmedlemmer myndigheit til å ta avgjerder på deira vegner. Dei vel politiske representantar som skal sørgje for det felles beste for innbyggjarane og sjå på dei ulike interessene under eitt når dei skal ta avgjerder.

Medlemmene i kommunale og fylkeskommunale organ har i kraft av vervet tale- og framleggsrett i saker som organet behandlar. Framleggsretten følgjer ikkje direkte av lov, men av møte- og stemmeretten til dei folkevalde, jf. kommunelova § 30. Det er medlemmene i organet som har ordinær tale-, framleggs- og stemmerett i formelle møte i eit kommunalt eller fylkeskommunalt organ. Det å gje andre enn dei valde representantane til eit organ dei same rettane reiser grunnleggjande demokratiske spørsmål. Medlemmer i ulike medverknadsordningar får då dei same rettane som ordinære kommunestyre- og fylkestingsmedlemmer, og dei vil kunne tvinge fram avrøystingar som dei som framleggsstillarar ikkje kan delta i eller bere ansvaret for overfor veljarane. Departementet ønskjer at ungdomsråda og liknande medverknadsordningar framleis skal vere rådgjevande organ for interessene til ei særleg gruppe overfor kommunen. Eit kommunestyre kan likevel gje representantar for desse medverknadsorgana taletid under handsaminga av ei sak, for å sikre ein open, brei og tilgjengeleg medverknad.

Fylkesmannen i Troms meiner det bør fastsetjast ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å etablere ungdomsråd, og embetet viser i høyringssvaret sitt til at FNs barnekonvensjon artikkel 12 inneber at barn og unge har rett til å bli høyrde og seie meininga si i alle forhold som direkte vedkjem dei. Dei meiner dette er ei forplikting for heile samfunnet, også for kommunane, og at rekkjevidda og betydninga av denne artikkelen i liten grad er kommunisert i høyringsdokumentet. Fylkesmannen viser også til Council of Europe's dokument «Child participation assessment tool», som ikkje er nemnt i høyringsdokumentet.

Fylkesmannen i Oslo og Akershus og Redd Barna er ueinige i framlegget om at barn og ungdoms rett til deltaking og medverknad ikkje skal lovfestast. Dei framfører i hovudsak dei same momenta som Fylkesmannen i Troms og viser til FNs barnekonvensjon og Europarådet.

Departementet er ikkje einig med dei som hevdar at Noreg ikkje følgjer opp sine internasjonale forpliktingar. Barn og unges medverknad er i Noreg regulert gjennom ei rekkje føresegner i spesiallovgjevinga og er eit gjennomgåande prinsipp i all forvaltnings- og tiltakspraksis overfor barn. Den føreslåtte medverknadsordninga for ungdom i kommunelova § 10 b vil styrkje medverknad for ungdom, og inngår som eitt av fleire eksisterande tiltak som skal støtte opp om dette prinsippet. Med heimel i denne føresegna vil departementet seinare fastsetje ei forskrift om ungdomsråd eller ei anna form for ungdomsmedverknad.

Ei ny, frivillig ordning med ungdomsråd eller ei anna ordning for medverknad skal ha same status som dei to lovpålagde råda for eldre og personar med funksjonsnedsetjing. Ungdomsråda skal ha rett til å uttale seg om saker som gjeld levevilkåra deira. For at dei reelt skal få høve til å påverke, må dei få sakene i god tid før dei skal handsamast i eit politisk organ. Fråsegnene deira skal vere rådgjevande.

Mange høyringsinstansar er opptekne av innhaldet i forskrifta som skal regulere verksemda til ungdomsråda, og har gjeve utførlege kommentarar og forslag til forbetringar i innhaldet i forskriftene som blei presenterte i høyringa. Dette er viktige innspel som departementet noterer seg.

Høyringa viser at det er eit stort fleirtal som er positive til framlegget om å heimle medverknadsordningane i ei felles føresegn i ein ny § 10 b i kommunelova. Sjølv om mange av høyringsinstansane er ueinige i at ordninga med ungdomsråd ikkje skal vere lovpålagd på linje med råda for eldre og personar med funksjonsnedsetjing, er dei fleste tilfredse med at det no er føreslått reglar som kommunane må følgje når dei innfører ulike former for ungdomsmedverknad. Departementet held difor fast ved framlegget i høyringsnotatet.

7.5 Særleg om Svalbard

Høyringsnotatet inneheldt ikkje framlegg om endringar i Svalbardlova, men Longyearbyen ungdomsråd har gitt positiv høyringsuttale til ordninga med ungdomsråd. For å sikre at dei same reglane vil gjelde for Longyearbyen lokalstyre som for kommunane på dette området, vil departementet her også leggje fram forslag til endringar i Svalbardlova § 36 b. Endringane vil berre gjelde ungdomsråd eller ei anna medverknadsordning for ungdom. Longyearbyen er ikkje eit livsløpssamfunn, og dei andre medverknadsordningane som er føreslått i kommunelova er ikkje aktuelle der.

Til forsida