Prop. 65 L (2016–2017)

Endringar i kommunelova m.m. (råd for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom)

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

For kommunane og fylkeskommunane

Framlegget om eit nytt regelverk for ungdomsråd eller liknande medverknadsordningar for ungdom inneber at dei kommunane og fylkeskommunane som ønskjer å ha ei slik ordning, må følgje dette regelverket. Det vil kunne krevje økonomiske ressursar til sekretariatshjelp etc. og også føre til ein del administrativt meirarbeid. Sidan dei fleste kommunar og fylkeskommunar allereie har ei form for medverknadsordning for ungdom, vil det neppe bli så stor forskjell, sjølv om ordninga har vore praktisert ulikt.

Når det gjeld eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne, føreslår departementet i det alt vesentlege å føre vidare gjeldande regelverk. Sett frå kommunane og fylkeskommunane si side blir det difor ikkje nemneverdig administrativt meirarbeid.

Éi felles føresegn i kommunelova om råd for ungdom, eldre og personar med nedsett funksjonsevne, med tilhøyrande forskrifter som nesten er identiske, er med på å forenkle og klargjere administreringa av desse råda for kommunane og fylkeskommunane. Samla sett meiner departementet difor at framlegget ikkje fører til behov for auka overføringar til kommunane og fylkeskommunane.

For staten

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som skal handsame spørsmål om korleis ein skal forstå den nye føresegna i kommunelova med tilhøyrande forskrifter om råd for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom. Det vil også vere nødvendig å ha utstrekt kontakt med Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) og Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). BLD vil framleis ha ansvaret for politikken som har med levevilkåra for ungdommen og personar med funksjonsnedsetjing å gjere, og HOD er ansvarleg for eldrepolitikken. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) må også rekne med at kontakt med brukarorganisasjonane innanfor saksområda til desse råda vil ta ein del tid. For departementet blir dette ei ny oppgåve som vil krevje at det blir sett av administrative ressursar innanfor eksisterande rammer.

Til forsida