Prop. 65 L (2016–2017)

Endringar i kommunelova m.m. (råd for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom)

Til innhaldsliste

9 Merknader til lovframlegget

Kommunelova får ei ny føresegn i kapittel 2 § 10 b om råd for eldre og personar med funksjonsnedsetjing og råd eller ei anna medverknadsordning for ungdom.

Føresegna erstattar dei to særlovene om eldreråd og råd eller anna representasjonsordning for personar med nedsett funksjonsevne, som begge blir oppheva.

Svalbardlova får ei ny føresegn i § 36 b, medan nogjeldande § 36 b blir ny § 36 c. Endringa inneber at reglane om ungdomsråd eller liknande medverknadsordningar for ungdom i kommunelova § 10 b vil gjelde tilsvarande for Longyearbyen lokalstyre.

I kommunelova ny § 10 b første ledd heiter det at kvart kommunestyre og fylkesting sjølv skal velje medlemmer til eit eldreråd og eit råd for personar med funksjonsnedsetjing. Kommunestyret og fylkestinget kan ikkje delegere myndigheit til råda. I motsetning til tidlegare blir det ikkje opna for val av ei anna medverknadsordning enn «råd» for personar med funksjonsnedsetjing. Det blir for det første grunngjeve med at det tidlegare ikkje har vore ein tilsvarande valfridom for eldre, og ein går ut frå at rådsmodellen gjev arbeidet større legitimitet og dermed også større gjennomslagskraft.

Etter første ledd andre punktum skal fleirtalet av medlemmene i eldrerådet på tidspunktet for valet ha fylt 60 år, og eldre. Dette er ei endring i forhold til gjeldande rett. I eldrerådslova § 2 andre ledd står det at fleirtalet av rådsmedlemmene skal vere alderspensjonistar. I rundskrivet til lova er «alderspensjonist» definert som ein som er mottakar av alderspensjon. Det er ikkje eit krav at dei tek imot pensjon frå folketrygda, dvs. at dei også kan vere under 62 år. Personar som ikkje tek imot alderspensjon, blir uansett rekna for å vere alderspensjonistar når dei har fylt 67 år. Departementet meiner det er ei forenkling å operere med ei nedre aldersgrense for eldre på 60 år. Det er mange yrke som utløyser ein alderspensjon i tidleg alder, utan at personane det gjeld, blir rekna som «eldre» i vanleg språkbruk. Det kan også vere føremålstenleg at personar som er i sluttfasen av yrkeslivet, kan veljast inn i eit eldreråd og dele erfaringane dei har om overgangen frå arbeidsliv til pensjonisttilvære. Den viktigaste målgruppa for eldreråda skal likevel vere personar som har forlate arbeidslivet. Det er berre krav om at fleirtalet av medlemmene for å reknast som «eldre» skal ha fylt 60 år for å kunne veljast som medlem av eit eldreråd. Det opnar for at og yngre personar kan vere medlemmer av rådet. Departementet vil i forskrift fastsetje korleis valet av medlemmene skal skje.

Med «funksjonsnedsetjing» meiner vi tap av eller skade på ein kroppsdel eller i ein av kroppsfunksjonane. Det kan til dømes dreie seg om nedsett rørsle-, syns- eller høyrselsfunksjon, nedsett kognitiv funksjon, eller ulike funksjonsnedsetjingar på grunn av allergi, hjarte- eller lungesjukdomar. Omgrepet omfattar også psykiske lidingar som til dømes depresjon eller bipolare lidingar.

Det følgjer av andre og fjerde ledd at det er opp til det einskilde kommunestyret eller fylkestinget å bestemme om dei vil etablere eit ungdomsråd eller ei anna medverknadsordning for ungdom, til dømes barn og unges kommunestyre. Kommunen eller fylkeskommunen kan velje den forma for medverknad som ut frå lokale forhold er best eigna. Dette er ei frivillig ordning, i motsetning til råda for eldre og personar med funksjonsnedsetjing. Dersom eit kommunestyre eller fylkesting innfører ei fast og formalisert ordning med ungdomsråd eller ei anna medverknadsordning for unge, får dei no eit obligatorisk regelverk dei må halde seg til. Kompetansen til å opprette eit ungdomsråd eller liknande medverknadordning ligg til kommunestyret eller fylkestinget sjølv. Kompetansen kan ikkje delegerast. Det er særskilt regulert at valperioden for ungdomsråd eller ei anna form for medverknadsordning for ungdom er på inntil to år. Grunnen er at ungdom er i ein livsfase då det er upraktisk å binde seg til den ordinære valperioden på fire år. Kommunestyret og fylkestinget kan ikkje delegere myndigheit til ungdomsrådet. Det er satt ei øvre aldersgrense for kven som kan reknast for å vere «ungdom». Utgangspunktet er at dei som veljast ikkje skal vere eldre enn 18 år. Etter andre ledd tredje punktum og fjerde ledd andre punktum kan likevel ein ungdom som fyller 19 eller 20 år i løpet av valperioden, halde fram i vervet ut perioden. Ifølgje norsk lov og FNs barnekonvensjon er alle under 18 år å rekne som «barn». Etter det departementet kjenner til, er det ikkje mange medverknadsordningar der representantane er under 12 år. Vi meiner at slike organ må kunne setjast saman etter ei totalvurdering i den einskilde kommunen og fylkeskommunen, og ønskjer ikkje å gje dei folkevalde mindre handlingsrom enn dei har i dag. Det blir difor ikkje foreslått noko nedre aldersgrense.

I tredje ledd heiter det at råda for eldre og personar med nedsett funksjonsevne og råda eller medverknadordningane for ungdom kan gje kommunestyret eller fylkestinget råd i saker som er viktige for desse tre gruppene. Retten til å uttale seg i saker som er viktige, inneber at tilrådingane deira skal formidlast til kommunestyret eller fylkestinget før dei gjer vedtak. Medlemmer av desse råda har ikkje rett til å tale i møta med mindre dei er inviterte av kommunestyret eller fylkestinget for å gjere greie for synspunkta sine i ei konkret sak. Dei kan likevel vere til stades på opne møte i kommunen, på same måte som allmenta elles, i tråd med reglane om møteoffentlegheit.

Råda for eldre og personar med funksjonsnedsetjing og medverknadsordningane for ungdom skal kunne uttale seg i saker på eige initiativ og i sakene dei får tilsendt. Saksfeltet vil til dømes vere tenester (helse-, skule-, kultur- og transporttilbod) som er retta mot desse gruppene, og meir overordna saker i form av planarbeid (kommune- og økonomiplan), i tillegg til budsjett.

Etter femte ledd ligg det til departementet å lage forskrifter om oppgåver, organisering og sakshandsaming for råda og medverkningsordningane. Dette inkluderer mellom anna reglar om korleis kommunane og fylkeskommunane skal velje medlemmene, kor mange medlemmer det skal vere i råda, korleis råda skal organiserast, og kva for oppgåver råda skal ha.

Til forsida