Prop. 66 S (2017–2018)

Investeringar i Forsvaret og andre saker

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte opp åtte nye investeringsprosjekt, og å orientere Stortinget om nokre andre saker.

Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er dei årlege budsjettproposisjonane (Prop. 1 S). Denne proposisjonen fyller såleis ut budsjettproposisjonen.

Proposisjonen har følgjande innhald:

  • Godkjenning av kostnadsramme for fem nye materiellprosjekt: Anskaffing av landbasert transportstøtte, hand- og avdelingsvåpen, bruleggarpanservogn, ingeniørpanservogn, og nye kystvaktfartøy.

  • Godkjenning av kostnadsramme for tre nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt: Haakonsvern – infrastruktur og fjernvarme, Evenes – fornying og oppgradering av infrastruktur, og Evenes – vern og sikring.

  • Andre saker: Oppmodingsvedtak om NH90 og nye Kystvaktfartøy, forlenga levetid for overvakingsflya i NATO, framhald av oppfølgingsplanen for veteranar, og evaluering av husleigeordninga i forsvarssektoren.