Prop. 66 S (2017–2018)

Investeringar i Forsvaret og andre saker

Til innhaldsliste

2 Nye materiellprosjekt for godkjenning

2.1 Prosjekt 2559 Landbasert transportstøtte

Regjeringa varsla i Prop. 1 S (2017–2018) at prosjekt 2559 Landbasert transportstøtte skal leggjast fram for Stortinget med ei anbefaling på eit seinare tidspunkt. Landbasert transportstøtte nyttast til transport av alle forsyningsklassar, materiell og personell. Oppgåvene som skal løysast, er i forbindelse med styrkeproduksjon, styrkeoppbygging og i operasjonar. Kapasiteten skal også kunne gi støtte til det sivile samfunnet utan at det er dimensjonerande.

Forsvaret fekk i perioden 1987–96 levert i underkant av 2 000 Scania lastevogner i fleire ulike variantar. Med antatt leveransestart på nye lastevogner i 2021, vil Scania-vognene vere mellom 25 og 34 år. Lastebilane frå Scania er prega av manglande reservedelar og slitasje. Leverandøren forplikta seg til å levere reservedelar fram til 2010 og produsere enkelte kritiske delar fram til 2015. Det er sett i gang tiltak for å skaffe reservedelar slik at forventa levealder på den attverande bilparken blir forlenga til ut 2024, men dagens køyretøypark vil på sikt verte borte som ein reell kapasitet for Forsvaret utan nyanskaffing.

Forsvaret inngjekk i 2014 ein rammeavtale med Rheinmetal M.A.N. Military Vehicles (RMMV) i samarbeid med det svenske forsvaret. Rammeavtalen omfattar alle dei variantane og versjonane av lastevogner som Forsvaret har behov for. Dette er store og tunge køyretøy som er utvikla for militære føremål. Køyretøya har gode eigenskapar i krevjande terreng og har stor lastekapasitet. Noreg har saman med Sverige gjort første avrop på den ovanfor nemnde rammeavtalen. Forsvaret anskaffar 125 køyretøy av dei høgst prioriterte vognene. Første avrop fordelar seg over fleire prosjekt og inneber anskaffing av mellom anna tungtransportkøyretøy og bergingsmateriell. Desse prosjekta har ei kostnadsramme på omlag 2 600 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar. Leveransane startar i 2018.

Prosjektet 2559 Landbasert transportstøtte skal anskaffe om lag 290 køyretøy i andre avrop på rammeavtalen. Anskaffinga dekkjer ikkje heile behovet Forsvaret har i dag, men er innanfor dei økonomiske rammene som er avsett til prosjektet. Prosjektet har ei tidsramme frå 2018 til 2025, og Forsvaret får i dette dekt sine mest kritiske behov innanfor transportstøtte. Det resterende behovet skal dekkjast inn gjennom å vidareføre om lag 500 av dei beste Scania-vognene Forsvaret har i dag. Dei attverande Scania-vognene vil bli brukte som delevogner. Levetida for desse Scania-vognene vil då kunne strekkjast til ut på 2030-talet, sjølv om det i denne perioden vil skje ei gradvis reduksjon av Forsvaret si evne til å gjennomføre transportstøtte. Departementet vil fokusere på dei utfordringane som levetidsforlenginga av Scania-vognene skapar og vil sette i verk naudsynte tiltak etter kvart som Forsvaret haustar erfaring med levetidsforlenginga.

Det er gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Kvalitetssikrar meiner rammeavtalen er formålstenleg og gir Forsvaret stor fridom og betydeleg handlingsrom. Forsvaret og prosjektorganisasjonen vurderast å inneha god og relevant erfaring til å gjennomføre anskaffinga. Kvalitetssikrar påpeikar at eit framhald av gamle Scania lastevogner gir betydeleg usikkerheit med omsyn til deira relevans og tekniske status, men støtter anbefalinga om ei begrensa anskaffing. Forsvarsdepartementet vil adressere desse merknadene i oppdraget som går til Forsvarsmateriell forutsatt at Stortinget godkjenner prosjektet. Anbefalt kostnadsramme frå kvalitetsikrar ligg til grunn for budsjettala og kostnadsramma er oppjustert til 2018-tal med oppdatert valutakurs.

I samband med anskaffinga vil det bli stilt krav om at det blir inngått ein avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren innan kontrakten vert signert. Avtalen om industrisamarbeid skal minst ha ein tilsvarande verdi som hovudkontrakten.

Den tilrådde kostnadsramme for prosjektet er 1 963 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar. Prosjektet si styringsramme vert sett til 1 860 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.

2.2 Prosjekt 4018 Hand- og avdelingsvåpen

Forsvaret har ei rekkje våpentypar innanfor kategorien hand- og avdelingsvåpen. Dei siste ti åra er det gjennomført ei rekkje anskaffingar og moderniseringar av hand- og avdelingsvåpen. Likevel er situasjonen, spesielt for avdelingsvåpen, den at tilstanden framleis ikkje er tilfredsstillande i høve til dagens og framtida sine krav til stridsevne.

Prosjekt 4018 Hand- og avdelingsvåpen skal bidra til at Forsvaret får tilfredsstillande hand- og avdelingsvåpen. Dei største utfordringane har Forsvaret med sine mitraljøser og middelstunge maskingevær samt 84 mm rekylfri kanon der øvingssystemet er av gammal type, og må bytast ut.

Det er også gjennomført testar for å sjå etter alternative typar våpen enn dei som er inne i dagens planar for anskaffing. Resultatet av desse testane viser at alternative våpen/kapasitetar er for kostbare og/eller ikkje tilfører auka stridsevne.

Konklusjonen er at dagens samansetning av våpentypar er den beste løysninga for å dekkje Forsvaret sitt behov. Den tilrådde løysninga er å anskaffe mitraljøser, maskingevær og nye løp til eksisterande maskingevær, i tillegg til nytt øvingssystem for rekylfri kanon. Prosjektet vil anskaffe avdelingsvåpen til alle forsvarsgreiner (Hær, Sjø, Luft og HV) i samsvar med gjeldane prioritering og innanfor prosjektet si økonomiske ramme.

Anskaffingane vil i hovudsak bli gjort i samsvar med Forskrift om forsvars- og sikkerhetsanskaffelser (FOSA), og det vil kunne bli aktuelt å inngå industrielt samarbeid med leverandører utanfor EØS-området.

Den tilrådde kostnadsramme for prosjektet er 602 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar. Prosjektet si styringsramme vert sett til 533 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.

2.3 Støttekøyretøy for den mekaniserte strukturen i Hæren

2.3.1 Innleiing

Gjennom Stortinget si handsaming av Innst. 50 S (2017–2018) til Prop. 2 S (2017–2018), vart det vedteke at Hæren også i framtida skal ha ein moderne stridsvognkapasitet som eit viktig element i den mekaniserte strukturen. Regjeringa vil difor anskaffe moderne stridsvogner med ytingar som kan møte aktuelle trugsmål.

Ein mekanisert struktur er heilt avhengig av ei rekkje støttekøyretøy for å trygge gjennomføringa av operasjonane. Det inneber bergingspanservogn, køyretøy som kan leggje bruer over elver og kløfter (bruleggarpanservogn) og køyretøy som kan utføre militære ingeniørtenester slik som å rydde seg veg gjennom kunstige og naturlege hindringar (ingeniørpanservogn).

Seks bergingspanservogner på Leopard 2-chassis er no under anskaffing til Hæren. Når det gjeld Hæren sine eksisterande bruleggar- og ingeniørpanservogner, så er desse bygd på det aldrande Leopard 1-chassiset og er mogne for utskifting. Det vert difor føreslått å godkjenne to prosjekt for å anskaffe fleire støttekøyretøy på Leopard 2-chassis.

2.3.2 Prosjekt 5045 Bruleggarpanservogn

Bruleggarpanservogner utgjer ein viktig funksjon innan ein mekanisert hærstruktur. Dei er ein føresetnad for at moderne stridsvognkapasitetar kan operere fritt innan sitt kampområde. Bruleggarkapasiteten kan sjølvsagt òg nyttas av andre typar køyretøy.

Bruleggarpanservogna vert nytta til å leggje bruer over elver og kløfter, og vil vere ein relevant kapasitet under alle typar av operasjonar. Kapasiteten kan òg nyttast i samband med humanitære operasjonar der ein raskt kan byggje ei bru for å støtte eit pågåande arbeid. Vidare vil bruleggarpanservogner vere ein aktuell ressurs i dei tilfelle det er tvil om ei allereie eksisterande bru kan tåle vekta ho vert utsett for.

Hæren sine eksisterande bruleggarpanservogner vart anskaffa i 1995, og er bygd på eit Leopard 1-chassis. Det elektriske styringssystemet for sjølve bru-utleggaren vart utvikla på 1980-talet, og til saman gjev dette ein teknisk tilstand på vognene som peiker i retning av at vognene er i ferd med å bli utdaterte.

Samstundes gjev Leopard 1-plattforma mykje lågare vern for mannskapa enn den tyngre og langt meir moderne Leopard 2-plattforma som stridsvognene er bygde på. For mannskapa om bord i bruleggarpanservogner inneber dette auka risiko for tap og skade då eit støttekøyretøy vil kunne vere eit prioritert mål for ein motstandar.

Prosjektet skal anskaffe seks bruleggarpanservogner på eit moderne Leopard 2-chassis, samt naudsynt materiell for logistikk og utdanning. Dei eksisterande bruene av typen Leguan som vert nytta på dagens Leopard 1-vogner vil bli vidareført då dei tidlegare er levetidsforlenga. Levering er planlagt i perioden 2021–2023.

Marknadsundersøkingar som tidlegare er gjennomførde tyder på at det berre er ein relevant leverandør. Anskaffinga vil difor bli gjennomførd som ei direkteanskaffing i tråd med anskaffingsregelverket for Forsvaret. Prosjektet skal parallelt med investeringskontrakten inngå ein avtale om drift og vedlikehald med den same leverandøren.

I samband med anskaffinga vil det bli stilt krav om at det blir inngått ein avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren innan hovudkontrakten vert signert. Avtalen om industrisamarbeid skal minst ha ein tilsvarande verdi og kvalitet som hovudkontrakten. Forsvarsdepartementet vil nøye følgje opp at avtala vert oppfylt.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 724 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar. Prosjektet si styringsramme vert sett til 663 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.

2.3.3 Prosjekt 5049 Ingeniørpanservogn

Ingeniørpanservogner utgjer – på same viset som bruleggarpanservognene – ein viktig funksjon innan ein mekanisert hærstruktur. Dei er også ein føresetnad for at ein moderne stridsvognkapasitet kan operere fritt innan sitt kampområde. Også andre typar køyretøy kan ha nytte av tenestane som ingeniørpanservogner kan gje.

Ingeniørpanservogner er ein kritisk kapasitet for evna til å forsere kunstige eller naturlege hindringar, til dømes minefelt, sperringar, grøfter, elver og bratte skråningar. Ingeniørvogner vert nytta primært til gjennombryting av alle typar ikkje-eksplosive hinder, men òg for å etablere ulike vernestillingar for materiell og mannskap, og for å byggje hindre mot ein motstandar. Ingeniørvogner kan òg i spesielle tilfelle nyttast som bergingspanservogner. Dei kan òg verte utstyrde med spesialmateriell for å rydde veg gjennom minefelt og er såleis særs anvendelege og fleksible vogner.

Hæren sine eksisterande ingeniørpanservogner er bygd på det aldrande Leopard 1-chassiset, og vart produsert hjå ei norsk bedrift på slutten av 1990-talet. Vognene er såleis dei einaste i sitt slag og det er krevjande å skaffe reservedelar til dei.

Leopard 1-chassiset som ingeniørpanservognene er bygde på gjev betydeleg lågare vern for mannskapa enn den tyngre og langt meir moderne Leopard 2-plattforma som stridsvognene er bygde på. For mannskapa om bord i ingeniørpanservognene inneber dette auka risiko for tap og skade då slike støttekøyretøy kan verte prioriterte mål for ein motstandar.

Prosjektet skal anskaffe seks ingeniørpanservogner på eit moderne Leopard 2-chassis, samt naudsynt materiell for logistikk og utdanning. Det vert òg planlagt med ei avgrensa anskaffing av noko materiell for minerydding. Levering er planlagt i perioden 2021–2023.

I samband med anskaffinga av bergingspanservognene vart det forhandla fram ein opsjon for anskaffing av ingeniørpanservogner. Anskaffinga av ingeniørpanservogner vert følgeleg primært planlagt som ei utløysing av opsjonen. Sekundært vil eit tradisjonelt kjøp med konkurranse bli nytta dersom ein ikkje kjem i mål med anskaffinga gjennom utløysing av opsjonen. Anskaffinga vil bli gjennomført i tråd med anskaffingsregelverket for Forsvaret. Prosjektet skal parallelt med investeringskontrakten inngå ei avtale om drift og vedlikehald med den same leverandøren.

I samband med anskaffinga vil det bli stilt krav om at det blir inngått ei avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren innan hovudkontrakten vert signert. Avtalen om industrisamarbeid skal minst ha ein tilsvarande verdi og kvalitet som hovudkontrakten. Forsvarsdepartementet vil nøye følgje opp at avtala vert oppfylt.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 716 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar. Prosjektet si styringsramme er sett til 639 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.

2.4 Prosjekt 6615 Nye kystvaktfartøy

Prosjektet blei vedteke ved Stortinget si handsaming av Innst. 7 S (2013–2014) til Prop. 1 S (2013–2014) med formålet å anskaffe eit helikopterbærande kystvaktfartøy med godkjent isforsterka skrog (isklassing). I handsaminga av Innst. 7 S (2016–2017) til Prop. 1 S (2016–2017) blei leveransen i det tidlegare prosjektet 3049 Erstatning Nordkapp-klassen, som hadde som formål å anskaffe to identiske fartøy, tatt inn i prosjekt 6615 samstundes med at prosjekt 3049 blei kanselert. Omfanget i prosjekt 6615 blei auka til tre helikopterbærande kystvaktfartøy med godkjent isforsterka skrog samt at anskaffinga blei forsert med to år. Levering av fartøya er planlagt gjennomført i perioden 2022–2024.

Dei tre noverande helikopterbærande kystvaktfartøya i Nordkapp-klassen blei tatt i bruk tidleg på 1980-talet. Fartøya vil vere på slutten av sin tekniske levealder rundt 2020, altså etter omlag 40 år i operativ teneste. Medan ein venter på innføring av nye fartøy, vert det lagt opp til berre ei mindre levetidsforlenging av alle tre fartøya i Nordkapp-klassen.

Kontrakten vil bli tildelt eit norsk verft. Etaten Forsvarsmateriell er no inne i sluttfasen av forhandlingane av kontrakten slik at den kan signerast kort tid etter at Stortinget har godkjent prosjektet. Dei nye fartøya er dimensjonerte og isforsterka for sine primære operasjonsområde i nord. Det takast omsyn til den raske utviklinga i skipsteknologi og framtidige miljøkrav i prosjektet med nye kystvaktskip. Alternative framdriftsløysingar, blant anna basert på gass (LNG), hybrid og heilelektrisk system er blitt vurderte. Eit diesel-elektrisk system er vurdert som beste framdriftsløysing i høve til fartøya sine oppgåver og planlagde operasjonsmønster. Dei nye kystvaktfartøya byggast likevel med moglegheit for å installere batteripakke for hybriddrift på eit seinare tidspunkt. Saman med dei strengaste klassekrava for miljø frå DNV GL støttar dette opp under regjeringa si satsing på grøn teknologi.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Kvalitetsikrar beskriv prosjektet som modent og at dokumentasjonen er gjennomarbeida.

Det påpekast konfliktar mellom prioriteringa av interessentar og resultatmål i substansiell kuttliste i prosjektet. Forsvarsdepartementet vil følgje opp anbefalinga og harmonisere prioriteringar og kuttliste i oppdrag til Forsvarsmateriell.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 6 810 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar. Prosjektet si styringsramme vert sett til 6 445 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.