Prop. 67 L (2020–2021)

Endringar i vallova (assistanse ved stemming)

Til innhaldsliste

10 Merknader til dei enkelte føresegnene

Til § 3-2 første ledd bokstav c

Føresegna er ny og gir ein generell rett til å krevje fritak frå å stå på ei valliste ved stortingsval uavhengig av årsak. Personar som har gitt ei skriftleg erklæring om at vedkommande ikkje ønsker å stå på ei valliste, skal strykast frå lista. Føresegna svarar til vallova § 3-4 første ledd om rett til å krevje fritak frå å stå på ei valliste til fylkestingsval og kommunestyreval.

Sjå elles dei alminnelege motiva i punkt 4.5.

Til § 8-4 åttande ledd

Føresegna gjer endringar i retten til assistanse ved førehandsstemminga. For å ha rett til assistanse etter føresegna, må den stemmeføre ha psykisk eller fysisk nedsett funksjonsevne. Personar som ikkje er omfatta av retten til assistanse etter føresegna her, vil likevel ha krav på rettleiing frå ein valmedarbeidar om korleis ein stemmer. Rettleiinga vil ikkje omfatte bistand til sjølve valhandlinga inne i valavlukket. Valmedarbeidaren kan gi rettleiinga om framgangsmåten for å stemme inne i valavlukket, for deretter å forlate avlukket slik at den som skal stemme kan gjere sine val i einerom.

Føresegna vidarefører kravet om at den som har rett på assistanse, sjølv skal peike ut hjelparen. At veljaren sjølv må ta initiativ til å få hjelp, reduserer risikoen for situasjonar der veljaren kan bli utsett for utilbørleg påverknad.

Veljaren kan etter føresegna velje om vedkommande vil få hjelp av ein stemmemottakar eller ein annan person som han eller ho sjølv veljar. Dette er ei endring i gjeldande rett.

Kravet om at stemmemottakar pliktar å opplyse hjelparen om at han eller ho har teieplikt om kva veljaren som mottar assistanse stemmer, blir vidareført.

Føresegna presiserer kven som skal avgjere om den stemmeføre har rett til assistanse. Det kan oppstå situasjonar der stemmemottakarane er ueinige om veljaren oppfyller vilkåra for å ta imot hjelp. Det er etter føresegna nok at ein av stemmemottakarane meiner vilkåra for å få rett til assistanse er oppfylte.

Sjå elles dei alminnelege motiva i punkt 5.6.

Til § 9-5 femte ledd

Føresegna gjer endringar i retten til assistanse på valtinget og svarar til endringane i vallova § 8-4 åttande ledd. Sjå merknadane til denne føresegna.

Føresegna slår vidare fast at stemmestyret avgjer om ein person har krav på assistanse i tilfelle der eit medlem av stemmestyret eller ein valfunksjonær på valtinget meiner at ein veljar ikkje oppfyller krava til å få assistanse. Ved avgjerd om den stemmeføre oppfyller krava til assistanse, skal ein eventuell tvil kome vedkommande til gode. Det vil vere meir uheldig å nekte slik hjelp til ein veljar som har behov for ein eigen hjelpar enn å tillate at ein veljar som ikkje treng særskilt hjelp, får det.

Sjå elles dei alminnelege motiva i punkt 5.6.

Til § 10-8 bokstav c

Føresegna blir oppheva. Det inneber at valstyret ikkje lenger skal oversende alle valkort frå førehandsstemminga til fylkesvalstyret.

Til ikraftsetjing

Dei endra reglane vil bli anvende for første gong ved stortingsvalet i 2021. Av omsyn til føreseielegheit om kva for reglar som gjeld ved valet og opplæringa av valansvarlege og valmedarbeidarar i kommunane og fylkeskommunane, foreslår departementet at lovendringane trer i kraft straks.

Til forsida