Prop. 67 L (2020–2021)

Endringar i vallova (assistanse ved stemming)

Til innhaldsliste

5 Rett til assistanse ved stemminga

5.1 Gjeldande rett

Veljarar som har behov for det, kan be ein stemmemottakar eller stemmestyret om nødvendig hjelp ved stemminga, jf. vallova §§ 8-4 åttande ledd og 9-5 femte ledd. Føresegnene gjer unntak frå utgangspunktet om at valhandlinga skal skje i einerom og usett. Dette omfattar for eksempel veljarar som har behov for bistand på grunn av manglande norskkunnskapar.

Veljarar med alvorleg psykisk eller fysisk funksjonsnedsetting kan i tillegg sjølve peike ut ein ekstra hjelpar blant dei personane som er til stades i vallokalet. Ein person som assisterer ein veljar ved stemminga og får kjennskap til korleis vedkommande har stemt, har teieplikt om dette, jf. vallova § 15-4 andre ledd. Hjelparen skal gjerast merksam på denne teieplikta. Det følger av føresegna at veljaren sjølv må ta initiativ til å få hjelp.

5.2 Internasjonale forpliktingar

I 2013 ratifiserte Noreg FN sin konvensjon 13. desember om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD). Noreg er etter artikkel 29 bokstav a forplikta til «å sikre at mennesker med nedsatt funksjonsevne kan delta fullt ut og på en effektiv måte i det politiske og offentlige liv på lik linje med andre […], herunder ved at mennesker med nedsatt funksjonsevne har rett og mulighet til å avgi stemme […]». For å oppnå slik deltaking nemner artikkelen enkelte tiltak:

  • «i) å sikre at framgangsmåter, lokaler, utstyr og materiell som benyttes i forbindelse med valg, er hensiktsmessige, tilgjengelige og lette å forstå og bruke,

  • ii) å verne om den rett mennesker med nedsatt funksjonsevne har til hemmelig stemmegivning uten trusler ved valg og folkeavstemning […] og legge til rette for bruk av ny teknologi og tekniske hjelpemidler når det er hensiktsmessig,

  • iii) å garantere at mennesker med nedsatt funksjonsevne fritt får gi uttrykk for sin vilje som velgere, og for dette formål, når det er nødvendig og de ber om det, tillate at en person de selv velger, hjelper dem med å stemme.»

CRPD-komiteen har i sine avsluttande merknader 7. mai 2019 uttrykt bekymring for at stemmeprosedyrar, stemmefasilitetar og materialar ikkje er tilgjengelege for personar med nedsett funksjonsevne og gitt følgjande anbefaling til Noreg:

The Committee recommends that the State party, in consultation with organizations of persons with disabilities:
(a) Ensure that electoral procedures, facilities and materials are inclusive of and accessible to all persons with disabilities, including by providing materials in sign language, Braille and Easy Read formats and considering the introduction of accessible electronic voting;

5.3 Forslaget til vallovutvalet

5.3.1 Innleiing

Utvalet har vurdert tre spørsmål i samband med retten til assistanse. For det første har utvalet vurdert om det er behov for å endre reglane om kven som skal ha rett til assistanse. For det andre har utvalet vurdert om retten til assistanse bør innehalde større valfridom for veljarane. For det tredje har utvalet vurdert kven som skal avgjere om ein veljar har rett til assistanse.

5.3.2 Kven som skal ha rett til assistanse

Utvalet foreslår å ikkje vidareføre den generelle føresegna om rett til assistanse i vallova §§ 8-4 åttande ledd første punktum og 9-5 femte ledd første punktum. Utvalet viser til at den generelle retten til bistand frå ein valfunksjonær inne i valavlukket meir enn nødvendig undergrev utgangspunktet om at valet skal skje i einerom og usett. Alle veljarar vil ha krav på rettleiing frå ein valmedarbeidar. Valmedarbeidaren kan gi slik rettleiing ved å vise veljaren framgangsmåten for stemminga og deretter forlate valavlukket, slik at veljaren kan gjere valet i einerom. Utvalet framhevar at det er viktig at veljarar med avgrensa norskkunnskapar får slik rettleiing.

Utvalet har kome til at det er behov for å forenkle og presisere reglane om kven som har rett til assistanse i valavlukket, og foreslår at veljarar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting ikkje kan stemme aleine, får rett til assistanse frå ein hjelpar dei har valt sjølve. Kravet om at funksjonsnedsettinga må vere alvorleg, blir ikkje foreslått vidareført.

5.3.3 Kven som kan assistere veljaren

Utvalet viser til at Noregs Blindeforbund har tatt opp at retten til assistanse bør innehalde større valfridom for veljarane, og at veljarane bør kunne assisterast av ein sjølvvald hjelpar aleine. Bakgrunnen for spørsmålet om ein representant frå valmyndigheita må vere med inn i stemmeavlukket i tillegg til ein sjølvvald hjelpar, er ei avveging mellom omsynet til valfridom og verdigheit for veljaren på den eine sida og omsynet til å motverke utilbørleg påverknad av veljaren på den andre. Omsynet til å sikre ei verdig stemming for alle må, slik utvalet vurderer det, vege tungt. Retten til assistanse må innordnast på ein måte som er i tråd med ønska til gruppa som skal få assistanse. Fridom til å velje kven ein skal få assistanse frå, kan vere avgjerande for om veljaren fritt stemmer slik vedkommande ønsker. Kravet om at det i tillegg må vere med ein person frå valmyndigheitene inn i stemmeavlukket, blir derfor ikkje foreslått vidareført.

5.3.4 Kven som skal avgjere om veljaren har krav på assistanse

Utvalet har vurdert kven som skal avgjere om veljaren har krav på assistanse. Ved førehandsstemminga meiner utvalet at spørsmålet skal avgjerast av ein av stemmemottakarane. På valdagen meiner utvalet at avgjerda prinsipielt sett bør takast av stemmestyret. Utvalet meiner likevel at ei slik ordning vil vere for byråkratisk. Ein valfunksjonær eller eit stemmestyremedlem bør kunne innvilge slik hjelp i tilfelle der det ikkje er tvil om at vilkåra for å få assistanse er til stades. Stemmestyret skal avgjere spørsmålet i tilfelle der ein valfunksjonær eller eit stemmestyremedlem meiner at vilkåra for rett til assistanse ikkje er oppfylte. Ein eventuell tvil om vilkåra er oppfylte bør, slik utvalet oppfattar det, kome veljaren til gode.

5.4 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet foreslo departementet at det ikkje lenger skal vere ein generell rett til å få assistanse ved stemminga for alle veljarar som har behov for det, jf. vallova § 8-4 åttande ledd første punktum og § 9-5 femte ledd første punktum. Veljarane vil framleis ha rett på rettleiing frå ein valmedarbeidar om korleis dei stemmer, men valmedarbeidaren må forlate stemmeavlukket når veljaren gjer sine val.

Vidare foreslo departementet ei endring i vallova som inneber at ein veljar som på grunn av psykisk eller fysisk funksjonsnedsetting ikkje kan stemme aleine, sjølv kan peike ut ein hjelpar som skal assistere vedkommande utan at ein valfunksjonær er til stades i valavlukket. Desse veljarane kan få assistanse frå ein valfunksjonær dersom vedkommande ønsker det.

I tillegg foreslo departementet ei ny føresegn om at stemmestyret skal avgjere spørsmålet i tilfelle der ein valfunksjonær eller eit stemmestyremedlem meiner at vilkåra for rett til assistanse på valtinget ikkje er oppfylte.

5.5 Høyringsinstansane sitt syn

Få høyringsinstansar har gitt konkrete kommentarar til at departementet foreslår å ikkje vidareføre den generelle føresegna om rett til assistanse. Drammen kommune uttaler at kommunen ser positivt på forslaget. Det er kommunen si vurdering at med unntak for veljarar med nedsett funksjonsevne, bør rettleiing skje utanfor stemmeavlukket. Også Asker kommune støtter forslaget.

Forslaget om å gi veljarar med nedsett funksjonsevne ein rett til å velje sjølv kven som skal assistere dem ved val, utan at ein valfunksjonær er med inn i valavlukket, får støtte frå eit stort fleirtal av høyringsinstansane som har uttalt seg om dette. Desse høyringsinstansane er mellom anna Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Drammen kommune, Funksjonshemmas fellesorganisasjon (FFO), Hammerfest kommune, Hå kommune, KS, Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO), Lillestrøm kommune, Noregs Blindeforbund, Noregs institusjon for menneskerettar (NIM), Norsk forbund for utviklingshemma (NFU), Oslo kommune v/valstyret, Rogaland fylkeskommune, Samarbeidsforumet av funksjonshemmas organisasjonar (SAFO), Sarpsborg kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune, Unge funksjonshemmede, Valdirektoratet og Viken fylkeskommune.

FFO og Unge funksjonshemmede er positive til at departementet veljar å foreslå endringa allereie no, slik at regelverket kan vere på plass før stortingsvalet i 2021. Dei gir også, saman med NFU og Bærum kommune, si støtte til forslaget om å avvikle kravet om at funksjonsnedsettinga må vere alvorleg. Organisasjonane strekar under at utfordringa ikkje berre ligg i lovverket, men òg i praktiseringa, og dei påpeiker saman med fleire andre høyringsinstansar behovet for ei grundig opplæring av valfunksjonærar. FFO hevder dei får mange tilbakemeldingar på at valmedarbeidarar ikkje har tilstrekkeleg kunnskap om lovverket, og meiner at opplæringa valfunksjonærane får om lovverket, må bli betre. Stiftelsen Stopp diskrimineringen utdjupar at dei mellom anna har fått meldingar om valfunksjonærar som ikkje viser tilstrekkeleg diskresjon i vallokalet, og at veljarar har blitt forsøkt nekta å stemme.

Kommunane Asker, Moss og Trondheim meiner det er viktig at departementet gir rettleiing om korleis stemmemottakarane skal avgjere kva som ligg i omgrepa nedsett fysisk eller psykisk funksjonsevne. Kommunane Asker og Trondheim påpeiker også at verken vallovutvalet eller departementet tek opp problemstillinga med veljarar som har så omfattande nedsett funksjonsevne at dei har problem med å formidle eit ønske om assistanse. Departementet bør etter kommunane si oppfatning gi råd om korleis slike tilfelle skal handterast. Asker kommune påpeiker også at det kan oppstå situasjonar der det er uklart om det er veljaren som ønsker at nokon skal vere med inn i valavlukket eller om det er hjelparen som ønsker å få vere med inn. Det vil også etter kommunen si vurdering vere ei utfordring å sikre at veljaren ikkje blir utsett for utilbørleg påverknad.

FO stiller spørsmål ved at eit stemmestyremedlem skal vurdere om ein veljar har behov for assistanse. NFU og SAFO meiner det ikkje er behov for å presisere kven som skal avgjere om veljaren har krav på assistanse. Det avgjerande bør etter deira meining vere om veljaren sjølv har vurdert at han eller ho har behov for assistanse. I tillegg stiller dei spørsmål om kva som ligg i at dersom det er tvil om vilkåra for assistanse er oppfylte, skal dette kome veljaren til gode. LDO er skeptisk til forslaget om at stemmestyret skal avgjere om vilkåra for å ha med en hjelper er oppfylte. LDO viser til at det ikkje er drøfta korleis ein veljar med eit behov for hjelp skal kunne bevise at han eller ho har nedsett funksjonsevne, at stemmestyret ikkje har kompetanse til å vurdere spørsmålet og at det er vanskeleg å sjå for seg at nokon vil misbruke ordninga. Av omsyn til veljaren si verdigheit bør utgangspunktet etter LDO si oppfatning vere at ein person bør bli trudd når han eller ho hevdar å ha nedsett funksjonsevne. Også Noregs institusjon for menneskerettar saknar ei vurdering av kva kompetanse stemmestyret har til å gjere ei vurdering av ein veljar med funksjonsnedsetting sitt behov for assistanse. KS meiner på den andre sida at det er viktig at stemmestyret skal kunne avgjere om vilkåra for assistanse er oppfylte, og viser til at bakgrunnen for at ein valfunksjonær skulle vere med inn i stemmeavlukket var at det nokre gonger kan vere vanskeleg å vurdere om veljaren faktisk ønsker assistanse.

Datatilsynet påpeiker at stemmestyret si behandling av spørsmålet om rett til assistanse må gjennomførast på ein måte som sikrar veljaren sine rettar etter personvernregelverket.

Fylkeskommunalt råd for personar med funksjonsnedsettingar i Troms og Finnmark påpeiker at det bør vere mogleg for veljarar med nedsett funksjonsevne som har behov for det, å få tilsendt heile utvalet av stemmesetlar før valet, slik at den det gjeld kan gjere endringar på stemmesetelen heime. På den måten vil behovet for assistanse bli redusert.

Eit fåtal av høyringsinstansane støtter ikkje departementet sitt forslag til endringar i føresegnene om assistanse. Bærum kommune støtter ikkje forslaget, men anbefaler i staden at departementet utgreier problemstillinga nærmare. Kommunen viser til at det er ei rekkje problemstillingar knytt til dette punktet. Mellom anna er det vanskeleg å sjå for seg korleis valfunksjonærane skal kunne forsikre seg om at veljaren ikkje blir utsett for utilbørleg påverknad frå eigen hjelpar når dei ikkje kan vere med inn i avlukket. Det er fleire veljarar som ikkje sjølv kan gi uttrykk for at dei har behov for assistanse og det vil oppstå tilfelle kor det er hjelparen som grunngir behovet for hjelp. I slike tilfelle er det vanskeleg for ein valfunksjonær å slå fast om veljaren trenger og ønsker hjelpa. Med gjeldande regelverk vil alle veljarar kunne få assistanse enten frå valfunksjonær eller eigen hjelpar. Kommunen strekar under at veljaren sjølv må avgjere behovet for hjelp. Hol kommune viser til at forslaget vil gi økt verdigheit, men at den beste løysinga for veljargruppa vil vere å utvikle ei sikker løysing for elektronisk stemming i vallokalet. Vefsn kommune anbefaler at departementet lagar ein plan for at veljargruppa får moglegheit til å stemme ved eigen pc. Vestfold og Telemark fylkeskommune foreslår at ein valfunksjonær framleis skal vere med inn i avlukket som observatør i tillegg til ein eigen hjelpar.

5.6 Vurderingar og forslag frå departementet

5.6.1 Kven som skal ha krav på assistanse

Departementet foreslår i tråd med vallovutvalet si utgreiing å ikkje vidareføre den generelle retten til assistanse frå ein valmedarbeidar ved sjølve stemminga for alle veljarar som har behov for hjelp. Utgangspunktet er at alle veljarar skal gjere sine val usett i einerom. Unntak frå dette utgangspunktet skal ikkje gå lenger enn det som er naudsynt for at veljarane får stemt. Departementet meiner det er riktig at retten til å få hjelp med sjølve valhandlinga berre blir gitt til dei veljarane som ikkje kan stemme aleine på grunn av nedsett funksjonsevne. Andre veljarar med behov for bistand bør få rettleiing utan at dette inneber at ein stemmemottakar eller valfunksjonær er til stades i stemmeavlukket medan veljaren gjer sine val. Departementet påpeiker at det er viktig at mellom anna veljarar som ikkje snakkar norsk, får tilstrekkeleg rettleiing til at dei får stemt. Ein valmedarbeidar kan rettleie veljaren om korleis han eller ho kan stemme inne i valavlukket før vedkommande går ut av avlukket og lar veljaren gjere sine val aleine.

Personar med alvorleg nedsett funksjonsevne har i dag, i tillegg til denne generelle retten til assistanse frå ein valmedarbeidar omtalt ovanfor, rett til å peike ut ein eigen hjelpar. Departementet foreslår i tråd med utvalet sitt forslag å oppheve kravet om at den nedsette funksjonsevna må vere alvorleg. Det inneber at alle grader av nedsett funksjonsevne kan gi rett til assistanse. Det avgjerande for å innvilge hjelp bør etter departementet si vurdering vere om den nedsette funksjonsevna inneber at veljaren ikkje kan stemme aleine, og ikkje kor alvorleg den må reknast som.

5.6.2 Kven som skal assistere veljaren

Spørsmålet om ein representant frå valmyndigheita må vere med inn i stemmeavlukket i tillegg til ein sjølvvald hjelpar, avheng som vallovutvalet påpeiker av ei avveging av omsynet til veljarens valfridom og verdigheit på den eine sida, og omsynet til å motvirke utilbørleg påverknad på den andre. At veljarar ikkje skal utsettast for utilbørleg påverknad, er eit grunnleggande prinsipp som går fram av formålet til vallova om å legge til rette for frie val, jf. § 1-1. Det er viktig å legge til rette for at utilbørleg påverknad ikkje skal skje, av omsyn til at val skal vere frie og hemmelege, og prinsippet om éin veljar – éi stemme.

Departementet har i vurderinga lagt stor vekt på at retten blir innordna på ein måte som er i tråd med gruppa som treng assistanse sine ønsker. Departementet er einig med utvalet i at høvet til å velje kven ein skal få assistanse frå, kan vere avgjerande for at veljaren stemmer i tråd med eigne ønsker. Det kan også vere avgjerande for om ein ønsker å bruke stemmeretten. Noregs Blindeforbund har vist til at fleire av deira medlemmar ikkje ønsker at ein valmedarabeidar skal vite kva dei stemmer. Dette kan opplevast som særleg problematisk i små kommunar kor veljaren veit kven valmedarbeidaren er.

Departementet foreslår med dette som bakgrunn at ein veljar som på grunn av psykisk eller fysisk funksjonsnedsetting ikkje kan stemme aleine, sjølv skal kunne peike ut ein hjelpar som skal assistere vedkommande, utan at ein valfunksjonær er med inn i valavlukket. Ein veljar kan framleis få assistanse frå ein valmedarbeidar viss han eller ho ønsker det. Forslaget er i tråd med forslaget i høyringsnotatet og har fått brei støtte i høyringa.

Det vil framleis vere slik at det er veljaren sjølv som må be om hjelp til å stemme. Nokre høyringsinstansar har peikt på at det i nokre tilfelle er vanskeleg å avgjere om det er veljaren sjølv som ber om hjelp, eller om det er pårørande som ber om å få hjelpe veljaren. Departementet forstår at det kan vere vanskelege vurderingar i enkelte tilfelle, men strekar under at kravet om at det er veljaren sjølv som skal ta initiativ til å ta imot hjelp, reduserer risikoen for at han eller ho blir utsett for utilbørleg påverknad.

Departementet legg til grunn at forslaget vil bidra til at veljarar med nedsett funksjonsevne fritt får uttrykt sin vilje, slik CRPD artikkel 29 bokstav a stiller krav om. Forslaget gjer etter departementet sitt syn valet meir inkluderande for veljarar med nedsett funksjonsevne og er i tråd med organisasjonane sitt syn, og må dermed anses å vere i tråd med CRPD-komiteen sin anbefaling til Noreg.

5.6.3 Kven som skal avgjere om veljaren har krav på assistanse

Departementet foreslår i tråd med utvalet sitt forslag å presisere i lova kven som skal avgjere om ein veljar oppfyller vilkåra for å få rett til assistanse. Også etter gjeldande reglar vil stemmemottakar og stemmestyret måtte ta stilling til om vilkåra for assistanse er oppfylte for den enkelte veljaren.

Departementet er einig med utvalet i at stemmestyret ikkje treng å ta alle avgjerder om veljaren har krav på assistanse ved stemming på valtinget. Når det ikkje er tvil om at vilkåra for assistanse er oppfylte, bør stemmestyremedlemmet eller valfunksjonæren veljaren tar kontakt med, kunne innvilge slik hjelp. Viss stemmestyremedlemmet eller valfunksjonæren derimot meiner at veljaren ikkje oppfyller vilkåra for assistanse, bør veljaren kunne få ei ny vurdering frå stemmestyret. Fleire høyringsinstansar stiller spørsmål ved behovet for å presisere i lova kven som skal avgjere om veljaren oppfyller vilkåra for å få rett til assistanse. Nokre høyringsinstansar etterlyser også ei drøfting av kva for kompetanse stemmestyret har til å avgjere eit slikt spørsmål. Departementet viser til at etter gjeldande regel om assistanse vil stemmestyret måtte avgjere om vilkåra er oppfylte. Etter forslaget vil eit stemmestyremedlem eller ein valfunksjonær kunne innvilge slik hjelp viss det ikkje er tvil om vilkåra er oppfylte. Det er slik departementet ser det naudsynt av omsyn til å unngå misbruk av ordninga at nokon tar stilling til om vilkåra er oppfylte. Det gir økt føreseielegheit å presisere i lova kven som skal avgjere om vilkåra er oppfylte. Utgangspunktet vil likevel vere at ein person som hevdar han eller ho har nedsett funksjonsevne, skal bli trudd. Det er heller ikkje krav til at veljaren skal vise nokon form for dokumentasjon på at han eller ho har nedsett funksjonsevne. Ein eventuell tvil om vedkommande oppfyller vilkåra skal etter gjeldande reglar kome veljaren til gode. Departementet meiner framleis det vil vere meir uheldig å nekte slik hjelp til ein veljar som treng det, enn å innvilge slik hjelp til ein som ikkje treng det. Av desse grunnane kan ikkje departementet sjå at det er behov for å gjere ei nærmare vurdering av stemmestyret eller stemmemottakar sin kompetanse til å vurdere veljaren sitt behov for assistanse.

Eit stemmestyre administrerer stemminga på kvar stemmestad i kommunen på valtinget. Det er ikkje eit stemmestyre eller eit tilsvarande organ som administrerer førehandsstemminga. Frå 10. august er det krav om at det skal vere minst to stemmemottakarar til stades ved førehandsstemminga. Det kan vere situasjonar der stemmemottakarane ikkje er einige om veljaren oppfyller krava til å ta imot assistanse. Ved førehandsstemminga bør det etter departementet sitt syn vere tilstrekkeleg at ein av stemmemottakarane meiner at veljaren oppfyller vilkåra for å få assistanse. Det er ikkje naudsynt at begge stemmemottakarane meiner at veljaren har krav på assistanse. Ei slik løysing er etter departementet si oppfatning i tråd med at ein eventuell tvil om vilkåra for rett til assistanse er oppfylte, skal kome veljaren til gode.

Praktiseringa av føresegnene om assistanse vil bli grundig evaluert i etterkant av stortingsvalet i 2021. Departementet vil vurdere å foreslå endringar i regelverket på bakgrunn av funna i evalueringa.

5.6.4 Utgreiing av tekniske hjelpemidlar

Nokre høyringsinstansar har påpeikt at ei betre løysing for veljarar med nedsett funksjonsevne vil vere å legge til rette for elektronisk stemming, enten i vallokalet eller heime. Vallovutvalet meiner valstyresmaktene må greie ut kva for tekniske hjelpemidlar som kan gjere stemminga enklare for blinde og svaksynte veljarar, mellom anna må elektronisk stemming i vallokalet bli vurdert. Når det gjelder moglegheit for å stemme heime, peiker fleirtalet i utvalet på at dette fører med seg store utfordringar knytt til hemmeleg stemming.

Departementet vil sørge for ytterlegare utgreiingar i regelverket ved oppfølginga av NOU 2020: 6 Frie og hemmelige valg – Ny valglov, for å undersøke moglegheiter for å legge til rette for at flest mogleg kan gi både partistemme og personstemme usett i einerom. Departementet meiner oppfølginga er i tråd med CRPD-komiteen sine anbefalingar til Noreg om å sørge for at stemmeprosedyrar er tilgjengelege for alle personar med nedsett funksjonsevne og vurdere elektronisk stemming.

Til forsida