Prop. 72 L (2015–2016)

Endringar i opplæringslova (friare skoleval over fylkesgrenser, praksisbrevordning m.m.)

Til innhaldsliste

9 Økonomiske og administrative konsekvensar av lovforslaga

9.1 Forslaget om friare skoleval over fylkesgrenser

Kva dei økonomiske konsekvensane blir for fylkeskommunane, vil avhenge av kor mange elevar som får innvilga skoleplass i andre fylke. På kort sikt reknar ein med at forslaget vil gi ein avgrensa auke i talet på elevar som får skoleplass i andre fylke. Forslaget vil gi fylkeskommunane føreseielege økonomiske rammer og erfaring med kor mange som søkjer seg til og frå fylka. På sikt kan dette føre til at fylkeskommunar med stor søknad frå gjesteelevar byggjer ut tilboda sine, mens andre fylkeskommunar byggjer ned sine. På lengre sikt kan derfor ein vilkårslaus rett til gjesteelevgaranti føre til ein auke i talet på elevar som får skoleplass i andre fylke.

Ettersom fylkeskommunane kan prioritere eigne elevar og avslå gjesteelevar på bakgrunn av kapasitet, reknar ein med at eventuelle dimensjoneringsutfordringar berre vil gjere seg gjeldande i fylke som gir frå seg elevar. Dersom mange elevar etter kvart får inntak i andre fylke, kan det gi eit økonomisk tap for fylkeskommunane som mistar mange elevar, fordi det hindrar dei i å drive ressurseffektivt. Ettersom ein på kort sikt forventar ein avgrensa auke i talet på elevar som får inntak i andre fylke, vil forslaget på kort sikt ikkje gi vesentlege kostnader for fylkeskommunen. På lengre sikt kan forslaget kanskje ha økonomiske konsekvensar for fylkeskommunane. Departementet vil derfor følgje utviklinga over tid.

Fylkeskommunane kan òg få auka utgifter til skyss dersom elevar får lengre reiseveg enn dei ville hatt til skole i eige fylke. Slik departementet vurderer det, er det likevel grunn til å tru at ein eventuell auke blir marginal, da det vil vere ei grense for kor langt elevane vil vere villige til å reise til og frå skolen. Dersom ein elev får lang reiseveg, vil eleven bli innlosjert nærmare skolen og dermed ikkje ha rett til å få dekt skyssutgifter. Derimot kan forslaget på lengre sikt kanskje føre til ein auke i talet på elevar med rett til bustipend og reisestipend frå Lånekassen, og departementet vil derfor følgje utviklinga også på dette området.

Den administrative ressursbruken i fylkeskommunane er forventa å gå ned. Årsaka til dette er at mens søknader til gjesteelevgaranti i dag blir behandla individuelt, inneber forslaget ein vilkårslaus rett til finansiering frå heimfylket, og dermed mindre omfattande saksbehandling.

Mottakarfylke kan oppleve at søknadsmengda aukar, og det å ta i bruk ei ny ordning vil i ein oppstartsfase alltid føre med seg noko meir administrasjon. Samla sett reknar ein likevel med at forslaget vil vere noko mindre ressurskrevjande å administrere enn dei fylkesvise gjesteelevordningane som finst i dag.

På bakgrunn av dette legg ein ikkje opp til å kompensere fylkeskommunane som følgje av lovendringa. Departementet vil derimot følgje utviklinga over tid og jamleg vurdere omfanget av elevar som får inntak i andre fylke, og kva økonomiske konsekvensar dette har for fylkeskommunane.

9.2 Forslaget om å innføre praksisbrevordning i alle fylke

Forslaget har ikkje vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

Departementet foreslår å innføre ein forskriftsheimel for praksisbrevlæreplanane. Om læreplanane skal utarbeidast lokalt eller nasjonalt, blir regulert i forskrift. Dersom læreplanane for praksisbrevopplæringa skal utarbeidast lokalt, kan dette føre med seg ein liten kostnadsauke for fylkeskommunane i ein oppstartsperiode. Rundt rekna vil arbeidet i den enkelte fylkeskommunen krevje frikjøp av fire fagpersonar i eit omfang tilsvarande totalt 14 timar. Dette vil utgjere ein kostnad på om lag kr 23 500. På sikt vil praksisbrevlæreplanane vere tilgjengelege i ein database, og arbeidet med å utvikle eigne læreplanar i det enkelte fylket vil bli redusert. Departementet legg derfor til grunn at utvikling av læreplanar for praksisbrevopplæringa ikkje vil føre med seg vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

Gjennom praksisbrevordninga skal fylkeskommunen betale ut tilskot til lærebedrifta (basistilskot 1) for begge opplæringsåra.1 I tillegg vil fylkeskommunen ha opplæringskostnader i form av undervisning i fellesfaga for praksisbrevkandidatane. Kostnadene til opplæringa i fellesfaga norsk, matematikk og samfunnsfag vil kunne variere ut frå korleis fylkeskommunen organiserer dette, men ein må kunne leggje til grunn at kostnaden totalt sett ikkje overstig kostnaden ved å gi opplæring på fulltid i skole. I tillegg skal tilskotsordninga for opplæring av lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov også gjelde for praksisbrevkandidatane.

9.3 Forslaget om å gi kommunar og fylkeskommunar høve til å tilby grunnskoleopplæring til ungdommar som har rett til vidaregåande opplæring

Forslaget vil ikkje i seg sjølv ha økonomiske og administrative konsekvensar. Skoleeigarar får inga plikt til å opprette den typen opplæringstilbod lovendringa legg til rette for.

Lovendringa vil gi kommunar og fylkeskommunar eit høve til å tilby meir grunnskoleopplæring til ungdommar som har behov for det. Dersom ein kommune eller fylkeskommune vel å bruke det høvet lova gir, og tilby meir grunnskoleopplæring, må kostnadene dekkjast innanfor dei eksisterande budsjetta.

Erfaring frå forsøka viser at det kan vere formålstenleg for kommunar og fylkeskommunar å samarbeide om desse tilboda. Dette gjeld òg dei økonomiske sidene av tilboda.

Ein reknar med at denne typen opplæringstilbod vil vere samfunnsøkonomisk effektive. Både den enkelte og samfunnet i stort vil tene på at fråfallet går ned, og at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring. Det kan mellom anna redusere bruken av offentlege trygde- og stønadsordningar.

9.4 Forslaget om å innføre godkjenningsordning for utanlandsk fagopplæring

Forslaget vil innebere at kapasiteten og kompetansen i NOKUT blir utvida. Dette vil hovudsakleg medføre auka kostnader til løn, husleige, straum og til kjøp av tenester som faglege vurderingar og omsetjingar. Kor store kostnadene blir, vil avhenge av kor mange som vil søkje om godkjenning av utanlandsk fagopplæring. Det knyter seg mange usikre moment til eit overslag over søknadstalet. Talet vil m.a. bli påverka av innvandringa til Noreg, utviklinga i norsk og internasjonal økonomi, kor godt kjend ordninga blir, og bruken av verktøyet for å få bukt med useriøse aktørar.

Departementet går ut frå at pågangen frå personar med fagopplæring som alt er i Noreg, kjem til å vere stor dei første åra etter at ordninga tek til å gjelde.

Første året vil vere ein etableringsfase med opplæring og skolering av tilsette. Det er eit stort mangfald av utanlandske opplæringar og godkjenningsordninga føreset at det blir etablert kontaktnett med dei aktuelle landa for verifisering av dokument og typar av opplæring. NOKUT vil måtte starte med nokre fagopplæringar frå utvalde land og deretter utvide til fleire opplæringar og land etter kvart som dei får erfaringar med ordninga. Det vil derfor bli ei gradvis oppbygging av ordninga.

Ut ifrå eit overslag på 3000-3500 søknader per år og ein gjennomsnittskostnad per søknad på om lag 5000,- kroner, vil den årlege kostnaden vere 17 mill. kroner.

9.5 Forslaget om å klargjere når opplæringsplikta fell bort ved utanlandsopphald

Ei ny føresegn i § 2-1 andre ledd som klargjer rekkjevidda av opplæringsplikta ved utanlandsopphald, vil gi ei meir føreseieleg rettsstilling for den enkelte parten og vere lettare å følgje opp for dei som skal handheve regelverket.

9.6 Forslaget om å fjerne tilrådinga i lova om maksimal skolestorleik

Forslaget om å oppheve tilrådinga i opplæringslova § 9-5 andre ledd om skolestorleik i grunnskolen vil ikkje ha økonomiske og administrative konsekvensar ettersom føresegna som blir oppheva, ikkje er rettsleg forpliktande.

Fotnotar

1.

Grunnen til at det skal betalast ut basistilskot 1 for begge åra, er eit ønske om å kompensere lærebedrifta for dei manglande forkunnskapane til kandidaten.

Til forsida