Prop. 73 L (2015–2016)

Endringar i valgloven (personval ved stortingsval, frist for godkjenning av førehandsstemmer mv.)

Til innhaldsliste

4 Elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen

4.1 Gjeldande rett

Kommunestyret, eller valstyret etter delegasjon, avgjer kor mange stemmekretsar kommunen skal delast inn i, jf. vallova § 9-3 (1). Framgangsmåten for stemmegjeving på valtinget går fram av vallova § 9-5. Av § 9-5 (2) går det fram at stemmestyret skal krysse av i manntalet ved namnet til veljaren. Vidare går det fram av § 9-5 (3) at veljaren sjølv etter at stemmesetelen er stempla, skal leggje setelen i urna. Kvart enkelt stemmestyre har berre tilgang til manntalet for eigen valkrets.

Veljarar som ikkje er førte inn i den gjeldande delen av manntalet, skal ikkje leggje stemmesetelen i urna, jf. § 9-5 (4) i lova og § 31 i valforskrifta. Dette blir kalla framande stemmer. Vidare går det fram at veljaren sjølv skal leggje stemmesetelen i ein stemmesetelkonvolutt etter at setelen er stempla, og så gje han til stemmestyret. Stemmestyret legg stemmesetelkonvolutten i ein omslagskonvolutt, såkalla særskilt omslag, limer han att og fører namnet, bustadadressa og fødselsdatoen til veljaren på omslaget. Denne stemmegjevinga skal godkjennast av valstyret på eit seinare tidspunkt, jf. vallova § 10-2.

4.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet gjorde departementet greie for rutinen med å krysse av elektronisk i manntalet under førehandsstemmegjevinga for veljarar som gjev førehandsstemme i eigen kommune. Rutinen blei innført i forkant av stortingsvalet 2013. I samband med endringa blei det innført ein beredskapsregel i vallova § 8-4 (3). Formålet med å innføre elektronisk avkryssing i manntalet under førehandsstemmegjevinga var todelt. For det første var det ønskjeleg med ein prosedyre som i tilstrekkeleg grad tek vare på prinsippet om hemmelege val. For det andre meinte departementet at prosedyrar der eit stort tal førehandsstemmer blei lagde i konvolutt, var omstendeleg og burde forenklast.

I høyringsnotatet foreslo departementet å innføre elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen og forenkla framgangsmåte for å ta imot framande stemmer som ei permanent, frivillig ordning for alle kommunar. Departementet understreka at kommunar som vel å bruke elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen, forpliktar seg til å leggje til rette for dette i alle vallokala i kommunen. Kommunane må rekne med auka behov for IKT-kompetanse i førebuingane til og gjennomføringa av valet. Departementet kom også med framlegg om ein beredskapsrutine som skal setjast i verk i tilfelle straumbrot eller kommunikasjonsbrot mot manntalet.

Formålet med å innføre elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen er at dette effektiviserer valavviklinga på valdagen for veljarar og valfunksjonærar, både i vallokalet, under oppteljinga og ved valoppgjeret. Eit anna omsyn er at elektronisk avkryssing i manntalet mest sannsynleg reduserer talet på feilavkryssingar i manntalet, sidan valfunksjonærane i stor grad bruker strekkoden på valkortet til å søkje fram veljaren.

Departementet understreka også at å endre framgangsmåten til at konvolutten blir fjerna for veljarar som høyrer til andre valkretsar i kommunen, fører til at veljarane opplever valhandlinga som meir einsarta. Denne framgangsmåten sikrar også i større grad hemmeleg val, eit svært viktig prinsipp for tilliten til valgjennomføringa.

Vidare la departementet vekt på kor viktig redundans er i kvart vallokale, og kor viktig det er å ha ein god beredskapsrutine som kan setjast i verk dersom det oppstår kommunikasjons- eller straumbrot på valdagen. Elektronisk avkryssing på valdagen inneber ein viss risiko. Departementet føreslår derfor å innføre same beredskapsrutine som under førehandsstemmegjevinga, der stemma frå veljaren blir lagd i ein stemmesetelkonvolutt, som igjen blir lagd i ein oransje bereskapskonvolutt saman med valkortet til veljaren. Stemmene blir kontrollerte og kryssa av i manntalet i ettertid.

Ein konsekvens av ordninga er at stemmesetlar frå veljarar som er manntalsførte i kvar enkelt valkrets, blir talde saman med stemmesetlar frå veljarar som er manntalsførte i andre valkretsar i kommunen, sidan dei blir lagde i same urna. Dette gjer at den kretsvise rapporteringa av dei opptalde stemmesetlane viser resultat frå veljarar som høyrer til ulike kretsar. Det elektroniske manntalet vil derimot vise kor mange veljarar som møter fram i kvar enkelt valkrets. Det blir dermed mogleg å rapportere på frammøte i kvar enkelt valkrets basert på kryss i manntalet.

I høyringsnotatet omtalte departementet forsøka med elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen som er blitt gjennomførte ved dei tre siste vala. Under kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015 tok 27 kommunar del, noko som omfatta om lag 1,7 millionar røysteføre. Departementet viser til evalueringar av forsøka, der kommunane gav tilbakemeldingar om at forsøka var tids- og ressurskrevjande, og at dei kravde meir IKT-kompetanse enn ved tidlegare val. Det blei også meldt at arbeidet i førebuingsfasen til valet var ressurskrevjande. Samtidig konkluderte alle dei deltakande kommunane med at ekstra kostnader og innsats er verdt det når resultatet blir ei meir effektiv avvikling i vallokalet, færre feil og raskare oppteljing. Ingen av kommunane som tok del i forsøket, ønskjer å gå tilbake til avkryssing i eit papirmanntal.

4.3 Høyringsinstansane

Det er kome inn totalt 63 høyringssvar, av desse hadde 55 merknader. Alle høyringsinstansane støttar framlegget frå departementet, eller dei har ingen merknader til framlegget.

Hå kommune er representativ for fleire av kommunane som har svart på høyringa, ved at kommunen stiller seg svært positiv til framlegget og meiner at det forenklar og effektiviserer rutinane i kommunen.

Sarpsborg kommune tok del i forsøket i 2015, støttar framlegget og opplyser at kommunen fekk udelt positive tilbakemeldingar frå veljarane. Kommunen trekkjer også fram at det er råd å flytte ressursar frå avkryssing til rettleiing av veljarar.

Vefsn kommune tok del i forsøket i 2015, støttar framlegget, men legg til at kommunane sjølve bør få vurdere redundans i vallokalet. Kommunen meiner også at det ikkje bør lovfestast at eventuelle beredskapsstemmer komne inn på søndagen skal behandlast same kvelden.

Os kommune er positiv til framlegget, men understrekar at departementet og/eller Valdirektoratet må følgje opp og støtte kommunar som vel å halde på papirmanntalet.

Østfold fylkeskommune understrekar at det er viktig at kommunane ikkje vurderer å slå saman valkretsar med bakgrunn i innføring av elektronisk avkryssing i manntalet, sidan prinsippet om tilgang til eit vallokale i nærområdet er eit viktig prinsipp.

Halden kommune støttar framlegget, understrekar at krava til naudsynt teknisk utstyr må vere realistiske og tilpassa behovet til kommunar av ulik storleik.

Sandnes kommune støttar også framlegget, men understrekar at departementet må sjå til at EVA har kapasitet til å tole den ekstra børa ei utviding fører med seg, og føreset at det blir gjennomført stresstestar før valet. Kommunen ønskjer også at valkorta informerer om at veljarane kan stemme i kva vallokale som helst i kommunen på valdagen.

Justis- og beredskapsdepartementet tilrår at det blir gjeve ein forskriftsheimel i ny § 9-5a om behandling av stemmesetlar frå veljarar som allereie er kryssa av i manntalet.

4.4 Vurderingar og framlegg frå departementet

På bakgrunn av dei gjennomgåande positive tilbakemeldingane frå både forsøkskommunane og høyringsinstansane, føreslår departementet at elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen og forenkla framgangsmåte for mottak av framande stemmer blir innført som ei frivillig ordning for kommunane. Kommunar som ønskjer å nytte elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen, må leggje til rette for dette i alle vallokala i kommunen. Vidare må kommunar som nyttar denne ordninga, rekne med at valførebuingane kan bli meir ressurskrevjande, og at det særleg kjem til å vere behov for IKT-kompetanse. På bakgrunn av dette meiner departementet at det er formålstenleg at ordninga er frivillig for kommunane.

Departementet understrekar at det er viktig at kommunane som vel å nytte ordninga, er ansvarlege for å setje seg inn i risikoen knytt til elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen. Kommunen må sjølv ta initiativ til risikoreduserande tiltak.

Framlegget inneber at det blir lovfesta ein beredskapsrutine som blir sett i verk ved straumbrot eller kommunikasjonsbrot mot manntalet. Lovregelen fører til at veljaren ikkje kan leggje stemmesetelen rett i urna, og at det blir nytta eit eige beredskapsomslag. Vidare blir det føreslått at det er valstyret som skal kontrollere og godkjenne slike beredskapsstemmer. I kommunar med todagarsval må eventuelle beredskapsstemmer som er komne inn på søndag, behandlast og kryssast av i det elektroniske manntalet før vallokala opnar på måndag. Dette medverkar til at manntalet er oppdatert når vallokala opnar måndag.

Som ein av høyringsinstansane trekkjer fram, meiner departementet at det er eit viktig prinsipp at veljarane skal ha tilgang til vallokale i nærområdet sitt. Kommunar bør ikkje slå saman valkretsar berre som ei direkte følgje av at det blir innført elektronisk avkryssing i manntalet, sjølv om den nye rutinen kjem til å forenkle og effektivisere valhandlinga. Kommunane må framleis ta vare på prinsippet om godt tilgjenge ved val.

Kommunane vil sjølve vere ansvarlege for å setje opp konfigurasjonen for elektronisk avkryssing i manntalet. Departementet vil informere kommunane om rutinar og fristen for dette i god tid før valet i 2017.

Til forsida