Prop. 73 L (2015–2016)

Endringar i valgloven (personval ved stortingsval, frist for godkjenning av førehandsstemmer mv.)

Til innhaldsliste

5 For seint innkomne førehandsstemmer

5.1 Gjeldande rett

Veljarar kan førehandsstemme i alle kommunane i landet. Det følgjer av vallova § 8-1 (2) at førehandsstemmegjevinga innanriks skal avsluttast fredag før valdagen. Det er ikkje gjeve opp noko klokkeslett. Førehandsstemmer som skal godkjennast og telje med i valoppgjeret, må vere komne inn til valstyret seinast valdagen kl. 21. Stemmer som kjem etter denne fristen, skal forkastast, jf. vallova § 10-1 bokstav g.

Ei innskjerping av valforskrifta i juni 2015 seier i § 27 (8) at førehandsstemmer komne inn dei siste to vekene av førehandsstemmeperioden skal sendast vidare til heimkommunen til veljaren kvar dag for å sikre at flest mogleg førehandsstemmer kjem fram innan fristen kl. 21 på valdagen. Ved framsendinga av omslagskonvoluttane skal det brukast sendingskonvoluttar.

Det er vidare eit krav at førehandsstemmegivinga skal sendast som A-post eller på raskare måte, jf. valforskrifta § 27 (9). Det er veljaren sjølv som er ansvarleg for å gje førehandsstemme på eit tidspunkt som gjer at førehandsstemmegjevinga kjem inn til valstyret innan valdagen kl. 21, jf. vallova § 8-1 (3).

Veljarar som oppheld seg i utlandet, kan førehandsstemme på norske utanriksstasjonar og hos stemmemottakarar oppnemnde av departementet. Utanriks stemmegjeving skal avsluttast nest siste fredag før valdagen, jf. vallova § 8-1 (2). Det er ikkje sett nokon frist for når utanriksstemmene seinast skal sendast heimkommunen til veljaren. Departementet har likevel gjeve ut ein rettleiar for stemmemottakarar ved førehandsstemmegjeving utanriks.

5.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet la departementet fram problemstillinga om førehandsstemmer som er komne inn for seint, og viste til at temaet har vore drøfta og behandla i Stortinget fleire gonger. Departementet gjorde greie for erfaringane frå kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015, som viste at dei aller fleste kommunane har følgt den nye forskriftsfesta rutinen med å sende førehandsstemmer som A-post i eigen sendingskonvolutt kvar dag dei to siste vekene i førehandsstemmeperioden. Undersøkingar etter valet viste at talet på for seint innkomne førehandsstemmer var vesentleg lågare enn ved føregåande val.

Departementet viste deretter til at problemstillinga er endra sidan den førre drøftinga, ved at ei ny postlov som fritek Posten frå leveringsplikta på laurdagar, er vedteken. Ei slik endring påverkar sendinga av førehandsstemmer direkte, sidan førehandsstemmer som kjem inn etter innleveringsfristen fredag før valdagen, blir liggjande til måndag før dei blir sende ut.

Departementet bad om innspel frå høyringsinstansane på kva tiltak som eventuelt skal setjast i verk for å sikre at talet på for seint innkomne førehandsstemmer held seg på eit så lågt nivå som mogleg, også etter endringane i postlova. Departementet la fram tre alternativ for vurdering.

Alternativ 1 er å flytte den lovfesta fristen for når veljaren kan gje førehandsstemme frå fredag før valdagen til torsdag før valdagen. Framlegget inneber at stemmer som ikkje blir leverte etter dei fristane Posten har, på torsdag, kan sendast vidare på fredag og framleis rekke å vere hos mottakarkommunen på valdagen. Ei slik fristendring vil likevel avgrense høvet veljaren har til å gje stemme. Departementet la i høyringsnotatet vekt på at det er grunn til å vere noko varsam med å endre ein frist som grip direkte inn i høvet veljaren har til å ta del i valet.

Alternativ 2 er å endre den lovfesta fristen for å godkjenne førehandsstemmer. I dag må ei førehandsstemme vere komen inn til kommunen som veljaren er manntalsført i, kl. 21 på valdagen for å kunne bli godkjend og telje med i valoppgjeret. Framlegget inneber å endre denne fristen for godkjenning til for eksempel tysdag kl. 17. Dette gjer at stemmer som blir sende vidare på valdagen, kan nå fram til rett kommune innan fristen på tysdag. Endringa inneber at det endelege valoppgjeret blir forseinka med nokre timar.

Alternativ 3 er å ikkje endre fristane for å gje eller godkjenne førehandsstemmer. Dersom det ikkje blir gjort endringar i vallova, må ein eventuelt bruke unntaksregelen i postlova § 12. Dette inneber å inngå ein avtale med ein tilbydar om å levere post også på laurdagen før valdagen, med dei kostnadene dette fører til for valorganet. Departementet understreka i høyringsnotatet at ei slik løysing har praktiske og operative utfordringar. Dette er for eksempel logistikkutfordringar for kommune og tilbydar.

5.3 Høyringsinstansane

Det er kome inn til saman 63 høyringssvar, 55 av desse hadde merknader. 21 høyringsinstansar støttar alternativet om å flytte fristen for veljaren til å gje førehandsstemme frå fredag før valdagen til torsdag før valdagen. Åtte høyringsinstansar støttar framlegget om å flytte fristen for godkjenning av førehandsstemmer til tysdag etter valdagen. 17 høyringsinstansar ønskjer ikkje lovendringar og rår til at departementet får ein avtale med Posten om unntak for laurdagslevering.

Horten kommune er imot å framskunde fristen for å gje førehandsstemme til torsdag, og understreker at

det er mye viktigere å sikre folks mulighet til å stemme, enn å rapportere endelig valgresultat raskere enn dagens praksis.

Vefsn kommune er også imot at fristen for å gje førehandsstemme blir endra, og trekkjer fram at svært mange veljarar gjev stemme fredag før valdagen. Sandnes kommune meiner også at omsynet til veljaren er viktigast, og er uroa for at ein stor del av veljarane deira kjem til å miste høvet til å stemme.

Halden kommune synest alternativet om å flytte fristen for godkjenning til tysdag er betre enn å flytte fristen for å gje førehandsstemme. Kommunen legg, som fleire andre, vekt på at dette er dagen der flest veljarar førehandsstemmer. Dei trekkjer fram at det kan bli reist kritikk ved valresultatet frå valkvelden i situasjonar der det er snakk om små marginar, men meiner at det ikkje kjem svært mange førehandsstemmer på tysdagen, og at alternativet likevel er det beste verkemiddelet for å sikre eit så rett valresultat som råd med færrast mogleg ikkje naudsynt forkasta stemmer.

Akershus fylkeskommune, Sør-Trøndelag fylkeskommune og Fylkesmannen i Hedmark rår også til å flytte fristen for godkjenning til tysdag.

Os kommune seier seg einig i at dette er det beste alternativet, sidan det tek omsyn til lengre postgang utan å avgrense høvet veljaren har til stemme. Kommunen ber om at fylkeskommunane ved eventuell fristendring må ta omsyn til det forseinka valoppgjeret når dei set fristar for å levere stemmesetlar for kontrollteljing.

Sarpsborg kommune uttaler at sjølv om ikkje alternativet er optimalt, er det alternativ 2 som gjev minst endringar for veljarane, og rår derfor til å innføre dette.

Moss kommune peiker på at alternativet fører til noko meirarbeid for kvart enkelt valstyre, men at høvet veljarane skal ha til å stemme, må vege tyngre enn negative konsekvensar for valstyra.

Bærum kommune argumenterer mot å flytte fristane og seier at

endringen medfører en uønsket pause i opptellingen og en forsinkelse av det endelige valgoppgjøret i påvente av forhåndsstemmer som er på vei i posten.

Alta, Tromsø, Rauma, Sør-Aurdal, Sørum, Tana, Fredrikstad, Øyer, Gran, Ørskog, Gjerstad, Røyken, Kåfjord, Austrheim, Øvre Eiker, Træna, Notodden og Hå kommunar og også Buskerud og Østfold fylkeskommunar meiner det beste alternativet er å flytte fristen for å førehandsstemme til torsdag.

Gran kommune trekkjer i denne samanhengen fram at høva til å førehandsstemme er svært gode i dag.

Asker, Bærum, Namsos, Levanger, Stjørdal, Lunner, Hattfjelldal, Sandnes, Tysnes, Trondheim og Oslo kommunar, Rogaland fylkeskommune og også KS og UNIO støttar alternativet om å ikkje endre fristane og heller nytte høvet til å inngå ein eigen avtale om å levere post den aktuelle laurdagen. Kommunane føreset at kostnadene ikkje blir lagde på kvar enkelt kommune.

Hå kommune meiner derimot at det å basere seg på unntak frå postlova som ein fast framtidsrutine er lite framtidsretta.

Stavanger kommune, Telemark fylkeskommune og Valgforum ser ikkje behovet for å endre fristar så lenge det ifølgje vallova er veljaren som sjølv er ansvarleg for at førehandsstemmegjevinga kjem inn til valstyret innan kl. 21 på valdagen.

Nedre Eiker ønskjer å halde på dei noverande fristane og viser til at informasjonstiltak kan vere eit verkemiddel for å informere veljarane om kor viktig det er å stemme tidsnok.

Posten Noreg rår frå at unntaksreglane i postlova § 12 blir nytta for å sikre postdistribusjon av førehandsstemmer ein enkeltståande laurdag før valdagen. Dei viser til høyringssvaret sitt til postlova, der dei meiner at det for leveringspliktig tilbydar er fleire hovudutfordringar: Dei viser til at det må etablerast eit omfattande driftsapparat for eit svært avgrensa sendingsvolum, og at ei slik løysing blir svært ressurskrevjande, både for leveringspliktig tilbydar og eksterne samarbeidspartnarar. Faren for avvik og kvalitetsbrester kjem til å auke betydeleg. Posten understrekar vidare at det kjem til å vere svært kostbart å etablere eit dedikert driftsapparat éin ekstra dag som skal ha som formål å formidle førehandsstemmer i samband med val.

Posten rår derfor til å utvide tidsvindauget mellom siste frist for å førehandsstemme og fristen for å godkjenne slike stemmer med minst éin dag, og helst to–tre dagar. Posten understrekar også at det finst konkrete planar for å leggje om brevtenestene i Posten til éin felles brevstraum med to dagars framsendingstid i løpet av 2017, noko som også er eit argument for å utvide tidsvindauget før valet i 2017. Som eit alternativ rår Posten til at elektroniske løysingar for sending av førehandsstemmer mellom kommunane kan takast i bruk, eventuelt supplert med fysiske ekspresstenester.

5.4 Vurderingar og framlegg frå departementet

Det er vesentleg å sikre at ei stemme som er gjeven innanfor fristen, tel med i valoppgjeret. For å hindre at talet på for seint innkomne førehandsstemmer aukar som følgje av at post ikkje lenger skal leverast på laurdagar, meiner departementet det er viktig at tidsrommet for å levere førehandsstemmer blir utvida.

Det å sikre godt tilgjenge for veljarane til å kunne stemme er sentralt for arbeidet med val, både hos statleg styringsorgan og kommunar.

Det å endre fristen for å førehandsstemme grip direkte inn i det høvet veljarane har til deltaking. Fristen har vore uendra sidan 1997, og departementet vurderer det som lite ønskjeleg å endre denne til ulempe for veljaren. Tidlegare erfaringar viser at det å endre fristar kan føre til klager og negativ merksemd etter valet. Dette var blant anna tilfelle i 2003, då ein del vallokale stengde éin time tidlegare og fleire veljarar ikkje fekk stemt. Det tek tid for veljarar å venje seg til nye reglar, og vi må rekne med ein del uro i dei første vala.

Eit stort tal førehandsstemmer blir gjevne den siste opningsdagen i førehandsstemmeperioden. På landsbasis kom det inn om lag 107 000 førehandsstemmer på den aktuelle fredagen ved stortingsvalet i 2013 og om lag 75 500 førehandsstemmer fredag før valdagen i 2015. Det svarer til rundt tolv prosent av dei som førehandsstemmer ved ulike val.

Ved å flytte fristen for å godkjenne resultatet til tysdag etter valdagen, blir det endelege valoppgjeret klart på eit noko seinare tidspunkt. Departementet meiner at eit raskt og korrekt valresultat er viktig, men meiner samtidig at omsynet til det høvet veljaren skal ha til å stemme, veg tyngre. God resultatrapportering av dei førebelse oppteljingane kjem dessutan til å bidra til at vi framleis kjem til å ha ein god indikasjon på det endelege resultatet omtrent på same tidspunkt som i dag.

For å sikre at førehandsstemmer som er gjevne innanfor fastsette fristar, skal telje med i valoppgjeret, fremjar departementet framlegg om å flytte tidspunktet for å godkjenne førehandsstemmer frå valdagen kl. 21 til tysdag etter valdagen kl. 17. Som ein konsekvens av framlegget fremjar departementet også framlegg om å flytte fristen for å søkje seg ført inn i manntalet frå valdagen kl. 21 til tysdag etter valdagen kl. 17.

Det følgjer av høyringsuttalen frå Posten at det kan bli aktuelt å innføre éin felles brevstraum med to dagars framsendingstid av all brevpost i 2017. Dersom dette blir innført før stortingsvalet blir halde i september 2017, vil det kunne føre til ytterlegare utfordringar med å levere førehandsstemmer. Vårt framlegg til endring av frist for å godkjenne førehandsstemmer, vil etter departementet si vurdering ta omsyn til at det framleis er to kvardagar til å bringe fram førehandsstemmer per post etter at vallokala er stengde fredag kveld. Før lokalvalet i 2015 blei det satt i verk ei rekkje rutineendringar for sending av førehandsstemmer, som har ført til at talet på for seint innkomne førehandsstemmer har gått ned samanlikna med 2013. Desse tiltaka vil også halde fram. Om det er behov vil departementet ta initiativ til å greie ut om det finst aktuelle ekspresstenester i marknaden som gir eit godt tenestetilbod. Det finst ikkje elektroniske løysingar som ivaretar prinsippet om hemmeleg val.

Dei utfordringane Posten peiker på, ønskjer departementet å leggje til rette for å løysa på best mogleg måte. Departementet vil difor i god tid før valet ta initiativ til ein prosess som finn gode løysingar, enten i marknaden gjennom ein anbodsrunde, eller i samarbeid med Posten. Det er viktig at ein tilbydar har tilstrekkeleg tid til å førebu levering. Departementet vil også sjå på meir langsiktige løysingar fram mot valet i 2019.

Til forsida